Om å overleve freden – ein krigsveteran ser tilbake

Foto: Mao Rokocin

Å hamne i krig når ein skal vakte freden er som å få ei slegge i ansiktet.

Steinar Eraker
Om Steinar Eraker (3 artikler)
Steinar Eraker er pensjonert rørleggar og bur i Sandnes. Han er aktiv innan fredsarbeid, aktivist i Stopp NATO og krigsveteran.

Eit 40 år gamalt bilete frå skattekista har fått ny aktualitet denne våren. Biletet syner to blå stålhjelmar liggande på ein vegg av sandsekkar. Hjelmane er merka med bokstavane UN i kvit farge. I bakgrunnen eit fredeleg libanesisk landskap med åsar og blå himmel.

Idyll for ein utanforståande som ser motivet. Dei som kan sjå bakom kulissane veit at røyndommen var meir brutal.

I år har alt dette fått ny aktualitet. Grunnen er at Forsvaret feirar at det er 40 år sidan opprettinga av den norske FN styrken, (UNIFIL), i Libanon.

Våren 1978 skulle endre livet for ein del av oss for alltid. Norge hadde blitt spurt om å sende fredsbevarande styrkar til Sør-Libanon. Mandatet gitt av FN sitt tryggingsråd var krystallklart: Overvake israelsk tilbaketrekking frå okkupert libanesisk land.

Vi viste ikkje kva vi gjekk til. Å bli sendt ut i fredsbevarande oppdrag er sjølvsagt edelt. Det har berre ei stor hake ved seg. Libanon var eit land i krig. Det var ingen fred å bevare.

Ingen fortalte det. Då som nå var ordet krig eit tabuord når nordmenn skal ut i verda med våpen i hand.

LES OGSÅ av Steinar Eraker: Amerikansk militærbase i Troms aukar faren for krig

Og det blei heller ikkje enklare då dåverande forsvarsminister stod fram og forsikra om at «mandatet er slik innrettet at dersom dere blir beskutt eller angrepet blir dere trukket ut og hentet hjem umiddelbart».

Logn, ull og tåketale kom her inn i norsk forsvarspolitikk. Og den har gått som ein samanhengande tråd heilt opp til våre dagars utanlandsoperasjonar. Man brukar ikkje ordet «krig» når man skal idyllisere eit oppdrag.

Det var difor fullstendig uførebudde norske ungdomar som blei sendt ut. Å hamne i krig når ein skal vakte freden er som å få ei slegge i ansiktet.

Dei aller fleste takla det bra, andre fekk skadar på sjel og sinn. Skadar som ofte ikkje let seg reparere.

Forsvaret såg ein annan veg. Politikarane som hadde sendt dei ut var plutseleg meir opptekne av veier, distrikt, kroner og øre. Og helsevesenet viste fram ei kranglevoren side.

Jubeldagane då folk reiste ut var borte då dei kom heim. Og nokre kom heim i sjaber forfatning med brutale inntrykk og nervar i heilspenn.

Dei blei ikkje forstått. Folk som sleit med angst og indre smerte blei oversett eller møtt av fordommar. Det fredelege Norge blei verre å takle enn krigen i Libanon hadde vore.

Difor er dette 40-årsminnet også eit minne om ein nasjon som svikta.

Men vil vi bruke jubileet til å gjere opp uretten som er gjort mot ein del av våre borgarar? Etter å ha vore tilstades på eit slikt arrangement føler eg meg ikkje sikker på at vi evnar det.

Då må vi gjere meir enn å lire av oss fagre ord om demokrati og nasjonsbygging. Det er heller ikkje nok å dele ut medaljar for «edel dåd» til enkelt utvalte, stort sett offiserar. Det var mange som betalte ein høg pris og 21 betalte den aller høgaste. Sitt Liv.

Men så lenge vi ikkje maktar å ta inn over oss at denne typen teneste set psykiske spor, så vil uretten og dei stengte dørene halde fram når konfettien har lagt seg.

Og bruke 8. mai som veterandag er og problematisk. Det betyr å gå god for all norsk deltaking i utanlandsoperasjonar, også dei i Nato-regi.  

Å samanlikne dei med vår frigjeringskamp under andre verdskrig er umogeleg og tullete, slik er 8. mai hamna i eit uføre.

Eit uføre som vil føre til at veteranane si sak nok ein gong blir oversett.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

Diskusjon

DEBATTREGLER:

  • - Respekter dine meddebattanter og utøv normal folkeskikk
  • - Vær saklig og hold deg til tema
  • - Ta ballen – ikke spilleren!

Vi fjerner innlegg som er diskriminerende, hetsende og usaklige, spam og identiske kommentarer.