Samane og storsamfunnet: Forsoning eller konfrontasjon?

Reindriftssamisk familie på Hinnøya i Troms, ca. 1900.

Ein føresetnad for forsoning er at fornorskinga blir avslutta. Prosessen må derfor ha som mål å oppspore og avslutte den fornorskinga som framleis pågår.

Svein Lund
Om Svein Lund (22 artikler)
Svein Lund er frilansskribent, bor i Guovdageaidnu og driver nettstedet gruve.info.

Fortid er ikke bare fortid; den er også til stede i folks hverdag.1

Bakgrunnen for denne artikkelen er Stortinget sitt vedtak i 2017 om å opprette ein kommisjon som skal vurdere verknadane av fornorskingspolitikken overfor samar og kvenar i Noreg. Intensjonen i forslaget var ein sannings- og forsoningskommisjon, som både skal få fram kva som har skjedd og foreslå tiltak for å rette opp skadane. Det er no sett av pengar på revidert budsjett til å starte opp arbeidet, men enno er verken samansetting, mandat eller namn for kommisjonen vedtatt. Mange har allereie engasjert seg og langt fleir bør gjøre det, ikkje bare blant samar og kvenar men også i den norske befolkninga.

Dette er eit forsøk frå ein norsk nordmann i Sápmi til å bidra litt til debatten. Fornorskinga ramma både samar og kvenar, frå Finnmark til sør om Trøndelag. Dette innlegget er prega av at eg kjenner det samiske betre enn det kvenske og Finnmark betre enn andre fylke, så eg får bare oppmode folk som kjenner historia frå andre vinklar til å bidra med sitt.

LES OGSÅ av Svein Lund: Den usynlige reindrifta

1. Historia

1.1. Fornorsking – kva er det?

Det heilt sentrale omgrepet i denne saka er «fornorsking». Men kva var eller er det? Om vi går til ordbøker, blir vi ikkje mye klokare. Verken Bokmåls- eller Nynorskordboka har anna tyding enn å lage norskare former av ord med opphav i andre språk. Prosessen med fornorsking av samar og kvenar har altså fått så liten plass i norsk offentligheit at han ikkje synest i ordbøkene. I denne samanhengen vel eg å definere og avgrense slik: «Fornorsking er prosessen der språka og kulturen til nasjonale minoritetar i Noreg blir erstatta med norsk språk og kultur». Denne kommisjonen gjeld fornorskinga av samar og kvenar, og da vil eg konsentrere meg om dei.

Begge tydingane av «fornorsking» går ut på å gjøre noko norsk eller norskare, men det er ein grunnleggande forskjell mellom å gjøre språket for nordmenn norskare og det å assimilere språklige og kulturelle minoritetar i Noreg.

På Wikipedia blir fornorskinga av samar oppsummert slik: «Fornorsking av samer er resultatet av det kulturpresset og den aktive norske assimileringspolitikken som det samiske folk, med sin kultur og levesett, opplevde fra den norske staten og majoritetssamfunnet i Norge fra tidlig på 1700-tallet og fram til moderne tid, gjennom kirke, skole og andre virkemidler. Mer snevert brukes begrepet «fornorsking» om den aktive assimileringspolitikken som ble vedtatt fra 1851 og gjennomført på ulike samfunnsområder fram til 1980-årene.» 2 Sjølv om ikkje kvenar er nemnd i denne teksten, vil han i stor grad vere gyldig også for dei, bare med den forskjellen at aktiv fornorsking av kvenar starta noko seinare.

På denne måten har Tromsø museum illustrert identitetsskiftet i Kvænangen i Troms. Ved folketellinga i 1930 oppgav om lag 1/3 at dei var samar og like mange at dei var kvenar, i 1950 var det bare eit par prosent tilbake. (Foto: Svein Lund)

Fornorsking er eit fenomen både på samfunnsmessig og individuelt plan. Fornorskinga prega alle samfunnsinstitusjonar og næringar, og ramma alle samar og kvenar på forskjellige vis og nivå. Fornorskinga er årsaka til at tidligare samiske bygder seinare tilsynelatande var heilt norske og no kivast om dei skal finne vegen tilbake eller ikkje. Fornorskinga er bakgrunnen for at nordnorske aviser og nettdebattar daglig har innlegg av fornorskinga sine tilhengarar og fornektarar som vil reversere historia tilbake og gjøre det samiske usynlig igjen.

I så godt som alle kvenske og eit fleirtal av samiske familiar førte fornorskinga til eit brot i overføringa av språk og kultur mellom generasjonane. For mange av dei betydde det og eit tap av identitet. Eit vanlig mønster var at foreldre snakka eige språk seg i mellom, men norsk til barna. Nokre hadde samisk som heimespråk i barndomen, men slutta å snakke språket så snart dei kom inn i den norske skolen.3 I vaksen alder flytta mange til heilt norske miljø, der dei ofte skjulte den samiske bakgrunnen sin, ofte sjølv for eigne etterkomarar.4 I ettertida har dette blitt framstilt som personlige val, men desse vala har vore under sterkt press frå både skoleverk og haldningar som blei fremma av styresmaktene sin fornorskingspolitikk. Altså ein form for «frivillig tvang».

Dei som klarte å halde fast ved og vidareføre språk og kultur blei òg ramma av fornorskinga i skole og samfunn. I skolen som bare brukte eit framand språk, forsto og lærte dei lite dei første åra og dermed gikk dei ofte ut av folkeskolen med eit lågare kunnskapsnivå og dårlig grunnlag for vidare skolegang og deltaking i storsamfunnet.5 I fleire generasjonar blei det ikkje gitt opplæring i å lese og skrive samisk. Det gjorde at samisk i liten grad har blitt brukt som skriftlig kommunikasjonsspråk og bidro til at det var vanskelig å bygge opp samiske media og samisk litteratur.

1.2. Glimt av fornorskingshistoria

Idéen om fornorsking eller assimilering av samar kan vi i alle fall spore tilbake til rundt år 1700. Den første kjente fornorskings- eller fordanskingsforkjemparen var biskopen som uttalte at samane måtte lære norsk, «saa de nedlagde deres eget finske Talemaal».6 Frå starten av var målsettinga altså at samane skulle bli einspråklig norske og at det samiske språket skulle gå ut av bruk. Nokre år seinare, i 1759, sa ein av etterfølgarane at samane nok burde lære norsk, men at det «var underligt at nøde dem til at lade sit Modersmaal ganske fare, hvoraf de er saa store Elskere som nogen Nation i hele Verden».7 Allereie på 1700-talet var det altså klart at det var ikkje var ein strid om samane skulle lære norsk, men om det samiske språket skulle utryddast eller få utvikle seg, parallelt med at samane lærte seg å beherske riksspråket.

Omgrepet fornorsking eller fornorskelse er brukt i alle fall frå 1850-talet.8 Det blei da brukt av både tilhengarar og motstandarar av denne prosessen. Det er derfor ikkje i utgangspunktet noko lada eller omstridd omgrep, det er først i seinare år at nokon har byrja å nekte for at det har pågått ei planmessig fornorsking.

Den siste grunnleggande endringa i politikken i retning av fornorsking var midt på 1850- talet. «Denne gode tida for samene og språket deres varte ikke særlig lenge. Fra 1850 våkna biskop Peder Krogs ånd igjen til live og begynte å bre ut sine vinger. Fornorskinga blei igjen innført, først mykt, seinere hardere og hardere – inntil samisk etter århundreskiftet igjen blei helt forbudt som språk for samebarna i skolen.»9

I prinsippet kunne lærarane bruke samisk og kvensk som hjelpespråk, når det var «uomgjengelig fornødent».10 Men opplæringa i samisk og kvensk ved Tromsø seminar blei nedlagt samtidig som friplassane forsvann, og det blei så godt som umogleg for samisk og kvensk ungdom å ta lærarutdanning. Bruken av hjelpespråk blei dermed nesten borte, både fordi få lærarar kunne dei, og fordi haldninga som lærarane blei innprenta var at desse språka skulle brukast minst mogleg. Det var vanskelig for ein lærar å sjølv bruke eit språk samtidig som elevar skulle nektast å snakke det same språket. I 1936 blei også det formelle høvet til å bruke kvensk som hjelpespråk oppheva ved stortingsvedtak, med den tvilsame grunngivinga at dei kvenske barna no forsto så godt norsk at det var unødvendig.

1.3. Var fornorskinga uunngåelig?

Fornorskinga sine forsvararar hevdar gjerne at dette var ein uunngåelig prosess, det fanst ikkje verken samisksspråklige lærarar eller bøker på samisk og dette språket hadde ikkje dei orda som trengtest for verken åndelig eller verdslig opplæring.

La oss skru tida tilbake til 1725. Det var enno 14 år igjen til den første lova om allmenn skoleplikt. Norsk språk hadde ikkje vore skrive på 200 år. Det store fleirtalet av nordmenn kunne verken lese eller skrive på noko språk, og den einaste formelle opplæringa dei fikk var i obligatorisk konfirmasjon og opplæring av kyrkjelyden ved gudstenester.

For samane var det derimot allereie etablert eit system med misjon og opplæring i 13 misjonskrinsar, der opplæringa skulle skje på samisk. Hundre år før den første norske lærarskolen blei starta, blei det sett i gang ei opplæring av misjonærar og lærarar som skulle undervise på samisk, ved Seminarium scolasticum, seinare Seminarium lapponicum i Trondheim. Det blei sett i gang arbeid med omsetjing av kyrkjelige skrifter til samisk og den første katekisma på samisk blei prenta i 1728. Ut over 1700-talet kom dei første lærebøkene på samisk, samtidig som det kom fleire religiøse skrifter, ordbøker og språklærer. Arbeidet med å utvikle samisk som skriftspråk og opplæringspråk var godt i gang. Det var politiske vedtak som stoppa denne utviklinga for å gå over til å bare bruke dansk/norsk i opplæringa. På 1800-talet blei det gjort ny innsats for samisk skolespråk, men igjen avgjorde styresmaktene at denne utviklinga skulle stoppast.

Omlegginga frå å bruke samisk til å bruke norsk som opplæringsspråk har skjedd tre gongar, kvar gong som resultat av at ei politisk linje vann over ei anna. Det er derfor direkte galt når mange stadig hevdar at det ikkje eksisterte noko alternativ til fornorskinga.11

1.4. Forvaltning på makta sitt språk

Norsk forvaltning i samisk- og kvenskspråklige område var frå starten bygd på norsk/dansk språk. Norsk var sjølvsagt språket til sentralmakta, men også til forvaltninga på fylkes- og kommunenivå, sjølv i kommunar der langt over 90 prosent hadde samisk som morsmål. Det var språket til rettsvesenet, lensmannskontora, militæret, helsevesenet, skoleadministrasjon, landbruks-, fiskeri- og reindriftsforvaltning. Norsk var også språket til dei aller fleste private bedrifter som blei etablerte i samiske område og til organisasjoner som politiske parti, fagforeninger, næringsorganisasjoner, idrettslag, sanitetsforeninger osv.

Paragraf i fornorskningsinstruksen for skolen.

Det fanst nokre få unnatak, da alltid i «førstelinjetenesten», når institusjonar vendte seg direkte til samar, og dels også kvenar, som kyrkjelyd, skoleelevar og foreldre, pasientar og tiltalte eller vitne i rettssaker. Ofte skjedde det gjennom tolking. Når det var nødvendig kunne ein same som var tiltalt for retten få forklare seg på samisk, men svaret blei nedskrive på norsk. Bruk av samisk skriftlig var i all hovudsak avgrensa til prenta religiøse skrifter, at noko blei skrive ned på samisk i forvaltninga var svært sjeldne unnatak.

Om ein skulle skrive eller seie noko på samisk blei avgjort ut frå om det var «nødvendig», ikkje om nokon hadde rett til å bruke morsmålet sitt. Så snart samane hadde lært seg så pass norsk at ein forventa at dei kunne forstå og uttrykke seg på norsk, skulle ein ikkje lenger bruke samisk. Frå begge partar blei det derfor sett likheitsteikn mellom opplæring i norsk og fornorsking. Fram til i dag har krav om tolking stadig blitt avvist med at det ikkje er «nødvendig». Nødvendigheita har aldri blitt avgjort ut frå om øvrigheita kunne samisk, men om den samiske parten var forventa å kunne norsk.

1.5. Alltid strid om fornorskinga

Fornorskingstanken møtte motbør frå første starten og har aldri hatt full oppslutning blant verken samisk, kvensk eller norsk befolkning. Likevel har han hatt støtte eller aksept frå mange, til tider frå eit fleirtal, også blant samar. Av kommunane med meir eller mindre samisk busetting er det trulig bare i Guovdageaidnu at eit fleirtal aldri har anerkjent fornorskingspolitikken.

Når var fornorskinga på det sterkaste? Her må vi skilje mellom politikk og prosess. Som offensiv politikk var ho trulig sterkast i tida da skoledirektørane i Finnmark aktivt fremma fornorskinga, dvs. 1902–33.12 Deretter kom ein skoledirektør som ikkje fremma fornorskinga meir enn han var pålagt, men snarare forsøkte å moderere denne. Prosessen med skifte av språk og tildels kultur og identitet, var langvarig og hadde høgdepunkt forskjellige tider på forskjellige stadar, men i mesteparten av Finnmark var denne sterkast under tida med evakuering og gjenreising. Etter at gjenreisinga var avslutta midt på 1950-talet vaks det i svært liten grad opp barn med kvensk som heimespråk eller med samisk utafor det såkalla «kjerneområdet», kommunane Kautokeino, Karasjok og Polmak,. Før utviklinga byrja å snu hadde ein generasjon samisk- og kvenskspråklige gått tapt.

Det første tillaupet til revurdering av statlig politikk kom med Samordningsnemnda for skoleverket 1947–49. Dei små forsøka på å gi plass for samisk språk og kultur i skolen blei møtt med så massiv motstand at ingen ting blei gjennomført i første omgang. Det neste var Samekomiteen 1956–59, som kom med endringsforslag på breiare front. Motstanden var igjen stor, og resultatet blei ei utvatning av innstillinga, men likevel den første konkrete endringa i politikk og lovverk. Ved seinare framstøt for endringar i statlig samepolitikk har det også blitt organisert motstand, mot Samerettsutvalet, samiske læreplanar og Finnmarkslova.

1.6. Ikkje bare språk

Fornorsking var ikkje bare eit spørsmål om språk. Det var og spørsmål om kultur, verdiar, tru, natursyn og driftsmåtar i næringane. Her er ikkje ordet «fornorsking» alltid like dekkande som for språket, ettersom dei haldningane og den praksisen som erstatta samiske haldningar og praksis ikkje alltid var spesifikt norske. Vi kan likevel snakke om «fornorsking» i den forstand at det var snakk om å erstatte det samiske med kultur og praksis som var akseptert og dominerande i det norske storsamfunnet.

Kyrkja og misjonen spela ei stor rolle i fornorskinga. Det var usemje om språkbruk i misjonsarbeidet, men alle misjonærane sto samla om å fordømme den samiske trua og forfølge dei som framleis praktiserte denne. Den opprinnelige samiske musikalske uttrykksformen, joiken, blei fordømt som syndig, ei oppfatning som framleis heng igjen i mange samiske kristne miljø. Kyrkja og staten etablerte seg som ein moralsk overdommar i forhold til samane, med rett til å slå fast at det tradisjonelle samiske var gamaldags, mindreverdig, syndig og umoralsk, mens øvrigheita sitt syn var moderne, høgverdig og moralsk rett. Dette slo inn på så forskjellige område som natursyn og naturforvaltning, barneoppseding, helsestell og klesdrakt. Når det samiske var blitt tilstrekkelig stigmatisert, var det nok at noko var samisk tradisjon for at det måtte byttast ut med storsamfunnet sine verdiar og praksis.

I løpet av 1800-talet blei det utvikla ei grunngiving for fornorskinga som tildels var reint rasistisk.13 Dette gjaldt særlig etter at sosialdarwinismen la eit ideologisk grunnlag for at samane blei sett som ein mindreverdig og utdøyande rase.14

Fornorskinga skapte haldningar til det samiske og det norske både hos samar og nordmenn. Desse blei innprenta gjennom generasjonar, og lar seg ikkje fjerne over natta. Om den offisielle politikken er endra, heng dei negative haldningane til det samiske igjen hos mange. Mange har blitt «meir katolske enn paven», noko som bl.a. kjem fram i synet på joik i fundamentalistiske kristne miljø.

1.7. Fornorsking og helse

Fornorskinga av helsestellet. Helse er både eit spørsmål om å halde seg i form gjennom kosthald og fysisk aktivitet og om tiltak for å kurere skadar og sjukdommar.

Tradisjonelt samisk kosthald var prega av allsidig utnytting av naturressursane. Det varierte mellom innland og kyst og etter naturforhold og næring, men overalt ga kombinasjonen av mat frå dyr og planter eit nødvendig grunnlag for å bygge opp kroppen og unngå mangelsjukdommar. Rein, husdyr, vilt og fisk blei allsidig utnytta, bl.a. blei det brukt mye blodmat. Viktige næringsstoff kom frå ville planter som krøkebær, moltebær, kvann, turt, skjørbuksurt og matsyre. Etter kvart har mye av denne mattradisjonen blitt borte og erstatta med mindre sunn og tildels helseskadelig mat frå butikken. Det er dels eit uttrykk for den allmenne moderniseringa i samfunnet, men fornorskinga spela og ei rolle i forkastinga av gamle mattradisjonar.

Frå gamalt av har samar hatt sine eigne helseråder. Sjukdommar blei behandla med medisinplanter og forskjellige ingrediensar frå dyr. Også meir magiske råd var i bruk. Samar har aldri bygd opp eigne helseinstitusjonar. Kunnskapen om helse og helbreding var dels allmenn kunnskap, dels var det bestemte personar med særlig kunnskap eller evner, som på samisk blei kalla noaidi eller guvhllár. Kunnskapen blei ført frå generasjon til generasjon, men ikkje alltid direkte frå foreldre til barn. Eldre kunnskapsbærarar kunne sjå seg ut ein eigna kandidat i neste generasjon eller barnebarngenerasjonen. Liknande folkelige tradisjonar har også vore blant andre folkegrupper som kvenar og nordmenn, men samar har i stor grad bevart dei lengre.

Formelt helsevesen er innført av storsamfunnet, gjennom staten eller misjonsorganisasjonar. Dette var prega av kombinasjonen av formell vestlig medisin og kristen misjon, som begge var negative til samane sine eigne helsetiltak. Desse kunne bli stempla som overtru, hedenske og syndige og i alle fall verdilause. Resultata var at samisk helsevesen døydde ut eller gikk «under jorda».15

Den samiske kunstnaren Inger Haldis Halvari si gjengiving av misjonen overfor samane. Foto: Svein Lund

Både det offentlige og det misjonsstyrte helsevesenet var prega av norsk språk. Dei tilsette lærte seg i liten grad samisk. Ved samemisjonen og indremisjonen sine institusjonar var det krav om at sjukepleiarar skulle vere bekjennande kristne, dette var overordna om dei hadde kunnskap om samisk språk og kultur. Denne situasjonen førte ofte til at pasientar kjente seg utrygge og sikkert til mange misforståingar og feilbehandlingar.

Helsevesenet har i stor grad vore med på å spreie negative haldningar til samiske tradisjonar (og til kvenske og folkelige norske tradisjonar). Det formelle helsevesenet i samiske område var lenge heilt dominert av ikkje-samisk personell, i stor grad sørfrå. Legane som blei sendte nordover forsto lite av dei samfunna dei møtte og rapporterte i sine «medisinalberetninger» om lokalbefolkninga sin skittenferdighet og overtro. Etter kvart kom det nokre samiske innslag i helsevesenet, bl.a. jordmødre, men dei første samiske legane blei ikkje utdanna før rundt 1970, og mangelen på samisktalande personale er enno stort på mange område.

Helsemessige verknadar av fornorskinga

Fornorskinga har hatt både direkte og indirekte verknadar på samar si fysiske og psykiske helse. Språklige og kulturelle kommunikasjonsproblem har ført til direkte feilbehandling og til ein avstand mellom befolkning og helsevesen som har ført til at samar ikkje har søkt nødvendig behandling.16 Det å leve i ein stadig konflikt mellom eigen kultur og storsamfunnet sine normer, kan ofte ha ført til stress og psykiske problem, som igjen har gitt fysiske utslag, f.eks. hjerteproblem. Det er hevda at etterverknadar av fornorskinga er årsak til at samar i område der dei er i minoritet er særlig utsett for visse sjukdomar.17

I seinare år er det forska mye på dette, særlig i regi av Senter for samisk helseforsking ved UIT.

1.8. Fornorsking og natur

Naturen i samiske område er ikkje villmark, ikkje urørt natur. Han er prega av ein ubrote naturbrukstradisjon gjennom hundrevis til tusenvis av år, gjennom jakt, fiske, reindrift, husdyrbeite, hausting av ved, sennagras og andre planter. Utmarksslått er ein tradisjon som no er nærmast utdøydd, men enno er det spor i terrenget. Fram til seinare år har den samiske bruken sett såpass små spor at få legg merke til dei, men med modernisering av kjøretøy har verknadane blitt langt meir synlige – og omstridde.

Samisk naturbruk har hatt preg av nytte, tidligare som nødvendig livsgrunnlag, i dag er det meir matauk, tradisjon og fritidssyssel. Bruken av naturen har vore konkret, knytta til bestemte stadar, fiskevatn, jaktplassar, sennegrasplassar, vedteigar, utmarksslåttar, reinbeite og flyttevegar. Den einskilde familien, grenda eller siidaen brukte sine faste område, så lenge desse har vore intakte og ingen har truga dei, har bruken gått i arv. Store delar av fiskevatna og moltemyrene i samiske område har vore omfatta av dette systemet, og det har ikkje vore bare å finne ein ny stad om den gamle f.eks. blei øydelagt av naturinngrep. Nettopp fordi dei same familiane brukte dei same områda år etter år, hadde dei sterk interesse av å ta vare på dei, f.eks. ved å hindre overfiske.

Den samiske naturbruken er ein vesentlig del av den samiske kulturen, den innebærer kunnskapar, folketru, tradisjonar og språk. Når grunnlova seier samisk språk og kultur skal få utvikle seg, må det og omfatte den samiske naturbruken.

Norsk tradisjon er ikkje nødvendigvis den motsette, mange norske bygdesamfunn har liknande tradisjonar, men det eg her framstiller som norsk er det som samiske område har opplevd frå det norske storsamfunnet. Det er eit natursyn som skil seg fundamentalt frå det som her er nemnd.

På eine sida er norsk naturforvaltning basert på den kristne tradisjon at menneska skal gjøre seg til herre over naturen. Naturen har ingen eigenverdi, han er bare verdt noko for menneska, som kan kjøpe, selge og øydelegge han. Det å skaffe straum og råvarer blir sett på som samfunnmessige interesser og dermed overordna interessene til naturen og menneska som lever i og av denne.

På andre sida vil ein halde av naturområde til bruk for friluftsliv og «rekreasjon» av travle byfolk. Desse områda skal da forvaltast på ein todelt og noko motstridande måte. På eine sida skal naturen her bevarast så opprinnelig som råd, på andre sida skal denne «urørte naturen» tiltrekke turistar, og turistbedrifter, noko som i seg sjølv kan gi nedsliting av naturen. Ein lokal naturbrukstradisjon som bygger på bruksrettar for familiar eller bygdelag vil da bli oppfatta som eit trugsmål mot denne doble målsettinga frå styresmaktene si side. Kort oppsummert: Det vanlige vestlige synet er at ein anten „bevarar” eller „forbrukar” natur. Det samiske synet er vern gjennom bruk. Det betyr sjølvsagt ikkje at all praksis frå samar i dag er i samsvar med dei gamle ideala.

1.9. Næring, busetting og fornorsking

Samisk språk og kultur er utvikla og overført i samiske bygder og i nær kontakt med naturen og primærnæringane. Om denne kontakten blir brote, vil det vere vanskelig for språk og kultur å overleve. Allereie under andre verdskrigen la norske styresmakter i eksil opp til ei sentraliseringa av busettinga i dei evakuerte områda. I første omgang sto befolkninga i mot, og både samar, kvenar og nordmenn flytta tilbake til dei brente stadane. Knapt var gjenreisinga over før det kom nye sentraliseringsbølger, og no klarte folk i mindre grad å stå i mot. Midla som styresmaktene brukte var mange. Nekting av lån til bygging av hus, driftsbygningar og hamner, direkte fråflyttingstilskot osv. Dette ramma alle folkegrupper, men samar var trulig dei som i størst grad måtte gi opp dei gamle næringane og bustadane, nettopp fordi det var dei som i størst grad hadde budd spreidd og levd av kombinasjonsdrift med fiske og fedrift.

Dei små grendene etter kysten, der samisk språk og kultur enno i ei viss grad hadde halde stand, blei avfolka og folka flytta inn til større senter, til kommunesentra eller ut av fylket eller til og med til Sør-Noreg. På dei nye bustadane gjaldt det å bli godkjent på desse stadane sine premiss, det var lite plass for å hevde samisk språk eller kultur. Sørpå var det ille nok å vere nordnorsk, om ein ikkje også skulle vere same.

Sentraliseringa var dels ein naturlig prosess i den tekniske utviklinga, men og i stor grad ein prosess som styresmaktene ønska og framskunda. Det gjorde dei bl.a. gjennom å favorisere spesialisering på jordbruk eller fiske framfor kombinasjon. Mange stadar var det bare kombinasjonen som hadde gjort det mogleg å ha eit levebrød. Det var bare i dei meir fruktbare elvedalane at det kunne vere grunnlag for jordbruk som eineleveveg, skulle ein drive fiske på heiltid gjorde ein det best med å bu nær fiskebruka.

Frå gamalt av har fiskarar sørfrå med større båtar fiska på Finnmarka i sesongane. Etter kvart skaffa dei seg større og større båtar og meir rettar, mens gamle lokale fiskerettar blei undergravd eller oppheva. På 1960- og 70-talet byrja store båtar å herje på fjordane med not og trål, og resultatet mange stadar blei svart hav. Trass i åtvaringar og protestar fikk raseringa av fjordane i stor grad halde fram.18 Resultatet er at det i dag nesten ikkje er fisk igjen i fjordar som Porsangerfjorden og Laksefjorden. I andre fjordar som blei tømt, som Repparfjorden, har fisken etter lang tid byrja å komme tilbake. Det neste slaget mot fjordfisket og dermed den sjøsamiske busettinga, var kvoteordningane som blei brukt til at fiskarar blei «kasta på land». Det siste slaget til no er strukturering av flåten, som regjeringa no også ønsker å gjøre gjeldande for dei minste båtane.

Ein føresetnad for fisken og fisket i fjordane og på kysten er eit reint hav. Dette er i dag under sterkt press gjennom forureininga frå fiskeoppdrett og gruvedrift.

1.10. Fornorsking = modernisering?

Da fornorskinga starta dominerte enno primærnæringane både i samiske, kvenske og norske miljø. Det fantest minimalt av tekniske hjelpemiddel og framkomstmiddel var menneskelig kraft, segl, rein og hest. Samtidig med fornorskingsprosessen skjedde det ein moderniseringsprosess. Denne kom generelt noko seinare til samiske næringsliv enn til norsk, men starten kan grovt tidfestast til mellomkrigstida for fiskeria, etterkrigstida for jordbruket og 1960-talet for reindrifta.

I fiskeri og jordbruk kom mekaniseringa ofte først til dei norske næringsutøvarane, noko som styrka desse overfor dei samiske og forsterka inntrykket av det samiske som noko gamaldags og tilbakeliggande. Dette var både eit spørsmål om kven som hadde best kontaktar i det norske storsamfunnet, mest kontantar til kjøp av hjelpemiddel og kven og kva driftsformer som blei prioritert av forvaltninga som landbruks- og fiskerirettleiarar.

Etter kvart fikk også samiske næringsutøvarar tilgang på moderne hjelpemiddel som båtmotorar, ekkolodd, traktor, snøskuter og ATV. Størst samfunnsmessig verknad hadde mekaniseringa trulig i reindrifta. Her førte denne med seg at reingjetaren ikkje lenger trong å bu ved flokken, men kunne kjøre heim kvar dag. Dei bygde hus, mange med støtte av boligprogrammet for Indre Finnmark, kvinner og barn blei buande i bygda eller ved vegen og kvinnene tok seg lønsarbeid utafor reindrifta. Internatskolen blei erstatta av skolebuss. Reindrifta blei ikkje bare mekanisert, men endra frå ei familienæring til ei mannsnæring og mye av opplæringa i familien blei borte, særlig fordi skoletida blei utvida og tok meir og meir av barna si tid.

Ein av dei mange internata fra fornorskningstida, Sarnes i Nordkapp kommune. Foto: Svein Lund

Vegar blei bygde og etter kvart blei det meir og meir vanlig at både nordmenn og samar skaffa seg private bilar. Dette gjorde også naturressursane i samiske område meir tilgjengelig utafrå. Det var ingen som sa frå at her frå gamalt var anerkjente bruksrettar til fiskevatn og moltemyrer. Turismen blei på eine sida eit trugsmål, men på andre sida for mange ein leveveg eller eit tilskot til livsgrunnlaget.

Ettersom samar tok i bruk motoriserte kjøretøy i reindrift og utmarkshausting, fikk dette og betydning for i kva grad dei sette spor etter seg. Samane var ikkje lenger bare eit folk som gikk «på mjuke skinnsko i historia», men spora etter ATV syntest som vegar over tørt land og som djupe spor i myrene. Bruken i tradisjonelle næringar var grunnlaget for generelle og spesielle dispensasjonar frå Lov om motorferdsel i utmark, men innslaget av «fornøyelseskjøring» har og vore stort.

Frå 1980-talet blei datateknologien meir og meir tatt i bruk i skole og samfunn. Denne var i liten grad norsk, men bygd på engelskspråklig programvare og asiatiskprodusert maskinvare. Tilpassinga til norsk språk kom tidlig, tilpassing til samisk språk gikk det langt seinare med. Det tok lang tid før styresmaktene tok noko ansvar her, og programvareprodusentane har stort sett aldri gjort det. Så snart det har vore utvikla ei løysing for å skrive samisk, har denne vore utdatert. Innføring og utvikling av datateknologi treng ikkje å bety fornorsking i forhold til samisk språk, men vil gjøre det dersom ingen tar ansvar for nødvendige tiltak. I seinare år er det gjort mye bra arbeid med samisk språkteknologi, men når det kjem ny teknologi og ny programvare, heng stadig samisk etter.

2. Dagens situasjon

2.1. Samar og kvenar i Noreg

Mii leat ain dás / Vi er ennå her.19 Dette er tittelen på ei lita bok om urfolk i Arktis. Ein liknande tittel er brukt på ei bok om samane i Vesterålen: De er her ennå20 og på ein song om samar og andre urfolk: We are still here.21 Ikkje alle urfolk i verda kan seie det same. Nokre er totalt utrydda av kolonistane sine våpen og sjukdommar, andre er fordrive frå dei opprinnelige områda sine. Men samane er framleis her, det vil seie i dei områda dei har brukt i tusenvis av år. Fornorskinga har altså ikkje bare eit objekt, eit offer, men og eit aktivt subjekt som kan slå tilbake, stille fornorskarane til ansvar og kreve oppretting.

Kven er kven og kven er same? – for å seie det med eit lite ordspel på nynorsk. Ingen av spørsmåla er lette å svare på, og kriteria er sterkt omstridde for kven som skal reknast som same og kven som skal reknast som kven. Nokre kallar seg kvenar, men andre vil bruke namnet norskfinnar. Grensene er uklare både mellom samar og kvenar og mellom kvar av dei og den norsk-etniske befolkninga.

Om vi tar utgangspunkt da fornorskinga starta for alvor midt på 1800-talet, var det allereie da blanda familiar, særlig samisk/kvenske. Etnografiske kart frå midten av 1800-talet22 viser at to- og trespråkligheit var vanlig utbreidd. Kriteriet for å plassere ein familie som samisk/lappisk, kvensk/finsk eller norsk var i første rekke språkbruk i familien. Ettersom fornorskinga skreid fram blei norsk hovudspråk eller einaste språk for mesteparten av etterkomarane. Med språkskiftet kom det etter kvart i større eller mindre grad eit skifte i kultur og identitet. Nokre gikk etter kvart heilt opp i det norske storsamfunnet, mens andre blei verande i ein usikker mellomposisjon som er omtalt som «Det tredje alternativ», der ein lot vere å definere seg sjølv fordi ein verken var heilt norsk eller heilt samisk.23

Da fornorskingspresset letta, auka talet på folk som rekna seg som samar sjølv om dei ikkje sjølv snakka språket. Dette tok særlig av frå omkring 1980. Mange har lært seg meir eller mindre samisk i vaksen alder og/eller tatt opp igjen forskjellige samiske kulturuttrykk. Dei har ofte skrive seg inn i samemanntalet og mange har engasjert seg i samepolitisk og samekulturelt arbeid. Dette har ikkje vore nokon enkel prosess, da dei ofte har møtt motstand frå fleire kantar, både innafor samiskspråklige miljø, fornorska miljø og reint norsk miljø. Dei har blitt kalla for «konstruerte samar» i motsetning til «essensielle» eller ekte samar. Nokre har fråskrive heile denne gruppa retten til sjølve å definere sin etniske identitet, med å hevde at den som er fornorska ikkje samtidig kan vere same.24

Frå det andre samiske landsmøtet som blei halde i Noreg, i Bonakas i Tana
1919. Foto: J. W. Holm

Gjennom tidene har det vore ei rekke kriterier og metodar for å anslå talet på samar i Noreg, og for å auke eller minske dette talet. Det er brukt etniske, genetiske, språklige, kulturelle og næringsmessige kriterier. I Guovdageaidnu er «sápmelaš» tradisjonelt brukt som beteikning på reindriftssamar og både frå folk innafor og utafor reindrifta har det vore gjort forsøk på å avgrense samane til reindriftssamar. Heller ikkje reindrifta har sluppe unna forsøka på å utdefinere det samiske. Mange av dei har etternamn som tyder på kvensk/finsk/svensk bakgrunn, og dette blir da brukt til å framstille dei som kvenar og ikkje samar.25 Dessutan blir det argumentert med at reindrifta no drive med så mye moderne hjelpemiddel, at ho ikkje lenger kan reknast som ei samisk næring. Ein slags parallell til det ein bonde i Nord-Troms skal ha sagt på 1960-talet: «Før var vi samar, men så fikk vi traktor».

Sametinget sitt valmanntal har blitt brukt og misbrukt til å anslå talet på samar i Noreg. Kriteria er no at ein skal oppfatte seg som same og ha samisk som heimespråk eller minst ein forelder, besteforelder eller oldeforelder som hadde dette. Ved første valet, i 1989, var det 5497 samar i manntalet, ved siste valet i 2017 var dette auka til 16958. Gjentatte gongar har likevel siste tilgjengelige talet blitt brukt som tal på samar i Noreg. Dette er galt av fleire grunnar:

– Talet omfattar bare personar over 18 år – Det omfattar bare folk som personlig aktivt har meldt seg inn, og overser altså folk med samisk bakgrunn som av politiske, religiøse eller personlige årsakar ikkje har meldt seg inn, evt. seinare har meldt seg ut igjen, eller som rett og slett ikkje har interesse av samepolitiske spørsmål. Mange erkjenner at dei har ein samisk bakgrunn gjennom ein eller fleire av besteforeldre eller oldeforeldre, men syns dette har blitt så fjernt at dei definerer seg sjølve som ikkje-samar.

Når innvandrarar kjem til Noreg, blir dei straks omtalt som «våre nye landsmenn», etter sju år kan dei bli norske statsborgarar og da ha alle rettar som innfødde nordmenn har. Frå mange hald har det vore etterlyst noko tilsvarande for innflyttarar til samiske miljø, og for dei som er oppvakse i samiskdominerte miljø, men sjølv har anna etnisk bakgrunn. I dag finst det ikkje noko slik ordning, ingen kan bli same på anna vis enn ved adopsjon som barn. I dag finst det ikkje-samar som har gått samisk barnehage og hatt samisk som førstespråk i skolen. Andre er samisk gift, snakkar til daglig samisk med ektefelle og eigne barn og har samisk som arbeidsspråk, kanskje i reindrift eller samiske institusjonar. Dei kan vere integrerte lokalt, men blir ikkje offentlig godkjent som samar. Det er trulig ikkje mogleg å sameinast om ein definisjon av samar, og dermed heller ikkje noko tal på samar som vil vere gyldig i alle samanhengar. Det bør derimot vere mogleg å sette ei ramme for kven saka om kommisjon om fornorskingspolitikken spesielt gjeld, og det bør etter mi oppfatning vere alle som har samar blant sine forfedre/formødre så langt tilbake dei kjenner slekta, . Desse er målgruppe i den forstand at historiene deira vil vere relevante for å forstå fornorskingshistoria og for tiltak for å rette opp skadeverknadar.

For kvenar finst det ikkje noko manntal, og heller ingen offisielle kriterier. For denne samanhengen meiner eg at ein kan bruke same kriterier som nemnd over.

2.2. Held fornorskinga fram?

Fornorsking er ikkje lenger ei offisiell målsetting for statens politikk overfor samar og kvenar, slik det var i alle fall fram til 1960-talet. Det er likevel to viktige politiske miljø som forsvarer eller bortforklarer den tidligare fornorskingspolitikken. Det eine er regjeringspartiet FrP, det andre organisasjonen EDL,26 som i utgangspunktet bare skal arbeide for å fjerne Sametinget sin representasjon i Finnmarkseiendommen og andre «samiske særrettar», men som også har si eiga historieskriving, der samane ikkje er urfolk og aldri har vore undertrykt eller diskriminert i Noreg. Ingen av desse organisasjonane løftar i klartekst parola «Gjenreis fornorskingspolitikken!», men i praksis er det det dei gjør.

Om ikkje dei toneangivande kreftene i verken regjering eller opposisjonspartia har ein politikk som direkte fremmer fornorsking, kan likevel praksisen deira fremme fornorsking, dersom samisk språk og kultur ikkje får dei nødvendige vilkåra for å utvikle seg. Det vil foregår ein umiddelbar assimileringsprosess i retning av språk og kulturar som dominerer i storsamfunnet, så lenge samfunnet er prega av ein kombinasjon av at: – Dei kulturelle og språklige minoritetane er i lite mindretal i landet som heilskap og i befolkning og styringsorgan i dei fleste fylke og kommunar der dei lever. – Det skjer ein moderniseringsprosess og teknisk utvikling som i stor grad er styrt utafrå. – Det skjer ei sentralisering av busettinga. – Det er eit stadig press frå storsamfunnet og private interesser for kommersiell bruk av utmarka i samiske område, til turisme, kraftverk, gruvedrift m.m. – Media er språklig og kulturelt dominerte av norsk og engelsk/vestlig språk og kultur.

Dersom ein ønsker at fornorskingsprosessen skal stoppe opp eller helst reverserast, må det bli gjort tiltak for å motvirke dei nemnde kreftene.

3. Målsetting for kommisjon og prosess

3.1. Sanning?

Sanningskommisjon er eit stort ord, og gir inntrykk av at det finst ei sanning som ein skal finne. Men historia om fornorskinga inneheld svært mange element over eit stort geografisk område og eit langt tidsrom, og folk har opplevd historia svært forskjellig. Det er òg grunnlag for å stille spørsmål ved motiva for fornorskinga og kva reelle alternativ som eksisterte.

Sanninga vil derfor bestå av mange opplevingar, som tilsynelatande kan stå i motstrid til kvarandre. Likevel finst det nokre objektive fakta som det er mogleg å hente fram og som vil vere ei vesentlig ramme om eller kanskje heller skjelett for sanninga om fornorskinga: – offentlige dokument som lovar, forskrifter, stortingsmeldingar, læreplanar – fakta om språkbruk og språkbytte (svært mangelfull statistikk) – skifte av stadnamn på kart og andre skriftlige kjelder – fakta om endringar i næringar og busetting – nedskrivne skoleopplevingar frå elevar, foreldre og lærarar Det er ikkje mogleg å finne noko heil og fullstendig sanning, men vi kan finne ein del vesentlige element, og vi kan finne så mye sikre opplysningar at ein del påstandar om fornorskinga kan avsannast.

3.2. Publisering

Undersøkingar om kva fornorskinga førte til er i seg sjølv bare eit første steg. Det neste er å få dette ut til eit større publikum, både samar, kvenar og nordmenn, og særlig til skoleverket, politikarar og forvaltning. Det er både spørsmål om å få fram dei nye funna som kommisjonen vil gjøre og dei undersøkingane som allereie er gjort. I den samanhengen vil eg vise til bok- og internettverket Samisk skolehistorie, som eg hadde gleda av å delta i i tida 2003-13. Der er prenta omlag 2500 sider i 6 bind, med stoffet som bare er på nettet er det publisert til saman over 500 artiklar. Dette er prenta i eit opplag på bare 1000x, utan at nokre av bøkene enno er utseld frå forlaget. Det må nemnast at sentrale skolestyresmakter heile tida var negative til prosjektet, dei ville ikkje gi ei krone i finansiering og har vist null interesse for resultatet.

Frå redaksjonen eller enkeltmedlemmar av denne blei det tatt tre initiativ til oppfølging for å få materialet bedre ut:

  1. Foredragsserie på skolar. Dette blei oppgitt da skolestyresmaktene sentralt og på fylkesplan ikkje ville bidra og Sametinget ikkje hadde råd å finansiere det aleine.
  2. Ungdomsbok om samisk skolehistorie. Denne skulle bygge på samanfatning/utdrag av materialet i Samisk skolehistorie og tilpassast ungdomsskolenivå. Planen blei oppgitt da prosjektet fikk avslag på søknad om skrivestipend.

3. Fornorskingsmuseum / Samisk skolemuseum. Redaksjonen ønska å følge opp ein tidligare lansert ide om skolemuseum og dokumentasjonssenter i det tidligare Vestertana internat.21 Det blei tatt kontakt med Varanger museumssiida og Tana kommune som er eier av internatbygget, men der var ingen vilje til å følge opp saka. Bygningen er nå for andre gong lagt ut for sal, og skal han bergast for offentlige formål, så hastar det.

3.3. Forsoning?

Ordet forsoning er mye brukt i religiøs samanheng, og i samanheng med fornorskinga er det brukt bl.a. innafor den norske og svenske kyrkja. Ordet treng imidlertid ikkje å ha noko religiøst innhald, men kan brukast i vidare tyding om forsoning mellom menneske og grupper som har vore i strid med kvarandre, slik som f.eks. det er brukt om folkegrupper i Sør-Afrika. I den kristne avisa Vårt Land er det publisert eit dikt om forsoning, da i ein kristen samanheng, men eg har her plukka ut nokre strofer som kan brukast meir allment:28

Forsoning, hva er det? Handler det om en pris, handler det om å bøye seg ned? Handler det om aktivt å søke en fred? Handler det om parter som har fått og som har gitt? Som har veket et steg tilbake og et skritt fram, og ikke kalt alt for sitt?

Forsoning er å bygge en bro, mellom parter som vil, men som strever med tro Det koster dyrt ifra begge sider, og det er ikke å fornekte at begge lider.

Forsoning er verdens varmeste og beste ord, For det binder sammen og setter gode spor. Vinn, vinn, er forsoningens resultat, En seier som deles gir ikke rom for hat.

Er det grunnlag for ei slik forsoning i forhold til dei skadene fornorskinga har påført både samar, kvenar og det norske storsamfunnet? Kven skal forsonast med kva – og med kven?

Forsoning vil vere ein prosess både på individuelt og samfunnsmessig plan. På det individuelle planet er det for folk med samisk og/eller kvensk bakgrunn eit spørsmål om å forsonast med eigen bakgrunn og eiga historie. Gjennom fleire generasjonar blei det innprenta at det var ei skam å vere same, tildels også å vere kven, og at dette var noko ein måtte fortrenge og fornekte. For folk med bakgrunn i den norsk-etniske majoritetsbefolkninga, kan det vere spørsmål om eigne og forfedrene sine syn på minoritetane.

Forsoning betyr for alle å gå inn i dei motsetningane mellom folkegrupper som har vore og framleis er, spørje korleis dei har oppstått og utvikla seg, og korleis dei kan overvinnast. Eller ærlig spørre om vi er interesserte i å overvinne dei, eller kanskje bare la dei vere eller bli forsterka enno meir.

Lettast er det å sjå motsetninga mellom den norske befolkninga på eine sida og minoritetane som skulle fornorskast på andre sida. Men det er og ei anna motsetning, som i dag lever i beste eller verste velgåande, motsetninga mellom samar og kvenar.29 Nokre av dei samiske og kvenske organisasjonane står svært langt frå kvarandre. Det er og sterke motsetningar mellom samiske grupper, og mellom dei som kallar seg kvenar og dei som har tilsvarande bakgrunn, men absolutt ikkje vil kallast kvenar, men norskfinnar.

Folk som har lidd urett har ofte eit livslangt dårlig forhold til institusjonar som har trakka på dei, særlig gjeld det skolen. Både frå eiga røynsle som lærar og frå intervju under arbeidet med Samisk skolehistorie, opplevde eg at mange i den daverande foreldre- og besteforeldregenerasjonen ønska å ha minst mogleg med skoleverket å gjøre. Det ga seg bl.a. uttrykk i at mange ikkje ønska å delta på foreldremøte eller andre skolearrangement, og unngikk kontakt med lærarar og skolestyresmakter så sant det lot seg gjøre. Spørsmålet er i kva grad slike haldningar har gått i arv.

3.4. Kven angår kommisjonen?

Kommisjonen sitt arbeid vil vere viktig for mange grupper: – Samar og kvenar. Både dei aktive språk- og kulturbærarane og dei «fornorska» som har tapt eller fortrengt språk og/eller kultur. – Det norske statsapparatet på alle plan, med politikarar og forvaltning.. – Det norske sivilsamfunnet. Særlig, men ikkje bare, miljø der samar og/eller kvenar deltar. Bygdelag, politiske parti, forskjellige organisasjonar. Organisasjonane treng å stille spørsmålet: Kva betyr fornorskinga og forsoningsprosessen for oss i fagforeninga, idrettslaget, miljøorganisasjonen, osv.

Sametinget har allereie arrangert ei rekke opne møte om kommisjonen sitt mandat og verknadane av fornorskingsprosessen. Trulig vil det trengst nye møter, der ein satsar spesielt på å få med alle berørte grupper og der også andre institusjonar deltar som arrangørar.

3.5. Frå kommisjon til prosess

Med helseterminologi kan vi seie om prosessen med sannings- og forsoningskommisjon: Kva er sjukdommen og kven er pasienten? Ei utgreiing frå kommisjonen vil i beste fall kunne vere ei diagnose og ein resept. Det er først da heilinga av pasienten byrjar, med at han tar medisinen sin daglig, og kanskje også gjennomfører eit treningsprogram. Om pasienten ikkje følgjer opp, blir resultatet tilbakefall av sjukdommen eller det som verre er.

Kommisjonen skal vere starten på ein prosess som ved sida av «helsevesenet» involverer alle berørte pasientar og pårørande, samt dei forholda som har forårsaka sjukdommen. Vi kan kalle det «Sannings- og forsoningsprosessen».

3.6. Avslutning av fornorskinga

Ein føresetnad for forsoning er at fornorskinga er/blir avslutta. Prosessen må derfor ha som mål å oppspore og avslutte den fornorskinga som framleis pågår.

Vi må skilje gjennom fornorskingspolitikk og fornorskingsprosess. Det tok omtrent eit halvt hundreår frå Stortinget vedtok ein fornorskingspolitikk til språkskiftet kom i gang for alvor. På same vis er det gått over eit halvt hundreår sidan fornorsking blei fjerna som offisiell målsetting for politikken, men fornorskingsprosessen heldt likevel fram for fullt i den første tida, og blei først moderert etter kvart. Det er fleire årsakar til dette. Dels skuldast det politisk motstand, dei haldningane som er innarbeida lar seg ikkje endre over natta. Dels skuldast det at ein har mangla dei nødvendige midla for å sette ein endra politikk ut i livet, som f.eks. kvalifisert personell, lærebøker m.m.

Korleis er så dagens situasjon anno 2018?

Lovverket

I løpet av ei siste vel 30 åra er det gjort store endringar i norsk lovverk, i form av at samar og omsyn til samisk kultur no er nemnd i ei rekke lovar. Der samar er nemnde er formuleringane stort sett bra, men mange stadar er dei ikkje spesifikt nemnde og blir da lett oversett. Når det gjeld kvenske interesser, er det svært dårlig dekka av lovverket. I praksis har vi heller ikkje sterke nok formuleringar om samisk språk og kultur, når dei blei veigd opp mot andre omsyn. Forvaltninga kan gang på gang gjøre vedtak i strid med desse paragrafane, dei klarer dermed ikkje å hindre overgrep i praksis. Lovens bokstav er ikkje klar nok til å hindre at forvaltninga overkjører lovens ånd.

Forvaltninga Lovverket er ikkje nok dersom ikkje forvaltninga ønsker at det samiske skal bli vektlagt eller ikkje har kunnskapar som gjør dei i stand til å gjøre det. Mange folk i maktposisjonar kunne ha sagt som presten som kom til Finnmark på 1930-talet: «Min uvitenhet om folk og forhold var grenseløs».30 Det er ikkje gjort mye undersøkingar av kunnskapsnivået om samiske forhold i forvaltninga, men det blei for nokre år sidan gjort ei undersøking i to departement. Denne viste at blant byråkratar som skulle behandle saker av avgjørande betydning for samiske forhold, var kunnskapen tilnærma null.31

Ofte er det ikkje stort betre stelt på kommunalt og fylkeskommunalt nivå, både når det gjeld kunnskapar og haldningar. Det har ikkje minst elevar og foreldre som har ønska samiskundervisning ofte fått merke.

Sivilsamfunnet

Norsk språk, kultur, verdiar er standard. Det samiske eller det kvenske blir bare tatt opp når det blir spesielt krevd. Direkte antisamiske haldningar er framleis fullt levande, både i kvardagen og i avisspalter og nettdebattar. Det er framleis mange miljø der det er alt anna enn populært når nokon står fram som samar.

Ein sentral del av sannings- og forsoningsprosessen blir derfor å avslutte fornorskingsprosessen.

3.7. Former for sjølvstyre

I mange land har urfolk og minoritetar krevd og dels fått større eller mindre grad av sjølvstyre. Dette har gjerne vore på territorielt grunnlag, med at språk og kultur har fått eigen status innafor eit visst område eller at befolkninga her i større eller mindre grad har fått styre naturforvaltning og næringsutvikling. Slike ordningar kan passe der dei fleste i minoriteten lever i område der dei er i fleirtal, men langt vanskeligare å gjennomføre for samar, der fleitalet i kvart land lever i kommunar der dei er mindretal. Eit territorielt sjølvstyre vil altså anten omfatte eit svært liten del av det samiske busettingsområdet eller omfatte område der samane er i mindretal og kan bli røysta ned av andre folkegrupper.

I Noreg, Sverige og Finland har urfolk sitt avgrensa sjølvstyre blitt organisert seg på eit heilt nytt grunnlag, gjennom val av fellesorgan på etnisk grunnlag. Dette er ikkje ei sjølvsagt organisering, men ein ny modell, og det har vore atskillig strid både om opprettinga, kriteria for manntalsføring og kva grad av makt sametinga skal ha. Denne striden er enno ikkje over.

Fordelane ved ei slik organisering er at ein veit kven som representerer samane, og at dei kan ha sjølvstyre over eigne saker. Meir problematisk blir det når mange saker som påverkar samisk kultur, språk og næringar også er viktige for den ikkje-samiske befolkninga, som næringsutvikling og naturinngrep. Jo meir makt Sametinget får, jo meir problematisk blir det at det er basert på etniske kriterier, der nokre i ei bygd får delta mens andre blir halde utafor.

3.8. Meir makt til Sametinget?

Sametinget blei oppretta som eit i all hovudsak rådgivande organ, men har sjølv krevd og dels fått meir forvaltningsansvar og ei større rolle i offentlig saksbehandling. Ei av årsakane til at Sametinget har krevd meir og meir makt er at dei ordinære forvaltningsorgana ikkje tar vare på dei samiske interessene. Med andre ord dei gjør ikkje jobben sin slik dei skal gjøre etter Grunnlova, Naturmangfoldlova og lovverket forøvrig. Derfor må Sametinget heile tida vere vaktbikkje og forsøke å stoppe vedtak i forvaltning og politiske organ som vil svekke det samiske.

Opprettinga av Sametinget har ikkje ført til at norske forvaltningsorgan har tatt større samisk ansvar. Snarare tvert om. Ofte brukar dei derimot Sametinget til å fråskrive seg sitt eige ansvar, og seier at samiske forhold ikkje er deira bord. At dette skjer i kommunar og fylke der samar utgjør ein liten prosent av folketalet er kanskje ikkje så rart, men det skjer i minst like stor grad i det mest samiske fylket, Finnmark. Så lenge dei felles styringsorgana ikkje er villige til å ta dette ansvaret, vil Sametinget på si side vere nøydd å sette foten ned, krevje høring, konsultasjon, vetorett eller rett og slett overføring av saksbehandlinga til seg sjølv. I Grunnlova §108 står det: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv.» Det står ikkje at dei skal fråskrive seg dette ansvaret for å skyve det over på Sametinget.

Etter mi oppfatning kan ikkje løysinga på dette problemet vere å legge meir og meir forvaltning til Sametinget. Løysinga må heller vere å skjerpe dei felles styringsorgana si plikt og ansvar for å ivareta samiske interesser. Det kan dels gjørast gjennom at dei blir pålagt det, men det virkar ikkje godt før dei virkelig ønsker å gjøre det.

3.9. Målsetting for prosessen

Å slå fast målsettinga for kommisjonen og prosessen er ikkje noko ein enkeltperson eller institusjon kan gjøre. Her trengst det innspel frå mange miljø, og det må heller ikkje låsast i starten slik at denne ikkje kan utvidast ved behov. Det kan vere rett å sette ei tidsramme for kommisjonen sin første rapport, så det ikkje drøyer i det uendelige, men det må også vere ei opning for ei utviding undervegs, både av tidsramme og av målsetting. Det følgande er bare eit innspel om saker som eg meiner bør vurderast som delar av målsettinga.

Samle og publisere materiale om fornorskingsprosessen og verknadane av denne. Dette må skje ved at ein først skaffar oversikt over tilgjengelig materiale og så målretta gjør undersøkingar der ein manglar materiale. Målsettinga med denne forskinga skal vere sannings- og forsoningsprosessen og ikkje interessene til einskilde forskarar og forskingsinstitusjonar. Materiale må publiserast på både samisk, norsk og engelsk slik at det blir tilgjengelig for eit breitt publikum. Styrking av samisk som forskingsspråk og bruk av samiskspråklige kjelder bør vere ein del av prosessen, slik at ein del av arbeidet først gjørast på samisk. Samisk skal ikkje bare vere eit språk som det blir omsett til.

Foreslå og etter kvart gjennomføre tiltak som styrkar samisk og kvensk språk og kultur:

– Eit samla revitaliseringsprogram for språk og kultur – Fullfinansiering av studier i samisk og kvensk på alle nivå. – Løyvingar til samiske/kvenske læremiddel, skjønn- og faglitteratur tilsvarande behov og kapasitet til produksjon. Ingen kø for finansiering av samisk litteratur! – Innføring om samisk språk, kultur og historie må vere obligatorisk i all lærarutdanning

– Alle samiske og kvenske stadnamn må bli synlige på kart, vegskilt og i anna offentlig bruk. – Statlig fullfinansiering av språksenter, kultursenter, natursenter og helseinstitusjonar – Samisk kultur må bli sett på som noko av det mest verdifulle i den norske kulturarven og derfor få ei politisk og økonomisk prioritering minst på linje med nasjonale hovudinstitusjonar for kultur.

– Pålegg om opplæring i samisk kultur og historie for all forvaltning som behandlar saker av betydning for samisk utvikling. – Tiltaksplan for å sikre at all forvaltning tar sitt ansvar for oppfylling av grunnlova §108. – Nye naturinngrep i samiske bruksområde må ikkje skje i strid med grunnlova, naturmangfaldlova og internasjonale konvensjonar og avtalar.

Fotnoter:
1. Astri Dankertsen i dr.gradsavhandlinga Samisk artikulasjon: melankoli, tap og forsoning i en (nord)norsk hverdag
UIN 2014.
2. https://no.wikipedia.org/wiki/Fornorsking_av_samer. Denne definisjonen er frå bokmålsutgåva. Nynorsk Wikipedia har ein heilt annan tekst på dette oppslaget.
3. Eit eksempel er omtalt her: http://skuvla.info/skolehist/ingunn-n.htm. Eit anna i boka Gerd Mikalsen: Farsmålet.
4. Ei slik historie er skildra i filmen «Min mors hemmelighet» av Ellen-Astri Lundby.
5. Eit av mange eksempel: http://skuvla.info/skolehist/sokki-n.htm
6. Peder Krog, biskop i Trondheim 1689-1731
7. Johan Ernst Gunnerus, biskop i Trondheim 1758-73
8. Det eldste eg har funne er ein artikkel frå 1853 av fogd Drejer i Tromsø: Om Finnernes Fornorskelse.
9. Per Erik Saraksen i kåseriet «Fornorskningen av samene» fra 1959: http://skuvla.info/skolehist/sarakdarui-n.htm
10. Sjå instruksen av 1880, §4. Gjengitt som illustrasjon i http://skuvla.info/skolehist/minde-s.htm
11. Dette er særlig hevda av organisasjonen EDL.Tidligare leiar Lars Hapalahti har uttalt bl.a.: «Der finnes ikke grunnlag for å hevde at samene i Norge har vært negativt diskriminert i forhold til den øvrige kvenske og norske allmue. … At de har slitt med spesielle problemer på grunn av sitt språk er et forhold som myndigheter gjennom tidene ikke har evnet eller maktet å eliminere.» Det er altså det problematiske samiske språket som er problemet, styresmaktene har inga skuld.
12. Skoledirektørembetet for Finnmark blei oppretta i 1902. Dei første skoledirektørane var Bernt Thomassen (1902–20), Karl Ivarson (1920–22), Christen A. Brygfjeld (1922–33, Lyder Aarseth (1933–51)
13. Sjå Steinar Pedersen: Sannhetskommisjonen, samene og det norske germanske herremennesket http://nordnorskdebatt.no/article/sannhetskommisjonen-samene http://skuvla.info/skolehist/reiersen-n.htm
14. http://skuvla.info/skolehist/reiersen-n.htm
15. Sjå Torhild Hanem: Kartlegging av nokre folkelege førestellingar om sjukdom, død og ulukke i eit samisk område: drøfting av kliniske implikasjoner i møte med vestleg psykologi. https://books.google.pl/books/about/Kartlegging_av_nokre_folkelege_f%C3%B8restel.html?id=1cz-mQEACAAJ&redir_esc=y
16. Dette er bl.a. skildra av Per Fugelli i hans beretningar frå Porsanger.
17. I en nylig avlagt doktorgradsavhandling knyttet til SLICA-prosjektet viser Bent Martin Eliassen (2013) at samer bosatt i områder hvor de er minoritet, har mer enn dobbelt så stor risiko for å få hjerte- og karsykdommer. Eliassen konkluderer med at dette er knyttet til stress som følge av kolonialisme, rask modernisering av samfunnet og kulturell marginalisering Dankertsen 2014, s. 6
18. Allereie i 1974 ga forfattaren Magnar Mikkelsen ut romanen «Svart hav» som ei åtvaring om kva som var i ferd med å skje. Seinare er utviklinga omtalt bl.a. i Einar Eyþórsson: Sjøsamene og kampen om fjordressursene. ČálliidLágádus 2008
19. Siri Broch Johansen. Davvi Girji 1997
20. Johan Borgos. Vesterålsmuseet 1999
21. Sofia Jannok. http://www.karaoketexty.cz/texty-pisni/jannok-sofia/we-are-still-here-mii-leat-das-ain-804470
22. http://www.dokpro.uio.no/friiskartene/1861/1861oversikt.html
23. Asle Høgmo: Det tredje alternativ. 1988
24. http://edl.no/index.php/aktuelt/nyheter/487-samer-i-folketellingene-er-samene-i-norge-et-urfolk
25. Mange norske samar har etternamn som er stadnamn på finsk side av grensa: Hætta, Buljo, Somby og Kemi. Dette har blitt brukt av EDL-leiar Jarl Hellesvik til å framstille desse samane som kvenar.
26. Etnisk og Demokratisk Likeverd. Danna i 2007.
27. http://skuvla.info/tanamuseum-rs.pdf
28. http://www.verdidebatt.no/innlegg/382659-forsoning-hva-er-det
29. Sjå vedtak i Kvenlandsforbundet 2018: https://www.ruijan-kaiku.no/likestilling-mellom-kvener-norskfinner-og-samer
30. Ottar Bondevik. http://skuvla.info/minaigi2-n.htm
31. Eva Josefsen: «…Toppen av et isfjell? Om oppmerksomhet mot samiske spørsmål i to departementer» 2001.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

1 kommentar på Samane og storsamfunnet: Forsoning eller konfrontasjon?

  1. AvatarAslak Storaker // 2018-06-18 kl 10:53 //

    God og nyansert artikkel!

Kommentarfeltet er lukket.