Journalismens gravskrift eller historisk vendepunkt?

Foto: Gage Skidmore, Flickr.

Stormaktene driv ein informasjonskrig ved hjelp av propaganda, avlytting,  løgner og desinformasjon. Krigen for sannheten er ein krig vi ikkje har råd til å tapa.

Gunnar Øyro
Om Gunnar Øyro (5 artikler)
Gunnar Øyro underviser i realfag på videregåande skule. Han er frihetlig sosialist og skriver på bloggen Innlegg frå Venstre Kant. Gunnar er opptatt av korleis den dominante ideologien påvirkar politisk meiningsdanning.

Ytringsfriheten i fare

Nylig vart den etiopiske journalisten Eskinder Nega dømt til 18 år i fengsel. Hans «forbrytelse» var at han krevde større beskyttelse av retten til ytringsfrihet. Dette forbausar oss knapt, ettersom Etiopia ikkje akkurat er synonymt med pressefrihet. Av same grunn forventar vi heller ikkje mykje frå land som Iran, Kina og Syria. Men korleis står det egentlig til med vår del av verden? Hendelsar dei siste månadane viser at også her er ytringsfriheten i fare. I England krever no statsmininster David Cameron at avisene skal utøva sjølvsensur. Han kallar det å visa samfunnsansvar, men sensur er rette navnet. Og hvis ikkje media rettar seg etter dette, truer han med å gripa inn. Dette er siste fase i det som er ein krig mot media. Før har det vore nok med gulrot, men no kjem også pisken fram, og dette er alvorlig. Kva er det som skjer?

Snøballen rullar

Mykje av dette er følger av det den amerikanske varslaren Edward Snowden sette i gang gjennom sine avsløringar av NSA sin overvåking av egne og andre lands borgarar. Denne snøballen har rulla og rulla, og vart nylig aktualisert med avlyttinga av Angela Merkel og andre europeiske statsledarar. Vi veit at USA har kjørt hardt mot alle som bidrar til å avsløra slik maktmisbruk, som Chelsea (Bradley) Manning, Julian Assange og Wikileaks og no Edward Snowden. Men kanskje har ikkje England si like tøffe linje mot journalistar som skriv om dette kome like godt fram i nyhetsstormen. Så la oss oppsummera litt.

Informasjonsvoktarane

I England handlar dette mykje om avisa The Guardian og journalisten Glenn Greenwald (se faktaboks) som har jobba tett saman med Snowden etter at han i vår bestemte seg for å avsløra informasjon om NSA. Kort tid etter kom første artikkel på trykk, og det var starten på ein serie kritiske artiklar. Reaksjonane let ikkje venta på seg. Etter at Snowden fekk midlertidig asyl i Russland begynte jakten på hans allierte, ikkje minst The Guardian og Glenn Greenwald. 18. august vart Greenwalds samboar David Miranda halden tilbake under transit på Heathrow flyplass etter den såkalte Schedule 7 (se faktaboks) av Terrorismeloven av 2000. Dei fleste som denne loven blir brukt mot blir haldne tilbake i mindre enn ein time. Miranda vart halden i ni før han vart sluppe fri. Ein kan leggja merke til at det skjedde uten tiltale. Jamvel Financial Times kallar dette for trakassering. Ikkje lenge etter vart The Guardian tvinga til å knusa egne PCar av representantar frå GCHQ (Government Communications Headquarters) som er det engelske motstykket til NSA. Organisasjonen World Association of Newspapers and News Publishers (WAN-IFRA) som representerer over 18,000 publikasjonar i 120 land var kjapt ute med å fordømma disse handlingane, og Amnesty uttalte at det var ein trussel mot pressefriheten og markerer ei stygg vridning mot det verre

Retorikken hardnar til

Men det skulle ikkje bli betre: Parlamentsmedlemmet Julian Smith frå dei konservative, har uttalt at The Guardian hadde brote loven og burde bli straffeforfulgt. Han fekk ikkje uventa støtte frå NSA-sjefen sjølv, General Keith Alexander: «Eg meiner det er feil at den avisa sine reportarar skal ha alle disse dokumenta. […] Vi må finna ein måte å stoppa dei på.» Og Cameron er enig. Mandag 28. oktober sa han nemlig at «eg har ikkje lyst til å bruka forføyningar eller D-notiser, eller andre hardare metodar. Eg trur det er mykje betre å apellera til avisene sitt sosiale ansvar. Men hvis dei ikkje viser sosialt ansvar vil det bli veldig vanskelig for regjeringen å halda tilbake uten handling.»[i] Dette er ein skremmande tone, og heilt sikkert meint slik, på samme måten som kommentarane frå GCHQ-folka då The Guardian måtte knusa PCane sine: «No kan vi kalla tilbake angrepshelikoptera», skal ein av dei ha sagt.

Myten om rikets sikkerhet

Etter 9/11 har både USA og Storbritannia sett i verk ei rekkje nye lover. I følge maktens retorikk er vi i ein permanent krigstilstand. Dermed kan unntakslover bli tatt i bruk som medfører omfattande begrensing i folks frihet. Disse lovene er begrunna med trylleformularet «rikets sikkerhet». Men når dei blir brukt, som som i Manning-saken, er myndighetene likevel ikkje i stand til å gjera rede for denne skaden, for der er ingen. Avisa Sun siterer britiske etteretningsbyrå som meiner at detaljar frå NSA-lekkasjane hadde skada arbeidet deira. Dei siterer også ei «topp etteretningskjelde» som seier at terroristane «plutselig vart stille» etter disse lekkasjane om NSA og GCHQ sine operasjonar. Hvis dette er alt, så er ikkje store skaden gjort – i høyden mindre ulemper for etteretningen. Men så handlar jo dette egentlig ikkje om rikets sikkerhet, men om maktens sikkerhet i forhold til eget folk.

I seng med Obama

Når USA seier hopp, så hopper England. Slik Tony Blair var Bush sin lydige adjutant, blir no statsminister David Cameron Obama sin. Men for å vinna denne krigen treng Obama og Cameron også lydige medier. Og det fins metodar for å skaffa seg det. Som Noam Chomsky og andre har vist, var dekningen av Vietnamkrigen svært skeiv. Den store majoriteten av amerikanske medier skreiv det makta ville dei skulle skriva. Målet var då som no, at journalistane blir knytta til makta – personlig gjennom kjennskap, psykologisk gjennom lojalitet til landet, praktisk gjennom nærhet til kjeldene og økonomisk gjennom å tilby ferdigtygde pakkar. Ein vanlig metode som vart brukt under Irak-krigen, er såkalt Embedded journalism – eller det som John Pilger heller kallar «In bed with-journalism», nemlig å invitera eit antal journalistar med til fronten, der dei får ein begrensa og velregissert versjon av krigen. Og det er nok av dei som villig hoppar til sengs med makta – og blir der. Som Chris Blackhurst, som ironisk nok er tidligare redaktør av «The Independent». Han skriv: «Hvis etterretningen insisterer på at noko er mot offentlig interesse, og kan skada operasjonane deira, kven er eg […] til å mistru dei?»[ii]. Vel, svaret er at då er du i alle fall ikkje ein uavhengig journalist.

Krigen mot sannheten

USA og Storbritannia med venner har i dag ein krig gåande på to store frontar. Den eine foregår på bakken, og handlar om den totale geopolitiske kontroll over mennesker og ressursar, ved hjelp av eit mektig militært apparat, og med millioner av offer som resultat. Den andre foregår i «cyberspace» med eit like mektig apparat som utfører massiv avlytting, og produserer propaganda, løgner og desinformasjon i stor skala. Det Obama og Cameron er ute etter, ser ut til å vera uinnskrenka kontroll over informasjon. Dette er ein krig mot sannheten. Når terrorlovene blir brukt mot journalistar og media forstår vi at 1984 er her og no. Men hverken Greenwald eller The Guardian kjem til å gi seg. Avisa sine journalistar arbeider frå mange land, og derfor går ikkje informasjonen tapt sjølv om noken PCar skulle blir ødelagt i London, og derfor blir det heller ikkje enkelt for Cameron å stoppa dei. Krigen for sannheten er ein krig vi ikkje har råd til å tapa. Retten til vita er ein «hellig rett», seier John Pilger. Og han har rett, for på den kviler vår forfatning og heile demokratiet. På den kviler også håpet om ei rettferdig og fredelig framtid. Guardian-saken viser oss igjen at vi ikkje kan stola på makta, eller på massemedier som er i seng med makta, men vera glade for at det enno fins uavhengige journalistar som står opp for sannheten.


[i] «I don’t want to have to use injunctions or D notices or the other tougher measures. I think it’s much better to appeal to newspapers’ sense of social responsibility. But if they don’t demonstrate some social responsibility it would be very difficult for government to stand back and not to act.»

[ii] «If the security services insist something is contrary to the public interest, and might harm their operations, who am I (despite my grounding from Watergate onwards) to disbelieve them?»

Fakta: Glenn Greenwald

Glenn Greenwald kjem frå New York og er jurist av yrke med spesialisering i USAs forfatningsrett. Seinare vart han bloggar og forfattar av fire politiske bestselgarar om presidentskapet til George W. Bush. Greenwald starta bloggen sin Unclaimed Territory i 2005, og fekk «Koufax Award» for beste nye blogg det året. I februar 2007 begynte Greenwald å skriva for nettmagasinet Salon.com, men forlet det i 2012 for å skriva for avisa The Guardian. 31. oktober i år slutta Glenn Greenwald i The Guardian for å starta eit nytt nettmedium saman med journalistane Jeremy Scahill og Laura Poitras.

Greenwald er motstandar av den stadige maktkonsentrasjonen i amerikansk politikk, og seier at dei siste fem åra har «ein snikande ekstremisme tatt bolig i vår regjering, og truer med å endra radikalt vårt styresett, og kven vi er som nasjon. Denne ekstremismen er hverken konservativ eller liberal i sin natur, men er i staden drive av ein teori om ubegrensa makt til presidenten, som er fullstendig framand og i motstrid til dei politiske verdiane som har styrt dette landet sidan det vart grunnlagt». Han har også sagt at måten å oppnå verkeleg politisk endring ikkje er å prøva å endra det ødeleggjande toparti-systemet innanfrå, men utanfrå.

Fakta: Schedule 7 til Terrorismeloven av 2000

Schedule 7 tillet politiet å stoppa og spørja ut passasjerer ved engelske havner og flyplassar uten mistanke om terrorisme. Politiet kan halda folk tilbake i opptil ni timar, gjennomsøkja bagasje og kroppsvisitera dei, ta DNAprøver og fingeravtrykk. Og sjølv om dei teknisk sett ikkje er under arrest er dei tvinga til å samarbeida, før evt. advokat har kome, ellers står dei i fare for å blir arrestert for å hindra politiets arbeid. Ein utvidelse av loven vil, om det blir vedtatt, også gi mulighet for å lasta ned innhaldet i mobiltelefoner, pcar og anna elektronisk utstyr. Loven er kritisert for å gi for vide fullmakter og at den blir brukt for ofte og mot uskyldige som i tillegg til å føla seg ydmyka og mistenkeliggjort, ofte mister reisa si uten rett til refusjon.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned