Historia om «den iskalde tid» med Russland – og om det endar med konflikt

Vladimir Putin og Donald Trump. Foto: Kremlin.ru

Opprustning, militærøvingar og krigshissing. Skal vi unngå ei eskalering av konflikten med Russland kan det vera vi trenger ein generasjon nye politikarar.

Ivar Jørdre
Om Ivar Jørdre (7 artikler)
Ivar Jørdre, aktiv bloggar (http://ivarjordre.wordpress.com/), medlem i Raudt, biletkunstnar, hovudfag klassisk arkeologi UiB, arbeidt ved Bymuseet i Bergen, avsluttar for tida bachelor i historie- og kulturfag.

Forumet European Leadership Network (ELN) publiserte i august 2015 ein rapport med tittelen Preparing for the Worst: Are Russian and NATO Military Exercises Making War in Europe more Likely?

Rapporten tek føre seg opptrappinga og spenninga mellom Vesten/NATO og Russland. Spesielt vert det i dette skrivet trekt fram dei store militærøvingane på begge sider det året. I øvinga «Allied Shield» som NATO gjennomførte i Det baltiske hav i juni 2015, deltok 15.000 personar. Dette liknar på ein tilsvarande dei hadde 2014 haust i nordområda. Og året før det, og åra før det, osb., osb. Slik held Vesten og NATO på. Russland på si side gjennomfører sine øvingar dei også, dei har også sikkerheit i tankane må vite. Til dømes hadde dei ei stor øving i mars 2015 der 80.000 personar deltok som byrja i nordområda, men tok etter kvart føre seg heile Russland frå vest til aust.

Eg har før skreve om korleis Vesten økonomisk og NATO militært har «sneke» seg meir og meir inn i tidlegare austblokkland og dermed «gjerder» inn Russland. Dette er ei høgst levande kjensle hjå mange russarar. Ukraina er eit siste døme på dette. Der Vesten og spesielt USA over lang tid ville ha eit regimeskifte, til eit vestvenleg eitt. Med økonomiske midlar og hjelp til organisering av endringsvillige miljø (då meiner eg ikkje dei radikale og sosialistiske rørslene i Ukraina, dei fekk ingen hjelp frå Vesten), fekk dei til slutt oppstanden til å virke og dermed endringa i jan-feb 2014. Midt oppe i dette annekterte Russland Krim og helvete var i gong. Ei lang historie med Ukraina som barken mellom Aust og Vest toppa seg.

No er økonomiske og politiske sanksjonar mot Russland for lengst gjennomført og ny kald krig etter kvart eit faktum. Om det også endar med ein «varm krig» sett i høve til seinare tids opptrapping og gjennomføring av militærøvingar, kan mange ulike faktorar avgjere. Ein ting er Russland sitt problem med si eiga interessesfære i regionane, ein annan ting er Vesten sitt svar på det og dobbelmoralen i høve det å intervenera på sine premiss som i Ukraina i 2014.

LES OGSÅ av Ivar Jørdre: Nyliberalismen dreper: 30 år med privatisering har kosta liv!

Noregs medverknad til å eskalera ei konflikt
Atomvåpenproblematikken og NATO er som eit par, tett knyta til kvarandre i avskrekkingsterror, trugsmål i førstegangsbruk og milliardbeløp i vedlikehald og fornying av atomvåpna. Dette gjer også at motpartane Russland og Kina opprettheld og rustar opp sine arsenal. I tillegg er India og Pakistan med sine atomvåpen ein farleg miks som kan smelle av under potensielle eskaleringar.

Noregs medverknad til å eskalera faren for storkrig i Europa, i kjølvatnet av Ukrainakonflikta, er også med i dette biletet. Også Nord-Korea sitt atomvåpenpotensiale må det forhandlast om gjennom FN, og ikkje truge dei med militærøvingar og økonomiske strupetak. Det er då det kan gå riktig gale! Alt dette understrekar viktigheita av at den norske regjeringa sluttar seg til FN-resolusjonen om ein internasjonal konvensjon mot atomvåpen.

For Noregs del tyder det at inntil vi melder oss ut av NATO, må Noreg arbeide for at NATO endrar sin atomdoktrine og avstår frå førstebruk av atomvåpen og frå at NATO sin atomvåpengaranti skal gjelde for Noreg. Noreg må også arbeide for at USAnske atomvåpen ikkje skal vera stasjonert i Europa, heller ikkje i samband med rakettskjoldprosjektet eller dei krigsfremjande tiltaka NATO har iverksett, mellom anna i Ukraina.

Den internasjonale kampanjen for forbod mot atomvåpen (ICAN) fekk Nobels fredspris i 2017. I staden for meir krigshissing må den norske regjering skrive under på denne kampanjen. Internasjonal konvensjon mot bruk av og forbod mot atomvåpen, no!

Noreg er heilt knyta opp til USA. Dette visast tydeleg ved val av F-35 kampfly som ei rekke våpenanalytikarar meiner er dårleg tilpassa forsvaret av Noreg. Og det er endå meir tydeleg i vår puddelsvinging i det siste. Den sokalla «rullerande» USAnske troppetilværet i Noreg er tull og manipulering frå ende til annan. Det har lenge vore frykta av mange at dei soldatar som ifølge den blå-svarte regjering berre skulle vera på Værnes i korte periodar, no vert her permanent. Det liknar veldig på ein byrjande usansk minibase. Basepolitikken til Noreg, som har vore fast i over 70 år og forankra i ingen utanlandske basar på norsk jord, står i alle fall på spel, om ikkje for fall i det heile. Det er omlag 350 USAnske soldatar som til ei kvar tid er på Værnes. No føreslår regjeringa i tillegg utstasjonering av usanske soldatar i Troms. Tal? Omlag 350 det også. Om ikkje dette er å gå lenger vekk frå tidlegare basepolitikk enn nokon gong, ja, så veit ikkje eg kva opptrapping og spenning er!

Her er endå eit døme på kva Noreg gjer for å terge Kreml og tekkast vår avhengigheit til Washington: I månadsskiftet oktober-november 2018 arrangerer NATO ei stor militærøving i Midt-Noreg. Truleg med så mange som 35 000 soldatar, tusenvis av køyrety og 150 fly og 70 skip. Denne gigantøvinga kalla Trident Juncture 18 vert den største øvinga i Midt-Noreg på minst 15-20 år. Ein mindre del av øvinga skal gå føre seg i Sverige, Finland, på Island, og i Austersjøen. Noreg er altså vertsnasjon. Militariseringa av Skandinavia og Norden er i full gong og dermed spenningsdrivande!

Mens me naive nordbuarar ser og kosar oss med Fotball-VM i Russland, tenkjer dei militære strategar sitt. På begge sider for berre å presisera det. Mens me burde prøve å forstå og å verte litt klokare på Russlands historie, kultur, mentalitet og korleis russarar oppfattar verda generelt og ser på vestleg aggresjon spesielt, ja, så vert det ofte ingenting ut av den øvinga. Me søkk berre djupare og djupare ned i fjernsynstolen, mens med ser fotball-VM og glefser i oss feite saker og drikk oss vekk.

LES OGSÅ: Russland kommer ikke til å invadere Norge

Trump og NATO
Under NATO-toppmøtet i Brussel 11.-12. juli tok USA sin president regien om lag frå starten av. Donald Trump opna NATO-møtet med å «kjefte ut» Tyskland og deira kjøp av gass frå Russland i samtale med NATO sin generalsekretær Jens Stoltenberg. Ein litt tafatt generalsekretær tok imot Trump sitt frontalangrep på Tyskland. Trump trugar no også NATO-landa med tiltak (om kanskje å ta ut USAs forsvar eller avgrense deira samarbeid med dei NATO-allierte) om dei ikkje straks hevar målet om forsvarsfinansiering på 2 prosent av BNP og ikkje innan 2024 som NATO vedtok i 2014. Trump har under det same møtet «tvitra» at dei europeiske NATO-landa bør opp på 4 prosent på lengre sikt, «intet mindre»!

Er alt dette berre tomme trugsmål og retorikk? Tida vil vise, men truleg ikkje heilt tomprat frå presidenten. NATO-alliansen har i alle fall fenge sprekker i sitt samhald. Splittingar er merkbare, med eller utan Trump. NATO-framtida er truleg i krise. Og som NTB skriv: «I den grad målet var at alliansen skulle framstå som samlet, ble NATO-toppmøtet et nederlag allerede før det begynte.» Russland føljer nøye med på det som hender i NATO. Det forstår seg, for eit NATO i krise kan endre den geopolitiske dynamikken, kanskje til Russland sin førdel?

Er det eit håp for at den «vesle istida» mellom Russland og Vesten tinar, om ikkje med det første? Ja, det er det, men då lyt minst halvparten, eg sa minst halvparten, av vestlege leiarar og folkevalte bytast ut, og det straks, med avspenningsvenlege politikarar som forstår seg betre på Russland. Og så lyt minst halvparten og meira til av folket kreve dette, velje nye og tenkje at det er mykje, mykje betre å snakke med vår store nabo i aust, vera i dialog og lage venskap, enn det er å terge, tie ihel og konfrontera naboen. Det er berre å håpe dette hender før noko alvorleg inntreff. For å vera oppmerksame på dette har me alle eit ansvar.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.

  • Skribenten vokter seg vel for å formidle noe som kan tolkes som positivt om Trump, men i akkurat dette tilfellet synes det som om hans intensjon er å skape fred og trygghet, så fpr vi se om hans metode strekker til.

    Alternativet som ble tilbudt ved forrige valg, Hillary Clinton hadde jo Putins Russland som erkefiende allerede da hun var utenriksminister under Obama, så det synes som om verden styrte klar av en ny kald (eller varm) krig mot Russland gjennom hennes nederlag.

    Clintons partifeller i det Demokratiske Partiet stiller seg også gjerne på barrikadene for mindre dialog og en mer aggressiv militær linje både Mot Russland, N-Korea, Syria, osv. Den eneste gangen det har vært unison jubel for Trump var da han sendte raketter inn i Syria som respons på det fingerte gassangrepet.

    Så hvordan har Demokratene blitt partiet for krig? Vel, siden Bill Clintons dager har dette partiet auksjonert bort alle politikkområder til høystbydende donorer, og forsvarsindustrien har uendelig dype lommer og de tjener penger på konflikt og opprustning.

    Hillary Clinton, Pelosi, Schumer osv – toppene i partiet har alle blitt milliardærer mens de har sittet i offentlige verv.

    Dette er legalisert korrupsjon som er utbredt i begge partier og som sørger for at politikken følger storkapitalens ønsker og ikke folket. En ekstremt farlig utvikling om krigsprofitørene skal fortsette å bestemme utenrikspolitikken.

    I så måte er kanskje outsideren Trump et bedre valg enn noen fra de etablerte elitene, inntil det kommer lover på plass for å fjerne den korrumperende flommen av penger inn i politikken.

    Først da er det håp om en politikk i tråd med folkets ønsker, og de ønsker fred, ikke mer krig.

    • Knut Konsulent

      Mener du at Russland er våre venner nå, at de er fult og helt til å stole på?

      • Venner er vel å ta litt hardt i, men vi har delt grense i snart tusen år uten at det har vært krig mellom oss. Det var vel sist på 1300-tallet om jeg husker riktig, at det oppstod noe tendenser til ufred, men da satte vi oss ned og ble enige.

        Forholdet har aldri vært spesielt nært, men vi har respektert hverandres grenser og hatt et godt samarbeid både på handel, ressursforvaltning og regulering, samt løst viktige spørsmål som gråsonen i Barentshavet ved forhandlingsbordet.

        Russland har alt å tape og ingenting å vinne ved å angripe Norge eller andre vestlige land. Vi har ingenting de ønsker seg. Vi har noen oljeskvetter og gass, men dette har Russland selv i såpass store mengder at de sliter med utvinningstempoet. Og landområder og skog har de nok av, og de har nok innenlandske problemer om de ikke skal skaffe seg nye varige problemer som okkupant i tillegg.

        I tillegg har de ikke militær kapasitet til å legge under seg Europa, selv om vi tar USA ut av bildet.

        Muligheten for et Russisk angrep er altså nær null. De to gangene de har brukt militærmakt de siste årene (Ukraina / Georgia) har det vært etter direkte vestlig provokasjon. Tydeligst i Ukraina, hvor vesten først deltok i et regulært statskupp mot et lovlig valgt regime, hvor Russland så ble tvunget till å sikre sine interesser før disse forsvant under paraplyen til EU / NATO – forøvrig stikk i strid med de lovnader Russland hadde fått etter murens fall, om at NATO ikke skulle ekspandere østover inn i den tidligere Warsavapakten.

        Så dette er reaksjoner på vestlig press, hvor NATO etterhvert så å si har omringet hele Russland med militærbaser, nå sist med økt amerikansk militært nærvær både på Værnes og på Andøya i Finnmark.

        Og her ligger også den største krigsfaren – at NATO presser Russland til mottiltak som kan tvinge Russland til både opprustning, økt beredskap og etterhvert mottiltak som kan føre NATO og Russland i direkte konflikt.

        Med den nye norske politikken, hvor vi åpenbart har tenkt å overlate stadig flere av våre forsvarsoppgaver til permanent utplasserte amerikanske styrker, bidrar vi til å eskalere den spente situasjonen og på sikt øke sannsynligheten for militær konflikt, der Norge blir en del av slagmarken.

        Dette må vi unngå.