Ernaologisk sett

Foto: Kjetil Ree

Både kart og ideologi forsvinn på Erna Solbergs firefelts motorvei. Berre pengane framleis tikkar inn i statskassa, kjem velferd av seg sjølv, ifølgje Høgre-leiaren.

Preben Sørheim
Om Preben Sørheim (1 artikler)
Preben Sørheim er masterstudent i filosofi ved Universitetet i Bergen og redaksjonsmedlem i Tidsskriftet Røyst.
Ragnhild Freng Dale
Om Ragnhild Freng Dale (5 artikler)
Ragnhild Freng Dale er PhD-stipendiat i sosialantropologi ved University of Cambridge, og arbeider ellers med scenekunst. Hun brenner for klima, kunst og kultur, og er redaksjonsmedlem i Tidsskriftet Røyst.

For Erna Solberg er Høgres liberalkonservative grunnsyn i hovudsak eit formelt utgangspunkt, ikkje eit sett ideologiske forpliktingar. Pragmatismen er statsministerens eigentlege formålsparagraf. I uspesifisert og udefinert form kan nesten all politikk kallast pragmatisk. Så kva tyder pragmatisme for ho? Det veit ingen, truleg ikkje Solberg sjølv eingong. Hennar politiske pragmatismenarrativ er nemlig utgjort av andre uspesifiserte og udefinerte omgrep som også kan brukast for å skildre nesten all slags politikk – inkludert den som høyrer hennar versjon av Høgres grunnsyn til.

Dette er ikkje eit ideologiføredrag
Solbergs partileiarføredrag på Litteraturhuset 6. august er fyld til randen av desse omgrepa: «omstilling», «fleksibilitet», «konkurransekraft». Omgrepa, slik ho brukar dei, har ingen fast meining. Dei endrar seg etter kven Solberg snakkar til og om. Likevel er måla som dei uspesifiserte og udefinerte omgrepa peikar på, enormt viktige å hale i land. Morgenbladet-journalist Sigve Indregaard kallar det «Statsministerens ‘vi må jo’-ideologi», fordi det er ei liste med mål der alle «jeg vil»-formuleringane er bytta ut med «vi må». Men dei uttalte måla i partileiarføredraget er stort sett vage flosklar som ingen kan vere imot. For det er vel få som bur innanfor landets grenser som ikkje er samde i at det er bra at folk lever lenge og at Noreg i 2040 skal vere verdens beste land å bu i?

Kva er det då å kritisere, viss det er denne framtida Solberg vil skape? Ein heil del, skal vi argumentere for. Ideen bak Partileiarføredraga er, slik Andreas Wiese sier det i innleinga til Erna Solbergs føredrag på Litteraturhuset, meint å gi «tid til å tydeliggjøre partienes ideologi og synliggjøre forskjellene mellom dem» fordi «veivalgene blir klarere om partilederne gjør et forsøk på å tegne opp hele kartet for oss. Vi har transkribert den sentrale biten av Solbergs partileiarføredrag og går gjennom den, del for del, med lupe, på jakt etter dette tydelege bildet foredraget skal teikne opp. Vis omsyn til at syntaksen ser rar ut i tekstformat, det vil den også gjere slik du snakkar til vanleg. Legg heller merke til mangelen på konkret innhald. Utdraget går som følgjer, med våre uthevingar i ei lett forkorta utgåve. Viss du les deg lei av statsministerens føredrag er det berre å hoppe til analysa:

«[…] Men det vi må gjøre, for det første, vi må ruste oss for de utfordringene vi ser i vårt samfunn. Og hvordan vi må ha et samfunn vi er glad i og like stolt av i 2040, dreier seg om at vi er gode på og planlegge å møte de utfordringene vi ser. Men så må vi forbrede oss på alle de utfordringene vi ikke ser, men som kommer. (…) teknologien, de internasjonale forholdene, alt det store som skjer, og som ingen i dag har helt fantasien til å se hva som måtte treffe mest. De dreier seg om omstillingsevne, fleksibilitet, alle disse fine ordene som føles litt vanskelig å ta, men som dreier seg om vår evne til å forandre oss når det er behov for det i vårt samfunn.

Og så må vi ha noen visjoner vi skal jobbe etter. (…) Og da er det veldig fint å komme fra et parti som da ikke har et endelig mål i sin ideologi eller sine bakgrunner, men som altså tror på veien til der du skal, at det der det viktigste skjer, altså i Edmund Burkes forandre for å bevare. At det vi må jobbe med i en verden som krever mer omstilling, mer fleksibilitet, hvor forholdene ikke vil være så oversiktlige, er å skape et samfunn som evner å forandre seg for å bevare de viktigste verdiene. For å bevare et samfunn hvor det er stor grad av likhet mellom folk. Og likhet dreier seg om likhet til å kunne skape sin egen fremtid. Muligheter for alle, heter det som grunnlaget for Høyres politikk. Det er den visjonen vi styrer politikken vår på. Det betyr at vi skal ha et samfunn som gir mulighet for alle til å realisere sine talenter, sine kunnskaper og vi skal ha et samfunn som også skal gi deg en ny sjanse, hvis det går dårlig og du ikke helt treffer planken hele veien i livet.

Og det er fordi vår politikk har mennesket i sentrum. Vi tror på menneskets skaperkraft, evne til å løse ting. Vi tror på at kraften i vårt samfunn starter med mennesket, familien og bygger seg gjennom lokalsamfunnet og oppover, det er der den store kraften i vårt samfunn, kunnskapen og kompetansen og evnen til å bidra som er det mest og viktigste.

Hva er det da som er utfordringen vår? (…) jeg tror at felles for Norge og for resten av Europa så er det to hovedbolker av utfordringer. Det er konkurransekraften vår, fordi at den er grunnlaget for å sikre oss finansiering av velferdssamfunnet for framtiden. Klarer vi ikke å skape arbeidsplassen, skape inntektene til det offentlige gjennom å være konkurransedyktige, gjennom å produsere og være innovative, ja, så vil mange av de andre områdene, som vi også har store ambisjoner for å være å skape verdens beste land å bo i i 2040, vil være veldig vanskelig. Dette er Norges utfordring, og det er Europas utfordring.

Den andre store utfordringen er den vi kanskje går litt i grøftene på å diskutere, og det er integreringsutfordringen. Det er også Europas største utfordring […]»

LES OGSÅ: Tåler Leder-Erna press?

Tilslørande tåkeprat?
Kynikarane iblant oss vil kanskje tenkje at dette berre er ei lang rekkje meiningslaust, tilslørande tåkeprat. At Solberg seier noko for å seie noko, og vel ut det ho seier fordi det høyrest fint ut og ikkje er direkte upopulært. At statsministeren jattar med i den nasjonale samtalen, og med viten og vilje fyller den med støy. Men det er det ikkje. Under det meiningslause tåkepratet vil du finne spor av ideologiske vegval, personlege meiningar og kontroversielle standpunkt.

Solberg byrja på Stortinget då Berlinmuren fall. Sidan då, seier ho like før utdraget ovanfor byrjar, har verden vore prega av optimisme og ein aukande del nasjonars deltaking i verdssamfunnet. Etter 11. september 2001 blussar konfliktane opp att. For eit lite land som Noreg vil internasjonale forhold vere avgjerande framover, seier Solberg og listar så opp utelukkande økonomiske utfordringar. Framtidige og pågåande krigar, konfliktar, svolt- og naturkatastrofar nemnast ikkje med eitt ord. Det er verdsøkonomiske forhold som utgjer «utfordringene vi ikke ser, men som kommer».

Ein slags ideologi likevel?
Eit spørsmål melder seg her: Korleis kan vi førebu oss på noko vi ikkje veit kva er? Truleg ligg delar av svaret på sistnemnde i dei vanlege tydingane av «omstillingsevne» og «fleksibilitet», som begge refererer til tilpassingseigenskapar ovanfor ei rekkje ulike endringar. Metaforane er såleis konsistente, men det er ikkje lett å seie kva dei faktisk er metaforar for. Viss det då er metaforar for noko anna, som mange veljarar, politikarar og kommentatorar trur. Men kva viss deg ikkje er det?

Ein meir plausibel teori er at desse vage metaforane har teke over funksjonen som Solbergs ideologiske utgangspunkt. Høgres opprinnelege liberalkonservative grunnsyn er krevjande av to grunnar: den første er spenninga mellom liberalismen og konservativismen, som ofte slår ut som liberal økonomisk politikk og konservativ sosialpolitikk – fordi ingen vil vel ha ein versjon av Det republikanske parti i Noreg? – Den andre grunnen er at den konservative audmjukskap som feilbarlege politikarar må ha, ikkje er spesielt handlekraftig. Då er det betre å seie at ein er for omstilling, fleksibilitet og konkurransedyktigheit. Og så tilpasse omgrepa til terrenget ettersom tida går.

Men metaforane avslører også ein inngrodd framtidspessimisme. Ubekymra av klimaendringane, slår Solberg fast at vi går dårlegare økonomiske tider i møte på kort sikt. Med forventa lågare økonomisk vekst, renteaukningar og potensielle bustadsprisfall må det norske folk førebu seg på eit levesett der dei kan bli hardare råka av økonomiske omveltingar. Arbeidsplassar vil kome og gå i både kortvarige og langvarige formar. Noreg må evne å tilpasse seg for store verdsøkonomiske aktørar, gjerne med skattesystemet som verkemiddel. Litt slik som det er i Edmund Burkes heimland Irland.

LES OGSÅ: Brev til Erna Solberg

Å forandre verdens beste land
Statsministerens «forandre for å bevare» seier lite om kva vi skal verne. Det slår fast at Norge er verdens beste land å bu i, men seier ingenting om kvifor vi er det. Altså, kva med landet vårt er som er verd å kjempe for? Og kva er det vi bør endre? Ifølgje Solbergs regjering og dens støttespelarar, ser ei lengre liste med kandidatar som anten bør eller kan endrast – eller allereie er under endring – slik ut: Svært låg økonomisk ulikskap («vi tåler litt mer ulikhet»), strenge arbeidstakarrettar, uvæpna politi, NRK, pressestøtte, lang fedrekvote.

Solberg set slik mennesket, forstått som individet, i sentrum. Og etter individet kjem familien. Det er med andre ord ikkje mennesket i fellesskapet, men tvert om individet og familien som er einingar som utgjer samfunnet, via lokalsamfunnet der ein kan bidra med sitt overskot og ekstra energi. Litt forenkla kan ein seie at Solbergs politiske grunnsyn dreier seg om at alle, så lenge dei er ei kjernefamilie med over middels høg inntekt, står likt til å skape sin eigen framtid i ein verden der omstilling og fleksibilitet handlar om å bli verande akkurat der ein er – eller i alle fall at ein unngår å synke lenger ned enn der ein er no.

I følgje Solberg er det konkurransekraften vår som nasjon som er kjernen i vårt gode samfunn. Ikkje fellesskap, solide velferdsordningar, solidaritet eller nokon av dei desse naive, blåauga venstresideidealane som stod sentralt i etterkrigstida.

Berre vi har finansiering, så kjem velferden av seg sjølv. Men kvifor er det då slik at andre land med aktivt næringsliv, slik som Irland, slett ikkje er like gode samfunn som vårt? Kvifor er det ikkje slik at land med stor kokurransedyktighet eller god inntening nødvendigvis er gode samfunn for det store flertallet av dei som bur der? I spennet frå USA til Sør-Afrika ser vi at det slett ikkje er innteninga i seg sjølv, men å sikre rettferdig fordeling, som er kjernen i eit godt samfunn der alle har det bra – eit fordelingsprinsipp som er under sterkt press frå den sitande regjeringa. Det er ikkje berre Høgre, men den generelle liberaliseringa i samfunnet som er skyld i at dette svekkast i Noreg, noko alt frå striden om søndagsopne butikkar, til kommunesamanslåingar og mangelen på lokal medråderett i utbyggingssaker er døme på. Men at samfunnet no blir leia av ei regjering med to parti som begge har programfesta ei svekking av fordelinga, er ikkje med på å demme opp for liberaliseringa. Kanskje er det ikkje alt som skal bevarast likevel, trass dei fine orda frå partileiar Solberg?

Statsministeren hevdar ho tilhøyrer eit parti som trur på vegen og ikkje målet, er pragmatisk, og vil sikre Noreg som verdas beste land å bu i også i 2040. Samstundes gir ho vage ord forrang føre klare planar. Det minner ikkje mykje om det kartet lyttaren forventa, for både kart og ideologi forsvinn på Solbergs firefelts motorvei. Det er ca. to år mellom kvar avkjørsel, og neste er like om hjørnet.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

1 kommentar på Ernaologisk sett

  1. Man skulle kanskje tro at norsk konkurransekraft skulle ha noe med norsk vannkraft å gjøre.
    I såfall bør man vel stoppe leggingen av nye utenlandskabler?

    De nye kablene som kommer nå fremover kan øke norsk strømpris med 3-6 øre pr kWh sies det.
    For smelteverk og annen kraftkrevende industri i Norge kan dette være en stor økning i driftskostnadene.
    Kanskje må slik virksomhet nå flyttes til andre land som feks til Island?
    http://e24.no/privat/denne-kabelen-oeker-stroemprisen-din/23509067

    Høyremann og investor Øysten Stray Spetalen er helt oppgitt over at politikere tillater legging av utenlandskabler, han mener feks at ledelsen i Høyre er naive og er korttenkte. Tåkefyrsten er også enig.
    http://www.tu.no/kraft/2014/10/21/ap-store-vil-bruke-mer-av-kraftoverskuddet-hjemme

    Man kan jo lure på om økt konkurransekraft for Høyre først og fremst betyr lavere lønninger, lavere skatter og økt profitt.

    Søndagsåpne butikker betyr jo at det vi i dag bruker 6 dager på å kjøpe, skal vi nå bruke 7 dager på å kjøpe.
    Det må ansettes flere i varehandelen. Barnehager og SFO må begynne å holde åpent på søndager, og det blir mer jobbing i transportsektoren i helgene. Økt produktivitet?

Kommentarfeltet er lukket.