Kven er redd for wokeness?

Civitas Kristin Clemet, kongressmedlem Marcia Fudge og senator Mitch McConnell, med logoene til Coca-Cola og CIA. Foto: Civita og public domains.

Civita og Minerva kastar seg inn i woke-debatten på kvar si side. Det kan sjå ut som usemje, men er ei semje om å halde ved like kulturkrigen for å dekkje over klassekamp. Soleis kan dei ogso dekkje over sine eigne klasseinteresser. 

Rasmus Sandnes Haukedal
Om Rasmus Sandnes Haukedal (2 artikler)
Rasmus Sandnes Haukedal er doktorgradsstipendiat i filosofi ved Durham University.

Høgresida sine skribentar og tenkjetankar er splitta. Mange år på etterskot har dei funne ut av vi må ha ein debatt om wokeness i Noreg. Fyrst var Minerva sin kulturredaktør Ingebjørg Sofie Larsen på bana, og meinte at høgresida kunne ta lærdom av fenomenet og at det i alle høve var for seint, før Civita sin Eirik Løkke kom med eit motsvar som åtvara på det sterkaste. 

Der Minerva sin artikkel hadde ein forsonande tone, skildrar Civita wokeness som eit fundamentalt angrep på liberale verdiar, i særskild ytringsfridom. 

Eg skal i denne artikkelen forsøkje å forklare kva som ligg bak denne debatten, og korleis den dekkjer over like mykje som den gjer synleg kva det er tale om.

LES OGSÅ av Rasmus Sandnes Haukedal: Koronakapitalisme — skadefryd og lærdom

Historisk riss
Ein minimal definisjon av wokeness er at det handlar om å vere merksam rasisme og diskriminering i samfunnet. Det blei ofte nytta som ein term knytta til korleis svarte måtte vere merksame på farane som skjulte seg i det kvite Amerika. Allereie i 1962 skreiv William Melvin Kelley ein artikkel i New York Times han omtala termen samstundes som han skreiv om korleis kvite alltid forsøkjer å ko-optere uttrykk som kom frå den svarte kulturen. Og det var nyss det som hende.  

Sjølv om liknande omgrep er å finne langt attende i historia, oppstod wokeness som moderne fenomen kanskje fyrst og framst saman med Black Lives Matter. Rundt 2016 byrja hashtaggen #staywoke å gå viralt. Etter kvart som uttrykket spreidde seg skjedde det ein splitting. På den eine sida tyda det å vere woke å vere merksam på historisk urett mot særskilde grupper, slik BLM hadde forstått termen; på den andre har det vorte ein term knytta til moralisme og forsøk på å framheve seg sjølv, ofte blanda med aggressive angrep på alle som ikkje har ‘skjønt det’. Soleis kunne wokeness enkelt verte angripe som ein ny form for politisk korrektheit. Ordet har difor vorte negativt lada, knytta til sokalla ‘cancel culture’. Og det har vorte redusert til noko som har med individuelle preferansar, ikkje med strukturell urett, å gjere. 

Elitane, både dei økonomiske og politiske, sin rolle i å utvatne og delegitimere omgrepet kan ikkje underslås. Dei har som vanleg skjønt at dei må styre diskursen, og korleis dei kan nytte fenomenet til eigen fordel. Joe Biden har allereie teke eit val, liknande det Larsen har teke: Dei har vald å adoptere retorikken og nytte dette for å reinvaske imaget til ein av dei mest valdelege institusjonane i verdshistoria, den amerikanske stat. Soleis oppstod ‘Woke Imperalism’. 

Vi såg dette tydeleg då det amerikanske militæret kunne skryte av å ha det fyrste homofile stridshelikopteret (dvs. det fyrste med berre homofilt mannskap), eller i CIA sin nyaste reklame, der alle dei ulike identitetsmarkørane var i spel. 

Kva er det eigentleg som føregår her?

Woke Capitalism, Woke Imperialism
Vel, vi har sett det mange gonger før. Det heile handlar fundamentalt sett om korleis ein skal ta brodden frå radikale rørsler. Då feminismen var på anmarsj i førre århundre, og stadig fleire kvinner tok eit oppgjer med tradisjonelle kjønnsroller var storkapitalen bekymra. Dei var redde at radikaliserte kvinner skulle slutte å konsumere. Men dei fann løysinga: Dei adopterte feminismen sitt språk og gjorde produkta sine til ein del av kvinnefrigjeringa. Vi ser det same no: store firma som Nike eller Coca-Cola, firma som gjerne er dei mest grådige og utnyttande av arbeidarar, har adoptert liknande retorikk for å selje produkt. 

Dei slær soleis to fluar i ein smekk: Ikkje berre får dei gratis reklame gjennom alle dei sinte Twitter-reaksjonane dei kan hauste, men dei kan reinvaske imaget sitt samstundes. Dei har teke eit standpunkt i kulturkrigen – eller rettare sagt: Dei har funne ut at dei kan tene peng på å nøre oppunder den. Om det er nokon som driv med identitetspolitikk er det dei. Dei kultiverer ein konsumentidentitet. Dette er ‘Woke Capitalism’.

Og plutseleg seier Mitch McConnell – Republikanarane sin minoritetsleiar i senatet – som i sin tid hylla vedtaket som fjerna taket på kor mykje peng firma kunne gje til politiske kampanjar, at ‘corporate America should stay out of politics’. Verda er snudd på hovudet. Samstundes kan firma fremje seg sjølv som demokratiet sine voktarar mot Republikanarane sine forsøk på å gjere det vanskelegare å stemme. Merkeleg dette – korleis McConnell sitt forsvar av ytringsfridomen synte seg å ikkje vere prinsipielt; so fort dei ikkje var samde med han ville han avgrense deira makt.

Kan det vere noko liknande pregar Civita sitt forsvar for ytringsfridom? Kan det vere at dei ikkje kjempar for ytringsfridom, men for sin eigen makt til å ytre seg utan særleg motstand. Er Kristin Clemet redd for at ho ikkje skal ha klyppekort i Aftenposten lenger, eller bli invitert av NRK som ‘uhilda’ politisk ekspert? Mon tru om det ikkje er noko slikt som verkar under overflata…  

Det er i alle høve tydeleg at ein viss frykt for kunnskap pregar dei. Og det er kanskje ikkje so merkeleg, all den tid det er ganske enkelt å syne historisk kor valdeleg kapitalismen er. Ein må faktisk drive med ein del historierevisjon for å hevde noko anna. So når nokre går inn for å forstå samfunnsutviklinga og kanskje kjem til å knytte denne analysen til kapitalismen, er vegen kort før det vert avslørt at kapitalismen er eit system bygd på slaveri og imperialisme, grov utnytting understøtta av rasistiske førestillingar, førestillingar som framleis gjer seg gjeldane. Frå dette perspektivet er det klårt Civita må gjere noko, som å kome med sterke ytringar for å delegitimere slike rørsler. Det er trass alt livslygna deira som står på spel. 

Kvar vert det av klassekampen?
Poenget med analysen ovanfor var å syne at woke på den eine sida har vorte ein vare som firma nyttar for å selje produkt; samstundes har høgresida omfamna det som ein erstatning for politisk korrektheit. Utvekslinga i Minerva illustrerer denne splittinga. 

Løkke framkallar eit bilete av ein rabiat mobb som ikkje kjenner nokre hemningar. Det ironiske er at allereie dette grepet avslører at han farer i ureint trav. For kva er det dei ikkje vil sei? Kvifor må han tale i vage termar? Min mistanke er at han ikkje vil avsløre at han forsvarar elitisme, at han forsvarar dei rike sin makt til å halde fram som dei har. Han vil difor heller ikkje syne at wokeness – i alle høve om det er tale om rørsler som vil rette opp i historisk urett – ikkje handlar om å fremje ein partikulær gruppe over andre, eller om å sjå rase overalt. Wokeness handlar om å utfordre maktstrukturar gjennom å avdekkje korleis dei faktisk fungerer for fleirtalet. 

Den overfladiske usemja burde difor ikkje forvirre oss. Ingen av dei tek wokeness på alvor på sine eigne premiss – som ei rørsle som vil avdekkje historisk og systematisk urett med særskilde grupper. (Sjølv om Larsen kjem mykje nærare på denne punktet enn Løkke). Båe har soleis adoptert eit relativt medieskapt syn på fenomenet, der det er tale om ein form for identitetspolitikk. Larsen skriv: 

Ofte er det det liberale demokratiet disse debattene i bunn og grunn dreier seg om. Ønsket om å bli hørt på vegne av sin identitet, kjønn, rase og legning, er på mange måter et barn av liberale verdier, der likeverd står i sentrum.

Skal man utfordre woke-bevegelsen, bør man minne om at det jo er i et samfunn med ytringsfrihet at de ulike gruppene har mulighet til å bli hørt. I land der det liberale demokratiet er under press, for eksempel Polen og Ungarn, er avvikende stemmer og minoriteter de første som slås ned på.

Sjølv om eg er samd med det meste som står i det siste avsnittet, må ein halde tunga rett i munnen. For kva ord er det Larsen ikkje nemnar i det fyrste avsnittet? Kva er det ho eigentleg prøver å gjere her? Ordet som ikkje vert nemnd er sjølvsagt ‘klasse’, og det ho prøvar å gjere er å knytte forsøk på å få sine stemmer høyrd til liberalt likeverd. Soleis har wokeness vorte redusert til ei liberal rørsle for likskap. 

Men gjennom å ‘gløyme’ å nemne klasse dekkjer Larsen ogso over korleis liberale samfunn er fundert i ein grunnleggande ulikskap: Mellom kapitaleigarar og dei som ikkje har anna å selje enn si eiga arbeidskraft. Dette gjeld ikkje berre innåt i land, men mellom rike og fattige land. Ho gløymer ogso å nemne at svarte allereie har den likskapen som liberalismen talar om. Dei har allereie likskap for lova, i alle høve på papiret. Det dei ynskjer er ein anna form for likskap, ein likskap som går på at alle har like moglegheiter til å utfalde seg som menneskje. Og denne likskapen er ikkje mogleg utan at ein ogso oppnår ein grad av økonomisk likskap som arbeidarar, svarte som kvite (men svarte i større grad) er langt frå å oppnå, etter år med økonomisk diskriminering. 

Det undertrykte vender attende
At Civita kjenner seg utfordra avslører at dei er redde for å miste makt, eller redde for at folk skal forstå at klasse framleis eksisterer. Det er nærast rørande å lese det Løkke skriv om frykt-kultur og om at det liksom er so mange som fryktar å ytre seg – spesielt når vi veit at dei som er mest redde for å ytre seg er arbeidarar som er redde for å miste jobben (heldigvis gjeld ikkje dette Noreg, men kapitalismen sin faneborg: USA). Men Løkke treng ikkje late som om han bryr seg om ytringsfridom på prinsipielt grunnlag. Han bryr seg om han sjølve skal få ytre seg utan konsekvensar. 

Som Frank Herbert skreiv i Dune: ‘“My son displays a general garment and you claim it’s cut to your fit?” Jessica asked. “What a fascinating revelation.”’ Med andre ord: At det nyss er Civita og Minerva som kjenner seg truffe av denne rørsla, seier meir om dei enn om rørsla. Det fortel at dei har skjønt korleis rørsler som vil utforde historisk urett må, før eller sidan, verte merksame på uretten som kapitalismen er bygd på. Men dette kan dei sjølvsagt ikkje innrømme. Og for å hindre at andre forstår dette, må dei kome det heile i forkjøpet. Anten gjennom å omfamne omgrepet, og soleis forsøkje å fjerne brodden frå det, eller gjennom å forsøkje å delegitimere det fullstendig. 

