Rapporten frå Libya-utvalet: Kvitvasking av ein skitten krig

Jens Stoltenberg og krigsødeleggelser i Libya. Foto: U.S. Navy

Rapporten er ikkje ærleg og kritisk slik internasjonal gransking av Libyakrigen har vore, men servil og overflatisk.

Steinar Eraker
Om Steinar Eraker (6 artikler)
Steinar Eraker er pensjonert rørleggar og bur i Sandnes. Han er aktiv innan fredsarbeid, aktivist i Stopp NATO og krigsveteran.

Libya-utvalet, leia av tidlegare stortingsrepresentant og utanriksminister Jan Petersen (H) har lagt fram sin rapport. Den hadde som mandat å granske Norge si deltaking i krigen mot Libya i 2011. At Norge slepp nær på  600 flybomber over eit land i Afrika er ikkje kvardagskost og burde føre til massiv offentleg debatt og kritikk. Så langt er det ikkje tilfelle. Og vi kan nok slå fast at den offentlege rapporten på 262 sider ikkje er noko unntak.

LES OGSÅ: Den norske kirke bør be om tilgivelse for krigen mot Libya

Laga med hensikt å reinvaske
Det er vel heller ikkje å undre seg over sidan rapporten er meint å vere «et erfaringsgrunnlag for fremtidige norsk engasjement internasjonale operasjonar». (side 11).

Det er mange ting som talar for at det blir fleire slike NATO-oppdrag og spørsmål om å delta. Kjøp av nye kampfly vil gjere oss meir attraktive for alliansen sine operasjonar i framtida. Omlegginga av det norske forsvaret er og retta inn mot slike oppdrag.

Dette kan vere ei av årsakene til at rapporten ikkje er ærleg og kritisk slik internasjonal gransking av Libyakrigen har vore. Men servil og overflatisk på område der vi veit det fins kunnskap og grunnlag for ein annan konklusjon. Korleis utvalet kan dra den konklusjonen at bombinga var forsvarleg er underleg.

Derimot ser den ut til å vere eit produkt som er laga med den hensikt å reinvaske ein skitten og blodig krig slik at den ikkje skal bli øydeleggande for vårt land sitt internasjonale omdømme og rykte.

LES OGSÅ: NATOs kriger har skapt terrortrusselen og flyktningkrisa

Det som ikkje nevnas
Den ansvarlege for den norske deltakinga i krigen var statsminister Jens Stoltenberg. Seinare blei han som kjent generalsekretær i NATO. All kritikk ser ut til å prelle av på han. Han meina at det ikkje er grunnlag for kritikk og han ville ha gjort det same om igjen idag dersom det skulle vere aktuelt.

Idag veit vi at norske bombefly var den mest aktive i den krigen som strakk seg over eit halvår i 2011. Dei norske flya slapp 588 bomber. I ettertid har det kome fram at dei gjekk aktivt inn i krigshandlingane til støtte for opprørarane. Dette kjem fram i ein dokumentar i programmet «Brennpunkt» på NRK, som blei sendt 12. mars i 2013.

I denne filmen kjem det fram at dei fleste av bombetokta ikkje var planlagt på førehand og at det var pilotane sjølv som plukka ut dei fleste bombemåla frå cockpit. Desse forholda er ikkje nemnt i Libya-rapporten.

LES OGSÅ: Den farlege norske serviliteten overfor USA

Ein krig vi ikkje visste noko om
Ein ting som er grundig handsama i dokumentet er opptakten til Libyakrigen. Det er på det reine at norske politikarar hadde lite kunnskap og forståing for landet. Vi hadde ingen ambassade der, lite eller ingen handel og e-tenesta vår hadde heller ikkje jobba med å samle inn kunnskap. (side 65).

Så det er absolutt grunn til å spørje: Kvifor kunne vi då så lett bruke bomber mot eit land som nesten ingen hadde nokon kunnskap om?

Det er eit viktig spørsmål som krev svar. Men det finn ein ikkje i rapporten som ikkje tek opp det temaet.

Det er andre miljø som stiller dei kritiske spørsmåla. På eit seminar på Stortinget arrangert av Rødt uttaler oberstløytnant Tormod Heier: «Det er ikke tvil om at vi ble lurt til å bli med på denne krigen». Han seier vidare at verda ikkje stod overfor eit folkemord og at Gadaffi hadde innført våpenkvile i Libya då bombinga starta.

Dette er og forhold som rapporten ikkje omtaler.  Men som burde vere viktige når vi skal dømme våre handlingar  og om dei er innafor folkeretten slik som våre politikarar meina.

LES OGSÅ: Å gå til krig medfører ikke ansvar for krigens ofre, mener Erna Solberg

Ingen stilt til ansvar
Andre har har og peika på årsakene til at Norge kastar seg inn i krigen og blir ei førande kraft i bombinga. Ola Tunander har skrive boka  «Libyakrigen» og her skriv Alf R. Berg  (sjef for etterretningstenesta 1988-1993)  i forordet. «det er merkelig at Norge og andre europeiske land følgde USA sine ønsker og var med på galskapen».

Som vi ser er det ikkje vanskeleg å finne kritiske røyster til oppdraget men då er det nok lurt å leite andre stadar enn i rapporten frå det regjeringsoppnemnde Libya-utvalet.

