August Bosse – hundreårsminne om ein tillitsvald og kulturformidlar

Trykkeriarbeidar, tillitsvald og omsettar av Det kommunistiske manifestet. Eit heidersmenneske og ein heilstøypt fagleg tillitsvald sa dei om han.

Egil Chr. Bøckmann
Om Egil Chr. Bøckmann (1 artikler)
Egil Chr. Bøckmann, tidlegare fagleg sekretær i Handel og Kontor i Norge, yrkeserfaring frå avis, forlag og vekepresse. Ulønt redaksjonsansvarleg Marxist Forlag 2009–2015. Forfattar av m.a. «Tillit. Håndbok for tillitsvalgte i Handel og Kontor i Norge».

«Det er på tide at kommunistane ope legg fram for heile verda tenkjemåten sin, måla sine, hugdraget sitt, og upp mot segna um kommunismeskrymtet set upp eit manifest frå partiet sjølv.»
(Frå «Det kommunistiske manifestet», Det Norske Arbeiderpartis Forlag 1921, retta oppattprenta av Marxist Forlag i 2014)

I 1921 vart «Det kommunistiske manifestet» utgjeve på nynorsk. Same år, 9. august, døydde omsetjaren av manifestet, typografen og fagforeiningsleiaren August Bosse etter lang tids sjukdom, berre 48 år gamal.   

August Bosse frå Øyestad i Aust-Agder var maskinsetjar og ein heller uvanleg faglærd typograf. I venstre- og nynorskavisa Den 17de mai var han redaktør Rasmus Steinsviks næraste medarbeidar. Bosse var særs stø i nynorsk og truleg den viktigaste forvaltaren av husnorma i Steinsviks redaktørtid. Denne avisa var utan tvil den viktigaste normgivande instansen for nynorsk. Bosse var ein kulturformidlar og omsette mange litterære verk for Den 17de mai og Norsk Barneblad. Bosses rolle som nynorskomsetjar går fram av ein nekrolog: Han sat på Monoline-maskina og kunne «17de-rettskrivinga» på fingrane, «og han vilde ikkje hefta tida burt med aa setja dei rettskrivingane som innsendarane nytta; han sette flest alle manuskript med «17de-rettskriving»».

Bosse var fagforeiningsmenneske i ei årrekkje, klubbformann i Dagbladet rett etter hundreårsskiftet, styremedlem i Den typografiske Forening i Christiania (Oslo) og medlem av forhandlingsutvalet til foreininga ved fleire tariffoppgjer. Typografane i Oslo blei dei første som fagorganiserte seg i Noreg, i 1872, og dei slutta seg til Norsk Centralforening for Boktrykkere, skipa i 1882 (fram til 1885 Norsk Centralreisekasse for Bogtrykkere). I 1902 blei Bosse vald inn i hovudstyret i forbundet, deretter i januar 1905 med stort fleirtal til formann i to år. Forbundet valde på landsmøtet i juli 1905 å slutte seg til Arbeidernes faglige Landsorganisasjon (i dag LO). Etter eige ønske slutta Bosse som formann våren 1907. Han helsa til medlemmene og uttala håp om at organisasjonen ville bli ved å gå framover og koma til å femne om alle prenteverksarbeidarar utan eit einaste unnatak, såleis at organisasjonen kan løyse alle oppgåver som ligg framfor han.

Dei to siste åra av livet sitt var Bosse sjukleg og livnærte seg ved korrekturlesing og omsetjingsarbeid. Han døydde berre eit halvår etter at han avslutta omsetjinga av «Det kommunistiske manifestet». Omsetjinga til nynorsk var storverket hans rett før han døydde. For Bosse var språkmektig. Den 1. mars 1907 reiste han til Berlin «for at tiltrede plads der», som montør ved maskinfabrikken Monoline. Han tileigna seg gode kunnskapar i tysk. Tre år etter blei han reisande maskinmontør og agent for to norske maskinbedrifter, og reiste mykje i Noreg, Sverige og Tyskland. I folketeljinga i 1900 og 1910 er han oppført som ‘handelsreisende’. Det Norske Arbeiderpartis Forlag valde ein røynd målkunstnar til å omsetja «Det kommunistiske manifestet» til nynorsk. 

Karl Marx’ og Friedrich Engels’ «Manifest der kommunistischen Partei» frå 1848 er ikkje berre eit av dei mest lesne, og derved viktigaste, skriftene i moderne tid. Med klåre utsegner kring spørsmål som økonomisk krise, verdsomspennande prosessar og sosial konflikt, har manifestet framleis verdi. Det blei etter kvart omsett til mange språk: fransk, engelsk, polsk, dansk, spansk, russisk osb. – ikkje alle var autoriserte utgåver i første omgang. Omsetjing til norsk riksmål låg føre som føljetong i avisa Social-Demokraten i 1886. 

Den tyske marxisten Hermann Duncker (1874 – 1960) samanlikna manifestet med ein symfoni: Det stod fram som eit gripande åndsverk. August Bosse førte skriftet vidare i ein rik og særeigen norsk språkbunad –  til glede for ikkje berre nynorsktalande arbeidarpartifolk i 1921, men òg mange medlemmer i Noregs Mållag med ulik politisk haldning. Skrivarstova i mållaget der venstremannen Edvard Os var skrivar (dagleg leiar), selde og hadde lysingar for nynorskutgåva i si tid. 

Målføringa i Bosses omsetjing av manifestet er stødig og etter måten einskapleg. Du finn ikkje mange framandord i Bosses omsetjing, og lånord  berre der norske ordval ikkje fanst. Han visste å ause av nynorsk ordtilfang, og nytta gode norske ord i staden for ord frå anten latin, gresk eller tysk. Han var ein meister til å leite fram ord og uttrykk. Og så er då nynorsk eit mykje rikare mål enn bokmål. Perfeksjonisten Bosse låg sjuk og las truleg ikkje korrektur, og nokre misprentingar vart retta i nyutgåva i 2014. 

Det finst fleire utgåver av manifestet på bokmål, men berre éi på nynorsk. 

«Hvilken oversettelse er den beste? Nei, det får andre enn undertegnede ta stilling til. Her nøyer jeg meg med å nevne min personlige favoritt: August Bosses nynorske oversettelse, utgitt av Det Norske Arbeiderpartis Forlag i 1921 og gjenutgitt i 2014 (Marxist Forlag).» (Leif Høghaug, bokmålsomsetjar av «Det kommunistiske partis manifest», Sentralkomiteen 2016, om norske omsetjinger av manifestet. Prosa 2016.) «Selv mener han man finner den vakreste norske oversettelsen av «Det kommunistiske partis manifest» i Arbeiderpartiets nynorske utgave …. Den får manifestet til å svinge på garborgsk, sier Høghaug.» (Leif Høghaug i intervju med Klassekampen 23.7.2016) 

August Bosse stod i brodden for ei kampforeining i fleire år. Det kan tyde på at omsetjinga av manifestet var meir enn berre eit oppdrag. Bosse må ha hatt god kjennskap til Karl Marx og Friedrich Engels og tankane deira før han gjekk laus på omsetjaroppgåva. For den kjennskapen hadde leiande fagforeiningsfolk på hans tid. Fagbladet Typografiske Meddelelser tok ofte inn artiklar av meir samfunnsanalytisk slag. Marx var ofte sitert. Bosse skreiv om faglege og andre emne i fagbladet. Han var eit sjeldsynt døme på ein målmann sentralt i den faglege arbeidarrørsla. Men innlegga, referata og artiklane hans i Fagbladet kom på bokmål (riksmål). I 1902 var Bosse kandidat til vervet som redaktør i Fagbladet, men nådde ikkje opp i røystinga. Tydelegvis var han den gongen ikkje ein kjend skribent utover ein mindre krins. Det er ikkje lett å finne alt Bosse skreiv i Fagbladet før han tok til som fagforbundsformann. Mange av innlegga i Fagbladet på den tida, sannsynlegvis også fleire av Bosses, var usignerte eller underskrivne med fingerte namn. Frå 1905 finn vi den same underskrifta B—e som han nyttar i manifestet.  

Boka «Bærum. En bygds historie. Bind 1» inneheld eit gruppebilete med Bosse, «Oslo typografiske forening hundre år» eit portrettbilete. Han var medlem av den fyrste direksjonen i Typografenes Byggeselskap på Nedre Nadderud, området som i 1902 vart døypt til Egne Hjem – og som seinare også blei namnet på ein av haldeplassane til bærumstrikken, mellom Ringstabekk og Bekkestua. I 1902 var 30 hus fullt ferdige og innflytta. Som den kulturformidlaren han var, stod Bosse i brodden for å skipe ei musikkforeining på Egne Hjem. Samvirkelaget i Bærum vart stifta av nybyggjarane der.

Bosse deler lagnad med mange gode fagforeiningsfolk som ikkje er omtala utførleg i leksika og fagrørsla sine eigne historieverk. Då han gjekk av som fagforbundsformann i 1907, skreiv fagbladet over heile førstesida 9. mars at 

«han var en retlinjet, grei kollega, som ikke hang seg opp i bagateller. Han var en praktisk natur, der ikke gjorde for mange kruseduller med en sag, naar han var overbevist om, at han havde ret, men gik bent på tingene. Han besad en sterk logisk evne og et klart blik for fagorganisationens nødvendighed. Hans væsen kunde ofte virke noget barskt og haardt, men for dem, som lærte ham nærmere at kjende, blev det snart klart, at der under det noget knappe ydre skjulte sig en varm og god karakter. Han var i al sin færd en hædersmand, og vi vil altid mindes ham som den gode kollega og den trofaste kamerat han stedse var. Det var i en vanskelig tid hr. Bosse kom ind i hovedstyret. Der var meget, som skulde bygges op, og der trængtes folk i ledelsen, der havde et aabent øie for de mangler, som var til stede. Det kan siges om hr. Bosse, at han har været opgaven voksen, og at han altid under sit virke i hovedstyret har arbeidet med bestemte maal for øie.» 

I nekrologen til Fagbladet heiter det at Bosse frå sin ungdom alltid hadde vore ein sterkt interessert organisasjonsmann, og intelligent som han var fekk han mange tillitsverv. Han var kjend som ein usedvanleg dugande maskinsetjar og hadde ein intens arbeidsiver. Den dagen han sovna inn fekk Fagbladet eit manuskript frå han. «Alle som kjendte Bosse vil mindes ham som en retlinjet og helstøpt personlighet.»

Eit heidersmenneske. Ein heilstøypt fagleg tillitsvald.

Bosse hadde sitt å seia om organisasjonsdemokratiet, takhøgda og ytringsfridomen i fagrørsla. I Typografiske Meddelelser nr. 33 1901 skreiv han: «Jeg for min del synes, at der her i byen er nok av «huse», hvor hykleriet dyrkes, og hvor den frie meningsudveksling er banlyst og betraktes som kjætteri. — Paa vore møder tror jeg man i længden er bedst tjent med, at medlemmerne taler rent ud af posen, uden at tage hensyn til, at man muligens kan støde nogen for hovedet. Naar folk paatager sig et hverv, faar de ogsaa vide at optræde slik, at de kan forsvare sine gjerninger.» Dette er ord som framleis er viktige, i fagrørsla og arbeidarrørsla, ja i organisasjonslivet i det heile.

——————————————————–

Kjelder

Typografiske Meddelelser 1904–1921, «Den typografiske forenings historie 1872–1922», Arne Ording: «Norsk centralforening for boktrykkere 1882–1932», Den 17de Mai 1918-1921, Socialdemokraten 10.8.1921, Karl Marx og Friedrich Engels: «Manifest der kommunistischen Partei» (1848), «Det kommunistiske manifestet» (Det Norske Arbeiderpartis Forlag 1921, Marxist Forlag 2014), Oddmund Løkensgard Hoel: Norsk målreising 2. Mål og modernisering 1808–1940, Prosa, Klassekampen, Wikipedia, Oddmund Løkensgard Hoel, Håvard Tangen, Hans I. Kleven

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned