Brexit, EU, Marx og den kapitalistiske produksjonsmåten

Foto: Pierre Wolfer

På vegen mot eit solidarisk og inkluderande  Europa, er mistilliten til den politiske og økonomiske elite i dei indre kapitalkorridorar noko vi må byggje opp om.

Ivar Jørdre
Om Ivar Jørdre (11 artikler)
Ivar Jørdre, aktiv bloggar (http://ivarjordre.wordpress.com/), medlem i Raudt, biletkunstnar, hovudfag klassisk arkeologi UiB, arbeidt ved Bymuseet i Bergen, avsluttar for tida bachelor i historie- og kulturfag.

Innanfor marxistisk tenkning er det borgarlege demokratiet berre ein av formene for det kapitalistiske klasseherredømmet. Med andre ord at makta ligg i eigedoms- og råderetten over produksjonsmidlane og ikkje utfordrast grunnleggande av at dei demokratiske rettar gjeld for  alle. Så langt er dette greit. Ein kan trygt lese ut av dette at Europa eller EU meir spesifikt, er vorte kvintessensen på det borgarlege demokratiet Marx skriv om, og at innanfor dette ligg den totale eigedoms- og råderett over produksjonsmidlane. Det er dettte Marx som kjent kallar den kapitalistiske produksjonsmåten.

LES OGSÅ: Brexit: Dagens arbeiderklassen slo tilbake

Ei økonomisk og politisk hengemyr
Denne produksjonsmåten har utvikla seg i dei vel 200 år den sokalla  industrielle revolusjon har halde på (ironisk nok utvikla i det same  øyriket som no har meldt seg ut). Frå handtverks- og laugsarbeid til utviklinga av maskinproduksjon og storskala industri, har Europa (EU) av i dag vorte eit megastort konsernstyrt kapitalistisk eliteprosjekt,  administrert av hærar av byråkratar (i m.a. Brussel) med velvillige  og servile politikarar på slep. Dette prosjektet har no kome i den  kapitalistiske grøfta for alvor. Etter at den globale økonomiske  krisa for alvor skaut fart i 2008/9 har verda og spesielt Europa sett seg fast i ei myr, ei økonomisk og dermed også ei politisk hengemyr.

Kriser i kapitalismen omtalar Karl Marx i Kapitalen som «Konflikten mellom utvidelse av produksjonen og verdiøkning». Det er nettopp slik det europeiske integrasjonsprosjektet EU har vorte. Frå ein kol- og  stålunion med seks land i 1957 (Belgia, Frankrike, Tyskland  Italia,  Luxembourg og Nederland), der føremålet mest var handel og  kapitalsamarbeid kring råvareresursar, til eit sentralistisk handelsimperium med Tyskland i spissen og 28 medlemsland (medrekna Storbritannia).

LES OGSÅ: Hvorfor bry seg med å lese Marx?

Eit produksjonssysttem soom slit med fortenesta
EU vart så vidare nettopp danna i eit forsøk på å overkomme europeiske nasjonalstatar, som vart for snevre for utviklinga av  produktivkreftene (den kapitalistiske vare- og produksjonsmåten).  Etter andre verdskrig stod Europa svekka, mens USA kom styrka ut av krigen. Fellesmarknaden vart danna som eit forsøk på å imøtegå spesielt USA økonomisk, men også Japan som ei handelsblokk. Her  oppnådde Tyskland (og oppnår framleis) med økonomiske midler, det dei  ikkje klarte militært gjennom to verdskrigar: det å dominera Europa.  Ikkje naudsynt grunna eit særskilt tysk karaktertrekk, men grunna deira veldige produktive kapasitet, ikkje minst etter atteininga av Tyskland, og mykje også grunna deira sentrale geografiske plassering i Europa.

Denne produksjon av tradisjonelle forbruksvarer og råvarer er komen til eit punkt der fortenesta til kapitalistane ikkje er på langt nær det ein fekk for 30-40 år sidan. Eit veldig innflux av kinesiske og elles billigare asiatiske varer ilag med overproduksjon av eigne varer, gjer at ei «konflikt mellom utviding av produksjonen og verdiauking» av den same produksjon gjer seg gjeldande. Det er her Europa (EU) står i dag. Difor vert problemet sett frå kapitalen og eliten sitt vindauge at når eit land i dette scenariet melder seg ut av unionen kan det vera eit steg i demonteringa av den monitære union og «fri flyt» av varer, tenester, kapital og menneske, type union dei ser for seg. Noko som neppe hender med det aller første. For om ein  talar om noko slikt er det sjølve det økonomiske systemet som må endrast, og det hender truleg ikkje på lenge enno.

LES OGSÅ: Brexit: Carpe diem for europeisk venstreside

Ei dobbelheit i kapitalismen
Noko anna som er verdt å merke seg er at i denne fasen med kapitalen sine produktive krefter og mangel på profitt så vil det kome forsøk på utviding av desse kreftene ved at nye og (om dei vert noko av) skjelsetjande store frihandelsavtalar, TTIP og TISA, vert framforhandla (sjå Multinasjonalar på frammarsj!).

Produktivkreftenes ekspansjonstrong kan forklare ekstreme økonomiske handlingar som fører til kriser. Marx si analyse er her at «Den  kapitalistiske produksjonen prøver stadig å komme forbi disse innebygde grensene, men kommer forbi dem bare på en slik måte, at disse hindringene igjen plasseres i dens vei, og da i enda større skala.» Det er her ei dobbeltheit i kapitalismen, ekspansjonstrongen og grensene for kva som er mogleg, er innebygd i systemet. Då talar me om krisene som oppstår. Og kriser har oppstått med jevne mellomrom.  Kvart 10-30 år har det hendt større eller mindre nedgangar i  kapitalismen. Kriser var det allereie på tidleg 1800-tal. Me må attende til 1930- og 1940-talet for å finne så låge tal som fallet i 4. kvartal 2008 viste. Ein hadde aldri sett liknande i heile målinga si historie (sjå Kapitalismen sine eigenskapar og den feilaktige analysa — kapitalismen si framtid).

Brexit kan sjåast i ljos av den økonomiske krisa, der mange i Storbritannia får føle på kroppen innstrammingstiltaka som kom i kjølevatnet av krisa. Og mange som stemte brexit gjorde det på grunnlag av suverenitet, der deira eige parlament skal bestemme kva regjeringa kan gjere, ikkje Brussel. Berre omlag ein tredjedel av dei 52 prosent som stemte for utmelding av EU grunna det med stopp av  arbeidsinnvandring og immigrasjon som det viktigaste. At majoriteten  av venstresida likevel ønskja å verte verande i EU med argument om at dei ville forandre EU frå innsida, stemmer ikkje, seier forfattar og  venstreaktivist Tariq Ali til Klassekampen:

«Eg trur det var meir kjenslemessig og psykologisk, eg trur få har ei klar forståing av kva EU er for noko og kva det gjer med resten av  Europa, spesielt land som Hellas og Portugal. Måten ein kjempar fram sosiale rettar på er å velja fram si eiga regjering i Storbritannia.  Det EU gjer er i hovudsak å opptre som ei maskin for ukontrollert nyliberal kapitalisme. Alt anna dei gjer er ubetydelege, seier Ali. Venstresida må betale prisen for at dei var for svake og ikkje deltok  nok i brexit-kampanjen.»

LES OGSÅ: TISA: En udemokratisk tvangstrøye

Maktens fjellklatrere
EU sin økonomiske og politiske elite vil halde det nyliberalistiske prosjektet saman, koste kva det koste vil. Det kan tydelegast av alt dømet Hellas vise, der makta i Brussel, Tyskland og troikaen (Den  europeiske sentralbank, EU-kommisjonen og Det internasjonale pengefondet) bruke sin kapitalistiske knytneve og tvang Hellas og statsminister frå «venstrepartiet» og Syriza-leiar Alexis Tsipras til likevel å signere EU sine kuttkrav berre ei veke etter avstemminga mot kuttforslaga til EU ifjor sommar.

«Det kan aldri bli eit demokratisk val mot dei europeiske traktatane», sa Jean-Claude Juncker, president i EU-kommisjonen i kjølevatnet av folkerøystinga. Så mykje for demokratiet der i gården! Men, som det vert skreve på marxist.dk, har EU ikkje klart å oppheva dei nasjonale  modsetningane: «Tværtimod har de seneste år vist, at forsøget på at forene økonomier, der trækker i forskellige retninger, skaber større  spændinger. Økonomierne er bundet sammen som bjergbestigere: Falder én risikerer resten at blive trukket med ned. Det er derfor EU-lederne indtil nu er blevet ved med at «redde» Grækenland. De er bange for en dominoeffekt. Men intet fundamentalt er ændret i Grækenland. De har blot formået at udskyde bankerotten.»

Demokratisk om folk er enige
Til slutt eit sitat til frå same nettstad (marxist.dk) som viser kva den ikkje-reformistiske og revolusjonære venstreside må ta tak i  framover, om det skal vera mogeleg ei gong å gjera grunnleggande endringsprosessane på dette kontinentet vårt. Og i endå meir grad enn  det dei no kjente endringsprosessane som har pågått ei tid i Latin-Amerika, har fått til, men som no er i vanskar: «Da økonomien gik frem, var det relativt nemt at enes i EU, men nu da krisen kradser, øges spændingerne mellem nationerne, både økonomisk og geopolitisk. Politikerne står tilbage magtesløse ude af stand til at nå til enighed om at andet end at forsøge at udlicitere flygtningeproblemet til EU’s nabolande, som Spanien tidligere har gjort det i Afrika, og som EU nu forsøger med Tyrkiet. EU betaler Tyrkiet milliarder af euro for at holde flygtninge ude af EU, mens EU’s ledere lukker øjne og ører for det faktum, at de dermed støtter og legitimerer Erdogan, der brutalt undertrykker og fører krig mod sin  egen befolkning, ikke mindst den kurdiske del, og som mere eller mindre direkte hjælper Islamisk Stat.

Samtidig har krisen afsløret det virkelige demokratiske sindelag hos EU’s ledere: De anser demokrati for at være den nemmeste styreform.  Men kun så længe deres fundamentale interesser ikke trues. Både i  Grækenland og Italien har de haft indsat teknokrater, når siddende  regeringer ikke førte en i deres øjne passende økonomisk politik. Og  da det græske folk stemte Nej til flere nedskæringer, blev de tromlet  ned. Så meget for det borgerlige «demokrati».»

Ein må endre det borgarlege «demokrati» til eit sosialistisk demokrati. På vegen mot dette og eit solidarisk og inkluderande  Europa, er mistilliten til den politiske og økonomiske elite i dei indre kapitalkorridorar noko å starte med. Så det er berre å setje i  gong!

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

1 kommentar på Brexit, EU, Marx og den kapitalistiske produksjonsmåten

  1. AvatarRonjar__ // 2016-07-29 kl 19:21 //

    Bortsett fra din marxisiste overbevisning er jeg enig i mye av det du skriver. EU fikk nobels fredspris på et tidspunkt da det burde være klart at EU representerte den største trussel mot freden i Europa, av de årsaker som du nevner. Hellas var allerede knekt, og auksjonen av landets felles verdier, som øyer, flyplasser etc var i full gang. Bøllekapitalismen vant frem takket være EU. Sentralbanksjefen for eurosonen kommer fra Goldman Sachs. Det gjorde også den ikke-folkevalgte statministeren de innsatte i Italia etter Berlusconi. I de økonomiske komiteene hos EU sitter folk fra finas og bank. De tenker selvsagt på sine egne interesser. Systemet er lett gjennomskuelig for den som gidder å sjekke. Men media forteller ikke om dette, fordi de kontrolleres av de samme. Da Syriza vant valget i Hellas hadde jeg et lite håp. Men det var naivt av meg. Jan Hårstad på verdidebatt skrev både før og etter dette valget at Syriza var en bløff, og det viste seg at han hadde helt rett. Takker england, Nigel Frage og arbeiderklassen der spesielt, for å velge å ta tilbake kontrollen over egne liv.

Kommentarfeltet er lukket.