Fienden må være oljekapitalen

Foto: Hannes Grobe

Mange av politikarane som skulle verne oss og leie til betring, er sjølve oljekapitalens lydige reiskapar.

Kjartan Hatløy
Om Kjartan Hatløy (6 artikler)
Kjartan Hatløy er lyriker og forfatter.

Då kristendommen var sterkare var djevelen den fienden alle visste om. I dag er ein meir uviss. Men kan hende er det slik at vi også i dag strid mot ei vond kraft.

Ved ”standing rock” merkar mange no den effektive kloa til den fremste politiske fienden til folka på jorda, nemleg: oljekapitalen. I USA versjon både kjøper og slær den seg fram desse tider, oljeleidninga skal fram. Også gjennom område som for lakotaindianarane er heilagt. Viljen til ein liten rest av dette eingong store folket skal brytast. Sist eg såg, er 167 skadde i striden. Men Greenpeace skriv at dei har ingen varige politiske fiendar.

LES OGSÅ: Hensynsløyse som harmoni

Veit Solberg konsekvensane?
Våre dagars djevel har ikkje horn og klauvar, men den er vel så sterk. Ein usynleg og ein særs synleg komponent. Konsekvensar og skadar etter oljekapitals herjingar finst no mengder av, fracking, oljesand berre litt grelle døme. Viljen til leiarane til aktivt å leie eller bidra til vond handling er den usynlege komponenten og må aldri undervurderast. Og det er no nødvendigvis bevisst vond handling,  no etter at forskarane gjennom nær 20 år, har så og seie einige åtvara mot oppvarminga av Tellus. Og mot øydinga av hav. Vår art er flinke mot ytre fiendar. Mot ytre fiende har vår art kunna bu seg og slåst, truleg sidan vi var ei art sjimpanse. Men no angrip ei vond kraft  så lumsk som aldri vår art har sett, erfart, opplevd. Den angrip med ”stealth”. Og på det viset er den rykka inn på livet av oss og vi merkar det så å seie ikkje. Det vil seie rettare: styresmaktene merkar det ikkje, eller dei er sjølv medverkande i angrepet. Oppvarminga  av jorda, sjølve øydinga, kjemikaliepresset vi no utset jorda for, skjer så sakte at berre eit mindretal trykkjer på alarmknappen. Enno for få som oppdagar at vår framtid som art er truga, truleg ikkje med utsletting, men med å gå frå å vere ganske trygg og med nokolunde kvalitet, til noko så nær elendig. Veit Erna Solberg og Jonas Støre konsekvensen av to meter nivåstiging av havet? Vil desse vente med å snu til det vert eit faktum? Snarare byggjer desse verkeleg stakkarslege politikarane enno ein ny stor flyplass eller utvidar Gardermoen for tredje gong. Dei har meir tru på det.

Oljekapitalens leiarar og handlangarar oppfører seg særs fredeleg ved null opposisjon. Men sjå no på knyttneven mot lakotafolket i Nord-Dakota. Og om no Natur og Ungdom fór ut på snøgge båtar til Nordsjøbassenget og forskansa seg i ein rigg, kor lenge før knyttneven kjem? Eller gjerne verre? Dei som seier vi ikkje har politiske fiendar, tykkjest meg born.

Freden som no rår,” business as usual”, er berre tilsynelatande. Det som rår er ein krig, still og effektiv, som skaffar enorm kapital og makt til få, men som alt no er byrja medføre dårlegare liv for oss og mange nabo arter. Arts”døden” er ikkje noko romantikarar diktar opp.

LES OGSÅ: Arrestordre for journalist Amy Goodman og presidentkandidat Jill Stein

Må avviklast
Det kjem ingen ballistiske rakettar mot oss og ikkje mot USA eller russland no i dag. Men noko som er verre, i det lange syn. For oljebrenningas konsekvensar rammar over alt, stilt og overalt. Rammar kvar kvadratcentimeter av planeten vi er avhengige av. Det går føre seg ein stille krig mot vår livskvalitet som den vonde krafta kan vinne. Men noko verkeleg nyting av sigeren  vil aldri komme, iallfall ikkje for deira barnebarn. Denne stoda vi har no, er noko annleis enn 9.april 1940 og på somme vis noko verre. Politikarane mobiliserte for seint då og dei mobiliserer ikkje no, mot forureinarane av atmosfæren og hav og drikkevatn, det som no lakota kjempar om. Mange av desse som skulle verne oss og leie til betring, er sjølve oljekapitalens lydige reiskapar. Somme utan tvil medvite, somme fordi dei ikkje ser nokon fare, same kor mykje dokumentasjon forskarar legg fram. Muslimane i Saudi-Arabia, deira miljøengasjement er visst lite. Dei har sitt sjølvstendige ansvar for å få stogge oljekapitalen og vi alle her har det. Vi som i tide vil bygge ned oljeindustrien og krev det må byrje alt no, får til svar: ”de vil ta maten ut av munnen på 80.000. menneske.” Nei. Men vi vil ta den tid det måtte trenge å hjelpe oljearbeidarane å gå over i yrke som ikkje direkte eller indirekte skadar framtida vår. Eller skal vi vente til orkanen på Vestlandet doblar seg og tek alminnelege bustader? Nedbøren på Vestlandet har auka 10% på 20 år, ifølgje Meteorologisk institutt Bergen. Bygene av hagl og regn som kjem inn frå havet, er blitt mykje sintare.

Dette vil ta tid, ja. Og levestandarden vert då lågare. Ja. Det er ikkje berre Hustad som ser det, det ligg då oppe i dagen. Men å halde fram med olje, halde fram med dette å tale om miljø og grønt skifte, men bygge større flyplassar, fører til — ja eg har sagt det nett. Leif Sande leiar i fagforbundet Industri Energi og i mangt så dyktig. Særs dyktig er han ja, og vert attvald og attvald.

Men: Først og fremst leiar han menneske, i andre omgang kjem at dei er oljearbeidarar. Leif Sande og vi –før alt anna, er vi kosmiske borgarar, vi har fått mykje av ansvaret  for Tellus. Det ansvaret må Sande og vi andre no ta. Å leie for Leif Sande no, er etter mitt syn å bu oljearbeidarar på at arbeidet på riggane må ta slutt og at det r verte slutt og så snart som råd er. Og at nye jobbar mest truleg vil vere ei tid unna og vert dårlegare betalt. Og eg er ingen livsfjern drøymar. Eg har sjølv jobba over 17 år i verftsindustri. Då var den heldigvis ikkje oljesmurt. Eg har sjølv vore i klubbstyret og eg har vore verneombod. Eg veit kor tøft det vil verte å gå ut til ei forsamling og seie at industrien vi er i må avviklast. Fotballfolk  talar støtt om lagånd. Dei einskilde spelarar tenkjer på laget og saman vert dei sterkast. Her utviklar Sande og LO eit lag som er reint framifrå blitt, men som spelar til beste for ein farleg fiende. Eg veit godt at dette kling hardt, men eg meinar det eg skriv og eg er ein som har fylgt godt med og ikkje berre på fagforeiningsstrevet, lønskampen, elles viktig nok.

Ein permanent fiende
Den politiske fienden er permanent og sterk og farleg for oss, endå Greenpeace hevdar som avgjort at det eksisterer ingen varig fiende. Men sjå då: dei motige siste restane av lakotafolket strir jo no nærast for liva sine mot han! og de skriv han finst ikkje? Dei strid der i Dakota mot ei vond kraft der den usynlege komponent er farlegast og vanskeleg å slå, for den finst i hovuda til prinsar i søkkrike slekter som sit med sine smarte hjelparar på fjerne kontor. Til sist: Sett no at Carl i Hagen og hans gjeng Amundsen, Søviknes og slike, verkeleg har rett og oppvarminga av kloden finst ikkje. Hava er ikkje fulle av mikroplast og greier seg sjølve og godt. Sett at bresmeltinga skuldast ein endring på  sola. Då er iallfall mitt svar at oljebrenninga likevel må ta slutt. Oljebrenninga er forureining av luft, livsemnet luft, sjølv om oppvarminga skuldast eitkvart i vår jord sjølv. Kvifor skulle det vere umogleg å aktivt bygge ned oljen og redde klima? Vel, å byte ut oljen vert umogleg om vi ikkje samstundes som ein særs ung art på ein krevjande planet, lærer sette tæring etter næring. Vårt plast- og oljeforbruk,  vår hang til å fly meir og kjøpe endå større bilar, det er blitt eit slags heroin, og mot dette må vi byrje kjempe også og straks. Opne ein ny front som det heitte i militærspråk før. Vår tingdyrking øydelegg oss no som åndsvesen, som dei utruleg merkelege vanvittig sjeldne fenomen vi er, kosmiske vesen, borgarar av ein galakse, truleg dei einaste slike. Ein treng rett og slett ikkje at ungane druknar i gåver og papir, tingdyrking er til skade. Alle desse turane til Thailand eller enno lengre for å ligge i sola trengst ikkje. Derimot å gje menneska vår vestlege filosofi og kunst og logikk frå barneskulen av. Studie av bærekraftige sivilisasjonar som det faraoniske Egypt, som indianarfolka. Truleg hadde vi utvikla erstatningar for fossilbrenninga for 20 år sidan dersom ikkje oljekapital og oljelobbyar hadde stått i vegen. Desse har midlane og desse syter for at konkurranse ikkje oppstår. Og med det same: kva i all verda er det dei tenkjer med dei kunstnarar som tek imot statoilstøtte?

Vi må forske meir intensivt på grøn energi ikkje mindre som er det som oljekapitalen ønskjer. Midlar til forsking på fornybar energi må utgjere atskilleg meir enn dei to prosent eller gjerne mindre, som  no går dit.(Finansdepartementet svarar ikkje på spørsmålet om kva tilhøvet her er, mellom inntening på olje og midlar til forsking på grøn energi). For dei indianske folka hadde rett. Dei peika på noko livsviktig all den tid: at dei kvite si haldning til Jorda er feil. Seattle peika på det i den vidkjende talen. Tu Cum Seh det same.”De syner ikkje nok respekt” sa han, sa høvdingane for Suix for Apache og for Cree. Skulle oljen ikkje vere øydeleggande for atmosfæren så må vi no likevel innføre at vi så langt råd er, ikkje skal bringe framandt inn i den lufta vi pustar og som ditt barnebarn skal puste. Vi må ikkje forgifte reiret vi ligg i. Vi må forstå at Tellus er større enn oss. At det endåtil kan oppstå arter på Tellus som er viktigare enn oss. Vi må stutt sagt byrje syne respekt mot kvarandre, også mot dei vonde, ja, på eit vis, men absolutt ikkje mot det vonde dei gjer. Vi bør framover syne varsemd mot Jorda, hugse vårt ansvar som kosmiske vesen, det er stort ansvar. Denne ansvarlege haldninga har vore her hos oss før. Å halde ein fjord nesten heilag, i alle fall ikkje nytte den som søppelplass. Den tenkinga har vore her, skubba tilsides no, ja men mange av oss har den i oss og vi vil vinne om ikkje så lenge.

Indianarfolka tenkte og handla slik i sine beste tider. Det same gjorde Det faraoniske Egypt og byrja i det Gamle Riket med det, for 5000 år sidan om lag. Skriftene deira har vi, kunsten deira finst. Dei tok vare på sommarfuglane, sniglane var noko dei akta. Dei tok vare på det svakaste, vidt ikring endå noko demokrati var dei ikkje. Kvinnene der hadde status. I alle fall i  høgkulturen vart gudane deira framstilte med fuglehovud, guden Sobek som krokodille. Vårt folk våre folk i vesten som er dei eg kjenner, vi må lære av desse, vi må og prøve å bli ein høgkultur. Og vi nordmenn, det framifrå utdanna folket vårt, må byrje no.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 46924315
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.

Meld på nyhetsbrev