Sosial dumping og Bring – en forbundsleder på lag med de blåblå

Bring-lastebil på Brattøra i Trondheim. Foto: Trondheim havn under lisens (CC BY-SA 2.0)

Postkoms Odd Christian Øverland har stilt seg på lag med Torbjørn Røe Isaksen, Jon Georg Dale og delene av transportbransjen som vil sette press på arbeids- og lønnsvilkår.

Jo Jenseg
About Jo Jenseg (2 Articles)
Jo Jenseg er mangeårig politisk aktivist på venstresida, i solidaritetsorganisasjonar og fagbevegelsen. Leiar i LO i Stavanger og omegn, medlem i Rødt.

Odd Christian Øverland, forbundsleiar i Postkom, har 18. november ein artikkel i Posthornet med tittelen Rødt + Frp = sant. Her forsvarer han praksisen Bring Trucking har med å etablere seg i øst-europeiske land med låge lønningar og dårlege arbeidsvilkår slik at dei kan delta i dette race to the bottom som pågår innan transportbransjen i Europa. Med nokre retoriske krumspring får han det til å se ut som om at det er Rødt og Frp som omfavner kvarandre i angrep på Bring Trucking og at Bring Trucking sin etablering i Polen nærast er for å motvirke sosial dumping.

LES OGSÅ: Ketil Solvik-Olsen og sosial dumping i transportbransjen

Det er etterkvart mange historier om Bring Trucking som er blitt kjent og Øverland bør jo vere godt kjent med at det er langt fleire enn Bjørnar Moxnes og Geir A. Mo har uttalt seg kritisk. I 2018 stilte Stortingsrepresentant Øystein Hansen (Ap) spørsmål til næringsminister Torbjørn Røe Isaksen om kva statsråden ville foreta seg for å få ein slutt på Brings «hensynsløse underbetaling av lastebilsjåfører fra Øst-Europa». Journalist Ingeborg Eliassen frå Investigate Europe har og dokumentert Brings tvilsomme praksis og utnytting av sjåførane. Eliassen kunne mellom anna vise til arbeidskontrakter kor det står:

«The employee is committed to observe work dicipline and not to make any confidential information defined above available. The employee is further committed not to provide information of his or her salary to other employees.» Det står vidare at brudd på dette blir ansett som eit alvorleg brudd på arbeidsdisiplinen som kan få konsekvensar. Denne taushetsplikten gjeld og etter at arbeidsforholdet er avslutta. Om alt er på stell i Bring Trucking, slik Øverland ser ut til å meine, korfor kan ein då ikkje snakke med sine kollegaer om kva ein tjener? Kan fagforeningar verkeleg akseptere slike innskrenkingar i demokratiske rettar for tilsette? LO’s juridiske avdeling uttalte, i samband med Eliassens reportasje, at slike kontraktar ville vore utenkelege i Norge.

LES OGSÅ: Fem grunner til fagorganisertes nei til EØS

Det går vidare fram at Arbeidstilsynet, som gjennomfører få kontrollar på vegane, frå 2016-2018 avdekka 6 tilfeller kabotasjekjøring for Bring Trucking kor ein ikkje kunne dokumentere norsk lønn. Når ein blir tatt med buksene nede så ordnar dei sjølvsagt opp, men for oss vanlege folk virkar dette som å vere bare toppen av eit isfjell. Det svenske transportarbeiderforbundet avslørte og, for ei tid tilbake, at Bring kjørte sjåførar i minibussar frå øst-europeiske land for å kjøyre innanlands i Sverige, utan at bilane hadde vore utanfor landegrensene.

Så godt som alle fagforeningsfolk eg kjenner jobbar for at sine arbeidsgjevarar skal motarbeide sosial dumping ved å ikkje bruke leverandørar som ikkje betaler norsk lønn og har norske lønns- og arbeidsvilkår. Dei som jobbar i firma som opererer internasjonalt jobbar for at deire internasjonale avdelingar skal innføre våre standardar for arbeidsforhold, for kollektive forhandlingar og at dei ikkje skal bidra til sosial dumping enter den er «lovleg» eller ulovleg. Dei vil ikkje vere fornøyde med at deira selskap ikkje er verst i bransjen og vil heller ikkje akseptere å vere tredje eller sjuande verst i klassen. Det er derfor oppsiktsvekkande at ein forbundsleiar støtter ein selskapsstrategi som fører til sosial dumping.

Men du har sterke støttespelarar Øverland, frå den delen av transportbransjen som ønsker å sette press på lønns- og arbeidsvilkår, frå næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) og samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).

Teksten ble først publisert på Jo Jensengs blogg.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.

Leave a comment

Your email address will not be published.


*