EØS: Høgrepolitikken folket har sagt nei til

Foto: EU Exposed

EØS påfører oss høgrepolitikk som omfordeler samfunnsverdiar til uanstendig få rike og øydelegg «Den nordiske modellen». AP-leiinga øydeleggjar ein politisk suksess vi har levd av i nær 70 år før dei blåblå tok over.

Olav Hauge
Om Olav Hauge (2 artikler)
Olav Hauge er lokalpolitiker for SV, medlem av Nei til EU og underviser i makroøkonomi og internasjonal handel ved Høgskolen i Molde.

Nokre sentrale samanhengar EØS-tilhengjarane aldri fortel oss om eller snakkar høgt om.

For det første har utviklinga etter at regjeringa Harlem Brundtland III tvinga gjennom EØS-avtalen i 1992, vist at norsk handel med EU gått ein veg – nedover. Med Brexit på plass seinast i 2019, ser det ut som at norsk handel med EU-statar blir mindre enn med resten av verda til saman. Det er historisk og skuldast at økonomien i eurosona går dårleg, arbeidsløysa i EU er høgre i eurosona enn EU-statar utanfor. Veksten i verda skjer ikkje i EU, auka kjøpekraft i resten av verda gjer norsk eksport mykje meir lønnsam til landa utanom EU.

Via EØS får vi sosial dumping og press på arbeidsmarknadene, ein marknadsliberalistisk politikk i EU gjer at norsk arbeidsløyse aukar. Løysinga på arbeidsmarknadsproblema kan på ein rimeleg rask og enkel måte komma på plass ved å skrota EØS-avtalen. Difor støttar vi statsminister Erna Solberg som før folkeavstemminga i Storbritannia kalla EØS ein håplaus avtale landet burde hindra, ein heilt anna historie enn kva Ja-sida fortel her i landet.

LES OGSÅ: Folket sa nei – Vi vant faenmeg!

Eit tredje uforståelege poeng er at Arbeidarpartiet garanterer fri tilgang til marknadsliberalismen frå EU inn i norsk økonomi via EØS. Etter stortingsvalet i 1935 sikra Bondepartiet fleirtal for mindretals-regjeringa til Johan Nygaardsvold og AP overtok styringa av landet. I nær 40 av dei 46 neste åra styrer AP anten med mindretals- eller fleirtalsregjeringa fram til høgrebølgja ved valet i 1981. AP-regjeringa la i 1935 om politikken og brukte Ole Colbjørnsen til å lansera statleg planstyring av norsk økonomi. AP lanserte slagordet “Heile folket i arbeid” basert på ein norsk treårsplan. AP kopla økonomimiljøet på Universitetet i Oslo rundt professor Ragnar Frisch der dei utvikla eit nytt økonomisk modellverkty. Frå 1945 oppstod eit triangel mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Statistisk Sentralbyrå (SSB). Politikken i finansdepartementet fekk eit vitskapleg økonomisk fundament i SSB, og Noregs Bank blei ein aktiv medspelar.

Frå 1935 blei AP sosialdemokratisk, partiet sikra at staten blei ein aktiv deltakar i økonomien og eigde viktige industribedrifter. Folk blei sikra arbeid, staten fekk inntekter, inntektene stimulerte denne nye planstyrte økonomien, ei omlegging AP ikkje snakkar om etter EØS-avtalen blei vedteken med støtte av Krf. I dag hastesel dei blåblå statleg eigde selskap til rike, ofte utlendingar, til spottpris for å hindra redusera statsinntektene og skvisa velferdsordningar.

Nei-sida markerer kvart år at folket sa nei til EEC i 1972, i år eit 45-årsjubileum. Etter valet i 1973 sikra 16 SV-arar fleirtal for ei ny AP-mindretalsregjering med statsminister Bratteli, hans andre regjering bruker oljeinntekter til å styrka staten sin rolle i økonomien. Petroleumsressursane blei felleseige, AP brukte AP i 1970-åra oljeinntektene til å styrka offentleg sysselsetjing. I hovudsak fekk kvinner arbeid, dei sikra nye velferdstenester som til dømes barnehagar i kommunane og bidrog til ein kraftig BNP-vekst, ein vekst skapt av at kvinner gjekk frå å gje gratis omsorg til born og eldre til å få seg betalt arbeid i kommunane. Ikkje ein gong nei-sida i AP dreg fram ei så vellukka statlege styringa i økonomien.

Det femte poenget er det som skjer når Willoch blir statsminister i 1981. Regjeringa hans startar med å privatisera oljeinntektene, i tillegg sikrar ho eit uhemma kredittfrislepp. Det private Saga etablert av dei rikaste norske investorane fekk overta eigardelar i norske oljefelt frå det statleg eigde Statoil og Hydro. Kreditten sikra rike private pengar til å kjøpa så dei kunne overta statleg eigedom, den aktive rolla staten spelte i økonomien under oppbygginga av norsk olje- og gassindustri blei bygd ned. Ved å innføra marknadsliberalistiske prinsipp her i landet får vi det den franske økonomen Thomas Pikkety påviser: Formuar og inntekter i den vestlege verda blir omfordelte frå offentleg til privat sektor etter 1975. Ved å fjerna reguleringar, privatisera statsselskap og lata rike stikka av med verdiar fellesskapet hadde skapt og nytt godt av, tappa høgresida statskassen og auka statsgjelda. Her i landet blei ei slik utvikling hindra av eit framleis klart sosialdemokratisk AP fram til 1981. Vårt land har framleis betre fordeling og som varer noko lengre enn i dei andre OECD-landa.

LES OGSÅ: Brexit, EU, Marx og den kapitalistiske produksjonsmåten

Eit siste poeng er at AP danna ei ny mindretalsregjering i desember 1990. Ho fekk ansvar for å rydda opp i finanskrisen etter høgrestyret på 1980-talet. I desember sytte finansminister Sigbjørn Johnsen for at bankaksjonærane og banksjefane tok kostnadene finanskrisa påførte landet. Regjeringa sikra at staten kunne kjøpa opp forretningsbankane via eit eige investeringsfond og på nytt bli ein svært aktiv deltakar i norsk økonomi. Bankane blei pålagde å byggja opp eit eige fond for å sikra sparepengane til vanlege folk. No styrer EU-systemet bankreguleringane, den blåblå regjeringa brukte EØS i prosessen, AP brukte aldri suksessen til Johnsen frå 1991 til å stansa dereguleringa til dei blåblå.

Kort oppsummert veit vi: EØS er ikkje eit argument for å handla med EU, ein kvilande handelsavtale sikrar frihandelen. AP forsvarar ein EØS-avtale som bryt ned den solidariske styringsmodellen AP fekk på plass i 1935. EØS påfører oss høgrepolitikk som omfordeler samfunnsverdiar til uanstendig få rike og øydelegg «Den nordiske modellen». Dagens AP-leiing held på å øydeleggja ein politisk suksess vi har levd av i nær 70 år før dei blåblå tok over. No krev vi å få att ein økonomisk modell med ein svært aktiv stat for å sikra eit solidarisk samfunn med alle dei ulike velferdsgoda resten av verda ønskjer å få også. Fleirtalet av veljarane avviste både i 1972 og 1994 eit norsk EU-medlemskap, men ja-sida har konsekvent nekta å godta folkeviljen. Men no er det nok: Folket har gjort si plikt og avvist EU, no krev vi retten vår og vil kvitta oss med EØS-avtalen!

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.