Vi må ikkje gløyme dei HIV-positive

Foto: US Aid Informasjonskampanje om HIV/AIDS.

1. desember er verdas aidsdag. Til trass for auka kunnskap og færre smittetilfelle, er hiv og aids framleis eit stort globalt problem. Kuren er meir forskning, sterkare helsevesenog haldningsarbeid.

Tuva Krogh Widskjold
Om Tuva Krogh Widskjold (1 artikler)
Tuva Krogh Widskjold er nestleder i Changemaker.
Karoline Hasle Einang
Om Karoline Hasle Einang (0 artikler)
Karoline Hasle Einang er sykepleiar og medlem av helseutvalet i Changemaker.

Ifølgje verdens helseorganisasjon blei langt færre smitta av hiv i åra mellom 2000 og 2015, og talla over aids-relaterte dødsfall falt betydelig grunna nasjonale og internasjonale initiativ og hardt arbeid. Ny, moderne medisin for hiv gjer det mogleg å leve lange liv, smittefrie og med få bivirkningar. Likevel er framleis hiv og aids ein av dei største globale helseutfordringane.

Ikkje universell tilgang
Verdens helseorganisasjon antek at omtrentleg 36 million menneske levde med hiv i slutten av 2015. Dei fleste av desse menneska lev i Afrika sør for Sahara, mange av landa i denne delen av verda har lite ressursar og ofte dårleg utbygd helsevesen. Mange menneske har ikkje råd eller tilgang til medisinen dei har behov for, enda den fins. Eit dårleg utbygd helsevesen har ofte vanskar med å diagnostisere, distribuere medisinar og følge opp pasientar. Lav helseforståelse kan gjere det problematisk å forstå viktigheita av å oppsøke helsehjelp, og å følge opp medisinering. Det handlar ikkje berre om å utvide helsetilbud, men om å utvikle helsehjelpa slik at den kan bidra både med forebygging, diagnostisering, medisinering og ikkje minst helseopplysning – både for dei som er sjuke, og dei som er friske.

Framleis behov for forskning
Behandlinga for hiv inneheld tre typer antiretrovirale medisinar, og krev nøye oppfølging. Det er viktig å følge behandlinga nøyaktig, ellers er ein i fare for at viruset blir motstandsdyktig mot medikamentet. Dette er ei aukande problemstilling verda over, og krev internasjonal forskningsinnsats. Ikkje minst krev det at nye legemiddel gjerast tilgjengeleg for dei som har behov for dei. Legemiddelindustrien har behov for auka insentiv til å forske på og framstille denne medisinen – som i størst grad trengs i land med lav kjøpekraft – for at det skal løne seg.

Ikkje berre medisin
Det er i tillegg avgjerande at ein har god helse og eit sunt kosthold for at kroppen skal tåle den livslange behandlinga med antiretrovirale medikament. Dette kan være ei stor utfordring dersom ein lev i fattigdom utan tilgang til reint vatn eller tilstrekkeleg mat. Derfor er hiv og aids framleis et fattigdomsproblem. Menneske som lev i fattigdom er i høgare risiko for å bli smitta av hiv; mange barn blir framleis fødd med viruset i kroppen fordi mor ikkje er under behandling, og kunnskapen om bruk og tilgang på kondom er ikkje tilstrekkeleg mange stader i verda. Mange av desse menneska blir i andre omgang hindra av fattigdom og dårleg helsevesen i å få behandlinga dei treng. Både den beste medisinen, og den supplerande helsehjelpa for å vedlikeholde god helse kan være utilgjengeleg.

Ufortent stigma
Det fins mange negative holdningar mot hiv i samfunnet. Fleire trur at dei kan bli smitta berre ved hudkontakt, eller at det er farleg å kysse nokon med hiv. Dette stemmer ikkje. For å bli smitta av hiv må store nok mengder virus komme inn i kroppen, dette skjer oftast gjennom seksuelt samleie, frå mor til barn under fødsel eller dersom sprøytenarkomane deler nåler. Mengdene virus i spyttet som blir utveksla når ein kyssar, er ikkje nok til å overføre smitte frå ein person til ein annan. Nokre tenker at menneske får hiv fordi dei lev på ein bestemt måte, som gjerne er tilknytta negative assosiasjonar. Å bli utsatt for stigma og diskriminering kan føre til at eit menneske mistar all sjølvtillit og isolerar seg frå samfunnet. Vi har eit ansvar for å snu dette bilete.

Hivpositivitet
Det er framleis vanskelege problemstillingar i kampen mot hiv og aids. Det er på tide at holdningane i samfunnet blir drastisk endra, og at ein ikkje lenger kun snakkar om korleis menneske med hiv skal kunne overleve – men korleis dei skal kunne leve godt med sin hiv-diagnose. Verda har behov for 1.desember som merkedag om at vi er hiv-positive: positive til menneske som har hiv. Positive til at også dei som har hiv skal få leve normale liv med tilgang til medisinen dei har behov for, helsehjelpa dei har behov for, og kunne leve liv utan å bli utsatt for diskriminering av ein sjukdom som kan råke alle.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned