Kva for eit grønt skifte? Kan vi redde klimaet ved å ødelegge naturen?

Raudfjell på Kvaløya i Troms har no blitt grønt. Foto: Svein Lund

Samtlige partiar i Noreg er for "Det grøne skiftet". Det gjeld alt av næringsorganisasjonar. Ingen ansvarlig politiker kan i dag seie noko stygt om "Det grøne skiftet". Så er det på tide å gjøre det.

Svein Lund
About Svein Lund (18 Articles)
Svein Lund er frilansskribent, bor i Guovdageaidnu og driver nettstedet gruve.info.

The green shift needs an offensive mineral policy.” Dette er tittelen på et foredrag som fylkesråd for næring i Nordland, Linda Helen Haukland, vil halde 23.-24.02.2021 på konferansen Future Mine & Mineral i Stockholm[1]. Talaren representerer regjeringspartiet KrF og har utmerka seg som ein aktiv forkjempar for auka mineralutvinning, heilt i tråd med regjeringa sin politikk[2]. Mineralnæringa seiler opp som den eine av dei store vinnarane i det grønne skiftet, ved sida av vindkraftindustrien. 25.01.2021 blei rapporten Prosess21 lagt fram som et samarbeid mellom næringsdepartementet og prosessindustrien. Her blir det tatt til orde for utbygging av 56 TWh ny vind- og vasskraft fram mot år 2050, 5-6 gongar den vindkrafta som er bygd ut til no. Det kan kanskje marknadsførast som klimatiltak, men det er samtidig ei krigserklæring mot norsk natur.

På gruvekonferansen Future Mine % Minerals vil det grøne skiftet stå sentralt.

LES OGSÅ av Svein Lund: Norsk grønnmalingsindustri

Innsnevra skifte

Ein rapport som nylig er utarbeida av fleire hundre vitskapsfolk, oppsummerer: “Ekspertene er samstemte i at vi er helt avhengige av planetens helse for å leve. Men det ser ikke ut til at vi bryr oss noe særlig om. Rapporten viser nemlig at mens det globale bruttonasjonalprodukt per innbygger har doblet seg siden 1992, har samtidig verdens bestand av naturressurser blitt redusert med 40 prosent.”[3] Menneska har endra naturen på jorda til stor skade for det ville plante- og dyrelivet, men også for menneska sjølve. Dette har skjedd gjennom arealinngrep, forureining av jord, vatn og luft og utrydding av ville dyrebestandar og mange artar, men dette synest ikkje når regjeringa vår snakkar om grønt skifte. Derimot skreiv regjeringa 11.11.2020: “Det grønne skiftet handler om hvordan Norge skal bli et lavutslippsland innen 2050.”[4] Først held dei altså naturen utafor, og konsentrerer seg om klima. Dermed opnar ein for fortsatt øydelegging av natur, bare denne isolert sett kan forsvarast med klimaargument. Men også innafor klimasaka innsnevrar ein perspektivet to gongar. Det første er å bare sjå på utsleppet av klimagassar, ikkje på opptaket. Dermed kan det forsvarast å bygge ned myr og skog for vindkraft. Det andre er å snakke om at Noreg skal bli eit lågutsleppsland. Men sjølv innafor denne svært innsnevra målsettinga er det lite konkret handling å sjå. Målet synest å vere at vi skal komme godt ut på statistikken. Det kan vi gjøre med å elektrifisere petroleumsutvinninga, så utsleppa blir flytta til andre land og statistikkførte der, samt ved å kjøpe oss kvotar for å usynliggjøre eigne utslepp.

Boka “Det grønne skiftet” kom ut i 2015. Siden er det mange som har laga sine egne oppfatningar av uttrykket.

Vidare seier regjeringa: “For å få til dette må vi omstille oss til et samfunn hvor vekst og utvikling skjer innenfor naturens tålegrenser.” Kor står vi i dag i forhold til “naturens tålegrenser”? Dei er sprengt for lengst, både når det gjeld klimagassar, øydelegging av jordsmonn, forureining av jord, vatn og luft og direkte og indirekte utrydding av ville dyr. Vi har ikkje meir å gå på, naturforvaltninga framover må dreie seg om å berge stumpane, og restaurere så mye som råd, ikkje om enno meir “vekst og utvikling”.

LES OGSÅ: Miljø vs vekstøkonomi — skal vi redde kloden må kapitalismen ofres

Superrike “grønne”

Elon Musk har gjort ei av verdas største formuer blant anna på elbilen Tesla.
(Foto: Wikimedia Commons)

Ein situasjon med svært knappe ressursar stiller krav om ei meir rettferdig fordeling av godene. I staden skjer det motsette. Superrike samlar ufattelige formuer som dei kan bruke til eige luksusforbruk og til å kjøpe seg enno meir makt. Mange superrike er svært ivrige etter å investere i “grønt skifte”[5] og nokre av dei har også skapt store delar av formuen sin på “fornybar energi” og elbilar. Det amerikanske mediakonsernet Bloomberg skriv at dei raskast veksande formuene i verda no er grønne.[6] Dette passar dei utmerka, “Fordi vi trur at profitt og prinsipp ikkje er gjensidig ekskluderande. Dei forsterkar kvarandre.”[7] Skal tru det?

Kva “det grønne skiftet” ikkje er i dag

Kva er da innhaldet i “Det grøne skiftet” i Noreg? Vi kan starte med kva det i dagens praksis ikkje består i:
– vern av natur (derimot skal natur nedbyggast med kraftverk og gruver, gjerne grunngitt med at vi må ofre natur for klimaet)
– auka CO2-opptak i naturen (derimot blir myr og skog bygd ned, bl.a. for tvilsame energiprosjekt)
– redusert forbruk (derimot er målet fortsatt forbruksvekst)
– nedtrapping av olje- og gassproduksjon (derimot skal det leitast som aldri før, i forsøk på å halde denne oppe)
– auka gjenvinning (Noreg ligg med 2,4% gjenvinning på botn i verda[8])
– redusert bruk av ressursar (målsetting er auka mineralutvinning, for profitten og arbeidsplassane, utan omsyn til behovet)
– redusert forureining av hav og fjordar (derimot bygger norsk mineralstrategi på gruveutslepp i fjordar og oppdrett i fjordane skal mangedoblast.)

LES OGSÅ: Når kalkylene svikter

Grøn kolonialisme

Hausten 2020 blei det arrangert vardebrenning rundt heile landet mot vindkraftutbygging. Her frå arrangement i Guovdageaidnu.
Foto: Gerlinde Thiessen

I både Noreg, Sverige og Finland er nær halve landarealet brukt til reindrift, som ved sida av å levere det sunnaste og mest miljøvenlige kjøttet også er svært sentralt for samisk kultur og språk i alle tre landa. Dette har ikkje hindra styresmaktene i å gi løyve til at det, ofte i namnet til “Det grøne skiftet” blir gitt løyve til både gruvedrift og vind- og vasskraftutbygging i reindriftsområde.[8a]) I Noreg har sametingspresidenten omtalt dette som “grøn kolonialisme”, og omtalen har ikkje vore mildare frå samisk hald i dei andre landa. Med “grøne mineral” og “grøn energi” som påskot har ein kunna kjøre over alt av nasjonal og internasjonal rett i forhold til vern av samisk kultur og næringar. Ikkje nok med det, når reindriftssamar har reist kampen for å forsvare seg, har dei blitt ruinert av saksomkostningar, i verste fall har dei blitt dømde til å betale også utgiftene til utbyggaren. Når dei til ei forandring blir tilkjent ei erstatning som tilsvarer dei økonomiske tapa, går Staten i lag med utbyggar til sak, fordi slike erstatningar vil gjøre det for dyrt å bygge ut i reindriftsområde! Alt dette skjer i namnet til “Det grøne skiftet”. Av norske politiske parti har bare eitt tatt konsekvent avstand frå vindkraft i reinbeiteområde, to har gjort det delvis, for alle dei andre er det fritt fram. Også blant miljøorganisasjonar er det delte meiningar, mens nokre går konsekvent mot slike inngrep, er det andre som meiner at reindrifta og samane også må ofrast for dei påståtte klimaverknadane av utbygging.

LES OGSÅ om grønn kapitalisme: Nei til nullvekst

OPS – Offentlig Privat Samrøre

Innafor utbygging av vegar og infrastruktur har vi noko som kallast OPS – Offentlig Privat Samarbeid. Innafor utbygging som blir grunngitt med “Det grøne skiftet” har vi det eg heller vil kalle Offentlig Privat Samrøre, eit samarbeid så tett at det heller kan kallast symbiose.

Det er i dag umogleg å sjå noko motsetning mellom mineralstrategien til regjeringa og strategien til Norsk Bergindustri. Det statlige forvaltningsorganet NVE opererer som strateg for vindkraftutbygging i nært samrøre med vindkraftindustrien sin organisasjon Norwea.

Dette “grønne” samarbeidet tok av for alvor da Geonor-konferansen i Rana våren 2016 fikk Zero til å snakke om “mineralenes betydning i det grønne skiftet”, på konferanse arrangert av Sintef, NGU, Mineralklynge Norge, Nordland Fylkeskommune, Kunnskapsparken Helgeland og Nordmin.[8b] Eit av dei store OPS-prosjekta er gruvedrift på havbotn, der forskingssamarbeid har omfatta bl.a. Nordic Mining, NIVA, NTNU, Kongsberg Maritime, DNV, Store Norske og LNS.

Til å bygge opp eit ideologisk forsvar for utbyggingane har vi ei rekke private, offentlige og halvoffentlige forskingsinstitusjonar, tenketankar og mediekanalar, som NTNU, Sintef, Cicero, Zero og NRK, for å ta eit lite utval. Hittil siste bidrag kom 09.02.2021 da NRK serverte ein lang propagandaartikkel for vindkraftutbygging under tittelen “Sju grunner til at Norge kan trenge mer vindkraft”.[8c]

LES OGSÅ om kapitalisme: Ekspander eller dø

Kva er mogleg og kva kostar det?

Kjerna i “Det grøne skiftet”, slik dette blir brukt av dei aller fleste parti, næringsorganisasjonar og store delar av miljørørsla er at produksjon og forbruk av “fornybar” energi skal erstatte “fossil energi”, med målsetting å stoppe den globale temperaturauken. Når målet er globalt må også verkemidla vurderast globalt, ut frå tre spørsmål:
– Er det realistisk og praktisk mogleg?
– Kva er prisen?
– Har det denne verknaden om det blir gjennomført?

Denne kvite Teslaen er også grøn, og blir her lada på grøn straum. Setesdal, 2018
Foto: Svein Lund

Dei tiltaka som er lansert som Noreg sine viktigaste bidrag er også blant dei store satsingsområda globalt: vindkraft og elbilar. Vindkraft gir i dag vel 5 % av elektrisitetsproduksjonen i verda, det vil seie rundt 1 % av verdas samla energiproduksjon. Om utviklinga held fram vil verda i tillegg i 2050 forbruke omlag 50% meir energi enn i dag. Skal dette produserast av vindkraft, må det byggast ufattelig mange millionar vindturbinar, som vil dekke enorme areal. Dette vil koste nokre billiardar kroner eller nokre hundre Oljefond, og krevje ufattelige mengder av ei rekke mineral.[9] Om ein i det heile klarer å utvinne desse minerala, vil det måtte skje med utnytting av langt fattigare ressursar, med tilsvarande større avfallsproduksjon og forureining. Bare av koppar vil det gå med fleire hundre millionar tonn, mens årsproduksjonen no er vel 20 mrd. tonn. For andre metall vil ressurstilgangen bli enno meir kritisk. Det hjelper ikkje det minste at gruveselskap og politikarar stemplar denne utvinninga som “grønn”, ressursane blir ikkje større av det. I tillegg kjem at vindkrafta er vår mest ustabile energiform, og dersom denne skal kunne levere jamn straum, krev det ekstreme mengder med store batteri, som igjen krev store mineralressursar.

Delar av straumproduksjonen kan dekkast av andre kjelder, som solpanel og vasskraft, men prisen og dei direkte og indirekte naturinngrepa vil bli omtrent like store. Det er altså all grunn til å spørje om det er mogleg, og i så fall vil kostnadane for naturen bli enorme, i ein situasjon der presset på gjenverande natur i verda allereie er alt for høgt.

Den andre sida av saka er elbilane. Dagens bilpark er på 1,2 mrd. bilar, og er berekna å auke til 1,6 mrd innan 2040.[10] Bare eit par prosent av desse er elektriske i dag, og om det aller meste av fossile bilar skal skiftast ut med elektriske i løpet av eit par tiår, vil det gå ufattelige mengder mineral. I Storbritannia, som har omlag 3% av bilparken i verda, er det rekna på metallressursane til å gjøre alle bilar elektriske innan 2050. [10a] Dette ville krevje to gongar verdas årsproduksjon av kobolt, nesten heile verdsproduksjonen av neodym, 3/4 av litiumproduksjonen og halve kopparproduksjonen. Om dette skal gjennomførast over heile verda, vil det sprenge alle grenser for tilgjengelige mineral.

Så kan da kanskje dette resirkulerast? I teorien ja, men så langt blir det ikkje gjort[11], fordi det verken er lønsamt eller pålagt. Med ei slik rask utvikling vil det heller ikkje resirkulering av gamle batteri dekke nokon stor del av behovet.

Slik kunne vi ha fortsatt med alle dei andre minerala som trengst til produksjonen av vindkraft og elbilar, som nikkel, bly, aluminium, jern, neodym, dysprosium, kobolt, grafitt, vanadium, kalkstein osv. Konklusjonen er at full erstatning av fossil med “fornybar” elektrisitet i framstilling og forbruk, i praksis ikkje er gjennomførbart dersom vi skal ha stadig aukande forbruk av elektrisitet og stadig aukande bilpark. Det kan vere mogleg å nå ein del av målet, men det vil skje til ein svært høg pris for naturen og for våre framtidige ressursar av mineral som framtidige generasjonar også vil trenge til andre formål. Desse tiltaka blir likevel forsvart ut frå trua på at dei det første vil føre til målet med monaleg forbetring av karbonbalansen, og for det andre at dette igjen vil stoppe den globale temperaturauken. Men vil dei det?

Mineral og menneskerettar

Det er ei sak som gjeld mineralutvinning og menneskerettar som alle har hørt om – barnearbeid i koboltgruver i Kongo. Denne saka er av norske gruveforkjemparar brukt for alt kva ho er verd, og mye meir, til å argumentere for at det er betre desse minerala blir utvunne i Noreg, der vi har menneskerettane i orden. Hensikten bak dette alt for dårlig gjømt, men at det skjer mye menneskerettsbrot i samband med gruvedrift rundt i verda er eit faktum vi ikkje kjem frå. Heller ikkje at dette blir verre og verre jo meir etterspurnaden og metallprisane aukar. Business and Human Rights har kartlagt 267 menneskerettsbrot frå 103 selskap bare i den mineralutvinninga som er særlig knytta til vindkraft, solkraft og elbilar.[11a] Ein god del av desse har Oljefondet aksjar i. Dei fleste menneskerettsbrota er registrert i Latin-Amerika og Afrika, men når Nussir-gruva kjem i gang i Finnmark, vil ho kunne gå rett inn på denne lista.[11b]

At desse gruveselskapa bokstavelig talt går over lik for profitten, er grundig dokumentert i rapporten Martial Mining, som viser nokre av samanhengane mellom gruvedrift og krig.[11c]

Flåt nikkelgruver, Evje i Agder: Minnesmerke over omkomne gruvearbeidarar. I dag ville denne gruva blitt definert som grøn.
Foto: Svein Lund

Tenke globalt, handle lokalt?

Eit globalt problem kan bare løysast med eit globalt perspektiv. Det blir hevda at vindkraftverk ikkje slepp ut klimagassar, men da ser ein bare på drifta, ikkje på produksjon og utvinning av materiala som blir brukt. Elbilar er kanskje tilnærma utsleppsfrie lokalt under bruk, men ikkje i eit livsløpsperspektiv eller eit globalt perspektiv. Det er i første rekke snakk om flytting av utslepp frå forbrukarlanda til produsentlanda. I beste fall gir elbilar noko mindre utslepp enn fossilbilar, forutsatt at straumen dei brukar også er utsleppsfri, men det er han ikkje verken her eller der. Den norske “fornybare” straumen er forlengst seld til utlandet gjennom ein autorisert svindel kalt opprinnelsesgarantiar[12], og elbilar i Noreg belastar derfor tysk kolkraft og fransk atomkraft. Om vi tar med reduksjonen i karbonopptaket ved rasering av naturområde for vindkraft og gruver, vil vinninga i svært stor grad gå opp i spinninga. Alt snakk om “fornybar” og “utsleppsfri” energi er lite verdt anna enn som marknadsføringstiltak. Ny teknologi kan redusere nokre skadeverknadar, men utsleppsfri og inngrepsfri energiproduksjon har aldri vore oppfunne og er like realistisk som draumen om evigheitsmaskinen Perpeetum mobile[13].

Resirkulering er et av mange tiltak som må til for å redusere ressursforbruket.
Foto: Svein Lund

Forbruket må ned!

Er det så ingenting som hjelper? Gjenbruk og resirkulering kan redusere og utsette nokre av problema, men det held ikkje aleine, dersom vi held fram å forbruke meir og meir. Det finst eit einaste tiltak som virkelig monnar: Det samla forbruket må ned. Eit redusert forbruk vil for mange bety endringar i livsstil, men ikkje nødvendigvis redusert livskvalitet.

Både talet på bilar og energiforbruket kan reduserast kraftig med betre utnytting av bilane. I tillegg kjem verknadane av auka kollektivtrafikk og mindre behov for reising. I staden for at talet på bilar skal auke med 400 millionar dei neste 20 åra, bør det kunne reduserast tilsvarande. Ein rapport for European Environmental Bureau tar eit oppgjør med førestillinga om at rike land med hjelp av teknologi kan oppretthalde økonomiske vekst og samtidig gjennomføre nødvendig reduksjon av belastninga på klima og biodiversitet.[14] Likevel held alle norske parti fram å ønske seg meir vekst, bare at nokon vil male veksten grøn[15] og andre raud, men om vi brukar opp ressursane hjelper det lite kva farge vi gir veksten.

Harde tiltak nødvendig

På sikt må vi redusere talet på menneske på jorda, men det vil ta tid om det skal skje på ein human måte. Gjennomsnittlig må vi forbruke mindre, reise mindre, eige mindre. Talet på bilar, skip og fly må ned, men dette vil gi tilgang på store mengder metall for resirkulering og spare oss for store naturinngrep av framtidige gruver. Verdshandelen må reduserast og det må satsast på kortreist mat, kortreiste klede og mange industriprodukt. Ikkje minst må det produserast varer som varar lenger. Militærvesenet må avskaffast og “våpna smiast om til plogjern”, eller andre nyttige ting. Oljeproduksjonen må reduserast kraftig. Vi må våge å stille spørsmål ved unødvendige produkt, både i offentlig og privat forbruk. Koronaepidemien har vist at statar kan gjennomføre svært inngripande tiltak i livet til folk, og i stor grad få tilslutning til det, når det er semje om at ein stor fare trugar. Miljø- og klimatrugsmålet er langt større enn koronafaren, og vil krevje tilsvarande større tiltak. Men er det noko parti eller om så nokon miljøorganisasjon som tør å ta konsekvensen av det? Tør dei å utfordre den utbreidde tankegangen at auka forbruk og auka kjøpekraft er alle tings mål, politikarar som trur at dei for å vinne neste valet må love meir inntekt og meir arbeid og ikkje minst den heilage kapitalismen, som bygger på at utsikt til profitt skal vere drivkrafta i samfunnet? Det skiftet vi treng må vere grønt i forhold til å ta vare på og gjenoppbygge natur, og det må vere raudt i forhold til fordeling av goder og belastningar. Det “grønne skiftet” som regjeringa no legg opp til er dessverre det motsette.

Repparfjorden i Finnmark. Denne skal fyllast med gruveavfall i namnet til det grøne skiftet.
Foto: Svein Lund

Usikre og sikre verknadar

Eg forsøker å finne nokon positive verknadar av kampanja for “Det grønne skiftet”, men må innrømme at dei er vanskelig å sjå. Kanskje bidrar denne til ei omlegging av energiproduksjonen, som i beste fall kan gi eit mikroskopisk positivt bidrag i forhold til klimaendringane, sjølv om desse bidraga er svært usikre, og resultatet kan like gjerne bli det motsette. Det som derimot er heilt sikkert og konkret er verknadane på naturen av dei tiltaka som blir gjort i namnet til “Det grøne skiftet”: Utbygging av vindkraft og vasskraft i inngrepsfri natur, med øydelegging av område for reindrift og friluftsliv, utbygging av nye gruver med store naturinngrep og dumping av mange millionar tonn avgang på land, i vassdrag og hav, batterifabrikkar på myr og dyrka mark.

Verda snudd på hovudet

Vi har to gigantiske utfordringar: Naturøydeleggingane og Klimaendringane. Dei heng nøye saman. Det store spørsmålet er kvifor politikarane våre prioriterer klima over natur. Kan det ha samanheng med at reelle og påståtte klimatiltak gir store utsikter til profitt, mens naturvern blir oppfatta som hinder for kapitalens frie tilgang til å investere overalt der det kan vere pengar å tene?

“Det grøne skiftet” blir no omfamna av alle kraft- og gruvespekulantar, og “fornybare” aksjefond stig til himmels.[16] Da blir utbyggingsinteressene ståande som representantar for det grøne, bærekraftige og miljøvenlige, mens naturvernarar, reindrift og andre som set seg mot naturinngrepa får stempelet som dei miljøfiendtlige, sidan dei ikkje vil godta at naturen må ofrast for klimaet. Jo meir natur vi er villige å ofre, jo meir klimavennlige og grøne er vi. Konklusjonen min er at kampanja for “Det grøne skiftet” i første rekke er til gagn for vindkraft- og gruveprofitørar. For klimaet er ho eit bomskot og for naturen er ho ei katastrofe.

Teksten ble først publisert på sveinlund.info


[1] https://futuremineandmineral.com/program/
[2] https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/vil-ha-baerekraftig-gruvedrift-i-norge-1.15247687
[3] The Dasgupta Review. https://www.abcnyheter.no/nyheter/norge/2021/02/06/195737997/var-okonomiske-vekst-tar-knekken-pa-naturen
[4] Det grønne skiftet i Norge. https://www.regjeringen.no/no/tema/klima-og-miljo/klima/innsiktsartikler-klima/gront-skifte/id2076832/ 11.11.2020.
[5] Bill Gates: How to fund the Green Revolution? https://www.youtube.com/watch?v=IscWfmbWWJc
[6] As the planet’s climate crisis accelerates, the fastest-growing fortunes in the world are now green thanks to a new generation of tycoons amassing wealth in the clean energy boom. https://www.bloomberg.com/features/2021-green-billionaires/
[7] “Because we believe profit and principles are not mutually exclusive. They reinforce one another.” https://www.bloomberg.com/company/?utm_source=bloomberg-menu&utm_medium=feedback
[8] Katastrofe-tall for resirkulering i Norge: – Vi må knuse vårt eget selvbilde. https://www.nettavisen.no/okonomi/katastrofe-tall-for-resirkulering-i-norge-vi-ma-knuse-vart-eget-selvbilde/s/12-95-3424010744
[8a] https://motvind.org/motvindrapportene/motvindrapport-nr-3/
[8b] http://gruve.info/geonor16.htm
[8c] https://www.nrk.no/klima/sju-grunner-til-at-norge-kan-trenge-mer-vindkraft-1.15317264
[9] Det er gjort ei rekke berekningar på dette, men dei er så usikre og kompliserte at eg har vald å utelate dei her. Det viktigaste er at ei hundredobling av vindkrafta er totalt ugjennomførlig.
[10] Arne Müller på Facebook-gruppa Norrlandsparadoxen, 05.02.2021, https://www.facebook.com/groups/1436985516612619
[10a] https://www.nhm.ac.uk/press-office/press-releases/leading-scientists-set-out-resource-challenge-of-meeting-net-zer.html
[11] https://www.tu.no/artikler/ny-metode-kan-gjore-gjenvinning-av-litium-fra-elbilbatterier-lonnsom/376939
[11a] https://trackers.business-humanrights.org/transition-minerals/
[11b] https://www.nrk.no/sapmi/_-nussir-bryter-menneskerettigheter-1.8365729
[11c] https://londonminingnetwork.org/wp-content/uploads/2020/04/Martial-Mining.pdf
[12] https://www.tu.no/artikler/i-norge-produserer-vi-98-prosent-fornybar-kraft-men-vi-bruker-hele-57-prosent-fossil-varmekraft-fra-europa/441422https://www.nationen.no/motkultur/debatt/opprinnelsesgarantier-autorisert-svindel/
[13] https://no.wikipedia.org/wiki/Perpetuum_mobile
[14] https://www.information.dk/udland/2019/07/farvel-groenne-vaekst
[15] https://klassekampen.no/utgave/2020-12-12/kompass-for-framtida
[16] https://www.nordnet.no/blogg/rekordkjop-av-aksjefond-fire-fornybarfond-pa-topp/

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned