Undersøkjande journalist Kristinn Hrafnsson: – Google sende alle e-postane mine til FBI

Journalist og Wikileaks-medarbeider Kristinn Hranfsson. Foto: Djackmanson/Wikimedia Commons

Den prisløna islandske journalisten Kristinn Hrafnsson fortel at alle e-postane hans og alt han hadde i google-universet vart sendt til FBI, etter at FBI hadde bede Google om det.

Snorre Sandemose
Om Snorre Sandemose (2 artikler)
Snorre Sandemose er journalist og skriv for nynorskavisa framtida.no.

– Eg fekk melding frå Google om at dei hadde gjeve all informasjonen dei hadde om meg til FBI. Dette inkluderte heile e-postmappa mi i Gmail og i Google-universet mitt, fortel Kristinn Hrafnsson.

FBI fekk kort og godt ein kopi av alle metadataa han hadde hjå Google. Hrafnsson fekk vita dette i forfjor.

– Google fekk ordre frå ein hemmeleg domstol om å utlevera dataa, og fortalde meg som kunde om dette etterpå, opplyser Hrafnsson.

Den islandske journalisten har ikkje fått innsyn i kvifor USA sin føderale etat for etterforsking av kriminalitet har ynskt å leggja beslag på ein kopi av all denne informasjonen om han.

Sjølv er han overtydd om at det har med etterforskinga av Julian Assange å gjera. Hrafnsson var talsmann for Wikileaks mellom 2010 og 2017, og er framleis aktiv i organisasjonen.

Me har spurt FBI om det stemmer at dei har bede Google utlevera alle Hrafnsson sine e-postar og alt anna i google-universet hans, og i so fall kvifor dei gjorde det.

Pressetalskvinne Carol A. Cratty svara at FBI ikkje har nokon kommentar til dette.

LES OGSÅ av Snorre Sandemose: Island sin innanriksminister synte FBI på dør

– Hemmeleg storjury på saka
Hrafnsson er ikkje overraska over at han ikkje har fått vita noko.

– Det er ein hemmeleg storjury i USA som jobbar med Assange. Sidan det er ei hemmeleg etterforskingsgruppe, kan dei gjera alt løynt.

Hrafnsson seier han ikkje veit kvifor FBI har eit slikt sterkt ynskje om å gå etter Wikileaks. Men han forsikrar om at etterforskinga har halde på lenge.

–Ein eller annan gong i 2010 byrja dei arbeidet med å etterforska Julian Assange for spionasje for å kunne be om å få han utlevert, seier Hrafnsson, og legg til at det er heilt sikkert.

I denne påstanden får Hrafnsson støtte frå The New York Times. Dei skriv at «etterforskinga har samla inn materiale i det stille i alle fall sidan oktober 2010, seks månader etter at Bradley (Chelsea) Manning vart arrestert, soldaten som er skulda for å ha stått for brorparten av lekkasjane».

Ein av advokatane til Assange, Jennifer Robinson, sa til New York Times at Assange hadde hamna i eit juridisk tomrom og ingenmannsland ettersom USA ikkje ville seia noko om statusen på etterforskinga mot han.

Avviser at Wikileaks har skada folk: – Me har avdekt krigsbrotsverk
Ein av grunnane til at den løynde etterforskinga mot Assange ikkje har vorte so sterkt fordømt i vesten, er påstanden om at Wikileaks har frigjeve for mange dokument. Wikileaks vert skulda for å ha skada vanlege folk kringom i verda med lekkasjane, og sett liv i fare.

– Stemmer det at Wikileaks sleppte so mange dokument på ein gong at de ikkje hadde kontroll over kva konsekvensar det kunne få for folk? Har de sett uskuldige menneskeliv i fare?

– Det er ikkje kjent at nokon har vorte skada som eit resultat av at me har publisert dokument. Det er eit enkelt faktum, svarar Hrafnsson.

Han kallar det heile ein svertekampanje medvite sett i gong av amerikanske styresmakter, i ein freistnad på å bringa Wikileaks i vanry.

– Attende i 2010 starta den amerikanske administrasjonen ein støyande propaganda om at me hadde skada individ med vår publisering av dokument, men dei har aldri kome med noko som underbyggjer denne påstanden, svarar Hrafnsson.

Wikileaks har publisert millionar av dokument, og journalisten medgjev at det ikkje er usannsynleg at lekkasjane kan ha ført med seg uheldige ringverknader. Han seier dette ikkje er noko unnatak for Wikileaks, og at publiseringane til andre media òg kan ha slike ringverknader.

– Men det har ikkje ein gong vorte dokumentert at me har skada folk indirekte slik. Krigsbrotsverka og korrupsjonen som me har avdekt er det derimot svært viktig at folk har fått høyra om. Ramaskriket om at me har skada folk er fullstendig ufundert, seier Hrafnsson.

Usamd i merkelappen frå den førre CIA-direktøren
Medan han var leiar for CIA, uttala noverande utanriksminister for Trump, Mike Pompeo, at Wikileaks er ei «fiendtleg etterretningsteneste», mynta på USA.

– Kva er din kommentar til Pompeo sin påstand om at de er ei fiendtleg etterretningsteneste?

– Eg synest påstanden er låtteleg. Me utfører journalistikk. Det er farleg når institusjonar og individ kastar merkelappar av ein slik valør mot folk som er ein del av det journalistiske samfunnet. Det er eit åtak på journalist-yrket, so enkelt er det, svarar Hrafnsson.

Utenriksminister og tidligere FBI-sjef Mike Pompeo.

fcorr– Ikkje få kommentatorar har fordømt dykk for å vere Russland-venlege. Er de det?

– Det er me ikkje, og det er ikkje grunnlag for å seia at me er det. Om ein ser gjennom vår publiseringshistorie, finn ein eit vell av lekne dokument som skriv seg til Russland og dei løynde russiske tenestene. Det er flust av dokument som avslører Russland på det eine viset eller hitt, so den påstanden har rett og slett ikkje noko grunnlag i røynda, seier Hrafnsson.

– Har ikkje gått inn for å hjelpe Trump til makta
Mange har hevda at Wikileaks ynskte å hjelpe Donald Trump i valkampen. Somme hevdar attpåtil at Wikileaks inngjekk i ein allianse med Russland i dette stykket.

– Har de jobba for å støtte Trump?

– Nei. Dette burde ikkje vere so vanskeleg å forstå, om ein tenkjer på det journalistisk. Journalistar får fatt i materiale som avdekkjer visse aspekt. Dette kan vera negativt for eit parti eller for ein kandidat. Om me får fatt i slikt materiale, er det ei plikt som journalist å publisere det, seier Hrafnsson.

Han synest ikkje det er noko feil med at mange dokument vart publiserte kort tid før avrøystinga.

– Dei som snakkar om at fri journalistikk er veldig viktig for at folk skal få vita ting, bør tenkja på at det er ekstra viktig for folk å få vita ting før ei avrøysting.

– Men var det ikkje vel mange lekkasjar i valinnspurten som gagna Trump?

– Det er ein påstand om at dokument publiserte av Wikileaks var ein avgjerande faktor for Trump sin siger. Men det er ikkje prova. Men skulle dette vera korrekt, so seier ein rett og slett at informasjonen i dokumenta som vart publiserte, hjelpte Donald Trump.

Hrafnsson meiner at dersom det er slik at det som vart lekt kosta demokratane sigeren, so må dei ta det på si kappe. Han meiner at demokratane må lasta seg sjølve dersom informasjonen som kom ut ikkje tolte dagens ljos.

– Om det er slik at noko av materialet som vart publisert kan ha vore til gagn for Trump, so får det vera slik, seier Hrafnsson.

Spesiell episode på Island i samband med prosessen mot Assange

Den same New York Times-artikkelen som avslører at den hemmelege prosessen mot Assange alt hadde byrja innan oktober 2010, omtalar òg det som var ein freistnad frå FBI si side på å drive ulovleg etterforsking av Wikileaks på Island i 2011. Dette har òg vore omtala her hjå oss.

Hrafnsson trur mellom anna at FBI-agentane kom til Island for å avhøyra Sigurdur Thordarson, ein «fallen», ung Wikileaks-medlem som blant anna hadde svindla Wikileaks-bidragsytarar for pengar.

Island sin innanriksminister, Ögmundur Jónasson, ville ikkje vita av etterforskingsframstøyten frå FBI. Han stogga FBI-agentane som kom til Island og lét det koma krystallklårt fram at han heldt med Wikilieaks, og ikkje med føderale, amerikanske styresmakter.

Uroleg for Assange sin lagnad
Då Assange fekk asyl på den ecuadorianske ambassaden i 2012, var det Rafael Correa som var president i landet. Hrafnsson fryktar at etterfylgjaren hans i presidentstolen, Lenín Moreno, ikkje har den same viljen til å vareta han.

Sidan mars i år får ikkje lenger Assange ta i mot besøk frå andre enn advokatane sine. Han får heller ikkje lenger ha tilgjenge til internett eller telefon, og i praksis sit han no i isolasjon på den ecuadorianske ambassaden.

Helsa hans skal vera so dårleg etter alle åra utan dagsljos, at han skal ha pådrege seg varige skader.

– Det som han er skulda for, å bryte kausjonsvilkåra, er eit lite overtramp. Han kjem til å verte fengsla av britiske styresmakter for dette mindre lovbrotet om Ecuador utleverer han. Og medan han sit inne for det, er me ganske sikre på at USA vil krevje utlevering, seier Hrafnsson.

Justisminister Jeff Sessions har uttala at å få Assange utlevert er ein prioritet. Amerikanske styresmakter skal endåtil ha gjort alt i stand for å ta ut tiltale mot Assange.

Donald Trump har sagt at å det er «greitt for meg» dersom det amerikanske justisdepartementet ynskjer å stille Assange for retten.

Hrafnsson trur ein slik utleveringsprosess vil ta to til tre år i britiske domstolar før det kjem til ei avgjerd.

– I mellomtida kjem Assange til å vere i fengsel, seier Hrafnsson.

– Trur du Storbritannia vil utlevera han?

– Storbritannia har synt seg viljuge til å utlevera folk til USA før, svarar den prislønte, islandske journalisten.

Denne teksten blei fyst publisert i framtida.no

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

2 kommentarer på Undersøkjande journalist Kristinn Hrafnsson: – Google sende alle e-postane mine til FBI

  1. Jeg leser ikke mye radikal portal. Vi deler ikke syn på mye. Men dette er veldig skummelt hvis sant.

  2. Wikileaks utleverte også eit og anna.
    Eg kan ikkje sjå det slik at denne Assange er ein engel og ein som aldri utleverte opplysningar om andre .
    Wikileaks samla då inn opplysningar i løynd og utleverte mykje rart til mange.
    Men klage og syte kan dei dersom syresmaktene i Sambandsstatane sankar opplysningar og trengjer seg på om lag slik Assange og Wikileaks gjorde det.
    Google lek, og Wikileaks lek.
    Det sildrar og renn frå dei båe.

Kommentarfeltet er lukket.