Bråstopp

Tredjeplassen i Radikal Portals skrivekonkurranse: Han ville jo helst hatt ei ambisiøs dame i raske sko. Men så blei han desperat nok og bød meg opp til dans. No var det han og eg, vikarstillinga og det sosialt vanskelegstilte tilfellet.

Silje Talgø Klakegg
Om Silje Talgø Klakegg (1 artikler)
Silje Talgø Klakegg er trebarnsmor, bachelor i sosiologi, jobber som miljøterapeut og skriver på fritida.

Han kom inn i livet mitt ein haustdag i 2011. Eg treng deg, sa han til meg, og eg tenkte at eg trong han og. For eg hadde vært arbeidslaus i nokre år. Eg hadde nemleg ikkje lappen, og i tillegg hadde eg nokre barn og var ung, så eg var liksom ikkje heilt draumedama hans. Me blei eit overraskande radarpar, han og eg, og eg stortreivst. Eg sat med kontrollen og han trong meg så veldig, for når desse barnehageassistentane og pedagogiske leiarane var heime med sjuke born kunne eg komme til dei og være ekstra hender og fang. Eg var nyttig.

LES OGSÅ vinneren av skrivekonkurransen: Outsideren som er på innsiden

Eg hadde trengt ein stad å berre vere
Me spolar tilbake nokre år. Etter videregåande har eg gått og dingla heime nokre år, for eg veit ikkje kva eg vil med livet mitt. Eg kan ingenting. Eg er dum. Ingen likar meg. Bortsett frå ein mann som ville pule på meg eit barn så eg kunne vere heimeværande mor og hushjelp, og sidan eg ikkje hadde nokre betre idear sjølv, blei det sånn som han sa. For eg var ein av desse som fort kunne blitt ein dropout på videregående skule nokre år tidlegare. Eg skulka nemleg ofte, og tida eg ikkje var på skulen, var eg heime med psykiske problemer. Det var tross alt betre å være heime med psykiske problemer enn å være midt i matfatet til problema. Å sitte med sjølvskadingsarr og einsemd midt blant andre si kjensle av tilhøyrigheit blei ei ny form for sosialt sjølvmord. Hadde nokon sagt til meg at eg var sjuk og måtte ta ei pause, kunne eg stoppa den negative utviklinga her. Men i staden blei eg oppfordra til å møte på skulen for det er så keisamt for statistikken om eg øydelegg han ved å droppe ut. Dei sa dei brydde seg om meg, men hadde dei brydd seg, hadde dei sagt at eg ikkje hadde noko på skulen å gjere. Denne pausen burde vært nytta til noe fornuftig, til dømes eit dagsenter utan andre krav enn oppmøte og refleksjonsplikt. Her burde eg vært tvinga til å tenkje gjennom kven eg er og eg burde møtt vaksne, stabile personar som kunne snakka med meg om krig og fred og religion og vafler. Det vil seie; alt som er normalt og vanleg. Eg hadde trengt ein stad å berre vere. Utan å vere åleine. Me treng kvarandre, me samfunnsborgarer. Ingen skal være nødt til å være åleine.

LES OGSÅ andreplassen i skrivekonkurransen: Jeg skal faen ikke bli ufør!

Noko i botn før utdanning
For å kome inn i arbeidslivet, må ein ha ei utdanning i botn. Det blir ein fortalt frå ein er ganske ny i verda. Det dei har gløymt å leggje vekt på, er at ein helst skal ha noko i botn før ein skal stresse med å skape ei utdanning. Eg var ein jækel på å analysere dikt og kunne ramse opp alle viktige historiske hendingar i Norge mellom 1940 og 2000, men eg hadde aldri lært korleis ein får vener. Eg visste ikkje at eg kunne være ein verdi for andre mennesker og samfunnet sjølv utan å kunne vise til studiepoeng og mastergrader.

Den nye sanninga mi: arbeid
Da me kom til 2011 og eg for første gong hadde kjensla av nytte, tok det heilt av. For no hadde eg funnet oppskrifta; for å være ein fullverdig samfunnsborgar må eg arbeide. Det blei den nye sanninga mi. Eg skulle gje samfunnet tilbake ressursane eg hadde nytta den gongen eg snylta. For det var ingen god kjensle å liggje på sjukehuset og vite at det var andre sine skattepenger som sørga for at eg fekk bli mamma i trygge omgjevnader. No arbeidde eg, og samstundes byrja eg på ei bachelorgrad i sosiologi, for eg skulle bli eit av desse menneska som bidrog med noko. Men det var ikkje godt nok. Overalt las eg artiklar om kvifor midlertidig tilsetting er ut og at dei som ikkje har utdanning er ut og at navarar er ut, og eg undra meg på kvifor det er blitt slik og eg fekk stadig kjensla av at ringevikar ikkje er godt nok og bachelorgrad i sosiologi ikkje er godt nok. Stakkars ungdommar som veks opp til dei meldingene.

LES OGSÅ: Uførebløffen

«Balansert» liv i fargekoder- eg møtte veggen
Eg lot meg lure og meldte meg opp til barnehagelærarstudiet fordi eg kjende at utviklinga mi stagnerte. Skulle eg alltid arbeide på gulvet og bli fortalt kva eg skal gjere? Eit rungande «JAAA» til det etter at eg møtte veggen i fjor. Tid kan ikkje strekkes, men eg var fast bestemt på å arbeide 37,5 timer i veka og ta studier tilsvarande om lag 60 %. Dette var sjølvsagt ved siden av tre barn og medfølgende husarbeid. For tid er matematikk. Heile timeplanen min blei fylt med det eg såg på som verdiskapning. Eg hadde planlagt kvart kvarter av dagen og natta med nyttige gjeremål, og sjølv det å lese for ungene var sett inn i timeplanen. Det var viktig å finne ein balanse, hadde eg høyrt, så eg fordelte gjeremål i kategorier og nytta fargekoder for å visualisere at eg levde balansert. Antall timar til husarbeid hadde eg googla meg fram til, for eg skulle sjølvsagt ikkje være dårlegare stilt enn gjennomsnittskvinna i Noreg, og var det ikkje nok å gjere, tok eg berre ein ekstra vask på innsida av skapene. Eg var sprø og eg møtte veggen så hardt at eg brukte fleire månader på å kome meg på beina att.

God nok som eg er
Eg har heldigvis forstått at eg skal oversjå artiklar som gjer meg kjensla av ikkje å leve opp til samfunnet sine krav. Det er ikkje så mange år sidan eg var sikker på at ingen ville tilsette meg, og eg lærte på den harde måten at eg må slutte å prøve så hardt å alltid bli betre. Eg er tross alt god nok som eg er. Og det er du og. Om du ikkje har jobb, så smil til nokon som treng det. Då har du skapt verdi både for denne personen og heile samfunnet. Me treng kvarandre, me mennesker. Meir enn me treng ein bedre jobb.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned