“Det grøne skiftet” – frå fossil til mineral

Nedlagt koppergruve i Kanmantoo i Australia. Foto: Geomartin/Wikimedia. Under lisens (CC BY-SA 4.0)

Det såkalla "grøne skiftet" drivast av mineralutvinning som ikkje er fornybar, men øydeleggande for klima og natur. Skal ein grøn politikk vere reell må menneskas overforbruk på verdas naturressursar stoppast.

Svein Lund
About Svein Lund (18 Articles)
Svein Lund er frilansskribent, bor i Guovdageaidnu og driver nettstedet gruve.info.

Dei aller fleste norske parti og miljøorganisasjonar ønsker seg eit “grønt skifte”, i form av utbygging av “fornybar” energi. Mens nokre av dei vil at dette skal komme i staden for olje og gass, vil regjeringa og dei største opposisjonspartia ha begge delar. Felles er at dei meiner den økonomiske veksten må halde fram. Forskjellen er at nokre vil ha større, andre vil ha mindre forskjell på fattige og rike. Felles er at ingen tar konsekvensen av at menneska lenge har overforbrukt verdas naturressursar og at Noreg hører til dei som har overforbrukt mest.

Gjennom tre artiklar vil eg vise at “det grøne skiftet”, slik det no blir praktisert, er eit gigantisk feilsteg og at det er heilt andre tiltak som må til. Tiltak som svært mange innser at er nødvendige, men som ingen organisasjonar på landplan hittil har hatt mot til å fremme.

Grøn energi, grøn gruvedrift på grøne mineral, grøn transport, grøn olje, grøn gass, grønt kol, grøn vekst, grøne investeringar og grøn kapitalisme. Det er ikkje grenser for kor grøne vi skal bli. I Noreg er alle stortingspartia samde om at vi skal ha ein grøn politikk. Det same er statsleiarar i dei fleste land i verda og ikkje minst verdas rikaste kapitalistar. Men kva betyr da grønt? 

Wikipedia nemner at grønt kan stå for alt fra klorofyll til umogen, gift og islam, men forklarer den politiske bruken slik: “Det grønne representerer natur, liv og vekst. Den er derfor valgt til miljøvernets farge, og ordet «grønn» brukes også som et synonym for miljøvennlig.” Korleis kan det da ha seg at natur i dag over heile kloden blir rasert i eit tempo som aldri før, når alle skal vere så grøne? 

LES OGSÅ av Svein Lund: Kan vindkraft redde klimaet?

Nyord eller nytale?
Uttrykket “det grøne skiftet” blei i 2015 utnemnd til årets nyord. Språkrådet definerte det da slik: “Det grøne skiftet viser til omstillinga til eit samfunn der vekst og utvikling skjer innanfor tolegrensa til naturen.” Rådet hevda samtidig at “Språket vårt vert rikare gjennom nye ord, nye ordsamansetningar og nye faste uttrykk.” Skal tru det? Tru om det ikkje heller i dette tilfelle må karakteriserast som “nytale”, det vil seie ord som dekker over at innhaldet er det motsette av den tilsynelatande meininga? 

Definisjonen kan ein stille spørjeteikn ved, men la oss no i denne omgang ta utgangspunkt i denne. Indirekte seier ein da at vi må omstille oss frå eit samfunn der veksten er utafor tolegrensa til naturen. Dette kan illustrerast ved berekningar som viser at menneska frå 1970 kvart år har belasta jordas naturressursar meir enn jorda kan fornye. Den dagen da årets tilgjengelige ressursar er brukt opp kallast for verdas overforbruksdag og var i 2019 så tidlig som i starten av august.

Det einaste som har klart å halde litt tilbake i auken i overforbruk er kortvarige økonomiske kriser og seinast koronapandemien.

Rester etter “grøn gruve”: bekk ved koppar- og gullgruva i Biedjovággi, Guovdageaidnu 15 år etter driftsstans. Foto: Svein Lund

Erobringa av “grønt”
Noko “grønt skifte” har ikkje skjedd i praksis, verken i Noreg eller globalt. Men det har skjedd eitt viktig skifte, nemlig bruken av ordet “grønt”. I løpet av dei siste 5-6 åra har dette blitt erobra av alle som ønsker å hindre ei reell endring av politikken, men halde fram som før med ny farge og i tillegg utnytte grønfargen til å gjøre nye profitable investeringar og forsvare desse politisk. Gjennom å stele miljørørsla sine klede og sjølve kle seg i dei har dei erobra eigedomsretten til ordet grønt, legitimert eigen praksis og skapt stor forvirring langt inn i miljørørsla. Det er ein genistrek av dei heilt store.  

Dette tjuveriet blei eg første gong klar over da eg deltok på ein gruvekonferanse i 2016. Der heldt ein representant for miljøstiftelsen Zero føredrag med tittelen “Mineralenes betydning i det grønne skiftet”. Representantane for gruveselskap, konsulentselskap, leverandørindustri og investorar klappa entusiastisk. Frå den dagen var dei også grøne.  

Bruken av ordet grøn om gruver er inga særnorsk oppfinning. Finland var tidlig ute med sitt “Green Mining Programme”, 2011-16, med målsetting intet mindre enn “make Finland the global leader of the sustainable mining industry by 2020”. I mai 2021 arrangerte det portugisiske presidentskapet i EU eit ope webinar om grøn gruvedrift og grøne mineral.

LES OGSÅ: Norsk grønmalingsindustri

Når gruveselskapa får definere
På nettstaden mining-technology.com blir grøn gruvedrift definerert slik: “Grøn gruvedrift er definert som teknologiar, beste praksisar og gruveprosessar som er implementerte som middel til å redusere miljøpåverknade knytt til utvinning og prosessering av metall og mineral. Eksempel inkluderer reduksjon av drivhusgassar, utvalde tiltak for å redusere dei økologiske fotavtrykka av gruvedrift og reduksjon i bruk av kjemikaliar.” Det kan vel alle vere enige om? Eller kva? Ser vi nærare etter er denne definisjonen som skapt for gruveselskapa. Og det er nettopp det han er. Kan vi redusere naturskadene har vi med ein gong fått grøn gruvedrift. Redusert i forhold til kva? I forhold til mengden av utvunne berg?

Det er ikkje særlig vanskelig å redusere f.eks. klimautslipp pr. tonn berg ved bruk av større maskinar, eller ved elektrifisering av desse. Samtidig må det drivast på stadig fattigare malm, noko som gjør at innsatsen og naturskadane aukar pr. tonn metall. I tillegg kjem at forbruket og etterspurnaden etter metall og andre mineral aukar enormt. Om koppargruvene i verda i dei neste 10 eller 20 åra, bl.a. med elektrifisering, klarer å redusere utsleppet av klimagassar pr. tonn utvunne berg til halvparten, mens kopparinnhaldet i malmen samtidig blir halvert og produksjonen av koppar dobla, er resultatet at samla utslepp frå kopparutvinning ikkje blir halvert, men dobla.

Eit materialintensivt system
Tilbake til Zero og minerala si rolle i det grøne skiftet. Vi har vel alle fått med oss at overgangen frå kolkraft og forbrenningsmotorar til elektrisitet vil føre til behov for andre metall, som neodym, litium og kobolt. Det som er mye mindre kjent er at det også vil føre til langt meir bruk av metall, også av dei som er i vanlig bruk i dag. Det internasjonale energibyrådet IEA omtalar dette som “Overgangen frå eit drivstoff-intensivt til eit material-intensivt energisystem”. Kan eit materialintensivt system kallast fornybart når ingen av desse materiala er fornybare?

IEA viser at ein elbil samla treng omlag seks gongar så mye ikkje-jern-metall som ein bensin- eller dieselbil, mens ein havvindturbin pr. MW vil trenge omlag seks gongar så mye slike metall som eit kolkraftverk eller elleve gongar meir enn eit gasskraftverk. Dette er pr. installert effekt i MW, men sidan vindkraft bare produserer 30–50 % av tida, kan desse tala minst doblast. Her er altså ikkje rekna med jern, men vi kan trygt gå ut i frå at det også der vil bli auka etterspurnad med “det grøne skiftet”, om ikkje i like stor grad. Det er nok å nemne alle vindturbintårna og armeringsjern for fundamenta. Den einaste gruvedrifta av betydning som kanskje kan bli redusert, er kolgruver, men heller ikkje det er så opplagt som vi gjerne vil tru. Så langt går kolkraftverka for fullt og nye former for energiforbruk, som kryptovaluta aukar etterspurnaden meir enn den “fornybare” krafta kan ta unna. Om alle bensinbilane i Polen no blei bytta ut med elbilar, ville kolforbruket auke, ettersom kolkraft er einaste aktuelle større energileverandør i overskodelig framtid. Det illustrerast ved at dei få elbilane i landet på folkemunne omtalast som “samochody na węgiel” eller “bilar på kol”. 

Dobbeltgrøne gruver
For så godt som alle andre metall og mineral som blir utvunne i verda i dag, vil elektrifiseringa føre til auka etterspurnad, auka utvinning, auka naturinngrep til gruver og avgangsdeponi og auka forureining til jord, vatn og luft. Trass i dette blir slike mineral framstilt som grøne og utvinning pr. definisjon som grøn. Eit eksempel er NHO sine regiondirektørar for Nord-Noreg som uttalte: “Nord-Norge har forekomster av grønne mineraler som kobber, jern, grafitt, olivin og høyren kvarts.” I mange hundre år har koppar og jern blitt tatt ut her, men først no har desse minerala blitt grøne. Grøn betyr altså miljøvenlig, og med denne definisjonen blir da dei mange millionar av tonn med gruveavfall som koppar- og jerngruver i Nord-Noreg har sluppe ut eller planlagt å sleppe ut i Bøkfjorden, Repparfjorden og Ranfjorden med eitt også grøne og miljøvenlige. Dei to tydingane av “grøne gruver” blir stadig blanda saman, trulig ikkje heilt utan hensikt. Nye gruveprosjekt kan da framstillast som dobbelt grøne.

Ei slik dobbeltgrøn gruve er no under etablering i Kvalsund i Finnmark. Denne skal produsere koppar for det grøne skiftet og alle gruvemaskinane skal vere dreve på grøn straum. Om gruva skapar store problem for reindrifta, fyller opp ein fjord med avfall og tar knekken på ein nasjonal laksefjord og ei nasjonal lakseelv, det spelar mindre rolle, grønt skal det vere. 

Jern blir altså rekna som eit grønt mineral, på grunn av at det trengst mye jern i vindturbinar og elbilar. Men så langt er så godt som all jernproduksjon drive med kol, og denne står for omlag 8 % av verdas CO2-utslepp. Og behovet for metallurgisk kol for stålproduksjon blir no brukt som grunngiving for å gi løyve til opning av nye kolgruver i USA.

Møter seg sjølv i døra
Over heile verda har miljøorganisasjonar engasjert seg mot dagens gruvedrift og planar om utviding av denne. Samtidig har størstedelen av miljørørsla gått inn for “det grøne skiftet” og heia på utbygging av vindkraft og solkraft, samt elektrifisering av transport. Slik har dei støtta opp om noko som er å gå frå aska til elden. At dei slik møter seg sjølv i døra synest få å innsjå. 

Kva er så alternativet? Det kan da ikkje vere å halde fram som før? Meir om det i neste artikkel.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned