Naturforvaltning som fornorsking – samisk naturbruk mellom to stolar

Dammen i Altaelva fotografert 1989, to år etter at han sto ferdig. Bygginga av denne dammen er eit av dei aller største naturinngrepa i samiske områder, og det som har møtt størst motstand. Foto: Svein Lund

Norsk naturforvaltning bygger på at det finst bare to kategoriar av naturbruk: næringsdrift og friluftsliv. Den samiske meahcásteapmi fell ikkje inn under nokon av desse, og det bidrar til at denne tapar både mot naturinngrep og mot friluftsinteresser.

Svein Lund
Om Svein Lund (8 artikler)
Svein Lund er frilansskribent og leder av Naturvernforbundet i Ávjovárri. Bor i Guovdageaidnu og driver nettstedet gruve.info.

I ein serie på tre artiklar vil eg vise at fornorskinga hadde langt fleire sider og at ei gransking av og eit oppgjør med fornorskinga ikkje blir komplett utan at ein ser på naturforvaltninga i fortid og notid. Dette er andre del

Fornorskinga av næringane
Konfliktane mellom samane og storsamfunnet er lettast å sjå når det gjeld fysiske inngrep i reinbeiteland. Inngrepa er konkrete og reinen blir hindra i beite eller flytting. Sjølv eit norsk bymenneske kan forstå det, det er bare gruve- og kraftindustrien og dei betalte konsulentane deira som hardnakka hevdar at ingen inngrep er til skade. I tillegg er reineigarane gjerne samisktalande og har samekofte, om ikkje til daglig på fjellet, så i alle fall på bilde og i møte med styresmaktene. Dei er anerkjente som ekte samar av alle med unntak av EDL, som forsøker å gjøre dei til samifiserte kvenar. Like lett er det ikkje å sjå motsetningane i sjøsamiske område, når næringsgrunnlaget for fjordfisket forsvinn gjennom rovfiske og oppdrett. Dei fleste fiskarane er kasta på land på grunn av rovfiske og statlige reguleringar, og dei fleste må ein eller fleire generasjonar tilbake for å finne dei siste som snakka samisk. Sjøsamar blir ofte sett på som norske, og har hatt vanskelig for å få anerkjenning som samar både hos innlandssamar, hos nordmenn og ofte også hos seg sjølve. Likevel finst her ein kulturrest igjen å fornorske, og det finst hos mange eit ønske om å ta det tapte samiske tilbake.

Fornorskingsprosessen kjem i desse tilfella til uttrykk ved at folk blir pressa ut av dei næringane som har gitt dei levebrød og som har vore grunnlaget for busetting, kultur og tildels språk. Dei som har måtta gi opp reindrift eller fiske kjenner òg eit brot med ein tradisjon som dei ofte har hatt gjennom mange generasjonar. Det er ikkje bare levebrødet, men også kunnskapar og tradisjonar som går tapt. Staten kan tilby vaksenopplæringskurs for omskolering, men tar ein ansvar for det tapte?

Tidligere var fiske med not den vanligste fiskemetoden på Finnmarksvidda, men denne bruken har gått svært tilbake. I seinere år har det blitt gjort forsøk på å ta opp igjen tradisjonen. Her blir notfiske demonstrert på Sikfestivalen i Guovdageaidnu i 2012. Foto: Svein Lund

Fornorsking av næringane kan også skje gjennom at styresmaktene går inn og regulerer driftsformen og organiseringa, slik at den gamle måten å drive på ikkje lenger er mogleg. Eit eksempel her er at reindriftslovgivinga innførte distrikt, driftsenhet og fellesbeite, samtidig som den gamle samiske siida-organiseringa ikkje fikk nokon plass i lovverket. Flokkstruktureringa som blei innført ovafrå strei totalt mot samisk tradisjon for beste måten å sette saman ein god reinflokk på. Lovgivinga sette også forbod mot den gamle ordninga med sytingsrein, noko som oppløyste fellesskapet mellom reindriftssamar og fastbuande.

LES OGSÅ del 1 av artikkelserien: Naturforvalting som fornorskning — fornorskningspolitikk og fornorskningsprosess

Når det ikkje er «næring»
Det skulle vere ganske lett å forstå at det er fornorsking når folk blir pressa ut av dei tradisjonelle samiske næringane. Men kva med dei naturaktivitetane som ikkje har status som næring? Definisjonen til Wikipedia snakkar om press mot «kultur og levesett». Dette var, og er i stor grad enno, uløyselig knytta til naturen. Det kjem fram i tittelen på Samerettsutvalgets innstilling av 1997: Naturgrunnlaget for samisk kultur. Debatten etter framlegginga av innstillinga kom dessverre til å dreie seg om alt anna enn nettopp dette: Kva betyr det at naturen er grunnlaget for samisk kultur? Det betyr at samane levde i naturen og av naturen, anten dei dreiv som fiskarbønder i fjordane, med reindrift på vidda eller utmarkshausting i innlandet. Naturen ga mat, klede og materiale til bustadar. Han ga materiale til reiskap og forskjellige nyttegjenstandar, og naturen avgjorde ofte formen på bustadar og gjenstandar. Innafor den ramma som naturen sette blei det utvikla måtar å gjøre ting på som vi no kaller samisk kultur. Kulturen varierer i stor grad med naturen, ein gamme på Finnmarkskysten er forskjellig frå ein gamme i sørsamisk granskog. Likevel er det fellestrekk som gjør at vi kan snakke om ein samisk kultur. Samisk naturbruk tok etter kvart opp i seg metodar og reidskapar som er utvikla i andre kulturar og av andre folkeslag. Frå jern og messing til kinesiske silkesjal og kanadiske snøskutarar har blitt tatt opp i samisk kultur. Likevel står det igjen: Naturen er grunnlaget for samisk kultur. Og angrep på naturgrunnlaget er da også angrep på samisk kultur.

LES OGSÅ av Svein Lund: Samane og storsamfunnet: Forsoning eller konfrontasjon?

Meahcci
I 2016 kom ein rapport frå Sametinget si arbeidsgruppe for utmark. Denne har tittelen «Meahcci – et grunnlag for identitet, kultur og birgejupmi.» Rapporten er altså skrive på norsk, men for å få fram innhaldet, måtte ein i tittelen ty til to samiske ord, meahcci og birgejupmi. Desse orda uttrykker noko som ikkje kjem like godt fram i eit forsøk på å finne nærliggande norske ord som «utmark» og «berging».

Ikkje bare norsk språk, men også norsk lovverk og naturforvaltning har her problem med å finne plass til den aktiviteten som på samisk kallast for meahcásteapmi, og som på norsk nokon gongar er omsett med utmarksbruk. Det omfattar all utnytting av utmarka til jakt, fiske, bærplukking, vedhogst, hausting av sennegras, planter til mat, drikke og medisin samt materialer til duodji (husflid). Ei undersøking som Samisk høgskole gjorde i Guovdageaidnu for nokre år sidan synte at eit stort fleirtal av befolkninga der utnytta utmarka til eit eller fleire haustingsformål, sjølv om dei færraste hadde ei pengeinntekt som kvalifiserte til anerkjenning som næring etter statlige krav.

Samisk språk skil mellom luondu, som betyr natur generelt og i meir overført tyding og meahcci, som er naturen som bruksområde. Dit går ein for å gjøre noko nyttig og gjerne ha med seg noko heim igjen. Da vi diskuterte oppretting av natursenter i Guovdageaidnu, var det eit heilt bevisst val da vi vraka namnet Luondduguovddáš og valde Meahcceguovddáš.

Spor etter samisk naturbruk: Bålplass ved et fiskevann nær Áidejávri sør for
Guovdageaidnu. Foto: Svein Lund

Bare næring og friluftsliv
Norsk naturforvaltning, og stort sett også tankegangen til miljøorganisasjonane, opererer bare med to nivå for naturbruk: næringsverksemd og friluftsliv. Næringsverksemd betyr i følge motorferdselslova at ein må ha over 50 000 kr. i skattbar registrert inntekt for å kunne søke om dispensasjon f.eks. for å kjøre ATV med båt og garn til eit fiskevatn. Friluftsliv betyr å gå i naturen for å glede deg over denne, for å komme i betre form og evt. for å ta bilde. Om ein fiskar eller jaktar, er det for opplevinga og spenninga sin del, ikkje i første rekke for å fylle gryta og fryseboksen. Friluftslivet skal vere til fots eller på ski, og du har med det det same eller mindre når du går heim enn da du gikk ut. For meahcásteapmi er gjerne målet å finne eller fange noko ein kan ha med heim og dra nytte av.

Kategorien meahcástepmi finst ikkje i norsk naturforvaltning, og fell dermed mellom to stolar. Utan anerkjenning som næring, ramlar han ned til friluftsliv, og lokalbefolkning blir reduserte til turistar i eigne område.

Men er dette fornorsking? Ja, i den forstand at norsk lovverk og norsk forvaltning ikkje anerkjenner sambandet mellom natur og samisk kultur, og dermed hindrar vidareføringa av denne kulturen. Dette såg vi i samband med dei statlige planane rundt 2010 om etablering av verneområde på Finnmarksvidda. Så lenge planane ikkje tok omsyn til den lokale bruken, sa alle lokale organ nei og resultatet blei det full skjæring og null vern.

Det er eit anna samisk omgrep som er fråverande i norsk naturforvaltning. Det kallas på samisk for gullevašvuohta, på norsk tilhørigheit. Det betyr at folk har ei tilknytning til det området dei har brukt frå barndomen av og som slekta har brukt i mange generasjonar før dei. Dette gjeld sjølv om sentralisering og anna utvikling har ført mange bort frå desse områda til daglig. Nylig har rettsvesenet slått fast at den som har flytta bort har tapt sin rett.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.