Rapporten peikar på det faktum at norske styresmakter viste at dette var ein krig for regimeskifte,  Gadaffi skulle bort. (side 76) Jens Stoltenberg skriv og i sin sjølvbiografi «Min historie» frå 2016: «Vi snakket i realiteten om en militær inngripen på opprørernes side». Dette er stikk i strid om dei vakre ord om å redde ein truga befolkning frå eit planlagt folkemord.  

Samstundes må ein kunne slå fast at det er ei skandale at styresmaktene ikkje gjekk ut å informerte befolkninga om det dei viste og det som verkeleg var intensjonen med denne krigen.Det førte til den totale konsensus og dei dominerande media si skjønnmåling av krigsoppdraget. Med få unntak var det liten eller ingen motstemmer å høyre. Og fråværet av protestar og debatt har og undra dei som deltok i oppdraget, noko som kjem fram i dokumentarprogrammet i Brennpunkt.

Vi kan slå fast at samtlege representantar på Stortinget i 2011, med unntak av Halgeir Langeland fra SV, slutta opp om denne krigen utan at det ser ut for at dei blir stilt til ansvar.

LES OGSÅ: Hvem vedtar krigen?

Sabotasje av fredsmegling
Norge viser til resolusjon 1973 som blei vedteken i FN 17. mars 2011 for å hevde at denne krigen hadde forankring i verdssamfunnet. Denne resolusjonen peikar på at sivilbefolkninga i Libya må reddast frå militære angrep og det må innførast våpenkvile.

Men då Organisasjonen for afrikansk einskap (OAU) ville fram forhandle våpenkvile blei dei hindra å lande i Tripoli av den vestlege bombinga. Dette peika Sør-Afrika sin president, Jakob Zuma, på då han seinare vitja Norge.

Derimot førte bombekampanjen til at eit ukjent tal sivile mista livet og den var ei viktig støtte for dei islamistiske opprørarane som til dels sprang ut frå dei terrororganisasjonane som vi alltid har sagt at vi vil føre kamp mot.

Desse var ansvarlege for grove brotsverk på bakken under krigen. Øydelegginga av byen Sirte i oktober 2011 er den mest alvorlege. Heller ikkje slike ting er behandla i Libya-rapporten.

Bomba IS og al Qaida til makt
Bakgrunnen for krigen i Libya blir trekt fram i rapporten. Den peikar på den «arabiske våren» og dei mange hendingane rundt den. Den arabiske våren var eit opprør som feia over deler av Midtausten  og Nord-Afrika vinteren 2011. Demonstrasjonar, streikar og folkeleg engasjement hadde ført til at despotar sitt fall.

Libya var ikkje noko unntak, iallefall trudde Vesten det. Men opprørarane på bakken mangla folkeleg forankring, dei sprang stort sett ut frå terrororganisasjonar.

Det var vår bombing som gjorde al Qaida og IS kunne gå frå å vere små isolerte grupper til å bli ein hær  av jihadistar med stor makt i deler av landet.

Resultatet er at vi har fått ein nasjon med eit sentralt regjeringsapparat som ikkje fungerer og maktkamp mellom ulike militsar og væpna bandittar. Vi har våre ord i behald når vi hevdar at NATO øydela eit av Afrika sitt mest velfungerande land. Dette burde ha blitt vist stor plass i utvalet sin rapport, men er utelaten.

Må be om unnskyldning
No er det å håpe at denne rapporten kjem opp til brei politisk debatt både i og utafor politiske organ. Stortinget må be det libyske folk om unnskyldning.

Det er viktig at også kritiske røyster til Libyakrigen kjem til orde og blir høyrt. Og at dette får konsekvensar for framtidig norsk krigsdeltaking,

Det er liten tvil om at sanninga ikkje kjem fram i dokumentet frå Petersen-utvalet. Så får vi håpe at historia si dom slår hardare. Jens Stoltenberg sa det sjølv på eit møte i Paris 19 mars 2011:  «Historien vil avsi sin dom over oss på grunnlag av våre handlinger».

Vi kan håpe at han får rett, men inntil vidare ser det nok ut til at dei ansvarlege for den blodige krigen kan sove trygt om natta.

Det paradoksale er at i Norge er det slik at politikarar som lurer pengar unna skatt eller kjører med promille hamnar i rettsalen, men er dei ansvarlege for krigsbrotsverk under NATO sin paraply kan dei gå trygt fritt omkring.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

1 kommentar på Rapporten frå Libya-utvalet: Kvitvasking av ein skitten krig

  1. Enig i det vesentligste her, og det hadde vært en naturlig del av en slik rapport å undersøke hvilke mål som ble truffet og hvilke konsekvenser dette fikk for folk på bakken. Hvor mange sivile ble drept? Her har også norske medier sluntret unna – så vidt jeg har fått med meg har vi ikke hatt en eneste norsk journalist på bakken i Libya for å høre med befolkningen hva som skjedde under bombetoktene og for å høre hva som har skjedd i landet i etterkant.

    Det er 7 år siden krigen og det er ingen rasjonell grunn for at norske medier skulle vente så lenge på en hvitvaskende rapport når de selv kunne gå ut og skaffe til veie mye av den kunnskapen vi behøver etter å ha gått til bombekrig i et fremmed land. Det er fortsatt ikke for sent, men interessen for denne typen kunnskap synes å ha vært bemerkelsesverdig lav hos norske medier helt siden krigen startet.

Kommentarfeltet er lukket.