SIAN i Hamar: Dagen derpå for pressa

Foto: Åse-Kari Kobbersletten

Som blodhundar tent av strid var pressa kun interessert i mulege sammanstøyt, men utan evne til å analysere situasjonen. SIANs hat og antirasistanes arbeid for samhald blei begge ignorert.

Åse-Kari Kobbersletten
Om Åse-Kari Kobbersletten (4 artikler)
Åse-Kari Kobbersletter er kvinnepolitisk ansvarlig for Fellesorganisasjonen Oppland

Lørdag deltok eg på eit fabelaktig arrangement på Hamar: Fargerikt fellesskap – Et Hamar for alle. Rødt Hamar hadde initiert ei tverrpolitisk markering som motreaksjon på SIANs inntreden i byen. Det var mange flotte appellar og kulturinnslag, frå mellom anna ordførar, prest, fagrørsla og lokale ungdommar. Mange sa kloke ting, men ingenting av innhaldet vart referert av pressa.

Fascistane i SIAN hadde også markering. Heller ikkje innhaldet deira har pressa dekt eller vore kritisk til.

LES OGSÅ av Åse-Kari Kobbersletten: Arbeiderklassens døtre og vald i arbeidslivet

Det einaste journalistane har vore opptekne av var om det vart handgemeng eller anna valdsutøving, som om det skulle dreie seg om eit gjengoppgjer. Kanskje er dei skuffa over å ikkje få sensasjonsoppslag? Som om dei var blodhundar tent av strid, men utan evne til å analysere situasjonen.

Eg har sett Hamar Arbeiderblad, NRK og Vårt Land dekkje det som skjedde på Hamar i går. Deira fokus er om motdemonstrantane er utagerande. Heilt utan å ta stilling til kvifor folk reagerar på bodskapen til sianeserane på Østre Torg, og heilt utan kritiske kommentarar til SIAN som står og hånar politiet, hånar dei som har møtt opp, som tek til orde for å deportere nordmenn frå landet og som lyg kvar dag om kva som er innhaldet i islam og korleis muslimar lev i Norge.

Pressa kunne lagd hovudoverskriften om den 16-årige muslimske guten som prata om kvinners rettar på Stortorget og nemnt SIAN i ei bisetning. Journalistane kunne fortalt i klårtekst kva parti, kyrkje og fagforeiningar meiner er eit godt samfunn, kva vi vil oppnå.

Språkets funksjon er ikkje berre å beskrive verkelegheita, det bidreg også til å skape den. Det må mediene vera seg bevisst: Fokuset deira set dagsorden for den vidare debatten.

Så…kjære journalist: Kva er det som er viktig å få fram? Er det å få fram kva samfunn Hamar-ordføraren vil ha? Eller er det kanskje kven som vil rense ut delar av befolkninga? Eller er det kven som tutar høgast i trompeten uttafor sperringane til politiet?

Det var innom 300 på Østre Torg (200 om gongen) og det var 150 som bråka framfor SIAN. Hamar stilte med 450 motrøster, men pressa har ikkje fortalt kva innlendingane samla seg imot.

Folk samla seg imot ein organisasjon med leiarar som seier at dei kunne tenkje seg å sleppe ut att ABB for å ordne opp.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned