«Priority boarding» — den økonomiske elitens si klassemarkering

Loungen på Oslo Flyplass. Foto: TravellingOtter

Dei med meir pengar sit oppe i høgda og kan sjå ned på oss andre reisande. For meg tykkest VSAS Lounge» og «Priority boarding»  ei dagleg hån mot vanlege folk.

Kjartan Hatløy
Om Kjartan Hatløy (12 artikler)
Kjartan Hatløy er lyriker og forfatter.

Oslokvardag.

Då ettermiddagstoget eg ville ta til Oslo frå Bergen var oppfylt sju dagar på førehand, dukka dette «fenomenet» på Gardermoen opp for meg, der ved eine SAS-staden, skranken eller kva det no vert kalla. Nokon som har meir å betale med, skal få sleppe først om bord. Ser ein litt høgt opp, så får ein så auge på «SAS Lounge». Der sit dei som har meir pengar litt oppe i høgda og kan sjå ned på oss andre reisande, vi i massen og stresset. Krassaste ulikskap begge deler. Om det så berre er kr. 100 dei betalar ekstra. Mogleg dei av oss som er 30 år og der ikring ikkje reagerer, for dei har gjerne ikkje sett hovudflyplassen vår fri for slikt. Eg synest ei slik ekstra understreking av kva klasse som har bukta og begge endane ikkje bør finnast her i landet. Eg let ligge her kva parti politikarane kom frå som sa ja til denne ordninga. Deira godkjenning av openberr forskjellsbehandling seier tilstrekkeleg ifrå om deira kvalitet. Var det på Høgre si vakt? På ingen måte sikkert.

LES OGSÅ vinneren av Radikal Portals skrivekonkurransen om KlasseNorge: Dette er mine tanker og de står jeg for

Eg kunne til nød ha skjøna dette privilegium til den økonomiske eliten dersom dei og var ein verkeleg politisk elite. Altso dersom dei var spydspissen og verkeleg tok vare på folket vårt. Men dei berre hopar opp meir pengemidlar til seg privat og langt dei fleste av dei, ser mest aldri opp frå det. Og i viktigaste politiske sak, brått er den godt synleg for dei som vil: saka om å få overleve, vidare kvalitetsliv for arta vår og folket vårt, ja der held dei berre fram som før. Det vil seie dei ignorerer saka, vil ikkje anna enn kosmetisk endring. «Grønt skifte», med munnen går dei inn for det. Ja, somme av dei har vilje og makt no endåtil i valåret, til i praksis å forsterke problemet. For det å seie vi skal halde fram som før, til dømes med vårt overforbruk av klede, bilar, fly og ting og tang, er å forsterke problemet.

Absolutt ingen grunn til enno meir framheving av slike, heller ikkje dei av mellomleiarskiktet , som trufast følgjer dei, eller stiller seg passive som tause medløparar.

Er det kan hende utlendingar som treng desse små klassemarkeringane? Men her er det Norge og eg trur at også mange utlendingar ville gledd seg over å ikkje sjå dei. Å sleppe synet kunne vere ein ekstra grunn å fare hit. «SAS Lounge» og «priority boarding»-ordningar som truleg ikkje er berre i Gardermoen, bør avsluttast heilt. Anten det, eller så bør godet med dette å sitte oppe i høgda og kunne sjå utover, altso med «Lounge», reserverast for vanføre og dei eldste eldre. For meg tykkest desse to fenomen ei dagleg hån mot vanlege folk, som bevisleg er fleirtalet. I lengda trur eg ikkje ein gong den no rådande klassen vil tene på å halde fram med dei.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

2 kommentarer på «Priority boarding» — den økonomiske elitens si klassemarkering

  1. AvatarLyn_Gordon // 2017-04-05 kl 21:01 //

    Haha. Må si det var en merkelig ting å henge seg opp i. En får det en betaler for. Er forfatter her i mot f.eks sovekupe på toget? Det er jo åpenbar forskjellsbehandling av den «høyere klasse» som kan betale for det å slippe å menge seg med allmuen..

    Jeg har hatt jobb med mye reising og kan love deg om du tilbringer 20 timer+ i uka på en flyplass er det greit å ha ett stille sted å jobbe og slappe litt av. Har tilbrakt mye tid i disse loungene på flyplasser over hele verden og kan si det er mest forretningsreisende som bruker dem. Og selv om første klasse passasjerer sikkert også har tilgang og mange forretningsreisende er hva forfatteren her vil kalle eliten eller høyere klasse, så var de fleste vanlige lønnsmottakere som meg. Som får tilgang pga at de reiser mye

  2. Då sit eg her og spyr. Kvifor kunne ikkje NSB ta i bruk dei gamle vognene i fjøsraud farge?
    Det er for gale at folk lyt lufte seg og sjå på loungar og fly når NSB har skinner der folk bur.
    Klag på NSB i staden. Alle norske tog skal og må alltid ha plass. Alltid.
    Heng på fleire vogner i fjøsraud farge.

Kommentarfeltet er lukket.