I ein slik posisjon gjeld det å finne ein strategi som kan gjere ein immun for legitime angrep. Medan Civita har lagt seg på linje med Listhaug og McConnell, og nærast vil nekte for at noko som helst er gale i Noreg – eller i alle høve forsøkje å teikne eit bilete der ein seier at ikkje alt er perfekt, men det er det beste ein kan vone – har Minerva lagt seg på Biden sin linje. Sjølv om det kan framstå viktig å vere på riktig side i den konstruerte kulturkrigen, er det viktigaste her å halde ideen om at det finst ein kulturkrig ved like. Ein skulle difor næraste tru det var avtalt spel: at dei har kasta kron og mynt om kven som skal fronte kva side, samstundes som dei er samde om narrativet. 

Klasse, ikkje identitet
Deira overflatiske usemje dekkjer altso over ei meir grunnleggande semje, ei semje om å halde ved like kulturkrigen for å dekkje over klassekamp. Soleis kan dei ogso dekkje over sine eigne klasseinteresser. 

Som regel er det dei som skrik høgast om identitetspolitikk eller wokeness som har mest å tene på å halde ved like slike førestillingar, og mest å tape på at klassekamp kjem på agendaen att. Dette er eit forsøk på distraksjon og venstresida må gjennomskode slike forsøk. Vonlegvis har vi allereie kome so langt at denne artikkelen er overflødig, men nokre ting er verdt å repetere.

Bonden har skjønt det: Sjølv om det er element av kulturkamp mellom bygd og by i deira retorikk, er det harde tal som tel. Det handlar hovudsakleg ikkje om kultur, men om sosio-økonomiske tilhøve. 

Venstresida burde ikkje vere mot wokeness berre av di liberale har forsøkt å ko-optere det, men dei må syne korleis ‘ekte’ wokeness ikkje handlar om identitet åleine, men om klasse. Vi må omfamne den radikale analysen av maktstrukturar som ligg i woke-rørsla, men vi syne korleis den alltid er knytt til andre kampar. Og vi må velje oss termar som ikkje er so enkle å korrumpere av media og storkapitalen. Det er blant årsakene til at vi aldri kan slutte å tale om klassekamp. På denne måta må vi kople wokeness frå identitet, samt tydeleggjere korleis rase og klasse alltid er bunde saman. 

Alle identitetar er ulike måtar å erfare klasse på. Ein lever ut sin klasse gjennom sosiale konstruksjonar som rase og kjønn. Klasse er difor alltid knytt til andre formar for identitet, ikkje åtskild frå dei. Kulturkrigarar som talar om identitet som noko fullstendig isolert frå klasse, vil dekkje over dette grunnleggande faktumet.

Solidaritet framfor identitet
Det vi kan lære av utvekslinga ovanfor er at høgresida kan takle identitetspolitikk, men ikkje klassekamp – då klassekamp er eit prisme som syner korleis dei ulike kampane er del av ein større kamp for alle si frigjering. Venstresida treng difor ikkje noko debatt om dei er for eller mot wokeness, då den står side ved side med alle som kjempar mot urett. 

Avslutningsvis er det verdt å nemne at det finst ein lærdom i kritikken av wokeness som moralsk posering: Vi må ha tolmod med våre politiske kameratar. Vi treng faktisk ikkje vere samde om alt, og vi kan ikkje forvente at alle har dei ‘riktige’ meiningane om alt. Men likevel kan ein vere kamerat. 

Politikk er ein prosess, og mange av innsiktane vi kan lære kvarandre kjem gjennom å kjempe side ved side. Dette inneber å ta folk sin identitet på alvor, men ogso å utforde korleis identitet vert nytta politisk. Det vi treng er ikkje identitetsfellesskap, men klassesolidaritet. Alt anna er underordna.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned