Korleis skapa samhald?

På bloggen sin har Pål Steigan skrive om “Kultur, innvandring og klasse”. Det er ein post som tar opp viktige problemstillinger, men som ikkje svarer på dei på nokon god måte.

Ingrid Baltzersen
Om Ingrid Baltzersen (3 artikler)
Ingrid Baltzersen er tidlegare leiar i AKP og nestleiar i Raudt. Ho var bystyrerepresentant i Oslo for Raudt i perioden 2007-2011. Utdanna midtaustenvitar og har jobba to år som trikkeførar.

foto: Beth Rankin

Her er Pål Steigan sitt innlegg, som Ingrid Baltzersen svarer på

Dei viktige problemstillingane oppfattar eg er: Kven tener på innvandring? Korleis kan me bekjempa splitting i arbeidarklassen? Korleis kan me skapa alliansar mellom ulike delar av arbeidarklassen?

Sett på spissen seier Steigan: “Når jeg ser en kvinne i niqab som leier på tre førskolejenter i hijab, ser jeg et kvinnefengsel med barnemishandling på slep. Mine venner på venstresida ser et spennende kulturelt innslag i bybildet”. Og med den innstillinga blir det vanskeleg å skapa band både til innvandrarkvinner som er religiøst praktiserande muslimar, og hans venner på venstresida.

Alt blir skore under ein kam i bloggposten til Steigan. Immigrasjonen som har kome som eit resultatav vårt forhold til EU blir sett i same bås som at me no har kvinner med niqab i Oslo. Men EØS-avtalen førte først til fleire polske, katolske arbeidarar med bart, og så til fleire tiggarar med rombakgrunn. Kvinnene med niqab kjem som regel fordi dei eller mannen deira har flykta frå eit land i krig.

Steigan teiknar opp problemet med påstandar som ikkje er dokumentert eller underbygd, og som truleg ikkje kan verte det av di dei er usanne. For eksempel: «Det nye underproletariatet ledes ikke av klassekjempere, men av imamer og andre kvinnefientlige og reaksjonære klansledere, som til dels er statsfinansiert for å gjøre dette.» For det fyrste vil det vere relegiøse muslimer som lar seg leie av imamar og langt frå alle innvandrarar. For det andre er det ikkje noko motsetnad mellom å vere fagorganisert og å gå i moskeen/kjerka/tempelet så lenge vi ikkje har tendensar til etnisk eller relegiøst baserte fagforeiningar og/eller parti. For det tredje er det vanskeleg å sjå at politisk-religiøs organisering (som visse islamistiske organisasjonar) vert oppmoda av styresmaktene.

Det virkar på bloggposten som at innvandring for Steigan først og fremst er ein del av ein konspirasjon frå kapitalen. Den innvandringa Steigan ser på som positiv er innvandringa av svenske,danske og tyske arbeidarar ved førre århundreskifte som bragte med seg syndikalisme og tankar om fagrørsle. Og pakistanarane som kom på 70-talet er også akseptable fordi dei lot seg assimilera inn i den same fagrørsletradisjonen.

Dette er ein svært einsidig måte å sjå på migrasjon. Kvifor er det berre arbeidskjøparane sitt behov som er det viktige i analysa til Steigan? Norske arbeidsfolk emigrerte til USA og var sikkert ikkje berre eit positivt bidrag til arbeidsmarknaden der, men alternativet var å svelta i hjel her heime. Norske motstandsfolk søkte tilflukt i Sverige og England under andre verdskrigen, i frykt for å bli arresterte og drepne. Det å hjelpa folk i naud er solidaritet på enklaste nivå, ein hjelper nokon fordi ein reknar med ein kan trenga ei hand i eit anna tilfelle. Det er farlig å ha eit så negativt syn på innvandring at ein ikkje kan opna grensene for folk som er i naud.

Fri flyt av arbeidskraft er ei av dei fire fridomane til EU. Og sjølv om eg også er mot at kapitalen skal få tilgang på fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft, så betyr ikkje det at eg ikkje kan sjå positive sider med at folk kan få flytta dit dei sjølv ynskjer. Også at dei kan få ta det forferdelege valet om å forlata familie og venner ein stad der det ikkje er jobbar igjen, for å skapa eit betre liv ein annan stad. Vårt krav er å avvikla EU, men det betyr ikkje at me må avvisa alle fridomane som noko kun kapitalen vil ha. Kapitalen har villa ha utdanna arbeidarar, men det betyr ikkje at me er mot skulen.

Steigan skriver at dei som verkeleg har forstått det er fagrørsla. Men det som han skriv er grunnen til at dei forstår det, er at dei ikkje rettar brodden mot innvandrarane, men mot arbeidskjøparane, og at dei krevjer like vilkår for alle arbeidarar i Noreg. Og det er det solidariske standpunktet fagrørsla tar vidare når dei krev Noreg ut av EØS. Altså ikkje begrensing av innvandring, men begrensing av arbeidskjøparane sin moglegheit til å øydeleggja norske arbeidslivsavtalar.

Venstresidas svar må vera å utvikla ein internasjonalisme basert på klassesolidaritet. Og den internasjonalismen kan ikkje vera basert på fientlegheit mot innvandrarar, anten fordi dei brukar religiøse plagg eller fordi dei aksepterer arbeidsvilkår som er dårlegare enn lov- og avtaleverk i Noreg. Vår internasjonalisme må forsøka å bygga bruer over ulike kulturar og forståingar, ikkje skapa kunstige skiljer. Og her kjem ikkje Steigan med eit einaste konkret forslag. Er det ikkje dette som bør vere målet vårt?

Det er ikkje å stø “elitens plan” å arbeida for at det norske samfunnet skal vera meir inkluderande. Ein del av det arbeidet er som Steigan også skriv, å arbeida for at utanlandske bygningsarbeiderar skal organisera seg i fagrørsla. Og det er å stø flyktningar og arbeida for helsestasjonar og fritidsklubbar og å prøva å dra folk med i den andre politiske aktiviteten me driv med. Men det er også å stø at folk skal kunna ta vare på kulturen sin, sjølv om det ikkje er alt i den kulturen me set pris på.

Det er ikkje multikulturalismen som er hindringa for foreining mellom arbeidsfolk av ulik bakgrunn. Det er synet på at skilnadane mellom oss er så store at me ikkje kan samarbeida, som hindrar oss. Og Steigan sitt innlegg bygger opp om dette synet.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned