Nato-opprustinga av Norden øker faren for krig

Foto fra en tidligere Trident Juncture-øvelse: Chris Sullivan/U.S. Air Force

Frå ein russisk synsvinkel framstår dette som eit forsøk på dels å innringe Russland. Kan dei i det heile tatt oppfatte dette som noko anna enn militære trusler og forberedelse til krig?

Jo Jenseg
Om Jo Jenseg (2 artikler)
Jo Jenseg er mangeårig politisk aktivist på venstresida, i solidaritetsorganisasjonar og fagbevegelsen. Leiar i LO i Stavanger og omegn, medlem i Rødt.

I fjor gjekk Nobels Fredspris til den internasjonale kampanjen mot atomvåpen. Ved utdelinga satt statsminister Erna Solberg i Rådhuset og himla med øynene og gadd ikkje klappe. Dåverande utenriksminister Børge Brende var frekk nok til å karakterisere fredsprisvinnarane som populister.

Norge nekta å delta i forhandlingane som førte til at 122 land underteikna forbudet mot atomvåpen. Norges plass sto tom under forhandlingane i FN. Hittil har 69 land signert og 19 land ratifisert forbudstraktaten, og antallet øker stadig.

I fjor prøvde regjeringa å kutte støtten til dei organisasjonane som arbeider for fred og som informerer om dei katastrofale konsekvensane av ein atomkrig.
Takket være eit initiativ frå Venstre ble støtta likevel opprettholdt. Nå er Venstre kome inn i regjeringa. I statsbudsjettet som ble framlagt i går har regjeringa nå radert ut heile potten til opplysningsarbeid for fred. ICAN, organisasjonane Nei til atomvåpen, Norske leger mot atomvåpen og Norges Fredsråd sitt ribba tilbake.

Takket vere fredsprisen til Den internasjonale kampanjen for forbud mot atomvåpen (ICAN) og Venstres innsats, fikk både Norges Fredsråd, Nei til atomvåpen og Norske leger mot atomvåpen sikra midler nok til å drive vidare, om enn i veldig redusert skala. Nå har regjeringa og fjerna desse pengane.

Gigantisk militærøvelse
Samtidig skal det nå brukast milliarder på ein gigantisk militærøvelse, Trident Juncture, som i hovedsak foregår på norsk jord, men og inkluderer luftrommet i Sverige og Finland, Østersjøen, Nordsjøen og Island. Forsvaret anslår sine eigne utgifter til 750 millioner. I tillegg kommer utgifter til ein lang rekke sivile etater. Journalisten Erling Borgen opererer med totalt to milliarder kroner. Trident Juncture er ein gigantisk militærøvelse, 50 000 soldater frå 30 land, 150 fly og 65 militærfartøy deltar. NATO forsikrer om at dette ikkje er forberedelse til krig og at dei ikkje ser nokon umiddelbar militær trussel mot Norge. Samtidig seier NATO at det er ein artikkel 5-øvelse, altså er scenariet ein militær trussel eller eit angrep på Norge.

Det blir nå etablert amerikanske militærbaser på norsk jord, på Værnes og Setermoen. USA har planar for Rygge flystasjon. 10,3 millionar dollar står alt på budsjettet for Kongressen. Rygge skal tena som depot og vedlikehaldsbase for F-35-flya, kanskje ikkje bare for dei norske, men for alle europeiske F-35-fly. Datasystema på desse flya kan rapportera direkte til USA, liksom radarstsjonen i Vardø, som nå blir oppgradert. Andøya vil og mest sannsynleg de facto bli ein amerikansk base i Norge.

Natos logo for militærøvelsen.

Det har komme fram at US Marines vurderer Værnes som hovedbase i Europa. Sjefen for US Marines besøkte nyleg dei amerikanske soldatane på Værnes. Han informerte dei om at ein storkrig kan ventast, og at dei 300 soldatane kan supplerast med 3000 fleire over natta, om nødvendig. NRKs Anders Magnus tok dette opp under Erna Solbergs besøk i Washington, men han fekk ikkje noko svar. Samtidig som det amerikanske forsvaret omtalar Værnes som muleg europeisk hovudbase, snakker den norske regjeringa om “rotasjonsstyrke”. Som om det har nokon som helst betydning at styrkene bli skifta ut. Basene som blei etablert på Okinawa i Japan etter andre verdenskrig er neppe bemanna av dei same soldatene som opprinneleg kom dit.

Under “den kalde krigen” var Einar Gerhardsens “base-erklæring” eit kjernepunkt i forsvarspolitikken. For ikkje å provosera Sovjetunionen ville ikkje Norge tillata utanlandske basar eller atomvåpen på norsk jord i fredstid. Kvifor endra dette nå — og utan debatt? I hundrevis av år har det vore handel og anna fredeleg samkvem mellom Norge og Russland. Kvifor setja dette gode naboskapet i fare? Regjeringa må jo rekna med negativ reaksjon når me lar amerikanske soldatar koma stadig nærare Russland.

Norge er ein god kunde hos amerikanske våpenprodusentar, og vår eigen våpenindustri er tett samanvevd med den amerikanske. Dele-produksjon, og dermed mange arbeidsplassar, vart brukt som argument av forsvarsministeren for å kjøpa F-35-fly. Bare Storbritannia har bestilt fleire F-35 enn Norge, som har bestilt 52- til ein pris på over 270 milliardar kroner. Natos militærutgifter er 14 gonger større enn Russlands. USA aleine bruker 8 gonger meir, men likevel manar Trump sine allierte til å rusta opp. “Det militær-industrielle kompleks” treng framleis fiendar å peika på. Derfor blir me skremde med at Russland kan “ta oss”. Hendingane på Krim viste nemleg at Russland er aggressivt, heiter det.

Sjølv om mange av oss ikkje har mykje sympati med Putins og oligarkenes Russland – av gode grunner – så la oss allikevel prøve å se det som skjer frå Russland si side.

Det har blitt etablert amerikanske militærbaser i fleire av dei tidlegare sovjetiske republikkane. Det same har skjedd i fleire av dei tidlegare Warzawa-pakt landa. USA og NATO har for lengst gått frå sitt løfte om at ein ikkje skulle utvida militæralliansen østover. Uansett kva ein måtte meine om dei tidlegare makthavarane i Ukraina, så var det eit EU- og USA-støtta kupp som avsatte dei. Frå Russlands side er det ikkje vanskeleg å forstå frykten for at ein skulle få ein amerikansk militærbase på Krim samstundes som Russland mista sin.

Det er planer om å etablere rakettoppskytingsbaser i Polen og andre østeuropeiske land, for raketter som kan bære atomstridshoder. La oss tenke tilbake på dei amerikanske reaksjonane når tidlegare Sovjetunionen ville etablere rakettoppskytingsbaser på Cuba – noko som leda fram til den såkalla Cuba-krisen kor verden var på randen av ein storkrig.

Heile Norden blir nå rusta opp under Natos ledelse
På Natos forsvarsministermøte i november 2017 blei det tatt beslutningar som er ein alvorlig trussel mot freden: To nye kommandosentre blir oppretta. Eit atlantisk senter. Hensikten er at Nato skal få kontroll over Atlanterhavet og Arktis. Etablering av permanente baser i Norge har eg alt nemnt. På Island blei Keflavik militærbase for USA fra 2016.

Eit logistikk-senter skal sikre at Nato kan flytte sine styrker rundt om i Europa. Nå blir også infrastrukturen betrakta som militært og krigsforberedende område. Trident Juncture er eit eksempel på dette. I samarbeid med EU skal transportnett, energinett, kommunikasjonsnett og lovgiving tilpassast ein krigssituasjon. Amerikanske soldater på Arlanda er eit varsel om denne utviklinga.

USA og Natos rakettforsvar blir nå integrert i Nordens militærapparat, Norden blir ein viktig del av Natos rakettforsvar gjennom den nye Globus 3-radaren i Vardø i Finnmark. Den skal stå ferdig i 2020. Den vil gi Norden ei ledende rolle i militær etterretning i nordområda. Den nordiske avtalen om radaropplysningar inngått i november 2017, innebærer at opplysningene fra Finland og Sverige blir tilgjengelege for Nato.

Østersjøen militariserast på fleire områder. Sidan 2009 har USA/Nato og Sverige og Finland årleg gjennomført fly- og flåteøvingar over Estland, Latvia, Litauen og Østersjøen. Sverige har oppretta ein militærbase på Gotland, og Ålands historiske nøytralitet er under press. Danmark har plassert ein stasjon for avlytting på Bornholm. Norge har ein stor stasjon for avlytting av telefonsamtaler og sosiale media ved Hønefoss. Danmarks forsvarsforlik 2018–2023 er retta inn mot opprustning vendt mot Østersjøen, Baltikum og Russland.

Militærbudsjettet vil øke med 20 prosent eller 12,3 milliarder dei neste seks åra. Kjøp av F-35-kampfly er ein del av dette. Danske fregattar blir utstyrt med raketter og radarutstyr, og på lengre sikt kanskje og atombærende kryssermissiler. Droner blir gjeninnført som våpen. En fullt utstyrt styrke på 4.000 soldater retta inn mot Baltikum blir oppretta. Danmark er peika ut som eit sted der Natos tropper skal samlast i tilfelle krig med Russland, og det blir oppretta ein mobiliseringsstyrke på 2.0000 soldater med ansvar for logistikk. Danmark har sendt opp ein satellitt med ansvar for overvåking av skips- og flytrafikk i Arktis. Frå 2018 blir danske soldater utplassert permanent i Estland.

Sverige og Finland øker samarbeidet med USA og Nato
Sverige og Finland har som nemnt inngått vertslandsavtale med USA. Det betyr at Nato – etter invitasjon frå vertslandet – kan øve, true med, og føre krig mot tredje land frå desse lands territorium. Dette er ein utvikling som øker spenninga og faren for krig med Russland. Det nordiske militærsamarbeidet, Nordefco (Nordic Defence Coorperation), det nordisk baltiske samarbeidet i NB8 og militærsamarbeidet Northern Group, som består av de nordiske land, Storbritannia, Tyskland, Polen og Nederland, speler ein stadig større rolle og trekker Sverige og Finland tettare inn i militært samarbeid med Nato. Dei nordiske land kan ikkje lenger beskrivast som fredsnasjoner. Opprustninga i Norden øker, og samarbeidet med Nato øker faren for krig.

Finland har invitert USA til å delta på ein storstilt militærøvelse i 2020, den største nokonsinne i Finland. Landa har og deltatt i Nato øvelsen Artic Challenge Exercise, kvart anna år sidan 2013. Den svenske vertslandsavtalen blir brukt til militære øvelser i regi av Nato. Den største til nå, er øvelsen Aurora 17 med deltakarar frå Sverige, USA, Finland, Norge, Frankrike, Danmark, Estland og Litauen.

I 2014 blei Sverige og Finland sammen med Georgia, Jordan og Australia utpekt som svært verdifulle partnarar i Enhanced Opportunities Program, EOP. Det betyr rett til å sitte ved bordet ved Nato sine toppmøter.

I Norge er det forhåndslagra store mengder militært utstyr for amerikanarane. Dette utstyret ligg i fjellhallar i Trøndelag og ved fem flyplassar, Andøya, Sola, Bodø, Evenes og Bardufoss. I tillegg er det etablert faste treningsområder for britiske soldater. USA sin base på Keflavik blir modernisert.

Den 11. desember 2017 beslutta EU sitt råd å opprette eit permanent samarbeid på forsvarsområdet (Permanent Structure Cooperation, PESCO). Her skal man i fellesskap utvikle forsvarskapasitet ved å investere i felles prosjekt. Landa forpliktar seg til opprustning. PESCO bidrar i høg grad til militarisering av EU. 25 medlemsland, inkludert Sverige og Finland deltar. Danmark er unntatt frå det militære samarbeidet. Norge er ikkje med i EU, men i Nato. I dette samarbeidet inngår det at kvart medlemsland skal komme med eigne forslag til samarbeid. Sverige skal bidra med eit europeisk test- og evalueringssenter i Vidsel. Det vil med all sannsynlegheit bety at fleire land vil komme til å teste våpen, og gjennomføre øvelser i Norrbotten.

Vidsel testområde (North European Aerospace Test range, NEAT) ligg i Norrbotten. Det er Europas største testområde for nye våpensystem, droner, stridsfly og raketter. Her har USA og Israel fått utvikle sine fjernstyrte våpensystem, som Israel har brukt i sine angrep i Gaza. Verdens største downloadstasjon for satellitter, Esrange, ligg utanfor Kiruna. Den innhenter mot betaling foto av områder som er viktig for vestlege militære. Kiruna har blitt ein av to Galileostasjoner som skal avlytte satellitter og kommunikasjon med bakkestasjonar. Lerkil i Sverige har verdens tredje største avlyttingsstasjon etter USA og Storbritannia.

Frå ein russisk synsvinkel må dette framstå som at ein forsøker dels å innringe Russland, at ein etablerer seg militært så tett opp mot Russland som ein kan. Kan i det heile tatt Russland oppfatte dette som noko anna enn militære trusler og forberedelse til krig?

Utnytt kunnskapen om konfliktenes årsak, dynamikk og håndtering
I dag blir utanriks- og sikkerheitspolitikken dominert av makttenking. Det gjer at alle stater bruker trusler, avskrekking og forskjellige former for vold for å nå sine kortsiktige nasjonale mål. I verste fall kan det lede til total ødeleggelse i ein atomvåpenkrig. Imidlertid finst ein viten som ikkje blir benytta. Den ligg til grunn for FN-pakten og diplomatisk mekling.

Det handlar om å analysere konflikter ut ifrå alle parter sine perspektiv og unngå å true, men i stedet se konflikter som eit felles problem som skal løysast på ein respektfull måte. Det er viktig ikkje å skape motsetninger. Fiendebilder skal motvirkast. Militarisering bygger på menneskers frykt. Opprustning leder til opprustning i ein ond spiral. Dette leder til enorme omkostningr at– og enda meir frykt.

Me er talspersonar for dialog på alle nivå, økonomisk og kulturell utveksling, samt diplomatiske verktøy som sørger for alle stater og menneskers behov, «felles menneskelig sikkerheit». Utnytt kunnskapen om god konflikthåndtering. Oppretthold FN-pakten som er underskrevet av samtlege stater. Den beskriver fredelege midler til konfliktløysing.

Krig er forbudt, unntatt som forsvar mot angriparar. Ressursene er nødvendige til menneskeleg velferd, ikkje krig og ødeleggelse. Krig fører til flyktningestrømmer, til lidelse og konflikter.

Me må protestere mot opprustninga av Norden. Me må protestere mot øvelsen Trident Juncture 2018

Me må saman protestere mot krigsøvelser og opprustning. Det er ein opprustning betalt av folks velferd, og som truer befolkningen med atomkrigvanvidd.

La oss gjere landet som deler ut Nobels Fredspris til ein fredsnasjon og ikkje ein krigsnasjon!

Takk for meg!

Teksten ble framført ved Fredsøvelse Sandnes 13 .oktober og først publisert på Jo Jensegs blogg

 

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

2 kommentarer på Nato-opprustinga av Norden øker faren for krig

  1. AvatarComrade Pootie // 2018-10-19 kl 02:52 //

    Ser man på et verdenskart ser man at Russland har forsynt seg med godt og vel 25% av den totale landmassen til Europa, Asia, Australia og Afrika tatt på øyemål.. Det skal sannelig godt gjøres å ikke være ‘i nærheten’ av Russlands grenser hvis man befinner seg i Europa eller Asia.

  2. Eg er ikkje på ei såkalla venstreside, og eg er ikkje på ei såkalla høgreside.
    Eg er på L-sida og på K-sida.
    Løysings-sida.
    Kunnskaps-sida.
    Det er lite eg kan skrive her i eit kommentarfelt.
    Men eg rekk å notere ned ein del på nokre notatar, på ei såkalla heimeside der eg skriv litt.
    Eg vil oppmode Jo Jenseg til å lese dei notatane eg har om fred og forsvar og F-35 og om fårleg norsk inkompetanse og ustabil norsk politikk.
    Det er di verre mykje meir å nemne enn det Jo Jenseg kjem med her.
    Rett politikk no er å gå attende til basepolitikken slik den politikken var før.
    Det trur eg er det rette kravet no.

Kommentarfeltet er lukket.