Desse åra er ikkje vår klimapolitikk noko kosmetisk, men eit spørsmål om vår og mange andre naboarter sine overlevingsmoglegheiter.
Endåtil i bøker om fysikk står der ” vårt univers”. Regelrett toskeskap. Endåtil dei religiøse herikring er ikkje så tilbakeliggande at dei trur det er ” vår jord”. Vårt univers”. Dei skønar betre. Om det omgrepet dei set inn istaden” guds univers”, ja det får ein heller stri med dei om. Det å forstå at det ikkje er vårt alt omkring oss — miljøet — vert avgjerande for vår eksistens vidare. Endåtil ei fysikkbok eg les “ei bitte liten nattfysikk” står slikt som dette: “under føresetnad at vårt univers er eit lukka system ” osv. Vårt altso. Umusikalsk av Roessler.
Til sist denne krangel om kor vidt universum er eit avslutta (lukka) system eller ei: Friedrich Nietzsche var så dårleg på å rekne så han ville dei ikkje høyre på. Men han løyste problemet alt på 1880-talet for desse fysikkprofessorane. Han peikar på at vi alltid berre einast er vår art som er komne til og ser på universum. Våre moglegheiter for å skjøne er særs avgrensa i tal og kvalitet. Difor er det sant: universet er eit lukka system og det ligg i vår natur at det er slik. Motbevis det den som vil og kan. Så beskjedenheit er det som vil kle best vår art i framtida, noko tilbedarane av mammon: oljetilhengarar og oljelobby ikkje er i nærleiken av idag.