Bernie Sanders sin klassekamp – ein sosialisme for fattige amerikanarar

Foto: Key Studios

Bernie Sanders er uhorveleg mykje meir radikal enn nokon sosialdemokratar du finn i Noreg og det er noko av grunnen til at norske Arbeidarparti-toppar presterar å støtta Hillary Clinton.

Albert Andersen Øydvin
Om Albert Andersen Øydvin (2 artikler)
Utvekslingstudent på UC Berkeley, California. Lokallagsmedlem i Bergen Sosialistisk Ungdom, Høyden Sosialistisk Venstreparti og Socialist Alternative Berkeley.

Kjære norske radikale venstreside,

Orsaking, eg klarar ikkje å la være å skriva ein kommentar om Bernie Sanders. Sidan august 2015 har eg vore på utveklsing i Berkeley, California. Medan eg har vore her har eg vore med på ymse aktivisme og hatt mangfaldinge diskusjonar med alt frå hardbarka Occupy-anarkistar til revolusjonære kommunistar om Bernie. Her kjem den klassiske «eg har vore i Utlandet og veit best»-oppsummeringa. Vonaleg inneheld den eit par poeng norsk media ikkje alltid plukkar opp.

LES OGSÅ: Bernie Sanders begynner å bekymre makta

Opptog til støtte for Bernie Sanders i Oakland Foto: Albert Andersen Øydvin

Opptog til støtte for Bernie Sanders i Oakland
Foto: Bill Allen

Revolusjon i USA
Det som skjer rundt Bernie heilt sinnsjukt. Førre tysdag stemte eit fleirtal av deltakarane i dei demokratiske primærvalga i fire statar for ein sjølverklært «demokratisk sosialist» som seier han skal starta ein politisk REVOLUSJON mot milliardærklassen. Antallet amerikanarar som identifiserar seg som sosialistar har eksplodert og hjå unge er sosialisme meir populært enn kapitalisme. I USA! I USA?

Me kan sjølvsagt vera uenige i Bernie sin versjon av «demokratisk sosialisme», den er i praksis statsregulert kapitalisme med ein sosialdemokratisk velferdstat. Pluss eit massivt imperialistisk krigsmaskineri som kan dronehenretta kvensomhest kvarsomhelst i heile verda. Er det min sosialisme? Nope. Er det fattige amerikanarar – med ei minsteløn på 7.25$ i timen, ingen helsetilbod eller utdanningsmoglegheiter, men plenty av triggerhappy politifolk som terroriserar nabolaga deira kvar. einaste. dag. sin sosialisme? Jepp. Gratis og offentleg finansiert helsestell og høgare utdanning, ei dobling i minimumsløna, ei massiv statleg investering i grøne jobbar, demilitarisering av politiet, ein meir fornuftig narkotikapolitkk og kanskje viktigast: begrensing av pengestyrt politikk og høgare skattar for dei rike. Det held eit godt stykke på vegen for amerikanarar flest.

LES OGSÅ: Bernie Sanders er ikke venstresidens redning

Ikkje feil sosialisme
Den forandringa som har skjedd sidan Occupy-rørsla og som eksploderar no er heilt ekstrem og uhorveleg viktig, ikkje berre i USA, men óg i resten av verda. Det at ein har klart å utfordra den best organiserte overklassen og det mektigaste statsapparatet i verda burde vera ein enorm inspirasjon for folkelege rørsler overalt. Enorme delar av den amerikanske arbeidarklassen går frå å sjå sosialisme som eit indoktrinert skremmebilete av folkemord og diktatur til å kalla seg sjølv sosialistar. Akkurat kva dei meinar med det er vagt og uklart. Men det kan fort bety noko anna enn reformorientert sosialdemokrati når det etablerte politiske systemet og milliardærklassen nektar dei demokratisk gjennomslag for reformane. Når folk først har teke steget og identifisert seg som sosialistar kan innhaldet i det fort endra seg.

Her syns eg det er viktig at me på den radikale venstresida ikkje brukar all vår tid og krefter på definisjonsdebattar på kva sosialisme og revolusjon betyr. Viktigare er det kva dei orda betyr for folk og endå viktigare; kva dei potensielt kan bety. Nesten samtlege organisasjonar på den radikale venstresida i USA, til og med dei mest sekteriske og verkelegheitsfjerne, har i løp av det siste halvåret lært seg fylgjande lærdom: Det er ein frykteleg dårleg strategi å fortella arbeidarklasseungdom som nettopp har komt ut av skapet som sosialistar at dei har har feil definisjon av sosialisme.

LES OGSÅ: Donald Trump-fenomenet

Ein klassebasert fiende
Og det er nettopp det som er so genialt med Bernie. Ikkje at han stiller som presidentkandidat, men bodskapen han sprer gjennom å gjera det: Me må sloss mot milliardærane. Dei må betala meir skatt. Dei har korrumpert systemet vårt og kjøper valg. Me treng eit folkeleg opprør som pressar fram ein politisk revolusjon for å endra på det. Det seier han. Han argumenterar for eit høgare skattenivå for dei rike. Det er uhorveleg mykje meir radikalt enn nokon sosialdemokratar du finn i Noreg eller Europa, og sikkert noko av grunnen til at norske Arbeidarparti-toppar presterar å støtta Hillary Clinton.

Det Bernie har klart å gjera er noko som nesten ingen på den radikale venstresida klarar: Å peika ut ein klar klassebasert fiende og mobilisera alle andre til kamp mot den fienden. Venstrepopulisme på sitt beste. Han brukar retorikk som heile det etablerte politiske miljøet og media (og langt inn på venstresida i og utanfor USA) i lang tid har vore einige om at ikkje kjem til å appelera til nokon. «Det hjelp ikkje å kritisera systemet og ropa etter revolusjon. Ingen høyrer på det,» har dei sagt. Men skulle du sett, det gjorde folk likevel. Systemkritisk venstreradikal retorikk mot dei rike funkar visst. «Me må forhalda oss til verkelegheita og det språket folk flest brukar.» Men kven er eigentleg «folk flest» og kva språk brukar dei? Ofte endar ein rett og slett opp med det same blankpolerte media- og politikarspråket som får folk flest til å rysta på hovudet og spelar ballen over til høgresida.

Svak utanrikspolitikk
Det Bernie gjer i staden er at han konsekvent ignorerar alt spinndoktorar og fokusgrupper seier. I staden dundrar han på med den småleg belærande og sinte ropinga mot milliardærklassen, fullstendig nedtynga i kronglete statistikk. Positivt bodskap? Enkel struktur? Tilpassa mottakarane? Forget it! Han seier nøyaktig det same som han har sagt i 30 år, på akkurat den same måten, uansett kven han snakkar til. Han spelar ikkje på lag med folk ved å tilpassa seg dei. Han får folk til å spela på lag med seg sjølv ved å angripa ein felles fiende. Soleis lagar han «folk flest» på nytt, på ein annan måte enn høgresida og media hadde bestemt at dei skulle vera. Her har me mykje å læra i Noreg. Folk flest er potensielt mykje meir radikale enn det me blir lurt til å tru av media og politikarane.

Problemet med Bernie er at det stortsett blir med orda. I tillegg til at han har skikkeleg dårleg utanriks- og våpenpolitikk. Kampanja hans gjer ingen nemneverdige forsøk på å starta ei uavhengig folkeleg rørsle som skal pressa politikarane nedanifrå. Han seier sjølv at den største feilen Obama gjorde var å legga ned den massive grasrotskampanja si etter valget, i staden for å kjøyra på vidare og skapa ei folkeleg rørsle som varar. Sjølv den beste presidenten og politikaren er ubrukeleg om det ikkje er store grasrotsrørsler som pressar igjennom forandring nedanifrå. Det seier han. Diverre har kampanja nesten utelukkande vore ei tradisjonell (om enn grasrotsorientert) valkampanje med massive ringerundar, dørbanking, fancy big data-algoritmar og Get Out The Vote-fokus.

Ytre venstre mobiliserar
Men det betyr ikkje at sosialistar overalt i USA ikkje gjer det. Fleire organisasjonar som står langt til venstre for både SV og Raudt slenger seg no på bølga og brukar entusiasmen til å kjempa for krava Bernie stiller, men på ein sjølvorganisert og grasrotsorientert måte. Av partia utanfor Demokratane er nok Socialist Alternative (SA), som eg er med i, den som har gått lengst i denna retninga. SA vart kjent i USA då dei vart eit av veldig få døme på at kreftene bak Occupy-rørsla faktisk fekk eit politisk uttrykk og gjennomslag. I Seattle vann partiet eit av ni bystyreseter i 2013 med kandidaten Kshama Sawant. I løp av eit år fekk dei gjennomslag for eit auke i den lokale minimumsløna til 15 $/t. Detta kravet har spredd seg som ild i tørt gras. Det har fleire nasjonale kampanjer bak seg i og utanfor fagrørsla. Det er ogso eit sentralt krav i Bernie si plattform. No har SA lansert kampanja #Movement4Bernie for å bruka den enorme entusiasmen rundt han til å bygga den rørsla ein treng og for å knytta lokale kampar saman til eit nasjonalt prosjekt. Her er eit lite døme eg var med og organiserte i Oakland (fine bilete og video):
https://www.facebook.com/events/1554312531557916/

Å avvisa heile Bernie-greia som sosialdemokratisk reformisme som er dømt til å mislukkast er å gå glipp av ei enorm moglegheit. Poenget er ikkje Bernie. Systemet (inkludert Demokratane) er pil róte og det er heilt sant at det ikkje er mogleg å få til stort innanfor det. Sjølv om Bernie vinn nominasjonen og valet er det begrensa kva han får gjort nedtynga av konservative byråkratar og lobbyistar frå maskineriet til Demokratane. Poenget er at den amerikanske arbeidarklassen mobiliserar til klassekamp for fyrste gong på 35++ år. Håpet er at den politiske ustabiliteta ein har klart å skapa, og som den krampeaktige frykta til milliardærane ber vitne om, kan forstyrra topartisystemet nok til at dei ordentleg alternativ kan vaksa fram. Kva skjer i den augenblinken Bernie taper eller blir utestengt? Kva skjer om han vinn og blir nødt til å enten gå i open strid mot maktapperatet i Washington eller gi opp dei fleste reformane sine? Alt detta er uklart, i so måte veldig spennande og ikkje minst avhengig av kva som skjer på grasrotsnivå! Det som er klart er at svært mange av supportarane hans aldri kjem til å stemma på verken Hillary eller republikanarar.

Er detta det vanlege kraykray-bråket me er vant med frå USA, so ekstremt at det ikkje er relevant for resten av verda, inkludert Noreg. I think not! Her kjem framlegg til Bernie-inspirerte talking points for alle og einkvar på den radikale venstresida der heime. Del goda!

Black Lives Matter og kampanjen for heving av minstelønna sammen for Sanders. Foto: Albert Andersen Øydvin

Black Lives Matter og kampanjen for heving av minstelønna til 15 dollar timen sammen for Sanders.
Foto: Bill Allen

Lokale sosialistar støttar den politiske revolusjonen i USA
– Den enorme folkelege mobiliseringa me ser rundt Bernie Sanders er eit tegn på ei kapitalistisk systemkrise.
– Folk flest er møk lei av at dei rike blir rikare og dei fattige fattigare.
– Situasjonen er ekstrem i USA, men me ser den same tendensen her heime. Med H/FRP ved roret karrar den nye overklassen til seg meir makt og pengar, samstundes som ein legg ned sjukehus, privatiserar togbana og brutaliserar arbeidslivet.
– Det er på tide å slutta å lata som at Noreg er upåverka av ein kapitalisme i krise. På vestlandet blir tusenvis av industriarbeidarar kasta ut i arbeidslause mens oljebaronane ler heile vegen til banken.
– Asylsøkarar lev i torturliknande tilstandar medan private asylmottakskapitalistar tenar seg rike på det.
– Og so bortetter…
‪#‎FeelTheBern‬ ‪#‎Movement4Bernie‬ ‪#‎BerniesArmy‬

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.

  • digi_owl

    Ja AP siden Førde har nok beveget seg ganske kraftig mot å være «champagne sosialister».

    Spørmålet er om SV (og Rødt?) har bevegd seg i samme retningen.

    • Jost1

      Samtidig er me jo òg vortne medlemmer i EØS, og det har ikkje nett vore særskilt prega av radikale løysingar.

      • digi_owl

        Noe som skjedde mens AP, med Brundtland i spissen, satt ved roret…

        • Jost1

          Med tverrpolitisk semje på heile stortinget. Det er berre SP og SV som har vist motstand mot EØS-avtalen av stortingspartia.

  • Arild Tony Lyngstadås

    Nå er jeg spent på å høre. Hvilke Arbeiderparti topper er det som støtter Hillary Clinton? Jeg har ikke hørt om noen som gjør det. Alltid lett å komme med påstander uten noen som helst dokumentasjon. Jeg er en av de mange i Arbeiderpartiet som selvsagt støtter sosialdemokraten Bernie Sanders, og jeg tror faktisk at Arbeiderparti toppene i likhet med meg vil ha en sosialdemokrat som USAs neste president. #feelthebern

  • 3panert

    De fleste arbeiderpartipolitikere er ganske kunnskapsløse. clinton er et kjent navn og dame. Det er nok til å få så mange av dem til å gå ut i media med støtte til henne.

    • Snegle

      Ja, er nok mange på venstresiden her hjemme som støtter Clinton fordi hun er dame. På en måte forståelig, men når Bernie Sanders står for en mye bedre politikk så blir det allikevel ganske uforståelig.