Reklamen: Få vekk denne mobbinga av menneskets medvit

Foto: Bill Hicks

Reklamen er ingen bagatell. Den set oss ned. Han seier eigenleg: ”du er låg, du skal berre kjøpe meir og meir, dét er ditt liv”.

Kjartan Hatløy
Om Kjartan Hatløy (12 artikler)
Kjartan Hatløy er lyriker og forfatter.

Pengeeliten er sterk no ei tid. Mammondyrkarane midt iblant oss får reklame til å verke som noko greitt, noko som berre er slik, som at vi pustar. Slik er det ikkje. Reklamen er rike slekters påfunn, noko i høgste grad unaturleg og som ikkje tener andre enn dei sjølve i deira oppsamling av pengar. Den tener dei rike men den skadar oss. Den skadar folket. Gjerne mest born og unge som er uvitande om kor enormt mykje den har auka, som er vaksne opp med dette særs høge og sløvheitsfremjande trykket sendt mot dei av ei i tal, ganske lita gruppe.

LES OGSÅ: Trondheim bystyre forbyr reklame som fører til kroppspress

Rikmannsklassens menneksesyn
Vi menneske er åndsvesen, men reklamen seier kjøp vare X. Vi er åndsvesen, men reklamen seier bruk vare Y. Kva er menneskesynet hos rikmannsklassen? Det er dei som kvar dag skyt reklamen mot oss, dei hadde politikarar i lomma som gav dei høve til det. For dei er vi ikkje åndsvesen, men ein grå masse som dei ser som eit høve å auke sine konti litt meir.

Åndsvesen. Eit lite nytta ord. Gudsvesen. Somme religiøse nyttar det. Vi har ei prinsesse som visst gjer det, gud inni oss. Reklamen skyt på eit vis mot gud den då. Men dei religiøse seier lite mot skyttarane.

Eg kallar her medvitet ånd, for å sleppe finne opp eit nytt ord. Den ånda skal døy, men inntil vidare er kvar ånd kvar av oss, ei enormt sjeldan kosmisk hending. Så sjeldan at ein må vurdere nøye om kan hende eit menneske er viktigare enn ei sol. Kvar av oss er ein mental ”stad”. Verda, livet, medmenneske, presenterer seg der, på ein måte som er unik for kvar enkelt av oss. Difor er etter mitt syn kvart menneske heilagt i utgangspunktet og noko reint. Og det er mildt sagt opprørande at rike kapitaleigande slekter skal få lov å drive på med å spreie reklamens gift ti år på ti år inn i vårt folk. Opprørande at dei får halde på med å dra oss ned på så lågt nivå som reklamen vil ha oss.

LES OGSÅ av Kjartan Hatløy: Fienden må være oljekapitalen

Reklamefrie rom
Dei har det synet desse fåtallige, at vi er berre ”massen som skal kjøpe endå meir ting”. Ofte er det jo og særs skadelege ting, for oss personleg, for miljøtilstanden på Tellus. Men for dei rike lønner dette seg og då så. Situasjonen ikring oss, miljøtilstanden i vår tid, tilseier vi bør ende bør avslutte mesteparten av reklamen. Kjøpinga av ofte unyttige ting  og at det vert gjort i så stort omfang, står i vegen for å bygge ned fossilbrenninga i tide og om mogleg stogge oppvarminga. Fordi så stort tal av tinga av plast er oljebasert.

Reklamen er eit effektivt instrument rikmannsklassen tok i bruk for å berike seg, men dei kan og verte tvinga til å slutte å bruke det. Det hadde vore noko herleg å kunne sende reklamen tilbake til dei rike og mektige sjølv. Reklamefilm burde dekka kvar einaste vegg i villaene og småslotta deira, det hadde vore ein fest å tenkje på. Reklamen er ikkje som veret, ikkje noko naturen dikterer oss. Så vi som seier vi står til venstre må byrja ein strid også på den fronten: Reklamefrie rom må etablerast. Heimane våre må verte betre heimar, dei må vernast mot griske hender.

Vi på venstresida må ikkje gå og seie ”det er umogeleg å fjerne reklamen”. Seie det at reklamen har vore her 120 år, den er umogeleg å fjerne. 120 år er ubetydeleg tid i vår politiske historie. Vi som har både hjerne og hjerte må no ta oss saman og sette i gang eit par tiltak. Det vil vere umogeleg under rådande tilhøve å fjerne all reklamen. Vi må konsentrere om å få heimane reklamefrie. Og vi må få fjerna det verste av alt: all reklamen direkte på menneskekroppen.

Livsforringande
Nett korleis reklamen skadar er vel tydeleg. Den svekkjer kvaliteten på vår levetid og den er som vi veit stutt for oss sapiens. Reklamen bryt freden. Der det skulle vore fred, god tid til optimal oppfostring av born, tid til kjærleiken som ein no haussar meir enn noko tid før oss, og som for mest alle er av det viktigaste i menneskelivet, det vere seg som
eros eller agape; nett der bryt reklamen fram også på Facebook-fenomenet og formørkar timane og tida vår. Med sin permanente og omsynslause melding: Kjøp X, kjøp Y, kjøp meir. Ikkje minst i desse turbulente åra tek slikt vekk tid alle borgarar burde nytte også til lesing, avis, politikk. Og ikkje minst alle arbeidarklassefolk burde no fylgje godt med, om ikkje dei atter skal bli fullstendig marginalisert, skubba heilt vekk som politisk kraft, noko borgarskapet godt kunne tenkt seg.

Reklamen bidreg til vidare sløving. Reklame innan byrommet, d.v.s. den fælslege visuelle forsøplinga av det ”nemner eg ikkje” å få vekk slikt, det vert for vanskeleg no. Men venstresida bør ta opp strid mot desse to reklametypane eg nemnde, krevje slutt på reklame-tv utan omsyn til konsekvens for kanaleigar, dei serverer for det meste søppel likevel. Eller prøve fremje teknologi som kan stengje ute reklame frå det enkelte apparat. Vi må endå oppatt, krevje reklamefrie heimar og få slutt på all reklamen på atletar. Den sistnemnde opprører mest. Og den seier mest om dei rike slektene, kjedeeigaranes og fabrikkeigaranes menneskesyn. Dei brukar unge menneske som instrument, som levande skilt.

Kampen mot reklamen kan vinnast. Og det er berre venstresida som kan oppnå noko som helst her. Det første vert å fjerne trua i oss om at kapitalistklassen er sterke som gudar. Tek vi ikkje opp dette og let dei i staden halde på, så skadar det også vår eiga sjølvrespekt i lengda. For reklamen er ingen bagatell. Den set oss ned. Han seier eigenleg: ”du er låg, du skal berre kjøpe meir og meir, dét er ditt liv”. Martin Heidegger skreiv mellom anna i Vere og Tid om eigentlegheit, at ektheit og sannheit var å trakte etter i livet, leve og studere, tenkje, også tenkje på den eigne døden, nettopp for betre å leve. Reklamen bidreg motsett veg. Egyptologen Jan Assmann skriv ein stad om menneskehistoria at vi må få til det at den blir ei suksessforteljing. Vi som står til venstre må prøve nå fram til det. Kvar av oss har ansvar for det. Assmann skriv at det verkeleg oss verdige sivilisatoriske prosjektet er å prøve å temje mennesket til å bli medmenneske. I det bildet er dei rikes viktigaste instrument for å gjere seg endå rikare, reklamen, ein fiende å rekne med.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.