«Det grøne skiftet» – frå aska til elden!

Sol- og vindkraftverk sammen på en slette, men hvor grønn er egentlig denne strømmen? Foto: Gerry Machen under lisens (BY-ND 2.0)

Når dei "fornybare" og "utsleppsfrie" energikjeldane brukt i "det grøne skiftet" visar seg å ikkje være så reine kan ein spørre seg om biverknadane frå medisinen er vel så skadeleg som sjukdommen.

Svein Lund
Om Svein Lund (22 artikler)
Svein Lund er frilansskribent, bor i Guovdageaidnu og driver nettstedet gruve.info.

Frå internasjonale klimaforskarar kjem det stadig nye åtvaringar om jordkloden sin feber, sist frå FNs klimapanel no i august.1 Medisinen som blir føreskrive kallast «Det grøne skiftet», og blir omfamna av dei aller fleste norske politiske parti, LO og NHO, størstedelen av miljørørsla, gruveselskap og oljeselskap. Hovudingrediensen i den føreskrivne medisinen er å auke energiproduksjonen frå «fornybare» og «utsleppsfrie» kjelder som sol- og vindkraft og skifte ut bensin- og dieselbilar med elektriske. Spørsmålet er bare om dette vil gjøre pasienten frisk, eller om biverknadane kan vere vel så skadelig som sjukdommen.

Det er ingen tvil om at både Noreg og verda treng eit skifte til ein grønare politikk, som set naturen og langsiktig ressursforvaltning i høgsetet. «Det grøne skiftet», slik det no blir praktisert, dreier seg om ikkje om dette, men om ei omlegging frå stabil til ustabil energiforsyning og om at gruvedrift som tidligare har blitt sett på som eit miljøproblem, no skal omdefinerast til grøn og dermed miljøvenlig.

Om denne prosessen vil eg påstå:
1. Forutsatt stadig aukande folketal og forbruk i verda er «det grøne skiftet» fullstendig urealistisk som global strategi.
2. I den grad det lar seg gjennomføre vil skadeverknadane for menneska og naturen vere langt større enn fordelane.
3. «Det grøne skiftet», slik det blir praktisert i dag, aukar klasseforskjellane i verda.

Derfor er det nødvendig å avvise heile «Det grøne skiftet» og komme opp med alternativ.

Ingen energi er fornybar!
Solkraft, vindkraft og biobrensel blir gjerne omtalt som fornybar energi. Biobrensel har allereie ført til store naturøydeleggingar og avskoging, og gir minst like store CO2-utslepp som tilsvarande bruk av petroleum. Solkraft og vindkraft krev enorm utvinning av absolutt ikkje-fornybare metall, med tilsvarande enorm produksjon av gruveavfall og forureining frå gruver, samt øydelegging av natur og jordbruksland. Ein elbil er knapt meir fornybar enn ein bensinbil, han bare forflyttar utsleppa, gjerne frå brukslandet til produsentlanda. Og ikkje minst: Vindkraftanlegg og elbilar har langt kortare levetid enn dei energiformene dei skal erstatte.

Statistisk svindel
Heile grunnlaget for det internasjonale klimasamarbeidet med konferansar i Tokyo, Paris osv. er statistisk svindel. Målsettinga for kvart land blir ikkje effektive tiltak som kan redusere temperaturauken, men grep som kan gi gode utslag på statistikken. I staden for sjølv å redusere utsleppa, kan ein kjøpe kvotar i andre land og meir eller mindre reelt bidra til å redusere utslepp der. Gjennom å flytte produksjon ut til andre land, kan ein eksportere utsleppa forårsaka av eige forbruk. I eit globalt perspektiv gir det minst utslepp om kvart land så langt som råd produserer eigen mat og eigne klede.

For norsk statistikk er det betre om vi importerer mat frå Afrika og klede frå Kina. For norsk statistikk er det betre om vi elektrifiserer sokkelen så gassen blir brent i andre land. Når eit tysk eller norsk selskap produserer sine industrivarer på kolkraft i Kina, kan dei «toe sine hender» og klage over dei fæle kinesarane som driv industrien sin på fossilt brennstoff og har verdas største utslepp.

Eit spørsmål om klasse
Verda har svært avgrensa ressursar og verdsbefolkninga har allereie for lengst vakse ut over det som det er grunnlag for at heile menneskeheita kan leve i samsvar med naturen og samtidig forsørge seg på forsvarlig vis. Når nokon da har eit forbruk på mange gongar gjennomsnittet, vil det seie at dei må ta dette frå dei fattige i dag og/eller frå livsgrunnlaget vårt i framtida. I praksis gjør dei begge delar. I «Det grøne skiftet» ligg det ikkje noko krav om betre fordeling av den skeive rikdomen i verda. Snarare tvert om.

Blant dei aller rikaste finn vi investorane bak vindkraft og elbilar, enkeltpersonar som eig milliardar av dollar og har eit sløsande forbruk som vi knapt kan førestille oss. Desse folka driv klassekamp. Dei påverkar statar og internasjonale organ til å føre ein politikk for større klasseskilje. I Noreg er eit vesentlig ledd i «det grøne skiftet» å subsidiere rikfolk sine elbilar.

Den fremste drivkrafta for gruvedrift
Menneska har drive mineralutvinning i tusenvis av år. Frå den industrielle revolusjonen har vi sett ei enorm auke i mineralutvinninga, både i talet på mineral vi utnyttar og i mengden vi tar ut. Det er ikkje overdrive at den moderne sivilisasjonen, på godt og vondt, er bygd på mineral og gruver.
Likevel har denne utvinninga også ført med seg store naturskadar, og trass i alle store ord har skadane auka år for år. Dette har ført til motstand, som har gjort at den internasjonale gruveindustrien har fått problem med å legitimere seg sjølv politisk.

Her har «Det grøne skiftet» gitt gruveindustrien ei dobbel gåvepakke. På eine sida har det ført til auka etterspurnad og auka prisar, på andre sida har det ført til større politisk aksept, fordi minerala skulle brukast til tiltak som i prinsippet gjorde verda grønare og betre.

Fram til omlag 2015 fanst det knapt spor av «grønt skifte» i offentlige mineralstrategiar eller i gruveselskapa og organisasjonane deira sin argumentasjon for auka utvinning. Så kom ideen om mineral for grønt skifte. Han spreidde seg som ild i tørt gras, og er no overalt i både privat og offentlig planlegging for mineralutvinning, frå Nussir ASA ved Repparfjorden som plutselig blei grønt etter ti års planlegging, til Sintef sin propaganda for gruvedrift på havbotn.2

«Urban mining» som alternativ?
Mange framstiller det som vi gjennom resirkulering kan legge grunnlaget for at vi kan fortsette å forbruke som før. Ein sirkulær økonomi skal gjøre at vi sluttar å belaste ressursane. Det er sjølvsagt eit hakk betre om metall og andre materiale blir gjenbrukt enn at dei bare blir kasta, både frå eit ressurs- og eit forureiningsperspektiv. Likevel kan resirkulering i beste fall bidra til å redusere problemet.

For det første kan ingen materiale gjenvinnast 100 %. Mye slitast bort, rustar, irrar eller brenn opp. For kvar resirkuleringsperiode blir det derfor mindre og mindre igjen. Om vi resirkulerer halvparten, er det etter tre periodar bare 12,5 % igjen av det opprinnelige.

For det andre krev resirkuleringsprosessen også stort energiforbruk og stor bruk av arbeidskraft.

Om ikkje vi gjør noko med levetida til produkta, vil resirkulering bare vere ei sovepute. Når varer som kjøleskap og komfyrar, som med litt reparasjon kan vare i 40 år, no gjennomsnittlig blir kasta etter 6-7 år, hjelper det lite om metalla i dei blir omsmelta. Elbilar blir no vraka etter få år fordi subsidieringa av nye bilar gjør at det ikkje lønner seg å reparere.3

Renewables and reliables
Ein kan grovt snakke om to hovudformer for energiproduksjon: med eit engelsk ordspel «Renewables and reliables» eller fornybare og pålitelige. Bakgrunnen er at dei «fornybare» som blir satsa på, vind- og solkraft, begge er avhengig av rette været for å virke, dei kan ikkje gi regelmessig pålitelig straumforsyning og ikkje regulerast etter behov. Dei straumkjeldene som kan gi jamn tilførsel av energi, og i stor grad regulerast etter behov, er dei forhatte kolkraft, gasskraft, oljekraft, samt kjernekraft og tildels vasskraft. Jo meir kraftforsyninga blir basert på dei «fornybare» kjeldene, jo mindre pålitelig blir ho, jo meir må vi rekne med straumbrot og utkoplingar, med store samfunnsmessige skadeverknadar. Tyskland, som går foran i «det grøne skiftet» og no er basert 55 % på vind- og solkraft, har allereie store problem med å levere sikker straumforsyning, kva vil det bli når dette aukar til 90 %?

Kvifor urealistisk?
Kort oppsummert:
– Fordi vind- og solkraft bare kan gi væravhengig og svært ustabil kraftforsyning, som gjør at dei maks. kan yte 30-40% av full kapasitet. Dette kan dels kombinerast med effektkjøring av vasskraftverk med dammar i Noreg og nokre få andre land, men vil auke naturskadene av vasskraftverka. For dei fleste land vil sol og vind måtte kombinerast med kraft frå dei kjeldene som ein vil avskaffe, som kol, gass og kjernekraft, og desse må da gå på tomgang i lange periodar for å vere klar til å sette i gang produksjonen ved behov. Altså dei vil gi mindre effektgrad enn i dag. Skal desse kraftformene fasast heilt ut, vil det bare gjenstå gigantiske batterilager, som vil trenge enorme mengder metall som det er stor mangel på.
– Fordi dei «fornybare» kjeldene vil krevje nedbygging av enorme område med skog, fjell, myr jordbruksland og havområde, som vil redusere leveområdet for ville dyr og hindre dagens bruk av desse områda til alt frå fiske og sjøfart til beite og friluftsliv. Dette vil skape stadige konfliktar over heile verda og vil bidra negativt til den karbonbalansen som det hevdast å skulle redde.

– Fordi denne utbygginga vil krevje mineral i slike mengder at det ikkje er mogleg utan å ta ut stadig fattigare malm, noko som gir absolutt og relativt kraftig auke i avgangsmassane frå gruver.

– Fordi ei avslutning av all forbrenning av olje, gass og kol vil krevje ei total omlegging av infrastruktur i mange land. Dei fossile kjeldene er ikkje bare grunnlaget for elektrisitetsproduksjon og bil-, båt- og flytransport, men også for matlaging, framstilling av jern og andre metall og for tusenvis av produkt av forskjellige plaststoff, kunstgummi og ei rekke andre produkt vi brukar til daglig. At vi må redusere kraftig på forbrenning av fossile brennstoff kan ikkje samtidig bety at vi heilt sluttar å bruke olje, gass og kol som råstoff for anna produksjon.

Klimafornektarar?
Sjølv om bevisa på menneskeskapte klimaendringar no er overveldande, er det framleis mange som nektar for dette, dei som gjerne blir omtalte som «klimafornektarar»4. Dei har særlig vore på ytre høgrefløy i politikken, men ideane spreier seg over heile det politiske spekteret. Desse synspunkta synes å vere i framgang, og det vil dei halde fram med, så lenge den dominerande haldninga blant dei som åtvarar mot den globale oppvarminga er å satse på ei gigantisk utbygging av «fornybar» kraft på kostnad av naturen, ressursane og forsyningssikkerheita, og i tillegg lastar byrdene av dette over på vanlige arbeidsfolk og forbrukarar, mens klimaprofitørane håvar inn milliardar.

Derfor er det heilt nødvendig også for klimakampen at vi finn andre alternativ enn skadelige blindvegar som vindkraft og elbilar.

Kva er alternativet?
Klimaendringane er ein av mange verknadar av at menneska og med oss dei dyrka plantene og husdyra våre har spreidd seg over jorda på kostnad av andre livsformer og at vi har drive eit overforbruk av både fornybare og ikkje-fornybare ressursar. Problemet kan ikkje løysast ved å auke denne belastninga.

Det finst ikkje eitt enkelt alternativ, ein smart teknologi som skaffar all den energien vi treng utan å belaste ressursar, natur og klima. Den grunnleggande utfordringa ligg i det økonomiske og politiske systemet, noko som har vore tabu å seie i miljø- og klimarørsla. Når saka er at jorda ikkje har overskot, men underskot på ressursar i forhold til behova til menneska og naturen, har vi ikkje råd å sløse.

Vi har ikkje råd til å halde oss med ein nasjonal og internasjonal overklasse med luksusyachtar og privatfly, vi har ikkje råd til å vinne ut gull for spekulasjon, vi har ikkje råd å sløse bort materiale, arbeidskraft og kapital på varer som blir laga for å slitast ut raskt, bare for at det skal seljast meir. Vi har ikkje råd til opprusting og krig. Vi har ikkje råd til at ein stor del av matvareproduksjonen bli kasta, vi har ikkje råd til å la verdsøkonomien og dermed politikken bli styrt av internasjonale kapitalistar med og utan namn. Vi har kort og godt ikkje råd til kapitalismen. Det samla forbruket av varer må ned. Nedskjæringa må skje både på produksjons- og forbrukssida, ved at det blir forbod mot produksjon av unødvendige varer, ved krav om at produkt skal vare lenger og ved at kjøpekrafta til dei rikaste blir kraftig redusert.

Dei tiltaka vi gjør lokalt/nasjonalt må vurderast både ut frå lokal, regional og global verknad.

Den samla transporten må ned. Land og regionar må i større grad bli sjølvforsynte med både mat og industrivarer. Avstanden mellom bustad og arbeidsplass må reduserast. Internasjonal turisme reduserast kraftig. Energiproduksjonen må reduserast, særlig for rike og nyindustrialiserte land. Det må satsast på energisparing og effektivisering. For den energiproduksjonen som likevel er nødvendig, må ein satse på forbetring av eksisterande energiformer, som oppgradering av vasskraftverk, sikrare atomkraftverk, reinsking av kol- og gasskraftverk, samtidig som forsking på nye kraftkjelder blir intensivert, f.eks. tidevasskraft og fusjonsenergi. Vind- og solkraft bør i første rekke reserverast for lokal kraftforsyning, men ikkje byggast vidare ut som hovudkjelder for nettet.

Folketalet i verda er allereie alt for høgt, og vil enno vekse ei stund. Samtidig som vi må forsøke å skaffe levelige forhold til alle, må det arbeidast for å stoppe auken og etter kvart redusere folketalet på jorda. Kanskje den tidligare kinesiske eittbarnspolitikken må gjennomførast som global norm?

No vil mange seie at dette heller ikkje er realistisk, men det er faktisk meir teknisk og økonomisk gjennomførbart enn «det grøne skiftet», og ikkje minst langt mindre skadelig for naturen, ressursane og menneska. Det er først og fremst politisk urealistisk under vårt noverande system. Skal vi løyse miljø- og klimaproblema og samtidig sikre menneskeheita ei stabil og forsvarlig energiforsyning vil det derfor trengst grunnleggande samfunnsmessige endringar.

1 https://www.nrk.no/urix/fns-klimapanel-ser-sterkere-bevis-for-at-klimaendringer-gir-mer-ekstremvaer-1.15602253

2 https://e24.no/det-groenne-skiftet/i/ePbWgQ/norges-havbunn-har-gull-som-fornybar-europa-vil-skrike-etter

3 https://www.nrk.no/dokumentar/xl/hvorfor-lonner-det-seg-a-kaste-bilen_-1.15232892

4 Ordet «klimafornektar» er ei noko misvisande forenkling. Det er ingen som fornektar klimaet, men ordet brukast til vanlig og også her om dei som anten nektar for at klimaet er i ferd med å bli varmare, for at dette skuldast menneskelig påverknad eller som meiner at dette ikkje er noko problem som treng å bekjempast. Eit godt eksempel på kritikk av fornybarsatsinga frå klimafornektarar er boka «Clean» Energy Explorations (Stein/Royal, 2021), som dokumenterer skadene ved fornybarsatsinga, men uten at eg vil gå god for alternativa deira.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned