Naturforvaltning som fornorsking – fornorskingspolitikk og fornorskingsprosess

Kong Haakon på Tanaelva i 1907. Eit av mange samiske område kor norsk forvaltning har endra og øydelagt samiske næringsvegar og bruk av naturen. Foto: Nasjonalbiblioteket

No har endelig sanningskommisjonen om fornorskinga av samar og kvenar starta arbeidet sitt. Men kva sanning skal denne kommisjonen finne? Er det bare den språklige fornorskinga i skolen i gamle dagar, eller er det noko meir?

Svein Lund
Om Svein Lund (8 artikler)
Svein Lund er frilansskribent og leder av Naturvernforbundet i Ávjovárri. Bor i Guovdageaidnu og driver nettstedet gruve.info.

I ein serie på tre artiklar vil eg vise at fornorskinga hadde langt fleire sider og at ei gransking av og eit oppgjør med fornorskinga ikkje blir komplett utan at ein ser på naturforvaltninga i fortid og notid.

Når no kommisjonen skal granske fornorskingstida, betyr det at fornorskinga er over? Er alle no samde om at fornorskingspolitikken var skadelig og at skadane skal rettast opp så langt som råd? Dessverre er det ikkje så vel.

Med eitt unnatak seier i dag alle norske parti i prinsippet nei til fornorskingspolitikken, men det er ikkje noko parti som har tatt på alvor kva som må gjørast for å stanse fornorskingsprosessen.

LES OGSÅ av Svein Lund: Samane og storsamfunnet: Forsoning eller konfrontasjon?

Fornorskinga har sterke tilhengarar
Fornorskinga har røter godt over 300 år bakover i tida og var ein offisiell statlig politikk i alle fall i tida 1851–1963. Denne politikken hadde aldri full oppslutning, verken hos samar, kvenar eller nordmenn, men i store delar av denne tida var det eit hegemonisk syn, eit fleirtal i folket og trulig også eit fleirtal blant samar og kvenar støtta denne politikken aktivt eller godtok han, da dei ikkje såg noko alternativ. Da den offisielle politikken byrja å snu i etterkrigstida, hang dei gamle haldningane enno igjen i store delar av folket, og dette har kome til uttrykk som protestar mot samisk i skolen, mot samisk språkområde, mot samisk læreplan, mot opprettinga av Sametinget og mot Finnmarkslova. Det finst inga direkte målingar av oppslutninga om fornorskingspolitikken, men mye tyder på at denne gikk nedover frå 1960-talet og fram til slutten av 1990-talet. for så å auke igjen fram til i dag. Det organisatoriske uttrykket for ønsket om tilbakevending til og fullføring av fornorskinga er i dag organisasjonane med dei sterkt misvisande namna Fremskrittspartiet og Etnisk og Demokratisk Likeverd (EDL).

Ein av forgrunnsfigurane i EDL sa det slik så seint som i 2018: «Fornorskning, i den betydningen at samer og kvener/finskættede har lært seg å forstå, snakke, lese og skrive norsk på en god måte, er det beste som har skjedd den samiske og den kvenske befolkning i Norge.»1

Dette er synet til ein organisasjon som er ekstremt aktiv i Finnmark, som daglig produserer antisamiske innlegg i alle tilgjengelige media og som har tilhengarar innafor dei aller fleste eller alle norske parti.

LES OGSÅ: La fjella leve! Sørsamisk kamp mot vindmøller i beiteområde

Politikk, praksis og prosess
Dei nemnde uttalte fornorskingstilhengarane er nok i mindretal både i offentlig politikk og i befolkninga. Men det betyr ikkje at fornorskinga er borte så lenge dei blir røysta ned. For det første skaper dei ei stemning der det blir stilt spørsmål ved alt samisk, ned til om samane i det heile eksisterer, og dette påverkar heile det politiske klimaet slik at det blir vanskeligare å fremme samiske spørsmål i mange fora. For det andre vil ei politisk programerklæring eller eit lovvedtak ikkje nødvendigvis føre til at praksis blir endra. Årsaka kan vere at vedtak ikkje er følgt opp med nødvendige løyvingar, mangel på kunnskap og forståing i forvaltninga, eller at nokon rett og slett saboterer f.eks. retten til samiskundervisning i skolen. Ei anna årsak er at gamle haldningar kan henge igjen lenge etter at dei som innførte dei har trukke dei tilbake. Eit eksempel er misjonærane si fordømmande haldning overfor joik. Etter at staten anerkjente joiken og han er tatt inn i skolens læreplan, heng misjonærane sitt syn framleis igjen i mange samiske kristne miljø. Til saman gjør dette at sjølv om politikken er endra, kan fornorskingspraksisen og fornorskingsprosessen halde fram.

Galaniitu er ei av de mange smågrendene utover Finnmarksvidda som nå er
fraflytta. Her levde folk av litt jordbruk, jakt og fiske, samt
fjellstuedrift. Foto: Svein Lund

Språk og skole – Eller mye meir?
Det finst ikkje ein allment godtatt definisjon av fornorsking. Tilhengarane av fornorskinga har ofte forsøkt å avgrense det til at samar og kvenar lærer norsk, slik dagens fornorskingstilhengarar framleis gjør. Andre ser det vidare, som denne definisjonen i Wikipedia: «Fornorsking av samer er resultatet av det kulturpresset og den aktive norske assimileringspolitikken som det samiske folk, med sin kultur og levesett, opplevde fra den norske staten og majoritetssamfunnet i Norge fra tidlig på 1700-tallet og fram til moderne tid, gjennom kirke, skole og andre virkemidler.»

Fornorskinga gjennom kyrkje og skole er allment kjent, mindre har vore sagt om det som her blir kalla «andre virkemidler». Fornorskinga har, bevisst eller ubevisst, prega dei fleste sider ved statlig forvaltning og offentlige og private sosiale tenester.

Mens den samiske og kvenske befolkninga i fjordane gjerne livnæra seg som fiskarbønder eller med andre kombinasjonsnæringar, forkynte agronomar og fiskerirettleiarar at spesialisering var det einaste saliggjørande, og favoriserte dei som satsa stort og einsidig. Helsestellet var òg ofte prega av ei ovafrå og ned-haldning, der samiske behandlingsmetodar blei avviste som overtru og det som verre var. Om representantane for den norske staten såg ned på det samiske eller bare mangla kjennskap om samisk kultur og levemåte kunne vel variere. Ofte hadde dei kanskje ikkje noko medvete ønske om å drive fornorsking, dei bare forvalta slik det blei gjort overalt i Noreg, utan å sjå at terrenget ikkje stemte med kartet.

Ein viktig del av den norske forvaltninga var og er forvaltninga av jorda og naturen. Forvaltninga har hatt til oppgåve å legge til rette først for jordbruksinnvandring, seinare for utbygging av kraftverk, mineralutvinning, og fiskeoppdrett og for reine fritidsinteresser som turløyper, hyttebygging, rypejakt og sportsfiske. Det har variert om fornorsking har vore eit uttalt mål, men verknaden har uansett vore at samisk naturbruk og samisk kultur har blitt den tapande part.

Påverknaden på kulturen er ikkje alltid like lett å sjå som den språklige fornorskinga. Om samisk kultur i dag står synlig fram på kulturfestivalar og konsertar, gjennom duodji (husflid) og samekofter, kan det vere at andre sider ved kulturen framleis er truga og utsette for fornorsking. Det gjeld ikkje minst innafor bruken av naturen.

1 Knut Skog, EDL, https://www.itromso.no/meninger/2018/03/20/Fornorskning-%E2%80%93-hva-er-det-16322652.ece

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.

  • Bjønnulv Evenrud

    Tips til forfatteren:
    Dyrevernlovens bestemmelser om hestehold ble visstnok innført for å ødelegge de reisende (tater/romani).
    Jeg har lurt på om en bestemmelse i friluftsloven, den om bålforbud, helt eller delvis kan ha hatt samme formål.