Forby nazistiske organisasjonar

Steinar Eraker
Om Steinar Eraker (6 artikler)
Steinar Eraker er pensjonert rørleggar og bur i Sandnes. Han er aktiv innan fredsarbeid, aktivist i Stopp NATO og krigsveteran.
Nazigruppa Den nordiske motstandsbevegelsen står bak drap og valdsepisodar. Vi bør ta historisk lærdom av kva nazismen er og forby organisasjonane deira.

Natt til 10 november 1938 gav nazistane ordre om at dei systematiske jødeforfølgingane i Tyskland skulle starte.Synagoger blei sett i brann. Jødar arrestert, mishandla og drepne. Tusenvis av butikkar og heimar rasert og i alle gater flaut det med glasbrot.

I ettertid er denne hendinga blitt kalla Krystallnatta. Resten av historia kjenner vi godt. Då andre verdskrig slutta i 1945 var folkemordet på seks millionar jødar eit faktum. Holocaust er historia sitt verste brotsverk, men samstundes og det mest dokumenterte.

Det som hadde starta som fordommar og hat mot eit folk enda opp i Auschwitz og Birkenau. Økonomiske nedgangstider hadde gitt god grobotn og vekstvilkår for ekstremisme og rasisme som skulle ende fatalt.

LES OGSÅ:Den nordiske motstandsbevegelsen er definitivt en terrorgruppe

Forby Den nordiske motstandsbevegelsen
Vi ser dei same tendensane i dag. Dei opne nazistiske kreftene er på frammarsj også i Norge.
Difor er det viktig at vi no tek eit oppgjer med rasismen og den hatefulle bodskapen dei framfører. La oss verkeleg vise at vi har lært av historia og dei feil som blei gjort i mellomkrigstida. La oss forby nazistiske organisasjonar.

I den siste tida har vi sett at Den nordiske motstandsbevegelsen (DNM) har blitt meir og meir aktiv. Nazigruppa vil skape eit nasjonalsosialistisk rike i dei nordiske landa og legg ikkje skjul på at dei hentar sin ballast frå Nazi-Tyskland.

På deira inter-nettside kan vi lese:
«vi tar til oss den inspirasjon og motivasjon som historien om Det tredje riket og Hitlers livsverk har gitt oss. Seire kan vi bare vi følger nasjonalsosialismen».

Reine ord for pengane. Ikke berre er dei opne Hitler-dyrkarar, men dei fornektar og holocaust. Difor er det ikkje rett å kalle DNM for ei politisk gruppe i vanleg forstand. Vi har å gjere med ei kriminell gruppe. Gruppa står bak drap og valdsepisodar og fleire av medlemane har dommar på seg for grove brotsverk. Dette er mellom anna grunnen til at Finland nå vil forby organisasjonen.
Mange land i Europa har idag ei lov som forbyr nazistisk organisering og det gjer kampen mot dei lettare.

Norge har ingen slik paragraf og folk har lett for å hevde at nazistane har rett til ytring. Eit kjent sitat frå den franske filosofen Voltaire lyer slik: «jeg er dypt uenig i alt du sier, men er villig til å dø for din rett til å si det».

Ein slik haldning overfor nazistar er livsfarleg. Rett til å fremme rasisme, offentleg mobbing og hatretorikk kan bety død for svake grupper. Historia har lært oss det.

DNM er ein voldeleg organisasjon. Det betyr at deira deltaking i det offentlege samfunn gjer at andre grupper alltid vil føle seg trua. Deira retorikk er ikkje berre klistermerke og plakatar retta mot innvandring og homofile. Den inneheld og reint jødehat.

LES OGSÅ: Dømt torturmorder kåret til årets aktivist av Den nordiske motstandsbevegelsen

Har vi ingenting lært?
Skal vi verkeleg risikere at det skjer igjen? Seks millionar. Torturert, drepne. Born, kvinner og menn. Ungdomar, homofile, politiske motstandar. Alle utsletta.

Ingen kan idag komme og seie at dei ikkje veit. Heller ikkje dei hjernedaude i DNM. Sjølv om rørsla nok ikkje har tenkt ein sjølvstendig tanke etter Hitlers Mein Kampf, kan dei ikkje underslå historiske fakta.

Likevel gjer dei alt som står i deira makt for å gjere nettopp det. Det vil dei aldri nå fram med. Det blir som å starte folkerørsla mot flo og fjære.

Sommaren 2017 blei det malt eit stort hakekorsflagg ved eit krigsminnesmerke i Gloppedalsura i Rogaland. Like ved var det klistermerker med teksten «Refugees not welcome».

Her er det ikkje snakk om innvandrarkritiske element. Dette er gjort av folk som heilt medvite ville fremme eit politisk bodskap. Dei aller fleste veit korleis Hitler sitt flagg såg ut og desse mørke kreftene vil gjere alt for at vi heller ikkje skal gløyme det.

LES OGSÅ: Bombenazist straffet seg selv for å ha sett porno: hogde fingeren av med øks

Ytringsfridom gjeld ikkje nazisme
At DNM blir handsama som ei vanleg politisk gruppe har tidlegare fått underlege utslag. Våren 2014 skjer det noko vi ikkje har sett før.

Ei gruppe med namnet «Borgarvernet Rogaland» spreier løpesetlar mot eit planlagt asylmottak i ein bydel i Sandnes.

Dette fattar media si interesse og talsperson for gruppa blir henta fram i lyset. Media stiller seg på rekke utan kritiske spørsmål. Talspersonen er nazist og aktivist i DNM og slett ingen ukjent person for folk som jobbar med antirasisme.

Seinare blir same mann invitert av kulturhuset Sølvberget i Stavanger til ein paneldiskusjon. Tema er ytringsfridom. Snakk om å sette ein ranar til å passe ein tellesentral.

Så ille kan det gå når vi står overfor ein organisasjon som er lovleg. Omsynet til ytringsfridomen går føre alle andre omsyn.

Politiet har ved fleire høve uttalt til media at folk bør melde dersom overtramp finn stad. Det skjer heile vegen, men nesten utan unntak blir desse sakene lagt bort. Kvifor? Det verkar som politiet ikkje har det verktyet dei treng og som eit forbod ville ha gitt dei. Dette ville ikkje vere så lett å legge bort ei sak mot ein ulovleg organisasjon.

Andre hevdar at vi skal oversjå dei eller ta debatten med dei. Kva skal vi diskutere? Om den kvite rasen er overlegen? Om Holocaust har funne stad?

Unnskyld meg, går vi inn i slike diskursar så er vi med på å så tvil om andre sin verdi. Dette er nazistane sin bane, den bør vi ikkje spele på.

Ytringsfridom skal ikkje gjelde nazistar sin rett til hatefulle og rasistiske utfall og handlingar.
Ifølgje FN si erklæring om rasediskriminering skal medlemslanda forby både rasistiske og nazistiske organisasjonar og propaganda.

Norge har slutta seg til denne konvensjonen, men ikkje implementert dette punktet i vårt lovverk. Dette har vi blitt kritisert for gjentekne gonger.

Nokre meiner at denne konvensjonen er autoritær. Det får så vere, det er verdssamfunnet sitt syn i lys av nazismen sin ufatteleg vondskap og øydeleggingar. Det bør vi snarast ta til oss.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

11 kommentarer på Forby nazistiske organisasjonar

  1. AvatarTommy Bergersen // 2018-09-03 kl 22:45 //

    Ingen «venstreekstreme bevegelser» som står bak drap og vold? Bør da disse bevegelser klandres for hva ett medlem isåfall har gjort?

  2. Nazistiske organisasjoner er på samme måte som mafia og pedofilringer, organisert kriminalitet.
    En kan ikke forby nazismen, men en kan forby organiseringen.

    Erling Grape

  3. Avatarlovåundre // 2018-09-04 kl 04:21 //

    Den nordiske motstandsbevegelsen vil innføre lover mot subversiv (undergravende og samfunnsnedbrytende) propaganda og virksomhet, står det i punkt 4 i deres politiske program.
    Så dem vil altså også kneble meninger man ikke liker…

  4. Nazismen er forferdelig,men den politiske retning som har myrdet flest mennesker gjennom historien er kommunismen. Vi burde forby de som lefler med tankegodset fra begge de to ekstreme sider.
    Radikal portal røk vel ut der.

    • AvatarKnut Konsulent // 2018-09-05 kl 12:00 //

      For de som har fulgt med, så er det meget stor forskjell på kommunismen som Marx skrev om og gjerne ville utføre, og det diktaturet som Stalin gjennomførte. Det samme kan sies om Kina og Pol Pot.

      • For de som har fulgt med: Alle har begynt med Marx
        Norske kommunister hyllet i sin tid Mao, Polt Pot, Huxa med flere.
        Norsk ytterste venstre har store likhetstrekk med disse. Det begynne med å skulle forby meninger neste alle misliker. Så forbyr de neste osv.

  5. AvatarComrade Pootie // 2018-09-04 kl 20:31 //

    Jeg kunne gjerne vært med på å forby disse hvis man med det samme forbyr kommunisme og de som fremmer antidemokrati i forkledning som «et sosialistisk samfunn».

  6. AvatarToril Kalsås // 2018-09-05 kl 06:54 //

    Bra innlegg!
    Skal bare påpeke en faktafeil: det var 6 mill jøder som ble drept i Holocaust, til sammen med funksjonshemmede, homofile, kommunister, fagforeningsledere, slavere, russere etc var det opp mot dobbelt så mange.

  7. AvatarSteinar Eraker // 2018-09-06 kl 19:54 //

    Nå handlar denne teksten om om den nazistiske organisasjonen Den nordiske motstandsbevegelsen og kvifor eit forbod av den ville styrke kampen mot rasismen. Eit forbod vil sjølvsagt ikkje fjerne dei, men det vil gje dei som jobbar mot deira hat bodskap eit betre verktøy.
    Vi står ikkje overfor ei vanleg politisk gruppe, men organisert kriminalitet. Difor vil det vere naivt å tru at går ein inn i ein intellektuell drakamp vil det beste argumentet vinne. Nokon drar fram det kommunistiske kortet. Sjølvsagt kan det vere nyttig å ha ein brei diskusjon om det er noko i den marxistiske ideologi som er årsaka til at vi har fått totalitære regime som vi distanserer oss frå.
    Men å samanlikne dette med nazismen blir å underkjenne Holocaust som eit planlagt industrielt folkemord.
    Kva er verst av sosialismen og kapitalismen? Her blir det å hive statistikk og historiske hendingar fram og tilbake over gjerdet.
    Kanskje også hendingane i Hiroshima og Nagasaki i 1945 bør inn i diskusjonen?

    • Avatarbørre arnold // 2018-09-07 kl 09:58 //

      Det er vel ikke mange som underkjenner Holocaust, det begrenses vel stort sett kun til nynazister derimot vet jeg om mange kommunister som underslår fakta om folkemord begått av styresmaktene i Sovjetunionen og Kina. At du ikke vil forby alle livsfarlige organisasjoner er en gåte.

Kommentarfeltet er lukket.