Tryggheit og trugslar

Undredal i Sognefjorden. Foto: David Abercrombie

Klimakampen kjem med ein pris. Vi må akseptere minka økonomisk levestandard og tryggheit som svar på det som er det mest brennande politiske spørsmål på kloden no.

Kjartan Hatløy
Om Kjartan Hatløy (12 artikler)
Kjartan Hatløy er lyriker og forfatter.

Tryggheit står høgt i kurs hjå oss alle. Det kan vere trygt familieliv, det gjeld for mest alle. Det kan og vere tryggheit for somme å drive med det å tenkje på kva tryggheit er for menneske no, men samstundes om også alle andre arter får nok tryggheit. Om vår tryggheit i somme høve kan vere deira utryggheit. Dagsrevyjournalistane jublar over oljearbeidarar si tryggheit i form av Njord plattform-kontrakten. Forståeleg ut frå gjengs tenking. Mellom 1.000 og 10.000 vert sikra godt løna trygge jobbar her vest. Samstundes tek journalistane noko ansvar likevel og melder korleis tilhøva er i Great Barrier Rief i Aust Australia. Der er 25 % av dei undersøkte reva daude, «Bleeched» som BBC kallar det. Det veit vi grunnen til, det skuldast høgre havtemperaturar. Som skuldast «kokinga» av planeten. Den som cirka 95 prosent av klimaforskarar hevdar kjem frå brenninga av olje, gass og kol.

Kven si tryggheit?
Korallreva er levande. Det er levande liv som ikring seg skal ha rikt mangfald av arter, tusentals av dei. Deira tryggheit kom no i fare, men oljearbeidarars tryggheit og oljefondets «tryggheit» og oljekapital sin skyhøge profitt «trumpar» alt. Men oljearbeidarane, denne store mengda dei er, vil jo bli ivaretekne økonomisk også om oljebrenning tek slutt 30 år før oljeministeren planlegg for. Norge før 1969 var òg eit velstandssamfunn i økonomiske termar. Men det vil bli krevjande overgangstid for dei, før dei kan få jobbar som ikkje trugar oss sjølve og våre naboar her, frå maur til elefantar. Dei av politikarane som seier: «dette med oljearbeidarar si jobbtryggheit er viktigast av alt, det tema er unnateke frå vurdering», dei driv ikkje eigentleg politikk, men passar på sin karriere. Deira høgste verdi er truleg det å verte attvalde, det tel mest. Eit av dei største problema for demokratiet vårt er dette, at den aller viktigaste sak, held dei sjølv vekk frå sin horisont. Diverre for oss alle er det slik. No. Men unge med innsikt, «blomsten av ungdom» kan ta opp strid mot slike politikarar og overvinne dei medan tid er til.

Politisk uansvarleg praksis i saka olje, saka der det miljøskrytande Norge må byrje feie for eiga dør, held fram. Mest fordi enno er det ikkje så gale ikring oss, dei verste øydingane frå brenning av fossilenergi ligg enno 10 år, 20 år framfor.

Verdivala ikring den politiske vegen framover her, er dei mest brennande politiske spørsmål på kloden no. Vi radikale som greier lyfte blikket og sjå at val må takast som for noko tid framover, både gjev noko mindre tryggheit for delar av folket og som med nødvendigheit vil leie til minka økonomisk levestandard, har det største politiske ansvar som er no.

Laksebaronanes forureining
I dag er Fjorden vakker. Eg står høgt over den og berre ser, berre lever. Så høyrer eg tjeld. Den er komen i dag, 18. mars. Økosystemet den er avhengig av gjev framleis høve til at den kjem til denne staden att på nytt, som den har gjort i tusenvis av år.

Ei kråke set seg opp i ei høg gran sin lange topp. Den ser og utover snur på hovudet og ser, om den ikkje ser på same vis som eg. Fjorden er òg delvis truga. Tre oppdrettsanlegg på to mils strekning. Eg seier ikkje dei bør vekk sjølv om dei forureinar for ein by på nokre tusen kvar av dei, det vil sei under anlegga. For dei gjev nokre arbeidsplassar i bygde-Norge. Og dei tek ikkje atmosfærens kvalitet ned.

Men med den profittraten oppdrett no haustar inn av, så burde all rømming verte slutt straks. Det må finnast råd å legge not utanpå not, om så er tre gonger. Belegge, forankre anlegget, så det toler dei stormane dei særs godt veit at kjem. Og så på landdrift alt. Slik som kveiteoppdrettarane i Ortnevik sør i Sognefjorden alt no har fått det til. Det er utelukkande eit pengespørsmål og oppdrett er ikkje i skort på pengar. Når folk kallar dei laksebaronar er det godt grunna ord. I ein fjord nord for Åfjorden i Sogn der eg held til, så vert rekefiskarar i praksis trengt vekk. Deira hundreårige verksemd i samspel med sin fjord, no truga med avslutting. Deira tryggheitsynskje tel visst ikkje.

Trollkrinsen si forbanning
Oljearbeidarar sin tryggheit er noko særs verdfullt det nektast slett ikkje. Men kjøpast no for dyrt. Ikkje om ein berre ser på tilhøva på sokkelen, men dersom ein ser heile bildet. Ser utover Tellus og ikkje finn Barrier Rief eller havnivået som trugar Vanuatu relevant. For det er relevant å sjå det at vår art sine moglegheiter for å overleve med kvalitet, no dag for dag vert innskrenka. Det er relevant å sjå det at den vonde sirkel må brytast, det at oljekapitalen for å halde på sin enorme inntening samstundes held unna eller marginaliserer dei spede forsøk på å erstatte fossilenergien. Dette at til dømes FrP seier: «byrjar vi å kutte produksjonen så tek Russland over, så det vil ha null effekt». Og dei andre oljestore land har sine eigne av same type som seier det same til sitt folk. Ein trollkrins som auser forbanning over våre barnebarn.

Dei er ikkje for meg ein anonym masse, dei i oljen. Dei er jo skarpskodde og til dømes i logikk betre enn mange som går for intellektuelle. Elles hadde dei ikkje kunna lage og vedlikehalde til dømes så kompliserte røyrsystem som dei beviseleg gjer. Eg har sjølv vore borti dette, så difor veit eg kva det går i. Så kvar einskild av dei må no desse åra, vega opp sin generasjons tryggleik med neste generasjons. Det må i endå høgare grad Statoil-sjef Sætre gjere for si ætt. Her er faktisk personlege ting den djupaste politikk. Personlege avgjerder av den aller største betydning gjeld her, ei viktig scene heilt underspelt av media, av desse eg kallar «pludrarane» med sitt permanente, men — og det er eg viss på — ikkje evigvarande kjendissirkus.

Energiauke
Her i Sogn har tryggheita til norsk oljeverksemds tilsette og den overordna fysiske utvinningmaskina  dei heng fast i; no desse siste 1tiåra, endåtil noko med verlaget å gjer. Eg og fleire kjenningar har registrert mykje meir energirike byger av regn av hagl inn frå havet i vest, Norskehavet. Kort sagt mykje meir intense og «sintare» byger. Det har økonomisk kostnad og indirekte er det oljebrenninga som syner sin konsekvens på enno eit felt: Sintare byger slit på hus, private og offentlege, på næringslivbygg på fabrikkbygningar og om ikkje så hardt: på oss som bur her. Eg fekk visst frå ein forskar i meteorologiske Bergen det eg først berre trudde: dei har så å seie ingen målingar på fenomenet «meir energi-rike byger». Men vi har i alle fall gjort ei måling seier forskaren. Den synte ein ganske stor energiauke den eine målinga seier han så. Truleg understatement.

Litt etter eg skreiv dette høyrde eg på «Global Beat» frå BBC World. Gildaste akustiske musikk «babaton»kalla dei den. Framkomen i ein festival i Zanzibar. Blues meir ekte enn den frå Chicago. Blues frå Kamerun! Flotte kvinnestemmer frå Somaliland. Og to frå Malawi som nesten nådde opp til det utrulege drivet frå Sahara, musikarinna Hasna el Becharid. Deira mødrene jord Afrika, vert jo også råka av Oljekapitalens globale og nådelause maktvilje. Deira tryggheit bør avgjort ikkje tyde noko mindre enn vår gjer det. Den må inngå når vi som driv på med politikk med våre ørsmå ressursar og sprettertar mot stridsvogner, finn ut kva vi no bør gjere.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

2 kommentarer på Tryggheit og trugslar

  1. Bedre med oljetid enn enn båndtid.

  2. Det rette er at folka i Asia og i Australia tek ansvar for The Great Barrier Rief i Aust Australia.

    Og då er det rette at dei som held til der i nærleiken av The Great Barrier Rief i Aust Australia syner at dei tek ansvar lenge før samar og bønder og fruktdyrkarar og sauehaldarar og arbeidsfolk her landet får sut og sorg på grunn av eit rev ved Australia. Eg finn det ikke rett å leite så langt borte som til Australia for å finne noko som norske arbeidsfolk skal ha otte for og kjenne ansvar for.

    Eg legg ikkje til lekkje her, men eg legg til sitat fra BBC : It would be one of the biggest mines on the planet, occupying an area nearly three times larger than Paris, where world leaders hammered out a landmark agreement to combat climate change in late 2015.

    Sitat til endes. Det gjeld kol og myke kol.
    Her meiner eg at dei som bur der i den delen av verda må vere dei fyrtste til å ta ansvaret der og at alle arbeidsfolk her i Noreg/Norge bør vere dei siste.
    Elles ønskjer eg ei radikal betring av alle skular og all utdanning her i landet. Og eg ønskjer naudsynt jordreform. Dette siste vil eg ikkje kalle radikalt, men eg trur at mange trur at det er noko radikalt noko.

Kommentarfeltet er lukket.