Naturvernforbund eller Klimaforbund?

Vindmøller i skumringen. Foto: Creative common.

Skal vi ofre natur for å redde klimaet? Spørsmålet går tvers gjennom det norske samfunnet og vi finner det igjen i andre land. Striden har også nådd Naturvernforbundet.

Svein Lund
About Svein Lund (16 Articles)
Svein Lund er frilansskribent, bor i Guovdageaidnu og driver nettstedet gruve.info.

Bakgrunnen er sjølvsagt at menneska si utbreiing over jorda og utnytting av naturressursane har ført til katastrofale tilstandar for bestandane av ville dyr, at naturlige skogar er redusert til ein brøkdel, at dyrkbar jord blir øydelagt, at jord, vatn og luft blir forureina, at tilgjengelige mineralressursar er i ferd med å bli brukt opp og at den gjennomsnittlige temperaturen i atmosfæren aukar.

Av alle desse gigantiske problema er det eitt som har fått den største internasjonale merksemda, dei største internasjonale konferansane, dei internasjonale avtalane og dei største økonomiske investeringane. På eine sida har vi fått eit engasjement på grunnplanet, særlig blant ungdom. Vi har fått klimastreikar og klimabrøl. Vi har fått klimastiftelser, klimatenketankar og miljøorganisasjonar som set klimaet på første plass, Klimadepartement og Klimakur. Med på lasset har vi også fått klimaprofitørar, som gjør store pengar på tiltak som skal bidra til betre klima, eller i alle fall blir grunngitt med det, slik som vindkraft og elbilar.

LES OGSÅ av Svein Lund: Kva for eit grønt skifte? Kan vi redde klimaet ved å ødelegge naturen?

Når klimaet blir det eine store, forsvinn alle andre problem i skuggen av dei. Svovelforureining er ikkje lenger eit problem, da svovel i atmosfæra heller bidrar til å hindre temperaturaukinga. Skogar, fjell og vidder kan byggast ned om det trengst for å gi plass til vindkraft, solkraft og gruver for minerala som trengst til produksjon og forbruk av elektrisk kraft til erstatning for fossile brennstoff. – Vi må alle ofre noko for klimaet, sa ein direktør i eit oljeselskap som no investerer i vindkraft i Finnmark. Sjølv var han villig til å ofre reindriftsnæringa på klimaalteret. Norsk Bergindustri er klare til å gjøre sin innsats, med å ta ut mest mogleg “grønne” mineral, kor som helst. Med i denne alliansen er direktøren for den nye batterifabrikken i Rana, som tidligare har gjort seg ein formue på rasering av regnskog i Indonesia, og no blir hylla av Ap som ein føregangsmann for det grøne skiftet, når han vil bygge ut vindkraft i reinbeitedistrikt og auke etterspurnaden etter litium frå Sør-Amerika og kobolt frå Kongo. Alt for det grøne skiftet! At ein stor del av det som marknadsførast som klimatiltak ikkje vil ha noko positiv verknad for klimaet er ei anna sak.

Dei siste året har det kome ei rekke åtvaringar mot å ofre naturen for reelle eller innbilte klimaeffektar. Ei av dei er boka “Verden på vippepunktet”1. Ei anna er UNEP-rapporten “Making peace with nature”2. Motstanden mot vindkraftutbygging har auka kraftig. Likevel ser dette ikkje ut å gjøre inntrykk på forkjemparane for utbygging av vindkraft i Noreg. Sjølv om framtidige konsesjonar er satt på vent, pågår utbygginga for fullt i 2021 og ei rekke naturområde og reinbeiteområde vil før året er over vere øydelagde for alltid. Samtidig samlar vindkrafttilhengarane krefter foran neste storsatsing. Den kraftkrevjande industrien vil doble forbruket sitt.

Kraftselskapa kjempar for mest mogleg utanlandskablar, så eksporten kan auke og prisane med. Kommunar slåss om å få selge seg til vindkraftselskap og batterifabrikkar. Politikarar vil endre regelverket for å sikre meir kommunal støtte til utbygging. Kraftsosialistar i fagrørsla og parti med varierande raudfarge vil ha havvindutbygging for arbeidsplassane sin del. “Det grøne skiftet” og “bærekraft” blir redusert til vindkraft og elbilar.
Kampen pågår no innafor ei rekke parti og organisasjonar i Noreg. Leiande folk i Sp, SV og MDG står mot kvarandre på partimøte og i media. I Raudt vant vindkraftmotstanden fram på landmøte mot leiinga si vilje. Kor blir det neste slaget å stå? Min spådom er trulig ikkje veldig original: Han vil stå i Naturvernforbundet.

LES OGSÅ: Nei til nullvekst!

Naturvernforbundet er Noregs eldste og største miljøorganisasjon, og har bakgrunn i det “klassiske naturvernet”: Vern av artar og naturområde og kamp mot forureining. Som ledd i dette har organisasjonen frå starten engasjert seg mot mange større vasskraftutbyggingar, der Altakampen er den mest kjente. Vasskraft blei vurdert som naturinngrep, det var ingen som snakka om at dette var “grøn kraft”.

Så skjedde det noko. Med klimaendringane oppsto kravet om fossilfri kraftproduksjon. Naturvernarane var allereie engasjerte mot atomkraft, og alternativet blei vindkraft og solkraft. Solkraft har i Noreg ikkje kome stort lenger enn til hyttetak i område utan straumtilførsel, mens vindkrafta etter kvart blei omfamna av så godt som alle. Rundt 2000 var det knapt nokon miljøorganisasjon eller parti i Noreg som gikk mot vindkraftutbygging. Dei fleste miljøorganisasjonar var derimot aktive pådrivarar for meir vindkraft. I første rekke sto Naturvernforbundet sin ungdomsorganisasjon, Natur og Ungdom, som i 2012 slutta seg til at «Norsk fornybar energi må få lov til å nå sitt fulle potensial». Moderorganisasjonen Naturvernforbundet hadde aldri den same iveren for vindkraft, men også her blei det gitt støtte til oppretting av grønne sertifikat, sjøl om det skjedde med nokre atterhald.

Etter kvart voks opposisjonen som ville si nei til vindkraft. På landsmøtet i 2013 vann dei fram og med omlag 3/5 fleirtal blei det vedtatt å forsvare norsk natur mot vindkraftutbygging. Vedtaket var ikkje heilt konsekvent, men blei likevel oppfatta som ei klar endring av politikken i meir vindkraftfiendtlig retning. Dette blei vedtatt mot eit fleirtal i sentralstyret, men endringa i politikken fikk inga konsekvensar for val til ny leiing. Der sto fortsatt vindkrafta sterkt, og både daverande og noverande leiar hørte til det vindkraftvenlige mindretalet. Ingen av dei har nokon gong gitt uttrykk for at dei har skifta syn, men som leiarar har dei vore forplikta av forbundet sin vedtatte politikk. Da leiaren gikk av og kom på Stortinget, sto han igjen fram som vindkrafttilhengar.

Naturvernforbundet sine lokallag og fylkeslag har i stadig større grad engasjert seg i kamp mot konkrete vindkraftutbyggingar i sine område og har arrangert konferansar rundt i landet, der vindkraft har blitt diskutert meir generelt. Nokre fylkeslag har og gjort klare prinsippvedtak mot all vidare vindkraftutbygging.

Det er framleis landsmøtevedtaket av 2013 som er grunnlaget for Naturvernforbundet sin vindkraftpolitikk. Denne har blitt forsterka av eit landsstyrevedtak i 2018 om nei til vindkraft i reinbeiteområde, men dette har ikkje vore til hinder for at leiinga gong etter gong kan gjenta at Naturvernforbundet slett ikkje er mot vindkraft, det er bare mot utbygging som øydelegg inngrepsfri og verdifull natur, men om ein vil bygge i område som allereie er utbygde av jordbruk, industri og infrastruktur, så er det heilt i orden. Forbundet har og opna for utbygging til havs, bare det ikkje står midt i fugletrekket.

Det har skjedd ei stor endring i folkeopinionen i synet på vindkraft, både med at langt fleire er mot utbygging og at langt fleire ser kampen mot vindkraft som ei av dei viktigaste miljøsakene i vår tid. Dette har i stor grad gitt seg utslag i mange lokal- og fylkeslag i Naturvernforbundet og medlemmar av Naturvernforbundet har vore og er sentrale i mange vindkraftkampar. Det har imidlertid ikkje gitt tilsvarande utslag sentralt.

Fram til i 2019 hadde Naturvernforbundet ingen i sekretariatet med vindkraftsaker som hovudoppgåve. Ei vindkraftbrosjyre som skulle vore gitt ut for minst 5 år sidan, har aldri blitt ferdig, og først i seinare tid har det kome noko vidare informasjon på nettsida. I den grad det i Naturvernforbundet er utvikla kunnskap om vindkraft og verknadane av denne, er det gjort rundt omkring i landet, og verken i sekretariatet eller sentralstyret. Da eit lokallag skreiv rapport om vindkraft og reindrift, ville ikkje Naturvernforbundet sentralt publisere denne, og forfattarane måtte gå til Motvind for å få rapporten utgitt. Når lokallag har ønska å bygge opp kompetanse om vindkraftspørsmål har dei også ofte vore nøydd å gå til andre organisasjonar, som La Naturen Leve og Motvind. Samtidig har Natur og Ungdom, som røysta mot Naturvernforbundet sitt landsmøtevedtak i 2013, men som i motsetning til sentralstyret og sekretariatet ikkje var bunde av vedtaket, halde fram å spreie propaganda for vindkraft.

For Naturvernforbundet har vindkraftsaka gitt både inn- og utmeldingar. Vi har vel ikkje sikker kunnskap om årsaka til innmeldingar, men mye tyder på at lokalt engasjement mot vindkraft er ein vesentlig faktor. Samtidig har andre meldt seg ut, grunna i den uklare vindkraftpolitikken til Naturvernforbundet sentralt. Desse synest i stor grad å ha halde fram engasjementet sitt i Motvind og/eller Miljøvernforbundet, som har ein langt klarare politikk.

I april skal Naturvernforbundet ha landsmøte, og no i mars blei valkomiteen si innstilling til sentralstyret offentliggjort.3 I presentasjonen av dei ti som er innstilt er det bare to som seier direkte eller indirekte at dei vil prioritere kamp mot vindkraft, og dei er også elles kjent som engasjerte vindkraftmotstandarar. Dei øvrige åtte kandidatane har ikkje funne kampen om vindkrafta verd å nemne i presentasjonen, men fleire av dei har tidligare stått fram som vindkrafttilhengarar.

Dette gjør at eg og mange andre medlemmar er bekymra for kva slags leiing vi vil få, og kva dette vil bety for vindkraftkampen i Noreg. Vil dei kunne bli ei leiing for kampen mot vindkraft, vil dei stille seg på sidelinja, eller vil dei i verste fall gi støtte til naturrasering i klimaet sitt namn. Da kan forbundet like godt skifte namn til Klimaforbundet. Det vil i såfall vere ein stor siger for vindkraftforkjemparar og vindkraftprofittørar.

Kva vil ei svekking av kampen mot vindkraft bety for Naturvernforbundet? Det vil føre til svekka entusiasme blant medlemmane og trulig vil mange sjå seg om etter andre organisatoriske alternativ for engasjementet sitt.

Eg som skriv dette har vore medlem i Naturvernforbundet i mange år, og tillitsvald i meir enn eit tiår. Eg gikk no i mars av frå mitt siste tillitsverv. Ein av grunnane til at eg ikkje tok gjenval var at det har blitt stadig vanskeligare å forsvare praksisen til leiinga i Naturvernforbundet, særlig i vindkraftspørsmål. Der har vore lite støtte å få og konfliktar som tildels har utspela seg i media. Det gjør at eg ikkje lenger orkar å stå som representant for Naturvernforbundet. Eg er framleis medlem, og kan kanskje igjen bidra på eit eller anna vis. Men det krev at forbundet får ei leiing som heilhjarta vil gå i spissen for kampen mot den viktigaste naturraseringa i Noreg i vår tid.

1 Dag O. Hessen: Verden på vippepunktet. Res Publica 2020.

2 http://sveinlund.info/miljo/peace.doc

3 https://naturvernforbundet.no/nyheter/innstilling-pa-nytt-sentralstyre-article41581-165.html

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned