Klassekamp og miljøkamp i koronaens tid

Kollasje av faksimiler fra Dagens Næringsliv og Frifagbevegelses koronarelaterte artikler, samt mann i smittevernutstyr.

Midt under koronakrisa, mens mange ikkje veit korleis dei skal få pengane å strekke til i neste månad, betaler Aker ut 1,7 milliardar i aksjeutbytte. Verda har ikkje råd til sløseri og grådigheit. Det trengst både klassekamp og miljøkamp i koronaens tid – og etterpå.

Svein Lund
About Svein Lund (10 Articles)
Svein Lund er frilansskribent og leder av Naturvernforbundet i Ávjovárri. Bor i Guovdageaidnu og driver nettstedet gruve.info.

Denne overskrifta er ein smule inspirert av boktittelen “Kjærlighet i koleraens tid” av Gabriel Garcia Márquez. Tittelen seier noko om det kontrastfylte og tilsynelatande umoglege, men likevel naudsynte. Kven kan tenke på kjærleik når koleraen rammar? Kven kan tenke på klassekamp og miljøkamp når koronaen no rammar alt og alle over heile verda, fattig og rik. Når vi alle er i same båt og må stå han av i lag? Eller er vi det?

LES OGSÅ: USAs finansminister om korona: “Storartet investeringsmulighet”

Mens eg skriv kjem det opp på NRK: Regjeringa får ikkje fleirtal for tiltaka som skal kompensere for koronastengingar. Tiltaka har så dårlig “sosial profil” at ikkje eingong det nylig fristilte FrP kan gå god for dei. Høgrekreftene brukar koronaepidemien til enno ein framstøyt for å gjøre dei rike rikare og dei fattige fattigare, i alle fall skyve belastninga over på dei som tener minst. Dei utnyttar krisa til å gjennomføre den politikken dei eigentlig ønsker, som når fiskeriministeren brukar koronaen som påskot til å oppheve leveringsplikta for trålarar. Kva blir det neste?

Koronaen tvingar oss til å tenke på ein annan måte. Vi må prioritere. Alt som ikkje er akutt nødvendige samfunnsfunksjonar må stenge. Det seier oss at når det trengst er samfunnet i stand til å styre og prioritere. Men den nyliberale ideologien som no har dominert i alt for mange år seier det motsette: Samfunnet skal ikkje styre. Kapitalen skal flyte fritt og slik sett styre samfunnsutviklinga. Om noko er lønsamt å investere i, skal det få utvikle seg, sjølv om det er skadelig for helsa vår, for naturen og for framtida på kloden.

Produksjonen skal leggast der han lønner seg mest. For kapitalen.

LES OGSÅ av Svein Lund: Reindrifta og klassekampen

Kvart land blir mindre og mindre sjølvberga, meir og meir totalt avhengig av import – og av eksport. Det gjeld alt frå mineral til frukt, frå medisin til klede, frå prentetenester til datautstyr, frå korn til barneleiker.

Viruset har gjort oss merksame på kor enorm turisttrafikken er i verda, og no året rundt. Store delar av dei smitta i Noreg var på skiferie i Austerrike. Sei meg, kva i all verda gjør norske nordmenn frå ski- og snølandet Noreg i Austerrike på skiferie? Treng norske fotballag treningsleir i Spania? Treng halve Noreg ferie på Kanariøyane eller i Thailand? Og treng thailandske og kinesiske turistar komme i flylastar for å sjå nordlyset eller oppleve finske turistjulenissar og falsk samekultur?

Overinvesteringane i turismen fører til enorme utslepp, hard belastning på naturen og rovdrift på ressursane. Kva om vi i “medisinsk fredstid” også sa frå at dette har vi faktisk ikkje råd til? Ved sida av masseturismen har den “frie konkurranse”, der nesten alt som er profitabelt er tillatt og blir oppmuntra, ført til sløsande produksjon av bruksgjenstandar som er programmert til å gå i stykker på stadig kortare tid, til at vi “må” ha siste mote av klede vi har nok av, til ei mengde helseskadelige produkt og til eit grenselaust luksusforbruk hos dei superrike. Alt mens millionar andre sultar i hel og milliardar manglar det mest nødvendige. Mens jorda ligg brakk i Norden fordi nokon tener meir på at vi importerer maten frå Syden.

Midt under koronakrisa, mens mange ikkje veit korleis dei skal få pengane å strekke til i neste månad, betaler Aker ut 1,7 milliardar i aksjeutbytte. Inga regjering seier at det har vi ikkje råd til. Men det har vi faktisk ikkje. I denne omgang treng vi ressursar til å komme gjennom koronakrisa, i neste omgang for å berge naturen, klimaet og at dei mange fattige i verda får eit anstendig liv. Da må vi også etter koronaen prioritere det nødvendige framfor det unødvendige. Både under og etter denne krisa gjeld dette: Verda har ikkje råd til sløseri og ikkje råd til grådigheit. Det trengst fortsatt både klassekamp og miljøkamp i koronaens tid – og etterpå.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned