Oppdelingskrigen i Midt-Austen, flyktningane, du og eg

Foto: Irish Defence Forces

Oppdelingskrigane i Midt-Austen forandrar verda. Vi treng idedugnad i fagforeningar og lokalmiljø for å finne ut kva felles kamp mot felles fiende betyr i dag og i morra.

Erling Folkvord
Om Erling Folkvord (10 artikler)
Erling Folkvord er politiker i partiet Rødt. Han har tidligere sittet i bystyret for Rød Valgallianse (RV) og Rødt i Oslo og sittet en periode på Stortinget for RV. Hans spesialfelt som politiker har vært avsløring av korrupsjon og maktmisbruk.

Her er det mange ballar i lufta. Å forstå er ikkje lett. Enda vanskelegare er det å stake ut ein politisk kurs for å redusere splittinga mellom dei som direkte eller indirekte blir ramma av den politikken imperialistiske makter og regionale stormakter fører i Midt-Austen og områda rundt. Eg tenkjer både på arbeidsfolk i Norge og sivilbefolkninga i mange statar. Frå Libya via Syria og Irak til Afghanistan.

Vi som vil at vanlege folk skal gjere felles sak på tvers av landegrensene, bør mellom anna ta utgangspunkt i at:

Ny oppdeling av Midt-Austen
1. Krigane i Midt-Austen handlar i alle fall sia 1990-talet, om ny oppdeling av Midtausten. Og liknar på den delinga som først og fremst England og Frankrike dikterte etter første verdskrigen. Men enda fleire er på banen i dag: USA, Russland, EU, Saudi-Arabia, Iran og Tyrkia er mellom dei som vil ha kontroll over fleire naturressursar og nye land.

Massiv terror mot sivile
2. Utanlandsk og særleg amerikansk innblanding for nyoppdeling har utløyst sekteriske krigar og terror. Det er vanskeleg å peike ut dei verste terroristane.  Når det gjeld mengden av terror trur eg knapt nokon av jihadistgruppene kan måle seg med den terroren mot sivile som USA og NATO-allierte har gjennomført i dei 24 åra sia det vi kallar Den første Golfkrigen i 1991. Kven kan i dag nå opp mot fredsprisvinnar Barack Obama og NATO-generalsekretær Jens Stoltenberg?

Ikkje gløym 26. og 27. februar 1991 da amerikanske flygarar tømte bombelast etter bombelast over irakiske soldater som var på retrett etter at krigen var slutt. USA fortsatte bombinga til det ikkje var noko som rørte seg på dei to motorvegane frå Kuwait til Bagdad. «Det var som å skyte fisk i ei bøtte,» som amerikanske militære sa etterpå. «Dette er utan tvil eit av dei verste krigsbrotsverka i nyare historie,» sa ein av medarbeidarane til Ramsey Clark, tidlegare justisminister i USA.

Gløym heller ikkje det amerikanske TV-programmet 60 minutes fem år seinare. 10. mai 1996 da USA sin FN-ambassadør Madeleine Albright var gjest i studio. Programleiaren konfronterte henne med at ein halv million ungar under fem år fram til da hadde døydd på grunn av sanksjonane mot Irak: «Det var verdt det,» svara Albright. Året etter vart ho utanriksminister i USA.  Og sanksjonane heldt fram i sju år til.

Ser inga framtid
3. Millionar er no på flukt i Midt-Austen, og ikkje berre frå krig og terror. Eg møtte nyleg Nezran Abdullah, ein av leiarane i Kvinnenes Forsvarsstyrker (YPJ) i Rojava, det sjølvstyrte området lengst nord i Syria. Ho sa at folk i stort omfang flyktar fordi foreldra ikkje ser noko som helst framtid for ungane sine. Ingen sjanse til skolegang osv.

Eit mindretal av flyktningane reiser ut av Midt-Austen
4. Mange som er på flukt, lever i flyktningeleirar i nabolanda, og dei blir verande der. Tusenar på tusenar av andre flyktningar får privat husly hos folk som har lite frå før, men som bryr seg. Ungar i skolealder og kvinner med enda mindre ungar er tiggarar på gatene i Tyrkia og i andre land, der krigane for tida er mindre intense. Eit mindretal av flyktningane får til å skrape saman pengar (mellom anna frå slektningar i utlandet), og legg ut på lange reiser til land utafor Midtausten. Mange av dei har yrkesfagleg erfaring og utdanning. Ikkje så få har hatt høge stillingar i offentleg administrasjon. Syria blir utarma. Tusentals flyktningar døyr.

Grabber til seg krigsprofitt
5. Ein del av dei som organiserer flyktningerutene – men IKKJE ALLE ! – kan samanliknast med dei tre aksjonærane i Blodstrupmoen AS. Desse tre og andre små og store bissnissfolk i Norge ser at dei kan grabbe til seg lynrask flyktningeprofitt. Krigsprofitt er eit meir presist uttrykk.

Nye kart med nye statar og nye grenser
6. Dei nokså moderne statane Libya, Irak og Syria er truleg historie. Enno gjeld dei statsgrensene som sigerherrane i den første verdskrigen dikterte etter at Det osmanske riket var knust i 1918. Men du kan rekne med at planleggarar i Washington, London og Moskva alt har laga kart med nye statar og nye grenser, slik den britiske etterretningsagenten Sykes og den franske diplomaten Picot gjorde da dei møttest i Damaskus i 1916.

Veksande svart sektor i arbeidslivet
7. Den delen av flyktningestraumen som kjem til Norge, kjem i ei tid da arbeidsløysa aukar raskt. Kapitalismen skaper krise i Norge, medan folka i Midt-Austen lir under krigar og terror som vestlege imperialistmakter utløyste. Norske bedriftseigarar kjem til å utnytte mange flyktningar som enda billigare arbeidskraft enn EØS-innvandarane frå austlege Europa. Mange får eit magert levebrød i den veksande svarte sektoren i norsk arbeidsliv.

Få slutt på norsk støtte til Tyrkias krig mot kurdarane
8. Dei to siste regjeringane i Norge har til no nekta å gi humanitær hjelp til Rojava, det fredelegaste området i Syria. Statseigd våpenindustri leverer i staden våpen til Tyrkia. Både Stoltenberg-regjeringa og Solberg-regjeringa gir politisk støtte til den krigen president Erdogan i Tyrkia fører både mot PKK og mot sjølvstyret i Rojava. Dette er krig mot dei som i dag truleg er dei sterkaste demokratiske kreftene i Midt-Austen.

Den splittande flyktningdebatten både på Stortinget og utafor er i denne situasjonen ein ekstrabonus til krigførande statar og heimlege krigsprofitørar.

Eg tenkjer at bra folk i Norge i alle fall bør gjere to ting, i tillegg til det flotte, solidariske hjelpearbeidet mange driv i sine eigne lokalmiljø:

  • Organiser press mot den norske regjeringa for å stanse våpensalet og få slutt på norsk politisk støtte til Tyrkias krig mot dei demokratiske kreftene i Midt-Austen.
  • Trekk lærdomar av Oslo bygningsarbeiderforening og andre i fagrørsla som møtte arbeidsinnvandringa frå Aust-Europa med å arbeide for fagorganisering og solidarisk kamp mot felles fiende.

Flyktingestraumen i dag er annsleis og på mange vis vanskelegare enn EØS-innvandringa. Vi treng idedugnad i fagforeningar og lokalmiljø for å finne ut kva felles kamp mot felles fiende betyr i dag og i morra.

Oppdelingskrigane i Midt-Austen forandrar verda i lang tid framover. Solidarisk krig mot krigen er det einaste som kan gjere det muleg for flyktningane å ein gong bygge opp igjen dei heimlanda som utanlandsk innblanding har øydelagt. Slik innsats kan dessutan redusere splittinga i fagforeningane og elles i den norske befolkninga.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned