Leiligheter til blodpris trenger regulering

Foto: Pam Brophy

Debatten rundt norsk bustadpolitikk har ikkje vore via spalteplass som står i stil med den innverknaden bustadpolitikk har på menneske.

Rune Eklund Breisnes
Om Rune Eklund Breisnes (1 artikler)
Rune Eklund Breisnes er ungdomssekretær i Fagforbundet. Han har bakgrunn fra arbeid i bofellesskap for psykisk utviklingshemmede og studier i sammenlignende politikk ved Universitetet i Bergen.

Dereguleringa av bustadmarknaden, som har foregått over tid, har forårsaka ein situasjon der foreldregenerasjonen i stor grad har trekt stigen opp bak seg. Prisveksten har vore svært høg, og høgare enn lønnsveksten, noko som skaper store skiller mellom dei som har kome seg inn på marknaden og dei som forblir utanfor.

Eige framfor å leige

Norsk bustadpolitikk er bygd rundt tanken om at det er ønskelig at befolkninga eig, framfor leiger. Men den norske bustadpolitikken er ikkje tilpassa dei faktiske forhold som rår. Da Willoch-regjeringa bestemte seg for å fjerna pristaket på buretslagsleiligheter på 80-talet, gjorde ein det samtidig klart at det å eige eigen bustad (for alle) ikkje lengre skulle vere prioritert. Når ein veit at husbanken i lang tid har vore svak, og for unge i etableringsfasen ikkje lenger skal vere det verktøyet banken var, er vegen inn på bustadmarknaden blitt vanskeleggjort. Samtidig har ein ikkje har tatt grep for å regulere utleigemarknaden. Resultatet blir da at unge forblir på utleigemarknaden, særleg i pressområde der bustadprisane er høgast, og der dei som spekulerer i utleigebustader tjener mest pengar.

Utleigemarknaden treng regulering

Når realiteten er den at vegen inn på bustadmarknaden er svært lang for mange unge, så burde ein samstundes sjå at utleigemarknaden er eit felt som i høg grad treng regulering.

Det kan ikkje vere slik at det einaste kravet til ein utleigebustad er brannsikkerhet og inga muggsopp. I byar rundt om i Noreg er det sånn at det ligg leiligheter ute til blodpris. Det er ingen regulering av pris, opp mot standard og størrelse. Med den bustadmangelen som er i dei større byane, står unge i lange køar for å få komme på visning til overprisa, nedslitte leiligheter, medan prisveksten tvinger barnefamilier ut av sentrum.

Spekulantar kjøper nedslitte bygårder

Ei oppgåve som burde vore ein naturleg del av velferdsstaten, blir overlatt i hendene på spekulantar som kjøper opp nedslitte bygårder og leiger dei ut med samme standard, for å tjene seg rike på dei som alt sit trangt i det. Å skulle pressa spekulantane ut av leigemarknaden, kan gjerast gjennom krav om pris i henhold til standard. Utleigenemnda bør gjenninførast og brukast som eit verktøy for fastsetting av makspris på bustadar. I tillegg har ein eit behov for større satsing på kommunale utleigebustadar som er tilpassa brukergruppene sine behov.

Ønskjer en konstruktiv debatt

Sjølv om trua på marknadens evne til å regulera seg sjølv lever sterkt i enkelte politiske miljø, taler alt for at regulering av utleigemarknaden må bli styrt via lover og forskrifter.

Debatten rundt norsk bustadpolitikk har ikkje vore via spalteplass som står i stil med den innverknaden bustadpolitikk har på menneske. Særleg for dei som leiger, vil bustad vere den største utgiften ein har i løpet av eit år. For Fagforbundet Ungdom og andre som arbeider for ein meir sosial bustadpolitikk er det viktig at debatten blir tatt opp igjen. Da er det ikkje for eller i mot eigendomsskatt for dei rikaste som me er interesserte i å diskutera. Da er det styrking av husbanken, bygging av attraktive kommunale utleigebustadar, politisk styrt rente, bygging av både student og lærlingbustadar og gjenoppretting av utleigenemnda som me vil ha opp til diskusjon.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned