Folket, venstresida og klima

commons.wikimedia.org

Venstresida må ramme kapitalklassen i kjernen deira som er oljekapital. Kva slag samfunn i verda skulle kunne byrje på oljenedbygginga om det ikkje er Noreg?

Kjartan Hatløy
Om Kjartan Hatløy (12 artikler)
Kjartan Hatløy er lyriker og forfatter.

Venstresida, og då meinar eg ikkje Arbeidarpartiet, driv på som dei plar desse dagane. Det heiter seg dei forsvarar arbeidsplassane. Oljearbeidsplassane mest då. Det var rett det, om desse var høgste verdi. Men det er dei ikkje, det er jorda og menneskeliv og deira kvalitet som er høgste verdi. No er denne høgste verdi truga på livet som mange no veit. Difor gjer venstresida ein nærast fatal strategisk feil som for einkvar pris vil behalde dei. Og dei vil verkeleg det, utruleg nok.

Smilande desinformasjon
4. november skriv Klassekampen på leiarplass at dei skal behaldast, dei gjer ingen skade. No er ikkje sjef for FN klima, Patricia Espinosa, venstresida. Men nylig stod ho i Urix og sa Noreg er best fordi Noreg er så flinke, dei både får ned utsleppa og tenar så utmerka godt samstundes. Både ho og Klassekampen driv her desinformasjon, den eine truleg meir smilande enn den andre. Dei snakkar iallfall tvert mot det forskarane seier, og er det ikkje rett og slett ei lygn at norske utslepp går ned?

Nok om det. Venstresida og KK tek ikkje lenger vare på folket. Det burde dei gjere. Det var det dei første demokratar på kloden dreiv på med. Det å ha såpass nivå på polis at ein tok vare på menneska der. I dag er kloden som vi bør sjå på som polis, som mange no veit er menneske som art no direkte truga mest av kapitalen i olje, gass og kol som genererer utslepp i høgt tempo ”minutt for minutt”. For å fjerne trugsmålet må oljearbeidsplassar vike, dei må byggast ned. Så bittert det enn er. Så vanskeleg som det enn er for familiane. Å innsjå dette vanskelege og ta konsekvensane av det, det er politikk. Men det vil ikkje leiarane i Raudt, SV, MdG drive med.

Kven om ikkje oss?
Det er jo tøv å seie, som Klassekampens leiar, at det er unødvendig og ikkje fører til noko å aktivt bygge vekk norsk oljedrift på cirka 10 år, for å seie ei konkret tid. Korleis det. Noreg står for eit visst kvantum av utsleppa. Tok så desse slutt, korleis kunne så det ikkje ha betydning? Dette er jo ikkje berre vanleg sløvt avissnakk, det er jo logisk feil. Og så: kva slag samfunn i verda skulle kunne byrje på oljenedbygginga om det ikkje er Noreg? Det er hamra inn i oss at dette er verdas rikaste land, kven skulle ha betre musklar til å gjere det økonomisk og kven har så velutdanna og skolert befolkning, ein befolkning som kan forstå og verkeleg ta dette tunge lyftet, skjønne at det er rett å ta det, for å berge livskvalitet for oljearbeidarane sine barn, ja alle barn? Vi kan ikkje vente på at diktaturet i Kina skal ta jobben med å fjerne olje-/gass-/kolutsleppa for oss. Dette landet her må byrje. Tidsmålsetting må settast.

Eg er forferda på venstresidas leiarar. Dei meinar seg å ivre for fleirtalets interesser og det er ein god tanke og det er heilt rett. Men då må ein vere radikal då. Då må ein gå til rota av problema og ikkje berre til neste val. No må venstresida forsøke å ta leiinga i den økologiske striden på kloden og i Noreg. Då må ein av all makt forsøke få leiinga på kapitalklassen. Ramme dei i kjernen som er oljekapital globalt og nasjonalt, ikkje berre år etter år mase og kjefte på borgarskapet og elles drive vidare den vegen borgarskapet synest vi skal drive. For borgarskapet og kapitalistklassen har no eingong berre dette for auget: meir profitt. Slik bør ikkje venstresida vere.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

1 kommentar på Folket, venstresida og klima

  1. Sjå røynda slik røynda er no.
    Sjå utsleppa av metan slik det er no.
    Sjå industrien og utsleppa i Sambandsstatane og i Canada slik det er no.
    Sjå kva som kjem i Australia.
    Då vert norsk askese og sjølvskading berre kjensleopplevingar og over mot sjuk sjølvskading.
    Kjensler og kjensleopplevingar i Noreg/Norge kan aldri styre klimaet eller verda.

Kommentarfeltet er lukket.