Koronakapitalisme – skadefryd og lærdom

Foto: U.S. Military

Under finanskrisa i 2008 slapp dei skuldige unna, og har sidan vorte rikare på fellesskapet si rekning. Vil det same skje denne gongen, eller har vi lært?

Rasmus Sandnes Haukedal
Om Rasmus Sandnes Haukedal (2 artikler)
Rasmus Sandnes Haukedal er doktorgradsstipendiat i filosofi ved Durham University.

Det er med ein viss skadefryd at eg ser marknadane krasje verda kring, spesielt bilete av gråtande aksjemeklarar på Wall Street. Men skadefryden tek ikkje overhand, då eg reknar med at det er ‘folk flest’ som må ta rekninga utan å få noko attende, nyss som førre gong. Situasjonen vi står andsynes burde gjere det klårt for alle kor ustabilt det økonomiske systemet vårt er, og korleis veksten dei siste åra ikkje var berekraftig

No kan ein sjølvsagt skulde på sokalla ‘eksternalitetar’ (faktorar utanfor marknadsmekanismar), slik kapitalismeapologetar vanlegvis gjer dersom systemet ikkje fungerer optimalt; men faktum er det at denne krisa ville ha vorte utløyst før eller sidan. Dersom nokre enno ikkje er klår over det, kan eg opplyse om at sykliske krisar er ein ibuande del av kapitalismen – ikkje noko som tilfeldigvis råkar den med meir eller mindre jamne mellomrom. Mange økonomar har dei siste åra åtvara om korleis gjeldsbyrda var stigande, og gapet mellom denne byrda og den faktiske veksten i BNP var større enn før krisa i 2008. Koronakrisa utløyste kanskje denne økonomiske krisa, men den har lenge vore i emning. 

LES OGSÅ: Klassekamp og miljøkamp i koronaens tid

Katastrofekapitalisme
Mervyn King, tidlegare leiar i Bank of England, sa i 2019 at vi gjekk sovande inn i ei ny krise. Han hevda at dette ville vere eit hardt slag for det demokratiske marknadsystemet, då økonomien enno ikkje har kome seg retteleg etter den førre krisa. Ikkje gløym kva som hende den gongen: demokratisk valde politikarar slengde krisepakkar til dei store bankane, den sokalla ‘too big to fail’, med blankofullmakter til å halde fram slik dei gjorde før krisa. Og no er vi altso her att. Ingenting særskild er forandra; dei same folka sit ved makta, og er i ferd med å gjere det same nok ein gong. Medan resten av oss er distraherte – prega av isolasjon, frykt, forvirring, etc. – set dei til side demokratiske prinsipp for å tvinge gjennom sin politikk. Noami Klein kallar dette katastrofekapitalisme: ho syner til korleis einkvan krise vert nytta av den kapitalistiske eliten til å ytterlegare sementere sin makt. Private firma vil kanskje lide mellombels, men etter krisa er over vil dei atter rykkje inn. 

Staten si rolle under nyliberalismen er å gjere dei rike rikare. I krisetider ser vi dette tydeleg: fyrst kausjonerer dei ut store firma (bailout), før dei sikrar dei rettar til å profittere på krisa. Og i ei tid der krisar har vorte meir og meir permanente vert denne taktikken nytta i aukande grad, for å stadig sikre meir makt til private. Klein syner til New Orleans etter orkanen Katrina: ikkje berre blei ringverknadane av orkanen mykje verre på grunn av manglande offentleg infrastruktur; etter orkanen var over blei kommunale blokkar jamna med jorda til fordel for kommersielle. Det heile var del av ein plan for pro-kapitalistiske løysingar leia av ingen ringare enn Mike Pence. 

I USA kan Koronaviruset verte ein repetisjon av Katrina. Sidan 2008 har ein bygd ned kapasiteten i det lokale og statlege helsevesenet, slik at ein ikkje har nok senger eller naudsynt utstyr til å takle krisa dersom det vert stor pågang. NBC kunne nyleg rapportere om ein undersøking blant helsepersonell, der fleire ropa varsko på grunn av manglande utstyr. Dei blei oppmoda til å nytte maskar meint for eingongsnytting fleire gonger, eller tilråda om å lage sine eigne maskar.

LES OGSÅ: USAs finansminister om korona: «Storartet investeringsmulighet»

Profitten sikrast att
Etter krisar som denne har ein forsøkt å bøte på problema gjennom meir av behandlinga som førte til problema i utgangspunktet. Vi har sett dette i åra etter 2008. Finanskrisa, som kunne ha gjort at vi endeleg forstod kor dårleg det står til med kapitalismen – kor lite som skal til for at den fell saman – leia til det motsette. Sidan då har både gjeldsnivået og leiarløningar skote i vêret. Soleis blei framtida vår overgjeven til marknaden. Som eit munnhell har det: vi har allereie sosialisme – sosialisme for dei rike. 

Vi ser dette klårast i USA, der Trump har funne ein noko uvanleg miks for å demme opp for treig respons til å byrje med. Denne miksen, ein dose populisme blanda det med nasjonalisme, kulturell konservatisme og rasisme (prat om ‘kinesisk virus’) – ein ytre fiende ein kan skulde på – er nok eit døme på katastrofekapitalisme. Auka statleg kontroll tener som eit middel for å oppretthalde den kapitalistiske ordenen. Sjølv om ein talar om arbeidarane sine rettar favoriserer ein arbeidsgjevarane i praksis. Dette forklarar delvis kvifor liberale i USA fryktar venstresida meir enn høgresida. Høgresida vil i det minste gjere det den kan for å redde kapitalismen – til og med nytte venstrepopulistiske grep som borgarløn. 

Det demokratiske partiet fryktar Sanders meir enn Trump. Sistnemnde sine tiltak – frysing av rente- og gjeldsbetaling for ei stund – burde ikkje lure oss: Han hegnar om særskilde industriar for å redde det kapitalistiske systemet, utan å be om noko attende. Ikkje tru for eitt sekund at dette er noko han gjer av di han er bekymra for dei svakare stilte, han er berre bekymra for deira betalingsevne. Han forsøkjer å sikre firma profitt samstundes som han distraherer resten med lovnader om eingongsutbetalingar. 

LES OGSÅ: Hva vil skje med de rike når revolusjonen kommer?

Kapitalismen openberrar seg
Frp er som vanleg målberarar av denne taktikken i Noreg. Dei flørta med arbeidarrettar og utbyttenekt for bedrifter nokre dagar, før dei til slutt stilte seg bak Høgre sitt forslag, der det ikkje fanst avgrensingar av utbytte for bedrifter som mottek hjelp. Samstundes speler dei innvandrarkortet, og klagar over korleis krisa må leie til at vi endeleg set Noreg fyrst. Keisaren er utan klede, men mange har visst ikkje fått det med seg.

Jean-Pierre Dupuy, som forskar på katastrofar, påpeiker korleis ein katastrofe er eit tap av uskuld, korleis ei krise avslører sanninga ved systemet som skapte krisa. Ein katastrofe kjem sjeldan åleine, og premissa for katastrofen er interne, ikkje eksterne, til systemet som vert råka av den. Den etymologiske tydinga av termen ‘apokalypse’ er å løfte av lokket, å openberre. Dette er den pedagogiske sida av krisa vi lev gjennom: den avslører korleis vi har lulla oss inn i ein fiksjon om at systemet vi er del av er stabilt og tener alle sitt beste. No som vi ogso vert råka av konsekvensane av systemet kan vi kanskje forstå at vi i den vestlege verda vanlegvis er relativt skåna frå kapitalismen sin systemiske vald. Vi er vanlegvis fråkopla frå, og difor ikkje merksame på, korleis kapitalismen faktisk fungerer for brorparten av verda sine innbyggjarar. 

Det vi er so heldige at vi har kunna ta for gjeve er no avslørt som noko særs sårbart.

Krisa gjev moglegheiter
Som Mari Gjengedal nyleg framheva i Klassekampen (19.03.2020): Ei krise er ei moglegheit. Det er ikkje berre ei moglegheit for elitane, det er ein moglegheit for oss til å førestille oss eit anna system, eit system som er mindre sårbart og meir humant. Klein legg ogso vekt på korleis utviklinga skildra ovanfor ikkje er naudsynt. Som båe trur eg at det kan kome noko godt ut av koronakrisa, men berre om lærdomane vi tek frå den er dei riktige. Vi må få auga opp for kor spakt, ineffektivt og irrasjonelt det økonomiske systemet vi lev under er når det kjem til å kjempe mot krisar, og kor viktig internasjonalt samarbeid er. Vidare burde det vere klårt at vi ikkje kan gje blankofullmakter til store bedrifter og forvente at dei skal gjere det som er best for alle. Dersom vi ikkje tek kontroll over økonomien på ein meir djuptgripande måte – i alle høve når det kjem til livsviktige tenester – er vi ikkje særleg godt budd på komande krisar. 

Det er avgjerande at vi ikkje får panikk, då det er dette dei med makta veit å utnytte best, tenk berre på regjeringa sitt hasteforslag om kriselovgjevnad, som blei stagga i siste liten. Den same regjeringa som har forsøkt å hole ut velferdsstaten so mykje som mogleg gjennom privatisering – noko som no kan truge med å auke responstida – ser no konsekvensane av si eiga politikk. Dei kan berre prise seg lukkelege at dei ikkje har hatt tid til å leggje ned fleire sjukehus. Heldigvis har Noreg ikkje kome like langt som andre land, som Spania, der staten no har sett seg nøydd til å ta over det private helsevesenet for å få bukt med krisa.  

Ikkje ei tid for panikk
Denne situasjonen er for viktig til panikk: panikk er det som leier til hamstring av dopapir (og her vil eg ikkje spreie skam, eller heve meg over slik åtferd; det triste her er at problemet ikkje er hamstringa i seg sjølv, men korleis kapitalismen si framandgjering driv fram slik åtferd) – ikkje ein respons som tek situasjonen sitt alvor innover seg, og ser på årsakene til krisa. Vi må ta eit steg attende og reflektere over korleis vi lev liva våre, kva som er viktig for oss og kva vi kan klare oss utan. Samstundes må vi innsjå at vi ikkje kan gå attende: normaliteten som vil oppstå etter krisa vil ikkje vere den same som før krisa.

Vi må gjerne skulde på viruset, men då speler vi demagogane sitt spel – i særskild dersom vi blandar inn framandfrykt (slik rights.no allereie har gjort) og/eller rasisme mot kinesarar. Vi kan takle denne krisen og kome ut av den med auka audmjuke og merksemd for vår sårbarheit. Men vi må ogso innsjå at vår sårbarheit vert forsterka av det noverande økonomiske systemet, og at nye krisar vil kome. Slik kan vi nytte krisa til å vakne opp til røynda vi helst ikkje vil innsjå: det er enklare å førestille seg verda si ende, enn slutten på kapitalismen. Men det er på tide at vi prøver.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned