Ungdommen trengs i EU-kampen

Media er mot oss. Pengemakta er mot oss. Dei største partia er mot oss. Det store stortingsfleirtalet er mot oss. Storindustrien er mot oss.

Mads Opheim
Om Mads Opheim (1 artikler)
Nylig avgått leiar i Ungdom mot EU og er snart utdanna sivilingeniør i data frå NTNU.

Under kjem ei modifisert utgåve av avtroppingstalen til nyleg avgåtte Ungdom mot EU-leiar Mads Opheim, holdt på organisasjonens landsmøte 17.-19. januar 2014

Det er i dette bildet Ungdom mot EU står, og det er her vi alltid har stått. Vi har ikkje pengar, makteliten eller media på vår side, ingen av oss har det, men vi har viktigare støttespelarar enn som så. Vi har folket, menigmann og det sunne folkevettet på vår side. Folk meiner vi har rett. Folk vil ikkje ha EU-medlemskap, og folk vil ikkje ha meir EU-makt i Noreg.

Vi i Ungdom mot EU har folkestyre, miljø og solidaritet som våre grunnprinsipp. Desse prinsippa er uatskillelege:

  • eit folkestyre som ikkje tar omsyn til miljø og solidaritet er hult.
  • Kampen mot klimaendringane er solidaritet i praksis – det er dei fattigaste som taper på klimaendringar
  • Solidariteten er grenselaus. Vi har solidaritet internt i Noreg, med folk i EU og med folk i resten av verda!

Vårt nei til EU er eit ja til noko betre. Det er eit ja til å sjølv stå for ein betre politikk, eit ja til å bygge eit samfunn med andre mål enn forbruk, utslepp og materiell vekst, og eit ja til eit samfunn der organisasjonar som Natur og Ungdom eller Ungdom mot EU faktisk kan påverke om vi jobbar godt og står for ein god politikk.

For vi jobbar politisk, det er jo derfor vi fins, vi jobbar med politiske saker og prøver å få gjennomslag. Og du verda, vi har nok å jobbe med.

Handhevingsdirektiv. Jernbanepakke 4. Datalagringsdirektiv. Offshoredirektiv. Kabotasje. Arbeidslivet ut av EØS. Grunnlovas paragraf 93. Tollvern.

Det er enkelt å liste opp viktige, store saker vi har jobba med sia sist landsmøte for eit år sia, saker som når ein berre seier namnet høyres høgtflygande, kronglete og vanskelege ut. I verkelegheita har vi jobba med saker som alle er forskjellige variantar av det samme: nemleg kven som skal bestemme over kvardagen vår her i Norge. Skal det vera oss, det norske folk, eller dei, EU-gjengen? Alt vi jobbar med spinnar rundt det spørsmålet.

Ungdom mot EU skal vera ein maktfaktor. Ei kraft å rekne med. Ein organisasjon med klare og tydelege meiningar og som er med i debattane. Folk skal kunne stole på at Ungdom mot EU meiner noko om det.

Der Nei til EU ikkje tør

Vi skal brøyte veg. Vi skal tørre å ta standpunkt sjølv når det er upopulært. Vi skal meine det som er rett. Vi skal alltid stå opp for folkestyret, miljøet og solidariteten når EU angrip. Vi skal slå EUs makt over Norge tilbake.

Det gjer også Nei til EU. Nei til EU og vi meiner jo det samme i dei aller fleste sakene, og vi jobbar mykje med dei samme sakene. Korleis skal vi da begrunne at vi fins? Eg meiner UmEU kan spele fleire roller Nei til EU ikkje kan eller tør ta. For det første kan vi vera litt meir radikale, litt meir frampå, litt meir utfordrande. Vi kan brøyte litt veg der Nei til EU må vera meir defensive. Vi løftar fram saker Nei til EU ikkje gaper over: vi kritiserer EUs religiøse forhold til økonomisk vekst, og meiner at sånt som arbeidarrettigheiter og miljø også er viktig. Vi løftar på dette landsmøtet debattane om eksport av velferdsordningar og om eksport av kraft til EU, debattar Nei til EU ikkje har tatt. Vi har løfta godstransport og offshoredirektiv på agendaen.

For det andre kan vi nettopp ta andre saker enn Nei til EU tar. For det tredje, og minst like viktig, når vi ei anna målgruppe. Vi når ungdom, det er verre for Nei til EU. Og for det fjerde kan vi ta ei anna vinkling enn «Vaksne mot EU» gjer.

Eg trur vi kan vinne mange saker. Eg trur vi kan vinne få av dei aleine. Breidda og alliansane har vore nei-sida si styrke heilt frå starten, og vi har det siste året plukka fram den hansken igjen. No sist helg var eg og sentralstyremedlem Bjørn på Natur og Ungdom sitt landsmøte, der EU var eit reelt diskusjonstema, ja, mildt sagt. EU- og EØS-debatten var heftig og oppheita, og til slutt landa Natur og Ungdom på at dei framleis skal vera mot både EU og EØS. Takk for det!

Kort sagt, kjære vennar, vi har mykje påverknadsarbeid å gjera, mange alliansar å knytte eller forsterke og mykje bevisstheitsarbeid framfor oss. Vi gjenreiste Samarbeidsforumet for unge nei-organisasjonar i løpet av perioden, og dette forumet bør vi bruke aktivt vidare for å samle og styrke neisida!

Kamp mot EØS

Eg trur at vi må dette landsmøtet samlar mange av dei viktigaste unge folka som skal halde Norge utanfor EU dei neste femti åra. Vi har gjestar frå dei kontor- og butikkansatte, vi har gjestar frå dei kommunalt ansatte, vi har gjestar frå bygdeungdommen, frå transportarbeidarane, frå solidaritetsungdommen, frå industriarbeidarane, frå miljørørsla og frå seks ungdomsparti. Vi har gjestar som representerer hundretusenvis av ungdommar. Og nettopp det å vera mange er jo det som har ført vår rørsle til siger tidlegare! Vi var mange, sterke, samla og godt skolerte da vi heldt Norge utanfor EU både i 1972 og 1994.

No skal vi bli fleire, bli sterkare, bli meir samla og bli betre skolerte for å slå EU tilbake nok ein gong! Sist handla det om å hindre norsk EU-medlemskap. No er det vi som er på veg framover, det er vi som flyttar posisjonane framover på banen. Vi rustar opp til kampen for å stoppe den snikinnmeldinga i EU EØS-avtalen innebærer.

For folkens, det er hult å vera EU-motstandar, men for EØS-avtalen. Eg er prinsipiell EØS-motstandar. Det er veldig bra viss EU sluttar å overause oss med kjipe direktiv, men det er ikkje nok. Grunnlaget for fagrørslas kamp og framgang er fast og sikker jobb. EØS går rett i kjernen på dette. Grunnlaget for eikvar løsning på klimakrisa må vera å sette klimaet først. Dét er i full strid med EØS.

Kring um saag han Trældomen kvida

Det er langt igjen. EØS-målinga Nationen publiserte like over nyttår viser at berre 20 % vil seie opp EØS-avtalen, medan 58 % ikkje vil. Dette altså på spørsmålet om dei vil seie opp EØS-avtalen. Spør ein heller folk om dei helst vil ha EØS-avtalen eller ein vanleg handelsavtale, blir svaret eit heilt anna. Det viser for det første at det er langt igjen før vi vinn fleirtal for å seie opp EØS, og det viser for det andre at langt frå alle veit kva som skjer om vi faktisk seier han opp. For da får vi jo ein vanleg handelsavtale med EU!

Kampen mot EØS-avtalen er ein kamp i mange omgangar. Vi må spele oss gjennom alle omgangane før vi kjem til avgjersla. Etter kvart skal vi komme fram til ei folkerøysting – der det norske folket skal få seie sitt om EØS-avtalen – vil dei framleis ha EU si klamme hand hengande stadig tyngre over oss, eller vil dei ha ein heilt vanleg handelsavtale med EU?

MEN før vi kjem så langt, har vi mange omgangar med arbeid framfor oss, og mykje nybrottsarbeid vi må gjera.

Det innebærer at Ungdom mot EU som eg har sagt skal slå tilbake alle EUs angrep på norsk arbeidsliv, på miljøet, på solidariteten, på sjølvstyret, kort sagt, seie nei til at EU skal bestemme over oss. Det skal vi gjera sjølv!

Lat meg, kjære landsmøte, bruke eit sitat frå eit av mine favorittdikt, som blir ekstra fint om ein ser det frå vårt EU-kritiske perspektiv.

Sud um Havet han stundom laut skrida.

Der var Rikdom paa Benkjer og Bord;

men kring um saag han Trældomen kvida,

og so vende han atter mot nord.

 

Kjære landsmøte, i perioden har vi vunne viktige sigrar i kampen mot EØS-avtalen. LO arrangerte kongressen sin i mai. På den kongressen vann vi på nei-sida gjennom med alt vi prøvde å få til. LO går no inn for å seie nei til EUs handhevingsdirektiv og til EUs jernbanepakke. Sosial dumping og overstyring av jernbanepolitikken er ikkje noko LO har lyst på.

Ikkje nok med det: Kongressen gjekk inn for å ta arbeidslivet ut av EØS-avtalen! Det er ein kjempesiger som vi skal ta med oss i arbeidet vidare. 900 000 arbeidsfolk går no inn for å ta frå EU makta over det norske arbeidslivet! I realiteten inneber det eit krav om at Norge må stå opp mot EU og få endra EØS-avtalen. Korfor? Jo, fordi LO er tydelege på at arbeidarrettar, FN-konvensjonar og arbeidsmlijlølov skal gå framfor EUs frie flyt.

United States of Europe

Kjære landsmøte, vi har fått med LO på å få arbeidslivet ut av EØS, på å minke EØS-avtalen. Generelt vil vi jo at EU skal få mindre makt og omfatte færre områder. Vi er mange, blant anna det norske fleirtalet, som meiner at EU bør få mindre makt over Norge. Også her har vi – nær sagt som vanleg – mektige fiendar. EU-kommisjonens visepresident var for berre eit par veker sia ute og var usedvanleg ærleg. Han sa rett ut at “ja, vi i kommisjonen vil ha eit United States of Europe. Det må folk ta stilling til i valet til EU-parlamentet i vår: vil dei ha eit USE eller ikkje?»

Det er vel ingen grunn til å tru at EU-kommisjonen føler for å høyre på oss, men vi kan gi dei eit innmari tydeleg svar lell. Det svaret er NEI. Berre tanken om eit USE er såpass verkelegheitsfjern, såpass dum og såpass useriøs at det er til å riste på hovudet av. Og føyer seg inn i rekka av idear frå Brussel dei siste åra som går inn i den kategorien.

Ungdom mot EU byggjer på prinsippa om miljø, folkestyre og solidaritet. Vi er ikkje dei einaste som gjer det, tvert om plasserer det oss naturleg som ein del av ei større rørsle. For dette er ideal vi deler med fagrørsla, med miljørørsla, med solidaritetsrørsla og med nei-folk i andre land. Vi er ein del av ei internasjonal, tverrpolitisk, brei rørsle. Vi er mange, folkens!

Og det skal vi hugse. Gjennom det her landsmøtet, gjennom det daglege arbeidet vårt, i bevisstheita: vi er mange, vi er sterke og vi står samla.

 

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned