Nobelinstituttet si kvitvasking av Kissinger

Albert Andersen Øydvin holder appell på Universitetsplassen i forbindelse med demonstrasjonen mot at Henry Kissingers skulle tale for Nobelinstituttet og Universitetet i Oslo. Foto Joakim Møllersen.

Det Nobelinstituttet og Universitetet gjorde er ei kvitvasking av blodet på hendene til Kissinger. Det viser kor langt Nobelprisen har gått i å bli eit elitistisk prosjekt som legitimerar den elita som tjenar på å gjennomføra og oppretthalda krigar.

Albert Andersen Øydvin
Om Albert Andersen Øydvin (2 artikler)
Sosialist og sosialarbeiderstudent.

For 41 år sidan, i 1965, rett oppi gata her framfor Stortinget, gjekk ein mann laus på eit maleri med ei øks. Han var rasande over at nokon kunne drista seg til å kritisera USA og deira rett til å bomba demokrati på fattigfolk. Bildet var laga av Kjartan Slettemark, ein samfylking av meg, frå ein liten fjellgard i Naustdal. Og bildet viser eit lite barn som ligg blodig på bakken ved sidan av eit amerikansk flagg. Tittelen på bildet var følgande:

Av rapport fra Vietnam. Barn overskylles av brennende napalm. Deres hud brennes til svarte sår og de dør.

Det Kjartan gjorde var det som alt for sjelden skjer: Han fortalde den ubehaglege sannheita som verdas rikaste, mektigaste og systema dei jobbar i ikkje vil høyra. Alt for ofte får verdas krigsherrar og barnemordarar sitta isolert i flotte kontor, møterom og universitetsaular som denna mens dei trykkar på krigsknappane sine. Dei vil helst ikkje bli konfrontert med menneska på den andre enden av bombekastarane. Folkens, det er derfor me er her i dag. Henry Kissinger skal ikkje få gå i fred!

Etter tre år til med meir brennande napalm saboterte Henry Kissinger forsøka på ein fredsavtale i 1968, blei utanriksminister året etter og bomba vidare i seks lange år. I 1973 kom kuppet i Chile, i 1976 i Argentina og i 1975 kom invasjonen av Aust-Timor. Lista held fram og er lang.

For krigsherrane er det mykje lettare forhalda seg til det Nobelinstituttet skriv om møtet sitt. “Det skal fungere som en arena for tverrfaglig diskusjon og refleksjon over sentrale og brennbare spørsmål av betydning for internasjonal fred og sikkerhet.“ Dei seier at dei ikkje har invitert politikaren Kissinger, men akademikaren, tenkaren og eksperten Kissinger.

Jamen, so greit då.

– Då slepp me jo å tenka på dei millionane som vart bomba i hel i Vietnam og Kambodsja.

– Då slepp me jo å tenka på dei hundretusenvis av barna som vart fødde med misformingar etter sprayinga av Agent Orange-gifta.

– Då slepp me jo å tenka på 200 000 som døydde i Aust-Timor, nesten ein fjerdedel av befolkninga.

– Då slepp me jo å tenka på 16 år med brutalt militærdiktatur i Chile med henrettingar, tortur og flukt.

– Då slepp me jo å tenka på mange tiår med frykt, terror, statskupp etter statskupp, imperialisme og undertrykking i Latin-Amerika og resten av det globale sør.

Det Nobelinstituttet og Universitetet i Oslo gjer i dag, det er ei kvitvasking av blodet på hendene til mister Kissinger. Det viser kor langt Nobelprisen har gått i å bli eit elitistisk prosjekt som legitimerar den elita som tjenar på å gjennomføra og oppretthalda krigar, og i beste fall avslutta dei om dei møter for mykje motstand. Sivilsamfunnet som faktisk skapte fredsavtalen i Colombia burde blitt invitert her saman med FARC. Obama, EU og Kissinger skulle aldri fått den. Inntill Edvard Snowden får den er den mest av alt hyklerisk.

Det å invitera Kissinger her er ikkje upolitisk. Det er ei politisk handling der dei støttar opp om makta til haukane, krigsprofittørane og den globale overklassen, med base i Washington. Krigar dei er ikkje tilfeldige eller uungåelege – dei blir skapt, dirigert og opprettholdt av dei som tenar på dei. So lenge dei får dura på utan motstand, i eit system der dei viktigaste beslutningane blir tatt av ei lita elite, kjem det til å komma stadig nye grusomheiter. Freden, den kjeme fyrst når folk flest organiserar seg og tek makta tilbake frå overklassen og krigshissarane deira. Takk for meg!

Denne teksten er en tilpasset versjon av en appell holdt i Oslo 11/12, 2016.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned