Oljedebatten

Oljeraffineri i USA. Foto: Walter Siegmund

Menneskje og deira barns liv er svekka av kapitalklassens rovdrift på planeten no alt, og treng vårt vern.

Kjartan Hatløy
Om Kjartan Hatløy (12 artikler)
Kjartan Hatløy er lyriker og forfatter.

Det ser ut som oljeforkjemparane er så smarte. Det ser ut som dei vinn alle debattar. Gjer dei det?

Ja, dei vinn debattane no, i den tydinga at dei får folkefleirtalet inn på si side. Desse får folket vårt med på å meine: «faktum er at all verda treng olje nesten til alt. Klimaforverring er kan hende og eit faktum, men vår olje vår gass skadar minst. 200.000 arbeider i oljen ifølgje oljeminister Terje Søviknes. Norge må vere rikt vidare, oljeindustri må fortsette, kan hende auke.» Slik sett er debatt vunnen, folket er roleg, alt som før, oftast trygt. Og dette vert repetert, det vert øvd inn, propaganda er jo repetisjon. Og det vert repetert av menn med høge titlar, ofte TV-messig dei same, også det repetisjon, del i propagandaen. Mot stemmene imot oljeforkjemparane, ja vi vert for få og lette, mange av oss er og urøynde i media, og diverre: journalistklassen stiller i praksis opp på oljeforkjemparane si side i gjerning. Same med LO som ser for lite langt, fleirtalet av dei stoggar ved jobbtryggheit. Før trusselen kom, og vart så akutt som den no er, var det så absolutt rett for dei. No er den haldninga farleg.

Ja, smarte er oljeapologetane, på nokre minuttar er poenga presenterte og dei kjem fram med dei på forbløffande mange måtar. Men eigentleg er dei få: Rikdommen vår. Arbeidsplassane. Det er desse to. Men dei vert framført klårt, men og høveleg raskt så ein får ei visst inntrykk av intelligens. Alt supplert med dei kjende tal, dei ymse fakta namn på felt, talet på oljejobbane.

Så framstår då vi i det vesle mindretalet derimot svake, også av mangel på debattrøynsle litt stive, naive, altso nesten dumme. I alle fall følelsesdominerte, det skal då vere noko livsfjernt, les: følerier. Vi i mindretalet er dei stygge som vil ta jobbane frå folk. Saka avgjort.

Sjølve tema ein starta med, trugsmålet alle, også statsrådsbarna står overfor, er plutseleg vekke. Med smartheit og journalismens hjelp er det «vekke». Ja det spørst det då.

Folket vert slik lært til dette synet: at trusselen mot vår art, mot atmosfæren og såleis alle ja det er ikkje vår sak. Vi forureinar visstnok atmosfæren. Men denne må halde fram fordi nivået på bilar og flytettleik må halde fram og det er trygt at det er som det er med den. Og olje- og gassprodukta, ja dei sel seg godt. Samla: Vår oljeproduksjon er ei naturlovmessigheit! Og det lønner seg direkte i banken kvar månad å meine nettopp det. At nokre heilt andre enn Norge må ta initiativ. At nokre heilt andre må finne opp ein oljeerstatning ein gong inne i framtida, vi og våre har ikkje noko med det. Kan nokon i verda vente at vi skal slutte med noko vi tenar så gode pengar på?

Og likevel er ikkje vi i det vesle mindretalet dumme. Men vi kan vere seinare enn dei smarte oljeelskarane, vi er ikkje så sjølvsikre som det Søviknes er det, som Sætre, som Sverdrup, desse vande mediatungvektarane. Og dette kjem av noko i saka sjølv. For det å tenkje på Jordas sunnheit og helse er ei mykje vanskelegare oppgåve enn dette å avlevere kvikt og alvorleg og greitt: milliardtalet  for oljeformuen. Arbeidsplasstalet.

Å tenkje på heilheita krev så mykje meir tid, og vår respekt gjeld så mykje større områder, enn spørsmålet om rikdomen av olje. Det er difor vi verkar seinare, ja kan verke usikre. Eg seier «verkar usikre, verkar dumme», men det som er verkeleg dumt stilt overfor eit stort problem, gjeldande eit folk, ja ei art, det er dersom ein vel sjølv å isolere ein bitte liten del av det og så meine det er løyst når den bitte vesle delen er løyst.

Det er dette dei kjappe smarte gjer.

På nokre minuttars debatt «løyser» dei den vesle delen dei har vald seg ut.

Dei har lært ei lekse av data om denne vesle delen, og dei avleverer den som om ingen annan info finst. Derav deira tryggheit, at dei verkar så sanne. Og sanne er dei, desse utvalde fakta, det veit dei og kjenner seg difor faktisk trygge i det dei avleverer dei. Det er berre det desse andre fakta, som dei har vald å ikkje bry seg om, dei fakta som er levande, det vil seie sjølve trusselen mot oss alle, ubalansen vi sjølve har skapt, den, altso trusselen, bryr seg ikkje om at nokre dresskledde har rekna rett om ei kalkyle. For ubalansen vi har skapt er fysiske krefter. Ein reknar dei ikkje bort.

Vi i det vesle mindretalet kan verke dumme. Useriøse, ja vi kan synast slik på skjermen. At vi ikkje har respekt for arbeidsfolk. Det med mangel på respekt for arbeidsplassane kjem ofte frå «høgt»ståande, som dei fleste av dei, sjølve aldri tek si hand i noko verkeleg produksjon. Jaja — dette å «skumme fløten» driv dei jo med.

Vi i dette vesle mindretalet. For oss er det uaktuelt å gje opp striden. Tvert om, den er så vidt kommen i gang. For vi er innkopla i noko større enn velstanden, mykje større enn Mammon. Nemleg i striden om kvaliteten på liva, uforklarlege som dei er, alle liva no og alle liva som skal komme.

Og vi er dei som strir for at dei fortsatt skal få komme. Religionane er på vår side, om dei vert tekne på alvor, om leiarane der ikkje let seg styre av pengane, oljemakta. Jesus, var den Gode Hyrdingen sa dei, ein gjætar av kosmisk storleik. Gjætaren må i balanse elles var han ingen gjætar, han må respektere elva og dalen, graset. At KrF-leiinga spøker om han, bryr meg ikkje.

Å kjempe mot oljekapitalen, er å forsvare kloden som ber milliardar på milliardar med verdfulle liv. Dei som derimot forsvarar oljekapitalen og som samstundes er velkjende med trusselens realitet, dei vert for meg politiske fiendar og for meg er dei fiendar av sine eigne, dei vert fiendar av folka på Jorda. Opp mot desse som verkeleg utgjer ein stor akutt fare, vernar vi små og «dumme» no folka på jorda i global strid som får større konsekvensar enn verdskrigane. Vi er få, men frå Jesus Kristus, som Knut Arild Hareide spøker med, lærer vi å hjelpe dei svakaste. Milliardmassane og deira barns liv er svekka av kapitalklassens rovdrift på planeten no alt, og treng vårt vern. Men endå meir vern treng dei enno ufødde av alle arter.

Eg har respekt for dei som trur på Gud og står i den gode striden på grunn av sin respekt for han.

Men diverre vert det drepe og underkua i Guds namn både her og der. Diverre slost vår art innbyrdes delvis på grunn av Gudar som mange likevel held sin eksistens forankra i.

Sjølv meiner eg at her, ikring oss på Tellus, i linerlene som no er komne, i svartesnigelen, i oss seine og dumme. I enno frie elvar og vatn, i leiaren i Natur og Ungdom sine arbeidsdagar. i alle dei som fjernar plast. Inni flugene, i dei humlene som enno kjem fram denne våren. Eit prosjekt noko større enn Gud.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned