Det er kraft i kampen mot NorthConnect

Terje Kollbotn holdet appell utenfor Stortinget i forbindelse med fagbevegelsens mønstring mot NorthConnect.

Denne «monsterkabelen» frå Hardanger til Skottland må skrinleggjast. Hvis ikkje vil det vere katastrofalt for Norge som ein grøn og moderne industrinasjon.

Terje Kollbotn
About Terje Kollbotn (1 Articles)
Terje Kollbotn er leder for LO i Hardanger og kommunestyrerepresentant for Rødt i Ullensvang.

Det er kraft i denne kampen! Og enno meir kraft er det blitt i dag etter LO-sekretariatet sitt samrøystes vedtak om å seie nei til NorthConnect-konsesjon – og dagens kraftmønstring mot NorthConnect med 50 fagforeningsfaner frå heile landet foran Stortinget!

LO i Indre Hardanger, som både organiserer dei som jobbar i Sima og andre store kraftverk i Hardanger, i storindustrien, i små- og mellomstore verksemder og i den offentlege sektoren er samstemt og klinkande klår: Konsesjonssøknaden om å byggje denne «monsterkabelen» frå Hardanger til Skottland må snarast skrinleggjast av Olje- og Energidepartementet og regjeringa! Om dei ikkje gjer det, må fleirtalet i Stortinget samle seg, gripe inn og overprøve departementet og regjeringa si konsesjonstildeling i denne saka! Om ikkje det skjer, krev vi omkamp etter stortingsvalet i 2021.

LES OGSÅ: Regjeringa ville ha dyrere strøm — de er i ferd med å få vilja si

LO i Indre Hardanger meiner at norsk vasskraft skal nyttast til industriell verdiskaping og fordeling i Norge, ikkje til enno meir krafteksport. Den omstridde NorthConnect-kabelen vil føre til ytterlegare auke i kraftpris og nettleige i Norge. Dette vil ha negativ verknad for mange arbeidsplassar, lokalsamfunn og kommunar som har kraftforedlande industri – og alle andre større og mindre straumkundar i landet.

Ei utflagging av norske industriverksemder som er basert på rein, fornybar vasskraft, til land med lågare klima og miljøkrav, vil vere katastrofalt for Norge som moderne og grøn industrinasjon! Dette perspektivet er fullstendig utelatt i dei samfunnsøkonomiske vurderingane til både NorthConnect, NVE og no sist Terje Breivik frå Venstre og stortingsrepresentant frå Hardanger, i alle fram til valet i 2021. I tillegg fryktar vi at NorthConnect kan føre til ytterlegare press på å få bygd ut vasskraft og vindkraft i sårbare naturområde både i Hardanger og elles i landet.

Kraftselskapa som står bak NorthConnect produserer ikkje ein kilowatt-time i Hardanger. Men den siste tida har NorthConnect-kameratane produsert ei lang rekkje avisinnlegg der dei hevdar at NorthConnect er ein «klimakabel» og vi som er imot er «klimafornektarar». Hardingane er sindige folk som ikkje likar å bli kødda med. NorthConnect har faktisk klart å produsere ein massiv motreaksjon og eit opprør, ikkje berre i fagrørsla i Hardanger, men og blant lokalpolitikarane. Med unntak av enkelte representantar frå regjeringspartia og det sokalla «Miljøpartiet Dei Grøne» har over 80 % av kommunestyrerepresentantane i Hardanger gått imot dette industrifientlege prosjektet. Det store fleirtalet av politikarane i Vestland fylke, energi- og industrifylke nr. 1 i Norge – med unntak av regjeringspartia og MDG – har og sagt eit klårt NEI til konsesjon. Og sist fredag vedtok LO Vestland sin regionskonferanse samrøystes å seie nei til søknaden frå NorthConnect!

Noen hevdar at denne kabelen kan aksepterast i framtida om Statnett er eigar og drivar. NVE foreslår faktisk at Statnett skal overta drifta etter 25 år. For oss er det hipp som happ om det er NorthConnect, SouthConnect, WestConnect, Statnett eller Hardangernett eller andre som skal byggje og drifte denne kabelen. Når dei to utanlandskablane som no er under byggjing, er i drift, vil Norge til saman ha heile 7 sjøkablar og 17 kraft-samband til utlandet. Det er meir enn nok for å dekkje våre nasjonale behov for kraftutveksling.

LES OGSÅ: Byrådet i Oslo sikrer en markedsliberalistisk kraftpolitikk

Set du ein passarspiss på kartet i kraft- og industrisamfunnet Tyssedal i Hardanger og slår ein radius på 100 km, har du den største konsentrasjonen av kraftproduksjon og storindustri i Norge. På TiZir i Tyssedal, på Boliden i Odda, i Sauda, på Husnes og i Ålvik har vi den mest miljøvenlege prosessindustrien i verda, basert på den lokale, fornybare vasskrafta. På desse hjørnesteinsbedriftene er det investeringsplanar for mange, mange milliardar, både for å auke produksjonen, auke energieffektivteten, redusere klimautsleppa, auke gjenvinningsgraden og vidareforedling. Krafttilgangen og kraftprisane er ein nøkkelfaktor for om desse prosjekta skal bli realisert. I Sima kraftverk, som produserer over 3 TWh, er produksjonskostanden vel 5 øre pr. kwh. Statkraft har alt ein superprofitt på det fleirdobbelte. Dei har fått meir enn nok.

Den reine fornybare vasskrafta var ryggraden i den nye arbeidsdagen, industrialiseringa og bygginga av landet. Det norske Storting etter unionsoppløysinga i 1905 var framsynte då dei vedtok konsesjonslover som sikra nasjonal kontroll og politisk styring med vasskraftkraftressursane og industripolitikken. Vi aksepterer ikkje at vi no skal bli prisgitt kraftselskapa sitt auka profittbehov, den europeiske energiunionen ACER og den europeiske energimarknaden sine reglar om fri flyt av energi dit prisane er høgast. Vi krev at norsk kraft til norsk industri og det norske folk fortsatt skal gjelde. Difor seier vi idag NEI til NorthConnect-konsesjon. Vi seier i staden JA til byggje heile landet og norsk industri både miljøvenleg, klimavenleg og rettferdig!

Teksten ble framført som en appell utenfor Stortinget i forbindelse med fagbevegelsens mønstring mot NorthConnect 9. mars.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.

Leave a comment

Your email address will not be published.


*