Bombeflya kjem – dei er ikkje russiske!

Fire amerikanske bombefly av typen B-1B Lancer øver over Georgia, USA. Foto: Jerry Morrison, U.S. Air Force

For første gong i nyare tid at usanske bombefly utplasserast på ein norsk flybase. Jo meir amerikanarane benytter seg av norsk jord, jo meir risikerar vi å bli slagmark for ein krig mellom USA og Russland.

Ivar Jørdre
Om Ivar Jørdre (11 artikler)
Ivar Jørdre, aktiv bloggar (http://ivarjordre.wordpress.com/), medlem i Raudt, biletkunstnar, hovudfag klassisk arkeologi UiB, arbeidt ved Bymuseet i Bergen, avsluttar for tida bachelor i historie- og kulturfag.

Koronapandemien fekk forsvaret og forsvarsdepartementet til endeleg å avlyse militærøvina Joint Viking 2021, men den sat langt inne. «Det er ingen grunn til bekymring», sa forsvarsminister Frank Bakke-Jensen i januar då han inviterte 3000 utanlandske soldatar (10 000 tilsaman) til å drive vintertrening i nord i februar-mars. Ikkje før han hadde sagt det, så kom dei første meldingane om koronasmitta soldatar. Ei stund var det over 50 utanlandske smitta soldatar, no er dei nærare hundre (nrk.no).

Denne elendige handteringa av koronasituasjonen har forsvarsministeren fenge hard kritikk for i Stortinget. Det visar seg no at både FHI og Helsedirektoratet advarte mot å gjennomføra treninga etter dei planane som førelåg. Det visar seg også at lokale helsemyndigheiter ikkje var involvert i planlegginga. Raudt og SV krev open kontrollsak om det. AP krev også svar. Kva for tankar forsvarsleiinga og forsvarsministeren no gjer seg i høve dette, massetesting av dei allierte styrkane som nærast overkjøyrde testsvara til dei sivile, all mediaoppmerksemda og kritikken dei fekk, ja det kan ein spørje seg om. Om dei ikkje finn svaret sjølve, så kan eg hjelpe dei litt: Eg er forbanna og flau på Noregs vegne. At det i det heile teke vart ein slik stor militærøving no undrar til og med «militærelskarar» på i dette landet. Det seier sitt! Ikkje lenge etter denne «koronaarrogansen» kjem nyhendet om utplassering av usanske B-1 Lancer-bombefly på Ørland flystasjon, Trøndelag Fylke. Litt historie: Ørland flystasjon vart anlagt av «tyskarane» i perioden 1941–44 (noko å tenkje på?).

LES OGSÅ: NATO er ingen forsvarsallianse

Spenningsdrivande og smittedrivande
Men, først: Som eg skreiv i Nordlys 16. januar, er ikkje berre slike militærøvingar som Joint Viking spenningsdrivande, men i høgste grad også smittedrivande no i koronatida! Me andre «lovlydige» borgarar sit «innesperra», mens forsvaret og dei allierte «venene» skulle trene på krig mot hovudfienden Russland. Det er jo ikkje forsvar i seg sjølv dei trenar på, det er ei eventuell konflikt med naboen i aust dei er der for. Det må seiast rett ut: USA og Nato vil ha denne spenninga, dei har sine interesser i nordområda og kapitalismen treng våpenindustrien. Berre sjå på aksjekursane til denne industrien på Wall Street!

Eg spurde forsvarsministeren i innlegget mitt 16. januar om han og militærleiinga verkeleg trur at Russland kjem til å invadera oss viss me ikkje har øvd på med militære midlar eit år (eller i framtida)? Etter siste vanvittige nyhende om at usanske bombefly no skal utplasserast på Ørland flystasjon i løpet av februar, så tenkjer eg at dei trur jammen meg på det, og dei vil terge russarane med det. Det klarar militærleiinga og høgreregjeringa også, protest frå den russiske ambassaden har allereie kome. Det er då eg lurar på ein vesentleg ting: Er «me» i Vesten fullstendig uvitande eller historielause (eller begge delar) om korleis Vesten økonomisk og NATO militært har «sneke» seg meir og meir inn i tidlegare austblokkland og dermed «gjerder» inn Russland.

Den øredøvande stilla, malt av Ivar Jørdre

Dette er ei høgst levande kjensle hjå mange russarar, og dei har ei lang historie attende til 1800-talet med Napoleon Bonaparte og nazistane sitt inntog under 2. verdskrig som sterke dømer, dei sit i den historiske ryggmargen. Ukraina er eit siste døme på dette. Der Vesten og spesielt USA over lang tid ville ha eit regimeskifte, til eit vestvenleg eitt. Med økonomiske midlar og hjelp til organisering av endringsvillige miljø (då meiner eg ikkje dei radikale og sosialistiske rørslene i Ukraina, dei fekk ingen hjelp frå Vesten), fekk dei til slutt oppstanden til å virke og dermed endringa i jan/feb 2014. Midt oppe i dette annekterte Russland Krim og helvete var i gong. Ei lang historie med Ukraina som barken mellom Aust og Vest toppa seg. No er økonomiske og politiske sanksjonar mot Russland for lengst gjennomført og ny kald krig etterkvart eit faktum. Om det også endar med ein «varm krig» sett i høve til seinare tids opptrapping og gjennomføring av militærøvingar, kan mange ulike faktorar avgjere.

LES OGSÅ: Trident Juncture — da krigen kom hjem

Noregs medverknad til å eskalera ei konflikt
Atomvåpenproblematikken og NATO er som eit par, tett knyta til kvarandre i avskrekkingsterror, trugsmål i førstegangsbruk og milliardbeløp i vedlikehald og fornying av atomvåpna. Dette gjer også at motpartane Russland og Kina opprettheld og rustar opp sine arsenal. I tillegg er India og Pakistan med sine atomvåpen ein farleg miks som kan smelle av under potensielle eskaleringar.

Noregs medverknad til å eskalera faren for storkrig i Europa, i kjølvatnet av Ukrainakonflikta, er også med i dette biletet. Til dømes Nord-Korea sitt atomvåpenpotensiale må det forhandlast om gjennom FN, og ikkje truge dei med militærøvingar og økonomiske strupetak. Det er då det kan gå riktig gale! Alt dette understrekar viktigheita av at den norske regjeringa sluttar seg til FN-resolusjonen om ein internasjonal konvensjon mot atomvåpen.

For Noregs del tyder det at inntil «me» melder oss ut av NATO, må Noreg arbeide for at NATO endrar sin atomdoktrine og avstår frå førstebruk av atomvåpen og frå at NATO sin atomvåpengaranti skal gjelde for Noreg. Noreg må også arbeide for at USAnske atomvåpen ikkje skal vera stasjonert i Europa, heller ikkje i samband med rakettskjoldprosjektet eller dei krigsfremjande tiltaka NATO har iverksett, m.a. i Ukraina. Ein ting er Russland sitt problem med si eiga interessesfære i regionane, ein annan ting er Vesten sitt svar på det og dobbelmoralen i høve det å intervenera på sine premiss som i Ukraina i 2014.

Den internasjonale kampanjen for forbod mot atomvåpen (ICAN) fekk Nobels fredspris i 2017. I staden for meir krigshissing må den norske regjering skrive under på denne kampanjen. Internasjonal konvensjon mot bruk av og forbod mot atomvåpen, no!

Noreg er heilt knyta opp til USA. Fullstendig! Dette visast tydeleg ved val av F-35 kampfly som ei rekke våpenanalytikarar meiner er dårleg tilpassa forsvaret av Noreg. Og det er endå meir tydeg i vår puddelsvinging i det siste. Den sokalla «rullerande» usanske troppetilværet i Noreg er tull og manipulering frå ende til annan. Det har lenge vore frykta av mange at dei soldatar som ifølgje den blå-svarte regjering berre skulle vera på Værnes i korte periodar, no vert her permanent. Det liknar veldig på ein byrjande usansk minibase. Basepolitikken til Noreg, som har vore fast i over 70 år og forankra i ingen utanlandske basar på norsk jord, står i alle fall på spel, om ikkje for fall i det heile. Det er omlag 350 usanske soldatar som til ei kvar tid er på Værnes. No har regjeringa i tillegg utstasjonering av usanske soldatar i Troms. Tal? Omlag 350 det også. Om ikkje dette er å gå lenger vekk frå tidlegare basepolitikk enn nokon gong, ja, så veit ikkje eg kva opptrapping og spenning er!

LES OGSÅ: Russland kommer ikke til å invadere Norge

Bombeflya kjem, men dei er ikkje russiske
Bombefly av typen B-1B Lancer skal utplasserast på Ørland flystasjon i februar. Dei kan bera atombomber. Dette vert første gong i nyare tid at usanske bombefly utplasserast på ein norsk flybase. Luftforsvaret har øvd saman med usanske bombefly i norsk luftrom tidlegare, men det har vore berre i lufta (ille nok det!). No skal flya vera stasjonert på Ørlandet ei tid framover. Som vanleg vil ingen i forsvaret seie kor lenge. Desse «stålfuglar av død» skal ikkje vera på norsk jord, ikkje på nokon si jord for den del. Professor ved Forsvarets høgskole, Tormod Heier, mener Norges sjanser for å bli en slagmark for USA og Russland øker jo mere amerikanerne benytter seg av norsk jord. Luftforsvaret ønskjer heller ikkje å seie noko om kor mange fly som kjem. Men ifølgje det nederlandske luftfartsmagasinet Scramble er det snakk om fire fly. 200 usanske soldatar har allereie kome til Ørlandet militære flystasjon (nrk.no).

Eg merkar eg vert rasande når eg skriv dette! For maken til hasardspel med vår tryggleik, komande generasjonar og godt naboskap med Russland, har ikkje eg opplevd i mi levetid og eg er fødd i 1960. Atomkrigfrykta som gjorde seg gjeldande på 1960-, 70-, og 80-talet var reel nok for mange, men no, no er ting ute av kontroll globalt og nasjonalt sett på ein heilt annan måte: Ingen stormaktsmøter, ingen nedrustningsmøter, ingen dialog! Den norske «militære spenningsregjeringa» har eit stort ansvar, eit historisk ansvar for ei fredelegare verd, men brukar dei det? Mange veit svaret, og det er opp til det norske folk å vakne no, på høg tid! Gje regjeringa ei klår melding om at me finn oss ikkje i å vera «mellom barken og veden», vera landet som vert skvisa mellom to stormakter si rivalisering, med stygge konsekvensar som moglegheit!

Den bergenske musikaren Jarle Zimmermann Fjellanger, tidligere medlem av bergensbanda Flying Norwegians og Elektrisk Regn, hadde ein noko ironisk song i 1981 som heiter «Russerne kommer». Tittelen bør no skrivast om til «Amerikanerne kommer», og med det for auge at no visar det seg at dette er reelt, og ikkje ironisk meint. Eg vil undre meg korleis forsvarsministeren og dei våpenglade venene hans i USA ville ha reagert på det. Truleg ikkje med eit «smil» i alle fall? Er det eit håp for at den «vesle istida» mellom Russland og Vesten tinar, om ikkje med det første? Ja, det er det, men då lyt minst halvparten, eg sa minst halvparten, av vestlege leiarar og folkevalte bytast ut, og det straks, med avspenningsvenlege politikarar som forstår seg betre på Russland. Og så lyt minst halvparten og meira til av folket kreve dette, velje nye og tenkje at det er mykje, mykje betre å snakke med vår store nabo i aust, vera i dialog og lage venskap, enn det er å terge, tie ihel og konfrontera naboen. Det er berre å håpe dette hender før noko alvorleg inntreff. For å vera oppmerksame på dette har me alle eit ansvar!

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned