Gudmund Hernes – sett frå akademia og verkstadgolvet

Gudmund Hernes med ein viss avstand til daværande sametingspresident, Ole Henrik Magga, og Kristine Nystad fra Samisk utdanningsråd. Foto: Samisk utdanningsråd

Hernes sin skolepolitikk er eit spørsmål om klassekamp. Arbeidarklassen skulle hevast med borgarskapets kunnskap mens deira yrkeskunnskap blei mindre viktig. Reformene styrka sentralisering og einsretting. Det praktiske, det samiske og tilliten til lærarane blei svekka.

Svein Lund
About Svein Lund (16 Articles)
Svein Lund er frilansskribent, bor i Guovdageaidnu og driver nettstedet gruve.info.

I høve Gudmund Hernes sin 80-års dag 25. mars har Klassekampen gitt professor Rune Slagstad to heile sider til å skildre “sin yndlingsfiende”. Eg vil ikkje omtale Hernes verken som yndling eller fiende, men definitivt som ein politisk og faglig motstandar innafor utviklinga av skoleverket. Om eg skal oppsummere Hernes sin innsats i skolereformene, vil eg bruke fire ord: Einsretting, akademisering, sentralisering, arroganse.

Etter at Klassekampen har vald å bruke så mye plass på å skildre Hernes sett frå det absolutte akademia i Oslo, vonar eg at ein og vil gi tilsvarande plass til eit anna klassemessig, pedagogisk, geografisk og politisk perspektiv, bl.a. for å få fram at spørsmålet om Hernes sin skolepolitikk er eit spørsmål nettopp om klassekamp.

LES OGSÅ av Svein Lund: Samane og storsamfunnet: Forsoning eller konfrontasjon?

Vår tids Pontoppidan?
Slagstad omtalar Hernes som «en krysning av Brofoss, Lenin og Pontoppidan», ei skildring som ikkje er utan poeng. Det kan diskuterast kor god samanlikninga med Lenin er, men desto meir treffande i forhold til biskop Erik Pontoppidan, som i 1737 skreiv Sandhed til Gudfrygtighed: udi en eenfoldig og efter Muelighed kort, dog tilstrekkelig Forklaring over Sal. Dr. Mort. Luthers Liden Cathechismo, ei bok som skulle følgje norsk skole som ei mare heilt inn på 1900-tallet. Gudmund Hernes har trulig påverka norsk skoleverk meir enn nokon annan enkeltperson sidan Pontoppidan.

Hernes sett frå ein yrkesfaglærar
I 1988 la Gudmund Hernes fram utgreiinga «Med viten og vilje» (1988), som foreslo ei omfattende reform av heile utdanningssystemet. Deretter sto han i spissen for reformeringa som kyrkje-, utdannings- og forskingsminister 1990-95. Denne tida var eg lærar i mekaniske fag ved Samisk videregående skole og reindriftsskole i Guovdageaidnu, og delar av tida deltidsstudent ved Samisk høgskole. På det viset fikk eg kjenne verknadane av dei skolereformene som Hernes sto i spissen for, både dei som blei gjennomført, og forslaga som møtte så stor motstand at dei blei stansa. For oss var Hernes sin Reform 94 i første rekke eit slag mot yrkesutdanninga, eit stort steg i å gjøre utdanninga mindre relevant og elevar og lærarar mindre motivert.

Mer krav, mer standardisering
Verken før eller seinare har vi hatt slike gjennomgripande endringar i skoleverket som på 1990-talet, og ein stor del av det bærer Hernes sitt stempel. Allereie tre år før han blei statsråd hadde han formulert programmet sitt for skolen slik: Mine ønsker for skolen er derfor:
– Mer trening
– Mer struktur
– Mer standardisering
– Mer arbeidsdisiplin
– Mer faglig konsentrasjon
– Mer krav til innsats fra elevene
– Mer krav til engasjement fra foreldrene[1]
Dette blei i stor grad følgd opp av Stortingsmelding 43 -1988/89, “Mer kunnskap til flere”. Skolen skulle bygge på det omstridde prinsippet om målstyring og effektivitet og kontroll kom i førarsetet frå barnehage til doktorgrad. Eit ledd i dette var skolestart for 6-åringar, som først blei marknadsført med eit års leikeskole, men ikkje før var denne narra gjennom, så var det lesing, skriving og rekning omtrent frå dag ein. Hernes var ein meister i skolepolitiske propagandatalar: “Det er tankene som må løftes og uniformeres om nasjonen skal holde sammen. … Skal vi sikre den rette tro, må læren være ens.” Les det gjerne fleire gongar, og tenk over kva det betydde at dette blei offentlig uttalt i 1992 av ein minister i ei regjering “utgått av arbeidarrørsla”.

Hernes hadde knapt sett seg i statsrådstolen før han byrja å skrive på generell læreplan, med ei rekke høgtflygande ideal om kva slags menneske den nye skolen skulle skape: Det meningssøkende, skapende, arbeidende, allmenndannede, samarbeidende, miljøbevisste og integrerte menneske. Det blei så overveldande at ingen klarte å gå i mot det og dei fleste oversåg kva som mangla: Det kritiske mennesket, det praktiske mennesket og den gamle formuleringa: “Gagns menneske”.

LES OGSÅ: Lærerstudenter tok saken i egne hender for en bedre seksualundervisning i skolen

Yrkesskolen som variant av gymnaset
Med dette grunnlaget lagt, kunne Hernes gå laus på vidaregåande opplæring. Denne hadde allereie vore utsett for ei samanslåing frå 1976, da gymnas og forskjellige former for yrkesopplæring blei plassert under same tak. Yrkesutdanninga hadde likevel fått beholde mye av særpreget sitt, og da eg på 1980-talet gikk frå fagarbeidar i industrien til faglærar i vidaregåande skole, kunne eg framleis kjenne igjen mitt eige fag. Det skulle ikkje vare lenge.

Allereie før Hernes tok til hadde vi fått nye læreplanar, det ein stor del av det praktiske produksjons- og reparasjonsarbeidet på verkstaden var skifta ut med “lab”, med treningsapparat som ikkje hadde nokon annan funksjon enn å brukast akkurat der, og sikre at alle i Noreg lærte det same samtidig.

Men den store endringa kom med Reform 94, som slo saman vel 100 linjer til 13, og der alt skulle passe inn i eit trangt mønster. Dette var vidareføring av “Schønbergkomiteen” sitt forslag om felles grunnopplæring, som eg som yrkesskoleelev på 1970-talet hadde vore med å kjempe mot.[2] No skulle snikkar, murar og rørleggar ha felleskurs, det same for frisør, søm, gullsmed og samisk duodji (handverk) eller for reindrift og fiskeoppdrett. Mens vi tidligare hadde som mål å yrkesrette allmennfaga, skulle no både yrkesfag og allmennfag allmenngjørast. Resultatet var at ein kunne slå saman ein mekanikarklasse og ein hotell- og næringsmiddelklasse i matematikk og naturfag – dei skulle jo likevel ha den same undervisninga. Samtidig gikk timane til allmennteori opp, mens det praktiske arbeidet fikk mindre og mindre plass.

Bort med det samiske!
Eg opplevde denne reforma på kroppen som lærar ved ein samisk skole. Der fikk vi i tillegg til dei landsomfattande verknadane ein del andre, som skulle rive ned det arbeidet vi var i gang med om å bygge opp ei særeigen samisk opplæring. Det blei ikkje lenger plass til reindrift grunnkurs og duodji grunnkurs. Dei gikk opp i naturbruk og formgiving. Det blei ikkje plass til 3. året på reindrift og duodji, da desse skulle erstattast av lærlingeordning, om det no var lærlingeplassar eller ikkje,

For allmennfag betydde det at dei særeigne samiske linjetilboda måtte avskaffast, i den nye fag- og timefordelinga fantest det ikkje plass. At vi protesterte både gjennom skoleleiing og lærarorganisasjonar hadde inga verknad. Det var jo Hernes sitt varemerke nettopp at lærarane skulle overkjørast og disiplinerast.

Så kom turen til grunnskolen. Denne hadde i eit tiår hatt eigne samiske læreplanar i ein del fag. Desse ville Hernes no fjerne. Alle skulle lære det same, anten dei kom frå reindriftsfamiliar på Finnmarksvidda eller oljearbeidarfamiliar i Rogaland, og om ein familie midt i skoleåret flytta frå Guovdageaidnu til Stavanger, skulle sonen i 6. klasse bare kunne bla opp på neste side i naturfagboka og lese vidare.

Hernes var ansvarlig minister også for samisk opplæring og ein gong i si regjeringsperiode var han på besøk ved Samisk utdanningsråd i Guovdageaidnu. Frå dette besøket finst det eitt bilde, gjengitt i boka “Samisk utdanningsråd 20 år”. Bildet er svært talande, fordi det viser avstanden mellom Hernes og representantane frå utdanningsrådet og Sametinget.

Da eg nokre år seinare deltok i arbeidet med bokserien Samisk skolehistorie, gjorde eg eit intervju med Hanna Marit Jahr[3], som på denne tida var tilsett i Hernes sitt departement og deltok i møte mellom departementet og Sametinget. Ho fortalte:

“Da vi begynte arbeidet med læreplanene for grunnskolen, var Gudmund Hernes helt klar på at det skulle være en felles læreplan for alle elever i grunnskolen, også for de samiske elevene. Det var da ikke så lett for en byråkrat å gå imot det.
Men etter at samene hadde hatt sin egen læreplan i flere fag siden 1987, fant de seg ikke umiddelbart i det, særlig protesterte Sametinget. Ole Henrik Magga, daværende president i Sametinget, møtte i departementet for å diskutere dette med statsråden og fremme sine synspunkter. Jeg var også til stede på dette møtet. Det blei ikke et godt møte. Gudmund Hernes var lite innstilt på å lytte til sametingspresidentens synspunkt. Jeg har snakka med Magga om dette etterpå. Jeg hadde vanskelig for å forstå hvordan to så dyktige menn kunne gå slik rett i strupen på hverandre. Hernes var nok litt arrogant i det møtet, det må være lov til å si, men ettersom vi jobba med det, så vel også han noen andre sider ved saka.”

Sjølv traff eg Gudmund Hernes personlig bare ein gong, det var da han besøkte Samisk høgskole og eg var til stades som studenttillitsvald. Eg må bare seie som Jahr: “Det blei ikke et godt møte.” Hernes var kome for å forkynne, ikkje for å lytte. Ein treng ikkje kunnskap når ein har tilstrekkelig med makt og arroganse.

Frå profesjon til akademi
Også i høgare utdanning skjedde det endringar i Hernes si ånd, sjølv om han kanskje ikkje sto bak alt. Profesjonshøgskolar har blitt innlemma i og omdanna etter mønster av universiteta, og alle studietilbod og læreplanar måtte godkjennast av departementet. Dette fikk eg seinare oppleve som sekretær for gruppa som skulle utarbeide ny samisk lærarutdanning. Også her skulle det særeigne samiske klippast ned, og forslaga frå Samisk høgskole blei gong etter gong avvist til fordel for “Norsk Standard”.

Samordning frå først til sist
Samordninga av det norske skoleverket har skjedd over lang tid og på fleire nivå:
– Frå standsskolar til felles folkeskole
– Frå realskole og framhaldsskole til ungdomsskole
– Frå gymnas og yrkesskolar til vidaregåande skole
– Frå høgare profesjonsutdanning til universitet.
Nokre av desse samordningane var nok nødvendige, men spørsmålet er kven som har vunne når to læringskulturar skulle smeltast saman. I svært stor grad har den teoretiske og akademiske tradisjonen styrka seg på kostnad av den praktiske, lokale og nære. Det var realskolen som vann ungdomsskolen, gymnaset vann vidaregåande, og universitetstradisjonen vann over tradisjonen frå lærarskolar og sjukepleieskolar.

Pedagogikkfaglig strid
Etter først å ha fått Hernes sine reformer ned over hovudet som faglærar, hadde eg på slutten av 1990-talet gleda av å ta vidareutdanning i yrkespedagogikk ved daverande Høgskolen i Akershus. Her møtte eg kampen om reformene frå eit anna perspektiv, frå fagpedagogane som analyserte reformane sitt faglige og ideologiske innhald, og samtidig stilte opp alternative syn, om ein skole bygd på verdien av det praktiske arbeidet og den lokale forankringa. Her møtte eg lærarar som utvikla yrkespedagogisk teori og praksis og dei sette mildt sagt ikkje sette Hernes sine reformer særlig høgt. Spesielt hugsar eg vi hadde førelesing av pedagogikklærar Egil Frøyland som fortalte om si røynsle med Hernes sine reformer, noko han skildra i artikkelen “Hernes og hans tjenere”. I det heile hadde Hernes eit usedvanlig dårlig forhold til både vanlige lærarar og fagpedagogar, noko som må seiast å vere eit dårlig utgangspunkt for å forbetre skolen.

Kva tapte på reformene?
I starten siterte eg Hernes si programerklæring for kva han ville ha meir av. Han skreiv ikkje kva han ville ha mindre av, men konsekvensane er klare:
– Mindre praktisk arbeid
– Mindre yrkesretting
– Mindre valfridom
– Mindre samisk innhald
– Mindre lokalforankring
– Mindre tillit til lærarane
– Mindre skolemotivasjon

Arbeiderpartiet og skolen
Hernes utførte si skolereformering på vegne av Arbeiderpartiet, med daverande statsminister Gro Harlem Brundtland. Dette partiet sin skolepolitikk har gjennom heile partiet si historie vore prega av motsetninga mellom den yrkespedagogiske og den akademiske læringstradisjonen. Kort oppsummert sto striden om to syn: Skulle arbeiderklassen hevast med at han tileigna seg borgarskapet sin kunnskap, eller skulle arbeiderklassen sin yrkeskunnskap bli verdsett som minst like viktig som den akademiske kunnskapen?

30 år har gått sidan Gudmund Hernes starta sitt omfattande reformarbeid. Striden om innhald og organisering i skolen har halde fram og gjør det framleis, seinast rundt dei nylig framlagte endringsforslag for vidaregåande opplæring. Det kunne vere interessant å høre korleis Hernes sjølv no ser på dette, og ikkje minst korleis Arbeiderpartiet sine politikarar, som kanskje skal overta kunnskapsdepartementet til hausten, vurderer endringane i Hernes si tid.


Til slutt vil eg driste meg til ei lita historie frå Hernes si reformtid. Det blei da hevda at utdanningsministeren hadde fått seg epostadresse, som var slik: [email protected]. Det seier litt om korleis folk i skoleverket meinte han såg på seg sjølv.

Svein Lund, yrkespedagog, redaktør skuvla.info

[1] http://skuvla.info/nostan-n.pdf, s. 71
[2] https://core.ac.uk/download/pdf/30926634.pdf
[3] http://skuvla.info/skolehist/jahr-n.htm

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned