Reindrifta og Klassekampen

Foto: Mats Andersson

40 % av arealet i Noreg er i bruk til reindrift og næringa har stått i store kampar mot gruvedrift og vindkraft. Gjennom viktige slag, både seier og nederlag, har Klassekampen vore fråverande.

Svein Lund
Om Svein Lund (22 artikler)
Svein Lund er frilansskribent, bor i Guovdageaidnu og driver nettstedet gruve.info.

Ope brev til redaksjonen i Klassekampen:

Redaktøren i Klassekampen skriv nylig i melding til abonnentane at avisa kvart år og kvar dag får ein sjanse til å forbetre seg. Ved starten av eit nytt år vil eg derfor minne redaksjonen og lesarane på eit område der avisa har eit enormt forbetringspotensiale. Det gjeld den næringa og den kulturen her i landet som avisa aller mest har forsømt dei seinare åra.

40 % av arealet i Noreg er i bruk til reindrift. Reindrifta gir oss det beste og sunnaste kjøttet som er å få her til lands, og ei rekke andre produkt av innmat, skinn, horn og bein. Reindrifta er ei samisk næring og ein stor del av den samiske kulturen og språket er knytt til reindrifta. Men år for år minkar areala til reindrifta gjennom bygging av bustadar, forretningsbygg, vegar, kraftverk, gruver og andre inngrep. Når reindriftssamar må gi opp går bare ikkje ei næring tapt, men det er eit stort tap av kultur, språk og kunnskapar om natur og naturbruk.

LES OGSÅ: La fjella leve! Sørsamisk kamp mot vindmøller i beiteområder

Nylig gikk ei sak for Høgsterett, der ein ung reindriftssame hadde gått til sak for å få kjent ugyldig styresmaktene sitt pålegg om at han måtte slakte ned halve reinflokken og i praksis ikkje lenger kunne drive reindrift. Denne saka har blitt ei stor prinsippsak om retten til reindrift. Kan staten på eine sida kaste reindriftssamar ut av næringa fordi det er for mye rein i forhold til beitegrunnlaget, samtidig som ein godtar inngrep som reduserer dette grunnlaget. Reineigaren vann i to rettsinnstansar, men tapte i Høgsterett, ettersom Høgsterett aldri går mot statsmakta. Under rettssaka stilte søster til reineigaren ut eit kunstverk av 400 reinhovud på Stortingsplassen. Saka fikk stor merksemd, til og med Aftenposten skreiv på leiarplass at denne dommen betyr at reindrifta må endrast.

Kor var så Klassekampens redaksjon? Dei var ikkje i rettssalen. Dei var ikkje på Stortingsplassen og såg kunsten og hørte apellane. Dei sat vist på sine kontor og klipte inn «nøytrale» NTB-meldingar om saka og serverte som utfylling på nyheitssidene. I den siste NTB-meldinga om dommen var forøvrig bare landbruksministeren sitt syn funne verdt å referere, utan at det syntest å gjøre Klassekampen noko.

LES OGSÅ: En ung reineier og samefolkets 100 år lange kamp mot staten

Over heile reindriftsområdet kjempar reindriftssamar i dag for si eiga framtid. Men samtidig kjempar dei også for naturen og for oss alle som ønsker at det skal vere inngrepsfri natur igjen i Noreg. I Trøndelag har dei slåst mot vindkraftutbygging på Kalvvatnet og i Meråker og vunne begge stadar, i ein allianse med bl.a. Naturvernforbundet. Kor var Klassekampen da? Framleis kjempar dei mot Fosen-utbygginga, der saka går for retten, men der utbygginga enno har byrja. Kor er Klassekampen da?

I Nordland kjempar reindriftssamar, med støtte frå naturvernarar, mot gruveplanar på Saltfjellet. I Klassekampen har det ikkje stått eit ord.

I Troms har det blitt bygd ut svært øydeleggande vindkraftanlegg i reinbeiteområde og fleire er under planlegging. Klassekampen har ikkje sett det.

LES OGSÅ: FrP og Venstre vil sensurere samisk veggmaleri på ungdomsskole

I Finnmark er det bygd fleire vindkraftanlegg i reinbeiteområde, som har tatt frå reindrifta store beiteområde. Her har reindrifta klart å stanse tre vindkraftanlegg, mens det aller største no er under planlegging. Det møter kraftig motstand, nylig er det levert inn høringsuttalar frå både reindrift, bygdelag, naturvernorganisasjonar, samiske organisasjonar og mange fleire. Samtidig kjempar reindrifta i lag med andre mot gruveplanar i Kvalsund og utviding av gruve i Tana. Kampen mot gruva i Kvalsund har pågått i 7-8 år. Klassekampen har klart å forteie dette heilt.

Som abonnent på Klassekampen frå starten har det vore mye både å glede seg over og ergre seg over med avisa. Som så mange andre rundt i landet ergra eg meg stort over Oslo-dominansen og gleda meg tilsvarande over oppretting av tre distriktsredaksjonar, derav to skal dekke reindriftsområde. Eg var til og med så optimist at eg tok opp igjen betalinga til Klassekampens venner. Mens eg venta og venta på at no skulle spørsmål om reindrift, samerett, samisk kultur og språk bli tatt på alvor i avisa. Eg må dessverre seie at ventetida er over. Både hovudredaksjonen i Oslo og redaksjonane i Tromsø og Trondheim har fått så mye tips om samiske saker, men det blir lite av det. Jo, nokre artiklar har det vore, tildels ganske gode, men det blir einskilde eksotiske innslag, så ein kan seie at vi har da skrive om samiske spørsmål. Men når avisa med namnet Klassekampen møter ein reell samisk kamp, for reindrifta, for språket, for naturen, da skyggar ein unna. Det må vere mange sidan Klassekampen tok standpunkt i ein kamp som gjeld samiske interesser. Kor lenge må vi vente til neste gong? Sakene står i kø.

Innlegget ble refusert av Klassekampen.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

1 kommentar på Reindrifta og Klassekampen

  1. AvatarJarl Torfinn Hellesvik // 2018-01-14 kl 23:32 //

    Jeg regner med at dersom Svein Lund slipper til i Klassekamepen med sine samepolitisk motiverte fortellinger, så vil også jeg slippe til i Klassekampen.

Kommentarfeltet er lukket.