Herskarmoralen

Foto: Skitterphoto

Moralen deira tykkjest vere å verte rikare og skaffe og auke si makt, kontrollere flest mogleg menneske. Det er sjølvaste denne jordas mektigaste herrar vi står opp mot.

Kjartan Hatløy
Om Kjartan Hatløy (12 artikler)
Kjartan Hatløy er lyriker og forfatter.

Kva er moralen til dei rikaste mektigaste slektene på kloden? Eg meinar dei som eig og styrer oljepumpinga? Dei som eig Exxon, som har lønna og fostra Rex Tillerson fram til det han er og som vel vil hauste fruktene av å ha han som USA sin utanriksminister?
Er det deira moral å nettopp ikkje ha moral? Dette området er ikkje godt kartlagt. Antropologane har forska ein del på folk flest i ymse land. Helst i eksotiske. På emnet dei søkkrike sin moral, moglegvis ikkje i det heile. Dei slapp vel truleg ikkje inn heller. Eg skriv berre som ein som har fylgt godt med.

LES OGSÅ: Reklamen: Få vekk denne mobbinga av menneskets medvit

Sin eigen moral
Jau, dei har no ein moral desse, om ein meinar den faktiske kvalitet og karakter på deira faktisk utførte handlingar, deira praksis. Dei har moral, om ein siktar til meiningane deira, deira oppfatningar når det gjeld kva dei synest det rett, kva som er OK å drive med. Deira ”instrumentelle” blikk er moralen deira, å oppfatte omkringliggande som ressurs, det vere seg menneske eller jorda sjølv. Moralen deira tykkjest vere å verte rikare og skaffe og auke si makt, kontrollere flest mogleg menneske, ressursar til dømes kapital og elles flest mogleg avhendingar omkring på planeten, helst heile utviklinga. At desse ein vakker dag gjev eit stipend til pianist x, ja det er openbert kva mål dei har med det. Desse driv nok ikkje med all denne kapitalgjevande oljepumpinga samstundes som dei meinar det er noko feil, noko gale dei driv på med. Dei meinar nok at det er absolutt godt og rett å auke opp sine konti tiår etter tiår på denne verksemda si, som no bevisleg varmar kloden truleg fleire grader opp, med stygge konsekvensar. Og dei lærer opp sine born i det same.

Det er herskarmoral dette. Denne er vi som blir kalla folk flest, no komne i krig mot. Dvs. vi kjem i krig mot den, etter kvart som vi byrjar fremje vår moral, etter kvart som vi byrjar forsvare oss. Det er og å forsvare jorda, vatnet, himmelen, elvane, hava.

LES OGSÅ: Fienden må være oljekapitalen

Vi må forsvare oss
Vi må det. Vi må forsvare oss av all makt og byrje straks dei av oss som ikkje alt er byrja. For det er sjølvaste denne jordas mektigaste herrar vi står opp mot. Dei vil pumpe vidare uansett konsekvens, for dei reknar seg sjølve som trygge. (Vi let ligge kor trygge deira barnebarn vert.) Vår moral må vere å forsvare det eg vil kalle ”jordas uskuld”, alminnelege menneskes rett til å puste rein luft, drikke reint vatn. Vår moral må vere å konkret forsvare jordas reinheit, mest råd er. Vår moral, vår kongstanke, må vere det å skiple den opphavlege tilstand minst mogleg. Det kan lukkast enno, til ein viss grad. Vår moral, det som skal samle oss for å sigre mot herskarmoralen, må vere tankegangane som humanismen og Jesus tykkjest dele.

At alle og alt som driv utbytting skal ha lægste verdi, men dei små, vi små og ”liljene på marka og fuglane under himmelen” skal ha høgste.

Striden rasar allereide den. Den pågår sjølv om statsleiarane no løyver mindre til å få data om bresmeltinga. Den pågår sjølv om media skulle firedoble sitt overflatiske tull.

Dei som no har gode auge og øyrer og så ikkje gjev seg inn i strid mot oljekapitalens herjingar kloden rundt, dei vert medskuldige.

Jesusmoralen mot mammondyrkarane
I ein viss mon er denne striden mot oljekapitalen, ein tankestrid. Ein krig om kva som skal dominere hovuda. Eg vel å fokusere her på Jesus som eit framleis sterkt namn. Jesusmoralen finst i skriftene. I alle fall innleiingsvis, er hans moral dei mange sin moral. Det er no avgjerande at den vinn. At dei mange, ja eigenleg heile vår art, må vinne mot kapitalismen sin elite, dei talmessig få mammondyrkarane. Elles står vi overfor utarming av jordas mangfald. Det er vi små ein del av. Vi treng absolutt den reinheita i atmosfæren som enno held stand, imot rike pengerike slekter, som no heilt medvite øydelegg. Vår usikre tynne biosfære, er utsett for deira planmessige åtak. Og dei ser i lange tidspenn. Dei vil pumpe 40 år. At det er slik, går fram av dagsrevy, av nyhenda, det går fram stundom så og seie på trass av journaliststandens arbeid. Så vi alle, må no stri for kvaliteten på våre liv, det er og å stri for kvalitet i grashoppenes liv, sniglanes liv, fiskanes liv, det vere seg i Nilen eller i Norskehavet, Lofoten.
”Vår moral” skreiv eg nett. Som vi må sette opp mot herskarmoralen. Vår, denne dagens moral, kjem jo frå humanismen og frå Jesus, kven kan nekte på det? Det må iallfall eg innrømme, som sjølv trur at sjølve kjerna i religionane byggjer på urealistiske, nesten reint barnlege førstillingar. Men likevel treng ein no denne religiøse moral, om den kunne få ein kvass brodd rette vegen. Men no desse tider, er denne moralen vår, bygd på Jesus, blitt særs utydeleg, er gått over gjerne til å handle om englar, ånder og eg veit ikkje kva. Og spør ein det sentrale spørsmålet: ”kva er det då dette ordet Gud tyder?” Då sprikar det fælt, hjå dei som i det heile teke kan gje eit svar. Men Jesus, han evangelia gjev tilgang til, han var ofte særs tydeleg. Han som i slutten av Matteus Evangeliet seier han har all makt i himmelen og på jorda.
Og denne Jesus, om vi no lit på skrifta, førte ein privat åndskrig mot herskarmoralen i Israel den tid. Han mislikte dei rike og mektige såpass hardt, at han viste dei ut or dette han kalla Guds Rike. (Matteus 19.24) Skulle ein rik inn der, måtte Gud eventuelt tillate det som ei eiga undergjerning (Matteus 19.25), og sjølv det mest truleg noko ein eller annan tidleg bisp har ført på seinare.

Eg saknar Jesus
Eg saknar på eit vis Jesus i dag. Han kunne vi ha trengt til å tale for restane av lakotafolket som er dei krigarane som mest akutt no slåst mot Oljeherredømmet. Han kunne vi ha trengt til å sette inn imot Rex Tillerson, no seglar opp som USA-oljens eller skulle ein seie verdsoljens utanriksminister. Eg trur han då ville ha tala om guds omsyn for Jorda han skapte. Også om sin omsut for sporvar, guds omsut for at det vakre skal få leve der i liljene på marka og eg trur han ville ha fokusert på deira eigen rett, deira eige verd og forklart oss om opphavet til deira herlegdom. Han ville ha sagt hendene vekk frå Missourielvas vatn. Dette er mitt vatn ville han sagt, det skal halde fram å vere reint, for det er guds vatn. Han ville ha tala om våre barns livskvalitet.

Men denne Jesus, som så mange religiøse og kvasi-religiøse enno iallfall veit om og på eit vis enno ”fører i skjoldet”. Denne Menneskeguden, ja han sa sjølv han var såpass, han tok ein dag og jaga alt pengefolket ut or det heilage tempelet med ein pisk. Denne Jesus, den rasande Jesus som så vist ikkje berre ville ”vende andre kjaken til”, han har visst nesten alle av oss gløymt. Eller han blir vist vekk or tanken, druknar i reklamen og den låge verda media og reklametullet vil ha fram.

Når han i si tid vart så sint for litt pengeveksling, litt mammon-fraternisering der i tempelet i Jerusalem. Så er eg ikkje i tvil om hans syn på det dagens herskande tykkjer det er greitt å gjere mot hans heilage Jord, og eg er ikkje i tvil om hans syn på herskarmoralen og konsekvensane av den.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

1 kommentar på Herskarmoralen

  1. Vyrdnad for menneska her i Noreg/Norge vil eg syne med løysingar og døme på et det er moeleg å styre og å planlegge ei betre framtid her i landet.
    Syn vyrdnad for born og ungdom fyrst.
    Å syne vyrdnad for medmenneske her i landet lyt kome fyrst her i landet.
    Normal vyrdnad er også å svare på nynorsk her. Den vyrdnaden ønskjer også å syne fram her.
    Eg er mot senzur og senzuristar. Då er eg også sterkt mot senzur av nynorsk og av folkeleg mål her i landet.
    Dette ønskjer eg å syne fram her.

Kommentarfeltet er lukket.