Hensynsløyse som harmoni

wikimedia.org

Exxon, BP, Shell, Statoil. Dei som styrer desse og som leiar profitteringa globalt må identifiserast som den politiske fienden og om vi ynskjer det beste for Jorda dette vanvittig verfulle og vakre her, må han søkjast opp og angripast med kvart lovlege middel som finst.

Kjartan Hatløy
Om Kjartan Hatløy (12 artikler)
Kjartan Hatløy er lyriker og forfatter.

Før hadde dei noko dei kalla romersk helsing. Det tykkjer eg høyrest så fint så eg helsar med det,dei greidde jo skape storarta fred desse,sjølv om dei var ikkje heilt fredelege. Pax Romana.

Ørlite grand filosofi i dagens publisering: Eg helsar det verande. Dette forunderlege at noko i det heile er, finst, i staden for det motsette, nemleg at 0 er og at ingenting finst, ikkje eit univers. Eg helsar det verande som er i fart det vil seie eigentleg alt, for i partikkelnivå er jo alt i fart seier fysikarane. Ein professor i Freiburg stilte om att eit gammalt Platon-spørsmål og spør kva vi eigenleg meinar med ordet ”vere”. Kva er meininga med det verande sitt vere lyder spørsmålet og dette er då ikkje berre ein genitiv på yta av språket.

LES OGSÅ: Mot slutten for det norske oljeeventyret

Den aksellererande forpestinga
Den tjukke travle humla si framferd i kaprifolium ein heit dag, rikt nok? Det er grått over alt, men eg ser i sørvest lever ein nesten fullkomen sollys sirkel på yta, lever seier eg og berre mykje seinare tek den ørsakte slutt. Det var noko sola fekk sagt, ikkje noko til meg. Ja dette er vel gild meining? Ja verkeleg, denne livssfæren av ytste reinheit enno nett her, byrja årmilliardar før mennesket. Så gild ei meining, verkeleg. Men så er det vere til desse verande: dei som proffiterer på utbytting av kloden, av tellus, desse som tener seg rike på den aksellererande forpestinga av klima og hav, som berre ynskjer halde fram med dette så lenge det er mogleg for dei. Kva er meininga til deira vere, eller skulle ein seie: med deira vere?

Det tykkjest vere ei meining det og: å drive med det å øyde ein harmoni. Det tykkjest vere deira meining å fremje avkorting av arters liv og tvillaust hindre oppkomsten av nye. Deira meining ligg i det å endre denne unike planetens vilkår til det verre for ikkje berre vår art, men truleg milliontals andre. Dei grip inn i ting dei ikkje anar konsekvensen av. Så vond handling, det er i praksis meininga som er knytt til deira vere. Meininga m e d dei — kunne ein seie det?

LES OGSÅ: Den norske oljedirektøren som hjalp Hitler, Mussolini og Franco

Veremeininga av utrydding
Det er moderne å skrive og tale om storkrigen sett i verk av nasjonalsosialistane i Tyskland nyleg.

Det tredje riket var eit verande, kva var veremeininga der? Vi kunne la professoren spørje og kan hende han spurde. Dei var inne på ein problematikk som likna. Ville gjere radikal endring i klodens biologiske tilstand. Men rett nok ikkje for profitt. Ville utrydde eitt folk som dei sa stod for global destruksjon. Deretter sa dei, straks dette var gjort skulle mennesket verkeleg blomstre opp. Då endeleg skulle så meininga til det europeiske mennesket under føringa av det tyske endeleg komme fram. Og dei prøvde på det. Namna på dei som stod for føringa hugsar vi, men det var ikkje berre desse tre i kjernen. Nok om det. Veremeininga i denne (verande) tenkjinga, dette forsøket og forsøket noko verande? Mogleg den oppfatning at utrydding av det jødiske folket ville vere bra. At slik politikk sikra ei herleg kulturell blomstring for oss for homo sapiens sapiens om 3000 år, så full av veremeining at Shoah, at holocaust, var å sjå som eit sjakktrekk av guddommeleg fullkommenheit.

Det vi ser av veremeining her er jo dette: at ei viss art, ei framståande betydningsfull art, skal aktivt operere på seg sjølv. Så eg spør og veit ikkje sjølv svaret: kva er no meininga til det vonde sjølv sitt vere, meininga til vond aktivitet, særskildt når den er bevisst, når den skal skaffe profitt, enorm rikdom på få hender. Brenninga av gass olje kol er no desse åra der vi veit stoda, å sjå som medviten vond handling og ikkje berre retta mot oss, men mot humla, mot fjorden ein kaprifoliums truskuldige vere, dens eksistens, som somme til og med trur kom frå gud. Exxon, BP, Shell, Statoil. Dei som styrer desse og som leiar profitteringa globalt må identifiserast som den politiske fienden og om vi ynskjer det beste for Jorda dette vanvittig verfulle og vakre her, må han søkjast opp og angripast med kvart lovlege middel som finst. Det vert ikkje noko lett jobb.

LES OGSÅ: Oljeindustrien har nesten dobla sine utslepp av drivhusgasser

Partiovergripande innsats
Somme seier det finst ikkje slikt trugsmål. Det finst ikkje slik øydelegging om den finst er det ubevisst, rikingane i Saudi eller i USA veit ikkje. Men — det er hundrevis av forskarar no og frå alle verdsdelar som åtvarar om den faren vi står i på nokolunde likt vis og dei har gjordt det iallfall 15 år. Og er dette galningar eller dumskoltar? Dette er vel helst våre beste ”hovud”-fysikarar, matematikarar, biologar, klimaekspertar. Eg kjenner godt til korleis foreldra er så stolte av avkommet sitt som har nett desse eigenskapane til våre flinkaste, og så skal vi ignorere dette dei seier no etter ti- år av målretta grundige studiar?

Det som trengs og snøgt, er partiovergripande innsats, konkrete angrep på oljeindustriens kjerne så snøgt den kan oppsporast og ein klårlegg mekanismen, verkemåten. Det trengs ein sentral av personar av verkeleg interesserte frå til dømes MdG, Raudt, SV, partia der hjarte og hjarne framleis finst. Desse har så berre denne oppgåva. Dei kan byrje med det eldgamle qui bonum. ”Kven tener” (stuttsiktig tenkt) på denne skitnaste av verksemder. KrF, iallfall somme av gudelege vil redde det gud skal ha skapt, god grunn, likar ikkje sjå guds verk misshandla.

Vent ingenting frå FNs miljøkommite i dette. Heller ikkje under Eirik Solheim. Hadde desse stått for noko så hadde alle visst kven dei er, kva dei har utført.

Winner takes it all
Ein slik sentral vart og ei samarbeidstrening for desse partia. Måtte byrja med Norge, sette tidsmål, sjå kva hjelp Greenpeace ville gje, mobilisere. Det vert ikkje min generasjon, med sitt eige eigentleg høgverdige, grandiose prosjekt kommunismen, som greier dette. Dette må 18-åringane og derikring greie eller prøve på å greie. Dei må nytte maksimalt sin skjermkompetanse, men då dyrke striden, ikkje skjermane.

Harmoni, ja. Dei sterkaste sin eigenrett til å verkeleg herske, det såg NSDAP som verkeleg harmoni. Klodens sterkaste folk som ”winner takes is all”. Undertrykkarar i uniformar frå Hugo Boss definerer vere sjølv, de i seier kva mennesket er for noko, kva meining det har, kva det skal gjere. Under desse eller om liknande dukkar fram, vert blodig krig og det motsette av mangfald, det vert artenes kollaps. Logikken deira er ikkje mykje forskjellig frå logikken til “the intelligent rich” som driv fossilbrenninga og som lovprisar denne, vi høyrer det dagleg. Dei utøver dagleg det dei tykkjer er harmoni, men som er hensynsløyse. Lat oss ikkje velje deira vilje som vårt evangelium. Lat oss stri for å behalde mangfaldet av folk og av arter. Beheld vi alle folk og arter kan gjerne homo sapiens eingong få ei så stor framtid at den (vil vere) utanfor vår noverande forståelse.

Pax Romana hadde mykje føre seg. Særleg ungdomane og om mogleg media, må no løfte blikket litt frå det kontinuerlege trivia-rommet dei held på i og ta sikte på om nokre generasjonar opprette ein Pax Tellus.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

2 kommentarer på Hensynsløyse som harmoni

  1. Ein må med andre ord byrja og tenkja på korleis førebua seg mot klimaendringarne i staden for korleis eliminera deim.

  2. Det rette er å hente og å tene dei pengane landet treng til velferd og pensjonar og trygder og skular og helsestell.
    Og det rette er å sjå og å leite etter andre løysingar enn berre olje og gass.

Kommentarfeltet er lukket.