Tyrkisk krig med norske våpen

Foto: Rabia

President Erdoğan treng gode våpen i utanlandskrigane i Irak, Syria og Libya og i borgarkrigen mot kurdisk gerilja og sivilbefolkning i Tyrkia. Spørsmålet til utanriksminister Ine Marie Søreide blir da: Korfor gjeld ikkje forbodet mot våpeneksport til land i krig for Tyrkia?

Erling Folkvord
About Erling Folkvord (9 Articles)
Erling Folkvord er politiker i partiet Rødt. Han har tidligere sittet i bystyret for Rød Valgallianse (RV) og Rødt i Oslo og sittet en periode på Stortinget for RV. Hans spesialfelt som politiker har vært avsløring av korrupsjon og maktmisbruk.

For snart 85 år sia – 12. april 1935 – vedtok Stortinget at Norge ikkje skal selje våpen til land som fører krig eller er i borgarkrig. Johan Nygaardsvold (Ap) var statsminister da. Utan debatt innførte regjeringa 14 år seinare – i 1949 – eit unntak for NATO-land. Da var Einar Gerhardsen (Ap) statsminister. 1935-vedtaket har ikkje vori framme i ordskiftet etter våpeneksport-rapporten frå Riksrevisjonen.

Regjeringa og Stortinget stadfesta 1935-vedtaket etter ein mislykka våpenleveranse til militærdiktator Fulgencio Batista på Cuba i 1958. Han kjøpte våpen frå Raufoss for å nedkjempe den revolusjonære 26. juli-rørsla.

LES OGSÅ: Norge må rette opp sitt brudd på menneskerettighetene — hent Gülitzer tilbake

17. januar 1959 fekk disponent Daasnes på Raufoss Ammunisjonsfabrikker ein ugrei telefon frå ein velorientert journalist: Batista hadde rømt landet før lasteskipet Sporonia la til kai i Havana. Handgranatar og ammunisjon frå Norge hadde hamna hos revolusjonsleiaren Fidel Castro. USA hadde finansiert våpenproduksjonen på Raufoss.

Regjeringa Gerhardsen berga seg 11. mars 1959 med eit nytt vedtak om «at Norge ikke vil tillate salg av våpen og ammunisjon til områder hvor det er krig eller krig truer, eller til land hvor det er borgerkrig». Stortinget diskuterte ikkje unntak for NATO-land.

Tyrkia har i dag den nest største hæren i NATO. President Erdoğan treng gode våpen i utanlandskrigane i Irak, Syria og Libya og i borgarkrigen mot kurdisk gerilja og sivilbefolkning i Tyrkia. Erdoğan veit at NAMMO AS på Raufoss leverer kvalitetsvarer.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) – eller leiar i utanrikskomiteen Anniken Huitfeldt (Ap) – bør forklare korfor forbodet mot våpeneksport til krigførande land ikkje gjeld Tyrkia.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned