I fotspora Gerhardsen vandra har fire nye Ap-statsministrar gått

Einar Gerhardsen.

Gerhardsen ville utvida oppgåvene til fellesskapet, slik fire Ap-statsministrar har gjort etter han.

Olav Hauge
Om Olav Hauge (2 artikler)
Olav Hauge er lokalpolitiker for SV, medlem av Nei til EU og underviser i makroøkonomi og internasjonal handel ved Høgskolen i Molde.

Kva ville Gerhardsen ha gjort, spør Mimir Kristjansson i ein boktittel. Det har skapt debatt. Men Gerhardsen har leia regjeringar som går inn i ein lang historisk tradisjon. Desse regjeringane har vore leia av statsministrar som har utvida rolla offentleg sektor spelar. Dei har gjeve staten næringsoppgåver på lik line med private og flytta politikken til venstre.

Tidslina ser slik ut:

Etter initiativ frå Johan Castberg fekk statsminister Gunnar Knudsen frå Venstre fleirtal for endeleg å vedta dei permanente konsesjonslovene i 1909. Desse lovene sikra at vi alle i fellesskap eigde og kontrollerte naturressursane. For å utnytta naturressursar til å byggja gruver, nytta skogen eller byggja eit kraftverk ved ein foss søkte private investorar Staten om eit tidsavgrensa løyve (inntil 60 år for fossefall) for å få lov til det. Etter at konsesjonstida var ute, måtte bedriftene levera attende alt dei hadde investert til staten utan kompensasjon. Med konsesjonslovene hindra regjeringa at spekulantar kjøpte opp slike naturressursar og tente grovt på spekulasjonen.

LES OGSÅ av Olav Hauge: EØS: Høgrepolitikken folket har sagt nei til

I 1918, for 100 år sidan, knesette fleirtalet i Høgsteretten heimfallsretten og let samfunnet eiga naturressursane. Med det vedtaket fekk landet offentlege selskap som eigde, kontrollerte og dreiv næringsaktivitet. Det var kraftselskap og ikkje minst skogselskap som Norske Skog.

I 1935 leia Johan Nygaardvold den første reine Ap-regjeringa som sat meir enn eit par veker. Med treårsplanar sette regjeringa i gang naudsarbeid for å møta krisen skapt av børskrakket i USA i 1929.

Folk fekk seg arbeid finansiert med offentlege midlar, i tråd med keynesiansk finanspolitikk.

I 1963 går statsminister Einar Gerhardsen inn i rekkja når regjeringa utvidar heimfallsretten i ein kongeleg resolusjon. Regjeringa får med seg stortingsfleirtalet på å gjera ressursane på og under havbotnen til felleseigedom.

Mimir Kristjanssons bok, Hva ville Gerhardsen gjort?

I 1971 gjev Industrikomitéen på Stortinget regjeringa Bratteli i oppdrag til å etablera eit statleg norsk oljeselskap. I Stortingsmemelding nr. 25 (1973-74) står det i del 2: Demokrati og kontroll på side 9:«Det kan komme på tale å nytte en del av statens oljeinntekter til å kjøpe opp eierinteresser i norsk næringsliv». Sagt på godt norsk kan staten nytta oljeinntektene til å nasjonalisera norsk næringsliv. Statsminister Bratteli brukte oljeinntekter til å finansiera utdanning på høgskular i distriktet der kvinner studerer.

Kvinner får så betalte jobbar som sjukepleiarar, lærarar og førskulelærar og snart som økonomiarbeidarar i offentleg sektor. Etter kvart blir dei ingeniørar og plattformsjefar på norsk kontinentalsokkel.

For 40 år sidan, i 1978, signerer statsminister Odvar Nordli Volvo-avtalen som kan gjera den norske stat til deleigar. Den norske staten ville då gått inn i avansert, internasjonal bilproduksjon (og hadde redda Volvo?) mot å gje Volvo blokker på norsk sokkel.

I 1986 fekk statsråd Arne Øien i regjeringa Harlem Brundtland stortingsfleirtal for å byggja ut Troll-feltet. Det internasjonale oljeselskapet Shell skulle ha drifta feltet, men i staden let statsråd Øien det statskontrollerte Norsk Hydro drifta feltet og nytta ei løysing som kan ha sikra staten svært mange milliardar norske kroner.

I desember 1991 vedtok Stortinget eit bankfond som let finansminister Sigbjørn Johnsen nasjonalisera norske bankar. I åra etter 1991 viste det seg at det offentlege også kunne eiga og driva bankvesen i tillegg til industrinæringar.

Hausten 2008 vel den sjette Ap-statsministeren Jens Stoltenberg å utvida oppgåvene til fellesskapet. Mot ei samla høgreside  i norsk politikk vel regjeringa å auka offentleg innsats og dei avviser kutt- og sparepolitikken.

Det er ikkje naudsynt å spørja kva Einar Gerhardsen ville ha gjort, han følgde den vegen Johan Castberg peika ut for Gunnar Knudsen.

Knudsen og Nygaardsvold gjekk vegen før Gerhardsen, og Bratteli, Nordli, Harlem Brundtland og Stoltenberg følgde i fotspora hans.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.