Antropocen og den globale kapitalismen sin tidsalder

Avskogning i Bolivia. Foto: NASA

I året 2015 sette arten mennesket endå ein rekord, ein svert farleg rekord! Den førre rekord i klimasamahang kom i 2013. Både i 2016 og i 2017 vart det sett globale varmerekordar aldri før registrert. Me er på veg mot 1,5 grader snart.

Ivar Jørdre
Om Ivar Jørdre (11 artikler)
Ivar Jørdre, aktiv bloggar (http://ivarjordre.wordpress.com/), medlem i Raudt, biletkunstnar, hovudfag klassisk arkeologi UiB, arbeidt ved Bymuseet i Bergen, avsluttar for tida bachelor i historie- og kulturfag.

Det er ikkje slike rekordar menneska treng å vera stolte av i grunnen!

For første gong har den globale gjennomsnittstemperaturen overstege 1 grad sidan målingane byrja. Frå januar til september i 2015 hadde temperaturen allereie kome til 1,02 grader over gjennomsnittet mellom 1850 and 1900. Om temperaturane held seg som førespeigla ut 2015 vil det vart det første året over denne grensa. Verda er då halvvegs mot det såkalla 2-gradersmålet, «grensa» for ei farleg  og «løpsk» oppvarming. Desse siste fakta er mellom anna frå Met Office i Storbritannia.

Saman med metangass (metangass er av dei farlegaste klimagassane og 22 gonger meir effektiv enn CO2) og vassdamp bremser CO2 varmestrålinga frå kloden vår og ut i rommet att. Hadde det ikkje vore for desse drivhusgassane ville gjennomsnittstemperaturen på jorda vore om lag 33 grader lågare. Men no går det andre vegen! Målet om å halde den globale temperaturstiginga på om lag to grader er me allereie på veg vekk frå.

Ifølgje det tyske Potsdam-instituttet for klimainnverknad kan me gå mot ei auke på fire grader innan 2060. FN sitt klimapanel har sagt noko liknande i sine rapportar. Potsdam-instituttet skriv i sine rapportar frå 2013 og frå 2015 mellom anna at det er usikkert om verda kan tilpasse seg ei fire graders auke. Eit døme på temperaturauken er at sommarisen i Arktis smeltar fortare enn venta og havområdet er allereie nesten isfritt frå 2015-18. Dette er 85-88 år tidlegare enn det FN sitt klimapanel rekna ut i 2007! Verda er framleis sterkt avhengig av fossil energi. Kol og olje er dei dominerande energikjeldene, med gass på tredjeplass.

Etter mange mislukka klimakonferansar var det Paris sin tur hausten 2015. Ein ny global klimaavtale vart det rett nok, men kva det vert ut av dette, i Antropocenane og den globale kapitalismen sin tidsalder, veit ingen. Det vil visa seg! 

Karbonplanet. Oljemaleri og aske av Ivar Jørdre. Sjø også galleri: https://ivarjordre.wordpress.com/galleri/

Karbonplanet, svolt og fattigdom
Svolt og fattigdom er noko denne planeten har nok av. Ifølge FN døyr 17 000 barn av svolt kvar einaste dag. I 2001 hadde 1,1 milliardar menneske mindre enn 1 dollar og 2,7 milliardar menneske mindre enn 2 dollar å leva for om dage, ifølgje Verdsbanken. Denne banken er sjølv med på å halde den enorme ulikskapen oppe. Samstundes er sløsing med ressursar ein valdsam kontrast til dette. Produksjonskjeder i dag er lineære og mesteparten av ressursane me brukar endar som avfall i staden for å resirkulerast. Målet i systemet er sjølvsagt maksimal profitt – og ikkje varigheit eller bærekraft.

Ikkje-fornybar energi er heller ikkje i ferd med å dramatisk endre seg. Verda er framleis lenge avhengig av fossile energikjelder. I 2010 steig energiforbruket med fem prosent. Dei siste 40 åra har verdas energiforbruk i gjennomsnitt auka med ca. 1,7 prosent årleg. Dersom dagens forbruk tømmer ei ressurs på 100 år, vil forbruk med fem prosent årleg vekst gjera det på 36 år (eksponentiell vekst).

Grunna mykje urettferd er verda sosialt ustabil. Forsking basert på FN-data tyder på at større grad av relativ økonomisk ulikheit fører til større grad av sosiale og helsemessige problem. I eit samfunn der knappheit legg premissane for menneska sine handlingar, vil ein alltid ha krig og kriminalitet. Knappheita i vårt samfunn skapast av trongen for økonomisk lønsemd, ikkje av ressursmangel. Når krig ikkje lenger skapar profitt, forureining ikkje løner seg og å hjelpe menneske ikkje kostar pengar, først då vil me sjå verkeleg endring, er nokons meining.

Antropocen er ein uformell kronologisk geologisk term som markerar prov på eit slikt omfang av menneskeleg aktivitet at det har global påverknad på Jorda sine økosystem. Dette omgrepet vart skapt i 1980-åra av økologen Eugene F. Stoermer, men er enno ikkje offisiell term. Slik som skreve over har me det altså i det eg kallar antropocenane sine dagar. Vil me nokon gong kome ut av denne tilstanden, eller vert me berre sjølvskapt geologisk sediment?

Vidare lesning: Klimaet, kapitalismen og menneska, nettartiklane på energiogklima.no og abcnyheter.no

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned