Imperialismen i vår tid

Foto: Habacuc_1988

Imperialismen har mange ansikt, det gjeld å få dei ut i motljoset slik at dei sprekk.

Ivar Jørdre
Om Ivar Jørdre (11 artikler)
Ivar Jørdre, aktiv bloggar (http://ivarjordre.wordpress.com/), medlem i Raudt, biletkunstnar, hovudfag klassisk arkeologi UiB, arbeidt ved Bymuseet i Bergen, avsluttar for tida bachelor i historie- og kulturfag.

Med imperialisme meinast prosessen kor ein nasjons dominerande politisk-økonomiske interesser rikgjer seg ved å ta eigendomsretten over andre land, deira arbeidskraft, råstoff og marknader. Metodar for å oppnå dette er fleire: Europa og USA likte før og likar no å ha eit effektivt forsprang i sjøfart og krigsutrusting. Gevær og kanoner, maskingevær og kanonbåtar, og i dag missiler, hangarskip, kamphelikopter, bombefly og dronar, har vore og er den avgjerande faktor når Vesten har møtt Austen, og Nord har møtt Sør. Overlegen eldkraft – ikkje overlegen kultur – har brakt europearane og euro-nordamerikanarane til overlegne posisjonar som dei framleis i dag handhevar med makt, men ikkje ved makt åleine.

Økonomiske maktmiddel
I dag er økonomiske virkemiddel like viktig om ikkje viktigare for å underlegge seg marknader og resursar i verda. Det er berre å nemne WTO (Verdas handelsorganisasjon) som no i mange år har stranda i usemje om handelsvilkår i frihandelen. Når den ikkje fungerar så kjem mange fleire bilaterale avtalar på banen, der land i sør oftast kjem ut med dårlegaste kort. For ikkje å nemne fleire nye store frihandelsavtalar det no forhandlast om som erstatning for WTO. Dei nye handelsavtalane er TTIP (Transatlantic Trade and Investment Partnership) mellom EU og USA, og TPP (Trans-Pacific Partnership) mellom USA og land i Asia.

Les også om hvordan imperialismen baner vei for høyresiden i Ukraina: : Vestlig imperialisme baner vei for ukrainske fascister

Tenesteavtalen TISA (Trade in Services Agreement), som 50 land forhandlar utanfor WTOs rammeverk, er ein ny internasjonal handelsavtale for tenester. Avtalen vil føre til privatisering av offentlege tenester, hindre lovgjeving for miljø og arbeidsmiljø, mot sosial dumping og gje kommersielle selskap meir makt. Målet for denne som for dei to andre, er eit globalt avtaleverk som gjer utanlandske selskap langt fleire rettigheiter enn det WTO-utkastet la opp til. Til dømes kan lover og reguleringar innan miljø og arbeidsmiljø verte sett på som handelshindringar, og avtalen legg opp til at statar kan dømmast erstatningspliktige overfor selskap og land som taper pengar på nye nasjonale reguleringar. Desse avtaleforhandlingane er hemmelege, men ikkje nok sikra.

Kontroversielle dokument
WikiLeaks publiserte 17 nye dokument frå dei strengt hemmelige TISA-forhandlingane. Dokumenta inkluderte 11 fulle kapitel som det forhandlast om, tema som er svært kontroversielle og som tidligare har ført til stopp i forhandlingane i WTO. Desse tekstane var planlagt klassifisert som hemmelege i fem år etter at avtalen skulle tre i kraft. Det er altså en kamp om demokratiet som utspelar seg, på helt nye arenaer og på helt nye måtar. Dei store lovnadene om vekst, sysselsetting og rett til å regulere, står seg ikkje mot fakta i dei lekka dokumenta, skriv Helene Bank i For Velferdsstaten.

Imperialismen som forsvant
«Dei europeiske, nord-amerikanske og japanske imperialistar sine framstøyt var retta mot Afrika, Asia og Latin-Amerika. På 1800-tallet såg dei på den ”tredje verda” som ikkje berre ei kjelde til råvarer og slavar, men ein marknad for sine industriprodukt. Den vanlegaste førestillinga om imperialisme i USA i dag, er at han ikkje eksisterar. Studentar har ikkje moglegheita til å granske USAs imperialisme, fordi kjeldene vert sett på som ikkje vitskapleg. Nord-amerikanske og europeiske selskap har tileigna seg kontroll over meir enn tre-fjerdedelar av kjente mineralresursar i Asia, Afrika og Latin-Amerika.

Trongen etter naturresursar er i mellomtida ikkje den einaste grunnen for kapitalistisk ekspansjon i utlandet. Eit anna ønskje er å redusera produksjonskostnadar og maksimera profitten ved å investera i land med billigare arbeidskraft.» Dette skriv Michael Parenti i boka The Face of Imperialism, frå 2011. Han er ein av USAs mest kjente og engasjerte politiske kommentatorar, og har gjeve ut mange bøker.

Les også hvordan Obama forsvarer bruk av militærmakt for å forsvare Midtøstens olje: Obama innrømmer amerikansk imperialisme

Dette er eit godt bilete på den globale kapitalismen av i dag.

Libya og Syria er fragmentert
Vesten, med USA i spissen har fullt ut øydelagt land strukturelt og sosialt med krigar, invasjonar, innblandingar og regimeskifte ved Nato-bombing. Libya som døme er no ein kaotisk stat etter Nato sine herjingar. Staten Noreg var den flinkaste bombaren i “Nato-klassen”. Også Syria har Vesten blanda seg inn i og på kaotisk vis støtta eller ikkje støtta ulike fraksjonar og ekstreme grupper etter ad hoc-prinsippet. Dei langvarige vestlege invasjonar i Irak og Afghanistan, talar vel for seg sjølv i mange års “produksjon” av flyktningar. Men det er meir her. Marknader og geopolitikk. I Libya er det mykje olje både Vesten og Kina vil ha tak i.

Gaddafi viste seg, etter å ha vore Vesten sin «ven» ei kort stund, å verte for einerådig, og han ville ikkje utan vidare gje frå seg statleg kontroll av oljerikdomen til multinasjonale selskap. Difor måtte det ein «liten justering» til, med regimeskifte og slikt. Men no er staten Libya etter Gaddafi såpass fragmentert og kaotisk at om lag ingenting av olja kan utnyttast av storkapitalen likevel. Kina ville truleg ha gjort det på ein annan måte: Snakka «fint» med Gaddafi og om Libya, fått seg gode kontraktar, ikkje blande seg meir inn i indre tilhøve, for så å reise nøgde heim. Kina har investert stort i oljeverksemd i til dømes Sør-Sudan, men borgarkrig og etnisk konflikt ramma produksjonen. Det same opplevde Kina også i 2011 under krigen i Libya.

Kamp om olje
Afrika er ein veldig interessant skodeplass når det gjeld vår tids imperialisme, der USA/Vesten og Kina er i hovudrollene. Her er det mangt å kjempe om av viktige resursar, som mineraler og olje. I den stadig meir oljeknappe og oljetørstande verda, er oljeresursane i Afrika framleis enorme. Om ein høyrer forvirrande årsaker til krigar og konfliktar i main stream media, som religion, etnisitet, så er det berre å tenkje PETRO-DOLLAR eller PETRO-YUAN, så har ein svaret. Konflikta i Darfur handla mellom anna om USA sin kamp mot Kina og om olje. Krigen i Libya handla mellom anna om USA sin kamp mot Kina og om olje, og konflikta i Mali i 2013, med fransk invasjon, handla først og fremst om mineralar og uran.

Her hadde Kina tilbode å støtte dei militære i Mali, i kampen mot separatistane i nord, som etter kvart vart dominert av islamistar. Vesten kom først. Det hadde vorte svært problematisk om Kina hadde kome i ein slik god posisjon, difor måtte både Frankrike og USA å gjere noko drastisk sjølve.

Proxy-krig mellom stormakter
I Afghanistan prøvde USA det same på 1990-talet. Nemleg det å få til ein avtale med sjølvaste Taliban om ein «lukrativ» oljerøyrleidning frå sentral-asiatiske republikkar gjennom landet, Pakistan og ut til Det indiske hav. Men berre to månader før terroråtaket mot tvillingtårna i New York i 2001 truga USA med å teppebombe Afghanistan om ikkje Taliban utleverte Osama bin Laden. Dermed vart kontakten mellom dei om olja for «alltid» broten. Og så kom terroråtaket og «alt det der».

Les også om hvordan tenketanken Cevita forsvarer imperialismen: En ideoligisk kriger prøver å prøver å restaurere imperialismen

I Syria er det ein proxy-krig mellom stormakter om hegemoniet i regionen og om olje og gass. Sjølv om Syria er ein relativ liten oljeprodusent i høve dei andre oljestormaktene rundt Gulfen, er den viktig nok. Spesielt olje og gas gjennom røyrleidningar frå andre land, mellom anna Irak, er viktig for landet sin økonomi, men også for stormaktsinteresser. Krigen i landet har førebels ingen vinnarar, berre taparar og ingen imperialistar kan nyttiggjera seg av «godsakene».

Leiesoldatar
Nabolandet Irak hadde i tillegg til olje noko anna interessant ved seg etter den USAnske invasjonen i 2003, nemleg den sokalla privatiserte krigs- og tryggleiksindustrien. Det har mellom anna å gjere med den utstrakte buken av etterretnings- og tryggleikskontraktørar, mange av dei private. Her vil mange hugse selskapet Blackwater (namneendring til Academi, etter kritikken av deira skamfulle drap av sivile og torturskuldingar i Irak-krigen), som berre er eitt av hundrevis private militære selskap: Blackwater: problemet er tenesteutsetjing av krig.

Dette selskapet og andre er djupt involvert i land mellom anna avhengige av gruvedrift og anna industri. Desse selskapa er også ofte leigd inn som underkontraktørar for større militære firma i anti-terror operasjonar. Eit «perfekt» reiskap i underlegging av land sine resursar.

NATO og Russland
Tenketanken European Leadership Network (ELN) publiserte i august 2015 ein rapport med tittelen «Preparing for the Worst: Are Russian and NATO Military Exercises Making War in Europe more Likely?» Rapporten tek føre seg opptrappinga og spenninga mellom Vesten/NATO og Russland. Spesielt vert det trekt fram dei store militærøvingane på begge sider det siste halvåret.  I øvinga «Allied Shield», som NATO gjennomførte i Det baltiske hav i juni 2015, deltok 15.000 personar. Denne liknar på ein tilsvarande dei hadde i fjor haust i nordområda. Russland på si side gjennomførte ei stor øving i mars, der 80.000 personar deltok. Vesten har økonomisk og NATO har militært “sneke” seg meir og meir inn i tidlegare austblokkland og dermed “gjerdet” inn Russland.

Dette er ei høgst levande kjensle hjå mange russarar. Ukraina er eit siste døme på dette, der Vesten og spesielt USA over lang tid ville ha eit regimeskifte, til eit vestvenleg eitt. Med økonomiske midlar og hjelp til organisering av endringsvillige miljø, fekk dei til slutt oppstanden til å virke og dermed endringa i januar-februar 2014. Midt oppe i dette annekterte Russland Krim, og helvete var i gong. Ei lang historie med Ukraina som barken mellom Aust og Vest toppa seg.

Ukrainas fall
No er økonomiske og politiske sanksjonar mot Russland for lengst gjennomført og ny kald krig etterkvart eit faktum. Om det også endar med ein “varm krig”, kan mange ulike faktorar avgjere. Ein ting er Russland sitt problem med si eiga interessesfære i regionane, ein annan ting er Vesten sitt svar på det og dobbelmoralen i høve det å intervenera på sine premiss, som i Ukraina i fjor. Ukraina er eit stort land geografisk sett, over 600 000 kvadratkilometer, men har også eit stort marknadspotensiale i landbruk, industri og gruvedrift.

Etter at Sovjetunionen vart oppløyst i 1991, erklærte Ukraina seg som ein sjølvstendig republikk. Landet byrja så på ein overgang til marknadsøkonomi, som resulterte i åtte år med resesjon, og landet sin økonomi er i dag mindre enn i 1992. Marknaden er lukrativ for vestlege selskap, med låge løner og skattefordelar for investorar. Imperialismen har mange ansikt, det gjeld å få dei ut i «motljoset» slik at dei sprekk.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned