Listhaug-metoden: Det folket ikkje bør få vite

Eldrebyråd Listhaug kommunaldirektør Bjørg Maanum Andersson på glad tomtebefaring rett før grunnsteins-seremonien. Foto: Leif Kverneland.

Sist gong ho var helsepolitikar fikk me sjå Sylvi Listhaug-metoden: Etter bortsløsing av drygt 30 skattemillionar brøyt ho lova for å hindre at folk flest får vite om det som mektige politikarar synest var pinleg.

Erling Folkvord
Om Erling Folkvord (10 artikler)
Erling Folkvord er politiker i partiet Rødt. Han har tidligere sittet i bystyret for Rød Valgallianse (RV) og Rødt i Oslo og sittet en periode på Stortinget for RV. Hans spesialfelt som politiker har vært avsløring av korrupsjon og maktmisbruk.

Fem veker etter starten på den såkalla «Listhaug-saka» er det grunn til å gjenta eit gammalt spørsmål: Bør vi vurdere politikarar ut frå det dei seier? Eller ut frå det dei gjer og det dei ikkje gjer? Å ikkje gjere noko er jo og ei politisk handling.

Skal stortingspolitikarar og statsrådar vurderast ut frå facebook-innlegg og twitter-meldingar? Eller ut frå dei politiske initiativa dei tar og dei vedtaka dei er med på?

Sjølv synest eg problemstillinga er like viktig same kven det gjeld: Jonas Gahr Støre (Ap), Trond Giske (Ap), Siv Jensen (FrP), Bjørnar Moxnes (Rødt) eller tidlegare justisminister Sylvi Listhaug (FrP).

Listhaug vart kjend for hemmeleghald da ho vart statsråd. Etter åtte år som vararepresentant til Stortinget og fem år som byråd i Oslo, fekk ho i 2011 jobb i First House AS. Firmaet gir mellom anna råd til kundar som treng hjelp for å få gjennomslag i Stortinget eller andre politiske organ.

«Hos oss skal Sylvi jobbe med et bredt spekter av politiske problemstillinger som blant annet å forstå kommunale prosesser, både knyttet til planlegging og regulering, og innkjøp av tjenester fra private aktører. Våre kunder etterspør stadig mer rådgivning på dette området,» sa avdelingsleiar Jan-Erik Larsen i First House. (E24  5. desember 2011.)

Da ho to år seinare vart landbruksminister, nekta ho å fortelje veljarane kven ho hadde hatt som kunder. Ho følgte skikk og bruk i First House.

Faksimile: Forsida av Vikingposten.

Hemmeleghald
Politikaren Sylvi Listhaug hadde lang praksis med hemmeleghald før ho kom til First House. Ho handheva eit klart skilje mellom det som bør vere offentleg og det som folket ikkje bør få vite. Eg skal berre nemne eitt eksempel.

Etter ein samtale med eldrebyråd Listhaug i 2006, skreiv Aftenposten at «om et halvt år skal Oslo kommunes nye sykehjem i Spania stå ferdig».  Listhaug sa at «dette er bare starten. Målet er at alle skal kunne velge om de vil ha sykehjemsplass i Spania eller Oslo.» Dette var slikt som Oslo-befolkninga burde få vite om.

No veit vi at Listhaug snakka tull. Spania-prosjekt var aldri seriøst og vart berre eit pengesluk. Utafor den trivelege småbyen Altea eig Oslo kommune framleis ei steinete landbrukstomt  som ingen vil kjøpe.

Seinare vart det kjend at byråd Listhaug heldt seg med eit hemmeleg Altea-arkiv lenge før den dagen Aftenposten intervjua henne i 2006. Mange år seinare kom omkring 150 dokument for dagen. Etter krav frå Rødt, Arbeidarpartiet og SV måtte Listhaug til slutt åpne arkivet. Dei hemmelege dokumenta var lagra på ulike kommunale PCar. Listhaug har derfor sagt at det er feil å bruke ordet arkiv.

Bissniss-hjelp til ein partifelle
Her skal eg berre ta fram ei av sakene. Det handlar om korleis ein FrP-politikar prøvde å hjelpe ein annan FrP-politikar som dreiv privat bissniss i Spania. Alt dette hende før bystyrefleirtalet – alle utanom Rødt – vedtok å gi byråd Listhaug klarsignal for Spania-prosjektet.

Forretningsmannen og heiltidspolitikaren Henning Holstad (FrP) var i 2006 leiar i helse- og sosialkomiteen i Oslo bystyre. Samtidig dreiv han bisniss i Spania. Kåre Løvdal, ein forretningsadvokat med Spania-erfaring, arbeidde for Holstad utover våren 2006. Advokaten gjorde undersøkingar rundt Listhaug sitt Spania-prosjekt i Altea. Og forsiktig sagt: Det var ikkje vanskeleg å oppdage at Listhaug styrte skuta mot havari. På dette grunnlaget vart byråd Listhaug sin byrådssekretær Jøran Kallmyr hovudmann i ein hjelpeaksjon i fire etappar. Seinare vart Jøran Kallmyr mediekjend som statssekretær i justisdepartementet.

Seks år etterpå kom restane av Listhaugs «grunnstein» i alle fall til nytte som benk for turgåarane på Montemolar. Foto: Erling Folkvord.

Første etappe: 30. mai 2006 sende advokat Kåre Løvdal e-post til forretningsmannen Henning Holstad: «Det vil være fullt mulig for oss og våre spanske samarbeidspartnere å gå inn og overta prosjektet på det stadiet som det nå er, og å gi Oslo kommune opsjon til å kjøpe ferdigstilt anlegg.» Listhaug sine planer var på dette stadiet eit luftig papirprosjekt, sjølv om byrådet alt hadde send millionbeløp til glade mottakarar i Spania.

Andre etappe: Politikaren Henning Holstad (FrP) sende straks meldinga vidare til partifelle og byrådssekretær Jøran Kallmyr: «Informasjonen nedenfor er alarmerende. (Men hyggelig i og med at de vil overta) Jeg anmoder om et møte der prosjektansvarlig deltar, og der vi kan gjennomgå status. Henning.

Jøran Kallmyr  reagerte lynkjapt. Før det hadde gått 10 minuttar sende han ein skarp beskjed til prosjektleiaren: «Hei, les påstandene nedenfor, kan du møte i morgen kl. 11.00 for å snakke med meg og Henning Holstad om Spania Prosjektet?» I praksis er det vanleg at byrådssekretæren handlar på vegne av byråden.

Tredje etappe: Kallmyr og Holstad sitt møte med prosjektleiaren neste dag gjekk ikkje så bra. Prosjektleiaren stod oppreist. Han heldt fast på dei spelereglane som gjeld for kommunal saksbehandling. Trioen Løvdal-Holstad-Kallmyr møtte veggen.

Hadde prosjektleiaren vori autoritetsredd og servil, kunne det ha gått annleis. Byrådssekretær Kallmyr sin hjelpeaksjon for partifelle Holstad kunne ha lykkast.

Fjerde etappe: Byråd Sylvi Listhaug braut lova og la alle saksdokumenta om Holstad-Kallmyr-fiaskoen i det hemmelege Altea-arkivet. I nesten fire år vart dei liggande der — i lag med om lag 140 andre saksdokument. Listhaug sørga for at folket ikkje fekk kjennskap til faktaopplysningar om pengesløsinga.

Vi kan ikkje vite korleis det hadde gått om byråd Listhaug hadde følgt lova og gitt bystyre og media innsyn i 2006. Det kan hende at alarmklokkene hadde ringt hos fleire parti. Det kan hende at bystyret hadde sagt nei og dermed tetta igjen det spanske pengesluket. Da kunne tapet ha vorti redusert til fem-seks millionar i staden for over 30 millionar.

Er dette viktig?
Du har rett om du meiner at dette er ein liten episode frå ein tidleg del av ein stigande politikarkarriere. Listhaug kan jo ende opp som partileiar i det som ein gong var Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep. Og bortsløsing av drygt 30 skattemillionar er smått, samanlikna med ein unødvendig stortingstunnell og liknande politikarsløsing med folket sine skattepengar.

Eg meiner likevel det ikkje er uvesentleg. For denne episoden frå dei siste maidagane i 2006 dokumenterer ein politisk metode: Listhaug-metoden med å bryte lova for å hindre at folk flest får vite om det som mektige politikarar synest er pinleg.

Den lange nedturen for FrP
Men folk flest er kanskje ikkje så lett påverkelege som dei redaksjonssjefane som avgjorde kva dusinvis journalistar skulle bruke tida si på i fem veker etter eit Listhaug-innlegg på facebook.

FrP fekk som kjend 22,9 prosent av stemmane i stortingsvalet i toppåret 2009. Åtte år seinare var valoppslutninga nesten åtte prosent lågare: 15,2 prosent.

Vi veit ikkje korleis det går i neste val. Og meiningsmålingar er ein usikker vitskap. Men i dei tre første meiningsmålingane i april 2018 svara ikkje meir enn 15,06 prosent av dei spurde at dei ville stemme på FrP om det var stortingsval no. Dette kan tyde på at den såkalla «Listhaugsaka» ikkje snudde FrP-nedturen til opptur. Sjølv om hovudpersonen sjølv – med smilet om munnen og korset rundt halsen – sa til Dagsrevyen at avsettinga som justisminister er det beste som har hend denne.

Liker du det du leser?

VIPPS noen kroner til 137267
eller betal direkte til konto 1254.05.88617
Støtt oss med fast bidrag hver måned

3 kommentarer på Listhaug-metoden: Det folket ikkje bør få vite

  1. AvatarTheGuard // 2018-04-17 kl 21:02 //

    Det er vel noe med alle politikere, er det ikke? Selv om jeg vet Listhaug og FrP er et elsket hat-objekt for mange.

    https://www.aftenposten.no/norge/politikk/i/8mjwr/Dette-er-Lysbakken-saken
    https://www.nrk.no/urix/nye-avsloringer-om-store-og-tschudi-1.8043587

  2. Folkvord e jo til vanleg ein likandes mann. Kva er det som går av han her? Vi veit då alle at dei som sit på toppen, ikkje er aleina om styringa og resultata. Kvifor grev han så opp fragment berre for å skade Listhaug? Eg visste aldri at Folkvord var ondskapsfull? Men her stiller han seg på godheitstyranniets side, den sida som gjekk heilt dukken på behandlinga av Listhaug då ho valde å gå av. Sjølv den beste kan gå seg vill!

    • AvatarTerjeLia // 2018-05-13 kl 13:13 //

      Hvordan kan du hevde at det å gi faktaopplysninger støtter opp om «godhetsryranniet»
      Og at Listhaugs avgang var valgt av henne selv er vel ikke helt korrekt.
      Regien var hennes , beslutningen et nesten samlet storting.

Kommentarfeltet er lukket.