Dikten, naturen og mennesket i kosmos

Verdas største blå diamant vert noko stygt, dersom den er kjøpt etter at ein har tynt sveitten ut av gruvearbeidarar som slit for ei luselønn. Men den blyge auget til ei nise i Åfjorden er vakkert. Augnestikkarars kropp og vesen er vakkert. Skulle derimot arbeidarklassen eige diamanten og rentene på verdien gjekk til fattige barn, ja då ville den digre blå diamanten vere vakker.

Kjartan Hatløy
Om Kjartan Hatløy (12 artikler)
Kjartan Hatløy er lyriker og forfatter.

Eg tek til med eit uvanleg ord.:«Det opphøga», riksmål: «det opphøyede», tysk: «das Uberhøhte». Først nokre lause påstandar: det opphøga står over oss. Det vakre i diktet viser det opphøga, til dømes i naturen. Naturen treng det vakre i diktet. Naturen treng vår age — vår ærefrykt overfor det som ikkje er oss. Den treng at vi har age for svartesniglars livsrett. Ikkje berre for menneskas behov og trong og krav. Age kan framkallast ved det vellukka diktet. Det kan verte ei religiøs kjensle.

I gammal gresk finst dette omgrepet: «fainomenon» det betyr: «det som viser seg.» I det følgjande seier eg litt om kva som viser seg for meg.

Attom seg har alle mine diktbøker tanken om Kosmos. Kunnskapane som astronomane og  astrofysikarane legg fram. Særleg dei om galaksen «vår» at vi høyrer til ei ganske lita sol heilt i ytterkanten, 30.000 lysår frå senteret. Astronomien viser oss at menneska og medvitet er komen fram i kosmos  på ein merkeleg måte og etter hendingar vi veit om, men ikkje forstår. For big bang-teorien forklarar ikkje framkomsten av kosmos. Einstein rekna på utviklingar «a split second» etter det som eventuelt bringa kosmos inn i eksistens.

For meg verkar det ikkje fjernt å lese astronomi. Å lese og tenke på astronomi er mellom anna å få vite kvar ein er. Mogeleg det er u poetisk-men for meg er ikkje stjernehimmelen «lyse punkter» eller noko slags dryss. Stjernene, dei er store soler, Betelgeuze i Orion, er så stor at diameteren er som Neptuns bane. Somme særs energirike og «sinte» slike som til dømes: Sirius. Naboen vår. Eg vil fram til dette, at vår bevisste tanke har komme til som følgje av det som hender i galaksen. Gravitasjon bind saman galaksen vår med nabogalaksane. Og som naboar i Kosmos er dei det ytre liggande landskapet. Sola kalla dei før «Helios». Vi som art, tenkjer, alle vi som er her — og dette som følgje av utviklingar i sola og i jorda. Kva som byrja desse utviklingane er i det løynde for oss. Når vi ikkje veit så grunnleggande ting, så er det teikn på at vi skal ha forsiktigheit i oss og age for at fenomen vi ikkje fattar kan ha andre mål enn oss, «det opphøyede» kan ha ei vilje som vil noko anna og mogleg med større og mogleg viktigare plan enn berre å framskaffe vår art.

LES OGSÅ av Kjartan Hatløy: Klima og kosmos

Astronomane kan forklare i grove trekk korleis sola verkar. Diverre kan ikkje «respekt» for sola og for  jorda utleiast på liknande vis som fysisk lov og nødvendigheit. Dette er det eg driv med — å ha og å syne fram respekt for menneska og menneskas beste moglegheiter og dei beste moglegheiter for alt liv. Eg vil peike på at eit dikt om ei vevkjerring eller om arbeidarar som drøftar bilar grunnar seg på slik respekt. Ein stutt tekst om nabodama som lagar seg ein park, er eit fenomen i kosmos. Diktet er ikkje mindre merkeleg enn dette at sola pøser  energi kvar sekund rundt ikring seg og har halde på med dette arbeidet 5 milliardar år. Ho er eit fenomen: ho er dette som viser seg. Slik er det og med diktet: det viser fram. Det viser fram si form og det forma viser eller fortel.- Eitt viser fram vevkjerringa, eitt viser fram arbeidarar eller ein epleblome. Dei viser seg i diktets form. Så gjer eg ei brå vending og spør: kvifor er ikkje diktet om alkoholmisbruk eller om det gjerne aller vakraste: den store kjærleiken? Då vil eg svare med eit råd diktaren Arne Ruste gav meg for 24 år sidan då han var læraren min på eit skrivekurs i Sogn: «Skriv om det du har greie på» det var hans klare tale.

Dette som eg nemnde først, «det vakre» har nokon greie på det? Kva vil det seie at «det vakre» viser seg? Eg har skrive ofte om øyeblikka, om småhendingar i kjøkkenet som eg prøvde vise at eigentleg er store. Måten ei kråke flyg inn på altanen på. Men oftare har eg fokusert på det tidlaust vakre. Den mystiske «sola» som nokre skriv er «vår» sol. Tyskarane skriv stundom «dagstjerna» om sola, denne mektige livgjevaren. Eg har fokusert på fjordens vakkerheit, nesten tidlaust vakker den òg. Men eg har diverre denne store mangelen at eg ikkje har greie på det gjerne vakraste av alt: den store kjærleiken. Ergo — difor kan eg anklagast for å ikkje ha lagt fram eitt einaste ord om den. I komande boka kjem nokre ord om den små kjærleiken.

LES OGSÅ Kjartan Hatløy om oljedebatten

Men eit blikk og eit ansikt tilhøyrande ei blåmeis er også vakkert, sjølv om det er i ein litt lågare liga. Og der er det eg har halde på. Ei blåmeis har svart auge som ser på deg ut frå ei svart smal stripe og den vesle issen er lyseblå, av dette kjem namnet.

Kva er det vakre? Eg meiner at det vakre ikkje kan vere ein flunkande ny sportsbil eller ein oljeplattform; eller smykka til ein av rikingane. Jau mogeleg om det var ein el-sportsbil kunne den høyre til det vakre.

Verdas største blå diamant vert noko stygt, dersom den er kjøpt etter at ein har tynt sveitten ut av gruvearbeidarar som slit for ei luselønn. Men den blyge auget til ei nise i Åfjorden er vakkert. Augnestikkarars kropp og vesen er vakkert. Skulle derimot arbeidarklassen eige diamanten og rentene på verdien gjekk til fattige barn, ja då ville den digre blå diamanten vere vakker. Då ville lyset frå den diamanten vere «det vakre» det lyset ville då vere ein manifestasjon av «det opphøyede» for no for ein sjeldan gong nytte riksmål.

Det er eit mål å la det opphøga få spegle seg i det mest vellukka diktet. Det beste Diktet, må kunne gje dette eg talar om, eit rom der det kjem til synes. Ein ørliten del av det «opp høga» kan vise til det aller største som vi vanskeleg har ord for, sjølve eksistensens faktum dette «eg er». Eit dikt om hjortens auge og kva det speglar kan vise til harmonien i kosmos. To som har tenkt på slikt er Max Scheler (1923) og Martin Heidegger (1927.) Å «vere i språket» vere «Undervegs til språket» (boktittel) det kalla Heidegger dette å vere med i den store pågåande hendinga. Han kalla det opphøga for «storhendinga» das Ereignis. Eg hevdar at det opphøga kan vise seg i diktspråket, men diktet er ein for liten stad for slikt, det kan berre vise noko på eit mikronivå. Eitkvart dikt om det vakre, om storhendinga, sjølv det mest vellukka er berre å rekne som vage hjelpelause forsøk på «fange» slik stordom.

Kjartan Hatløy. Foto: Oddleif Apneseth/Oktober Forlag

Eg tek med, at for meg er mysteriet viktig. Dette mirakuløse at kosmos finst at det er, at det på anna vis enn vi: eksisterer. Det kunne (kan hende) også vere slik at det ikkje eksisterte. Eg tek og oppatt at for meg høyrer galaksen vi bur hos, med i det vakre. Dei milliardar soler som lyser nett no medan vi er her, og dei som nett no «sloknar» som vi menneske seier det, når dei ikkje lenger brenn når dei som det ser ut for oss, ikkje har stråling, ingen aktivitet. At sola og hjorten er med i det vakre.

Det stygge sin realitet kan vi ikkje få vekk, vi menneske. Aldring, sjukdom og død sin realitet og nådelausheit går ikkje an å avskaffe. Den sida veit vi vil vinne over kvar av oss som enkelt individ. Men alt tyder på at kosmos, det opphøga — det fenomenet held uavkorta fram med å vere og utvikle seg. Og det er ikkje sikkert det går mot nokon slutt i det heile. Tvert om kan det vere så høgt over oss at det går mot ein type mål vi menneske slett ikkje har føresetnader til å skjønne. Det kan vere mål så høgt over oss at vi ikkje treng prøve å tenkje det ut, endå om ein skulle vere den beste professoren på kloden i teoretisk fysikk eller verdas fremste kosmolog. Vår innsikt i kosmos kan gjerne samanliknast med den innsikt ein meitemakk har i filosofi.

Enkeltordet for det som både er vakkert og opphøga er «harmoni». Det er særs lenge sidan eg var 13 år og ihuga maoist og ikkje visste kva harmoni er. Men eg var jo Maoist som berre hadde lese den vesle raude sitatboka og kan hende hadde Mao god greie på harmoni..! Menneske som plukkar plast or havet, det er harmonisk aktivitet. Dei som plukkar plast og tek med seg frå strendene tilhøyrande ein lysande fjord er dei som lever i ein harmoni. For dei er innkopla i det at Nisene og Spekkhoggarane dei skal få halde fram med å ete etande ting i denne fjorden. Det er harmonisk å halde på slik å hjelpe. Det er ei hjelp på to sider: hjelp til dyr som er langt eldre enn oss på denne planeten er, og hjelp til oss sjølv som art. Hjelp til oss sjølv som art er å hjelpe alt som skjønar at vi må verte blygare, forsiktigare, både som folk og som art. Vi må innsjå presset vi utøver med vårt milliardtal individ mot kloden, og vi må hjelpe dei som skjønar det at vi må ikkje øydelegge vår livssfære. Vår smale, smale biosone. Alle som går inn med slik hjelp er i harmoni.

Kan naturen vere med i det «opp høga» når eg seier naturen treng vår hjelp? Vel naturen går  vidare godt utan homo sapiens omkring. Men den er både opp høga og treng vår hjelp. For eksempel den hjelpa at vi sluttar stelle oss slik, at andre uskuldige arter, vert borte frå planeten, eller sterkt minkar.

Harmoni som eg seier viser til det opphøyede, den kan vise seg  noko særs blygt og lite. Harmoni kan vere ei lita vestnorsk elv. Den er liten, nesten berre stor bekk og få ser den. Men det lever der eit lite «folk» av ørret. Desse lever altso nedi straumen av varierande styrke og i sine samspel med det alltid strøymande vatnet, enno reint. Og er der i samspelet sitt med makkar og fluger og mangt anna flygande. Og i samspel med sollyset, korleis sola står gjennom årets gang. Den elva eg tenkjer på og har skrive om kalla ein kritikar for ein «kosmisk straum». Eg tykkjer det var særleg godt sagt. Såpass kom eg ikkje på sjølv. Harmoni oppstår mange plassar og på uventa vis kan den komme fram. 40 høge tistlar på ei glenne i ein skog kan vere harmoni. Alt livet ikring dei mørk lilla tistelkronene, libellene og dei kvite sommarfuglane som kjem på besøk på seinsommaren, det er harmoni.

Kvifor har eg ikkje laga kampdikt og sendt dei ut for å behalde og fremje og forsvare harmonien eg nett nemnde? Kvifor har eg ikkje dikta omkring det vakre i sjukepleiarane som på ei dementavdeling gjev sine pasientar dei best moglege livstilhøve mot «alle odds»? Dette får hange i lufta. Så var det om diktet, sjølvaste «diktet» og fenomenet «det vakre». For meg er det slik at diktet vert vakkert i det det nemner eller fremjar aspekt ved verda som på ein måte vekker opp lesaren til å sjå frå ein ny vinkel. Nokre døme: «elva fer gjennom ørreten» Og noko meir krevjande å ta til seg: «elva dreg heimatt gjennom ørretene.» Eg synest at dei vakraste dikta er dei blyge. Dei er ikkje høglytte reklameskilt. Dei vert vakre ved å ta dei minste sitt standpunkt. Her ørretane.

Diktet om ein lysande fjord vert vakkert i det diktet nemner han, nemner fenomenet. Diktet låner noko av fjordens vakkerheit når det viser fram hans eigenverdi. Når det viser fram øyeblikka med straumskiftingane der og med livet i grunnane, med tareskog med blå gom og berggylter. Eg vil gå så langt som å seie at her vernar diktet fjorden som noko verdfullt noko, som ikkje sjølv kan vende seg til menneska. Greier diktet å få fram fjordens verdi er det vellukka og vakkert. Resten er opp til det politiske skjønnet hjå lesarar. Det vellukka vakre diktet treng ingen rim og det proklamerer ikkje, det kan oppnå å ha mykje i seg, med få blyge liner. Eit dikt om tallerkenen og oppvaskkosten kan lyfte eit kjøkken opp til å vere ein stad for stor undring over livets gang. Beint ut sagt: ein tallerken med ei blå rand rundt kan verte ei stad å vere for underet menneskets eksistens er.

Kvifor manglar kampdiktet i min produksjon?

Kvifor har eg ikkje skrive dikt som kunne verke som appellar til bruk i den politiske striden for å berge miljøet, omgjevnaden vår, naturmangfaldet? Kvifor er det ikkje skrive eitt einaste kampdikt mot oljekapitalen, mot den etter kvart særs skadelege verksemda til Statoil, Exxon, Shell?

Kvifor har eg som venstreradikalar aldri prøv på å skrive dikt i nærleiken av det Rudolf Nilsen greidde? Slike dikt burde eg ha skrive og eg burde ha skrive kampdikt til bruk for menneske som prøver berge klima på kloden. Men noko har hittil hindra meg i slik direkte deltaking. Kva er det?

Eg kunne ha laga kampdikt om då eg prøvde hindre at bedriftsleiinga på verftet eg jobba på, lukkast i å tvinge arbeidarane  ned att i maskinrommet på sveisearbeid, like etter skotta var mala med plastmaling. Kvifor vart det ikkje?

Eg har ikkje «brunne» nok for kampsituasjonen til å skrive om den. Rettare sagt: då var eg for mykje i brann til å skrive eitt einaste diktord. Det som har drive meg til diktskriving er den klåren og det skarpe synet eg har fått så ofte av kjensla: du er åleine og desse er her: livet og døden. Når eg er gjesta av desse tre kreftene: åleine-livet-døden. Då er det at det vakre har synt seg, at harmoni har synt seg, når eg i ei slags merkeleg ro har sett ut på verda ikring meg. Og eg har dikta ut frå den roa, dikta ut frå den klårheita. Eg nemnde mangelen på den store kjærleiken. Den har eg snudd om på til å verte ikkje fullt så lammande. I staden for denne, har blikket mitt vorte skarpt ut på verda. Eg har oppdaga dei minste verande vesen. I gråblå grus ei raud vevkjerring på tre-fire milimeter. Namnet har eg berre på tysk:«roter samptmilde». Noko grøn halvvegs tang, på ein strandstein i Åfjorden. Desse små verande tykkjest meg verdfulle. Og eg har tykt at dei liksom har presentert seg for meg og sagt: vi vil gjerne bli sett.

Eg er livsdyrkar. Men memento mori-krafta trur eg har vore den «gjesten» som har verkeleg fått meg til å skrive. Tanken og krafta: memento mori, er ikkje på nokon viss dato. Den har effekten: alt du ser på no, vil du om ei tid ikkje sjå. Ergo er dette du ser på no, det motsette av sjølvsagt. Du ser ut på ei pågåande hending av største verdi og potensial: menneskets eksistensmåte. I menneskets eksistensmåte er du innkopla og du kan blande deg inn ved å  a) rapportere om det vakre om det harmoniske og b) bringe ved skriving noko framifrå vakkert inn i eksistens. Kvart dikt, det er ein ny freistnad på å oppnå dette, det er eit ideal eg dyrkar og som min praksis er knytt til.

Eit døme på kva som vert sett: 40 solglimt dukkar opp i løpet av ein minutt på ein mørkeblå eller svart fjord. Min respons: desse glimta viser seg for deg, desse «er til deg». Noko så vakkert som dette medan milliardar av soler lyser like ved deg, det må du no fange inn og gje att for medmenneska i den grad det er mogleg å gjere det.

Memento mori. Ja så sant — difor dyrkar eg livet, og då meiner eg ikkje berre menneskelivet. Men meiner mennesket i sitt samspel med «omgjevnadene», merk ordet. Det er noko som nemleg vert gjeve her. Omgjevnadene gjev. Somme gonger tek også omgjevnden og er hard. Kreft  er hardt. Mange lid  og smerte er i omgjevnaden. Og ikkje berre i oss eldre. Men somme menneske vil diverre berre ta. Oljekapitalen og deira handlangarar vil berre ta og berike seg med pengar. Dei er ikkje snille og dei veit no stoda, alle av dei gjer det no etter det klimaforskarar så og seie samstemte legg fram siste 20 år. Eg hevdar dette, sjølv om mange av dei skulle vere snille med eigne barn.

Eg summerer då at i meg er eksistensen slik skissert, langt viktigare i praksis enn situasjonen som har vore og er med politisk kamp. Livets faktum, livets faktisitet; alle solstrålene som enno når mitt medvit, tidsstraumen og det underet at eg er. Desse fenomena har råka meg primært. Kampen sekundært. Kritikken: «han skriv ikkje om menneske.» råkar meg ikkje mykje. For kvart einaste dikt viser fram nytt ved diktskaparen. Han vil vel alle vere samd med, er eit menneske så godt som noko. Dikta kan på eitt vis seiast å ikkje gjere stort anna enn å kartlegge eitt menneskes medvit. «Superegoist» vil mange då seie. Nett den påstanden har gjerne noko føre seg? Ein diktar, som eg hevdar eg er, må ha lov å ha stort fokus på seg sjølv. Elles hadde han eller ho, ingenting å komme fram i offentlegheita med.

Ansvaret.

Det vakre mellom menneske og det vakre i naturens harmoni har vi, som er ein så viktig art på Tellus, ansvaret for å bevare og helst forbetre. Vi må lage dikt om det, vi må skrive artiklar om det, vi må bruke alle lovlege middel for no å stogge oljekapitalen som trugar med å jage vår art utfor eit klimastup. Denne kampen står eg og mange andre i og den er akutt viktig. Vi må ut i strid mot plastindustriens globale diktatur. Samle plast på strendene og prøve slå tilbake kjelda. Dikt som viser respekt for alt levande liv i sine biologiske nisjer, deltek i striden på sitt vis. Alle som driv med slikt er innkopla i noko viktigare enn personleg makt og lønskampar. Alle som vert med i miljøkampen på eitt eller anna nivå, eg vil våge å hevde at dei driv også på med det. «OppHøga», det opphøyede, das Uberhöhte.

For meg kan det seiast å vere det heilage. Kva så det heilage er, kravet om å svare på det spørsmålet stiller eg til dei frammøtte.

Teksten ble framført på Litteraturhuset i forbindelse med utgivelse av Hatløys siste diktsamling.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.